Presidenten: Ingen har bedt om ordet.
(Votering, se side 54)
Odelstinget er da klar til behandling av sak nr. 3 på dagsordenen. Innstillingen i den saken har ikke ligget ute i den reglementsmessige tid, dvs. 48 timer. Med hjemmel i forretningsordenens § 32 vil presidenten foreslå at Odelstinget likevel behandler den saken nå.
– Ingen innvendinger er kommet mot presidentens forslag, og det anses vedtatt.
Votering i sak nr. 2
Komiteen hadde innstillet til Odelstinget å gjøre
slikt vedtak til
lov
om statleg varekrigsforsikring
§ 1 Iverksetjing
og avslutting av tilbod om statleg varekrigsforsikring
Kongen kan fastsetje at staten skal tilby varetransportforsikring
mot krig, krigsfare eller ekstraordinære kriseforhold
i Noreg eller utlandet («varekrigsforsikring»)
for så vidt det får følgjer for norske
interesser og slike omstende kan hindre
forsyning og varetransport dersom det private forsikringstilbodet
opphøyrer, kan kome til å opphøyre eller
ikkje dekkjer ein slik situasjon.
Kongen kan avslutte tilbodet om statleg varekrigsforsikring
dersom dei vilkår som er fastlagde i første
ledd ikkje lenger er til stades.
2 Verkeområde
Staten kan tilby varetransportforsikring ved
krig, krigsfare eller ekstraordinære kriseforhold
av:
1. varer som blir sende til, frå eller
innafor norsk område, og når det er
norske interesser som blir dekte, også av varer
som blir sende mellom stader i utlandet.
2. norske reiarar og tidsbefraktarar si frakt
på reisebasis, befraktingskommisjon og havaripengar i risiko
for norske forsikringstakarar.
Kongen eller den han gir mynde kan
fastsetje at også andre interesser
kan bli dekte.
3 Organisering
Ved iverksetjing av statleg varekrigsforsikring
som fastlagt i § 1 kan Kongen bestemme
at det blir oppretta eit styre med leiar og så mange medlemmer
som departementet fastset. Styret skal ha ansvaret for den daglege leiinga
og drifta av varekrigsforsikringsordninga. Det skal òg vere
eit eige sekretariat.
4 Forskrifter
Kongen kan gi nærare forskrifter om
gjennomføring av denne lova.
5 Oppheving
av og endringar i andre lover
Lov av 3. desember 1948 nr. 8 om Statens varekrigsforsikring
vert oppheva.
Forsikringsavtaler som er inngått etter
lov av 3. desember 1948 nr. 8 om Statens varekrigsforsikring gjeld inntil
dei blir terminerte og plikter etter forsikringsavtalene
er gjort opp.
I lov av 17. juli 1953 nr. 2 om erstatning
for krigsskade på eigedom og interesser
vert § 36 andre ledd nr. 4 oppheva.
6 Iverksetjing
Lova tek til å gjelde frå den
tid Kongen fastset.
Votering:
Komiteens innstilling bifaltes enstemmig.Presidenten: Det voteres over lovens overskrift
og loven i sin helhet.
Votering:
Lovens overskrift og loven i sin helhet bifaltes enstemmig.Presidenten: Lovvedtaket vil bli sendt
Lagtinget.