Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Odelstinget - Møte tysdag den 29. mai 2001 kl. 13.20

Dato:

Dokumenter: 

Sak nr. 3

Innstilling fra kommunalkomiteen om lov om endringer i lov 8. desember 1950 nr. 3 om norsk riksborgarrett

Talere

Votering i sak nr. 3

Votering i sak nr. 3

Presidenten: Under debatten har Erna Solberg sett fram eit forslag på vegner av Høgre og Framstegspartiet. Forslaget lyder:

«Stortinget ber Regjeringen utrede organiseringen av en mer formell velkomstseremoni knyttet til tildeling av norsk statsborgerskap og legge forslag om dette frem for Stortinget i tilknytning til nye endringer i statsborgerskapslovgivingen.»

Dette forslaget blir i samsvar med forretningsordenens § 30 fjerde ledd å sende Stortinget.

Komiteen hadde rådd Odelstinget til å gjere slikt vedtak til

lov

om endringer i lov 8. desember 1950 nr. 3 om norsk riksborgarrett

I

I lov 8. desember 1950 nr. 3 om norsk riksborgarrett vert gjort følgjande endringar:

§ 2 a skal lyde:

Barn under 18 år, som ikkje får norsk borgarrett etter 1 eller 2, får norsk borgarrett etter faren såframt han har teke på seg farskapen i samsvar med reglane i lov 8. april 1981 nr 7 om barn og foreldre § 4 eller farskapen er fastsatt ved dom, og faren var norsk borgar då barnet vart fødd. Dersom faren døydde før barnet vart fødd, men hadde teke på seg farskapen, eller farskapen seinare vert fastsett ved dom, er det avgjerande om faren var norsk borgar då han døydde. For farskap som fylgjer av utanlandsk lov gjeld reglane i lov 8. april 1981 nr. 7 om barn og foreldre 67.

Det er eit vilkår at den eller dei som har foreldreansvaret for barnet, gjev inn skriftleg melding til den tenestemakta Kongen fastset. Barnet må samtykke i at slik melding vert gjeven inn dersom det har fylt 12 år.

§ 8 skal lyde:

Norsk borgar som er født i utlandet, misser den norske borgarretten når han fyller 22 år såframt han før den tid aldri har budd i riket og heller ikkje har hatt tilhald her som tyder på samhøyrsle med Noreg, såframt han då ikkje vert utan borgarrett i noko land. Men søkjer ein slik borgar, før han fyller 22 år, om å få ha retten, kan Kongen eller den han gjev fullmakt la søkjaren få brev på det. Reglane i leden her gjeld ikkje såframt han har misst den norske borgarretten etter § 9 a andre leden første punktum.

Misser nokon norsk borgarrett etter denne paragrafen, misser likeeins borna hans den norske borgarretten som dei har frå han, såframt barnet då ikkje vert utan borgarrett i noko land.

II

Lova tek til å gjelde frå den tid Kongen fastset.

Votering:Tilrådinga frå komiteen vart samrøystes vedteken.

Presidenten: Det blir votert over overskrifta til lova og lova i det heile.

Votering:Overskrifta til lova og lova i det heile vart samrøystes vedteken.

Presidenten: Lovvedtaket vil bli sendt Lagtinget.