Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Stortinget - Møte onsdag den 1. februar 1995

Dato:
Tilbake til spørretimen

Spørsmål 14

Ingvald Godal (H): Eg vil gjerne få stille fylgjande spørsmål til samferdselsministeren:

Å betre kollektivtilboda i distrikta er viktig. Meiningslause konsesjonsreglar er i dag ein alvorleg hemsko. Haukeliekspressen stoppar til dømes på torget i Notodden, men har ikkje lov til å ta passasjerar til Oslo og vice versa.

Vil statsråden ta initiativ til å endre regelverket slik at dei reisande sjølve fritt kan velja alternativ?

Statsråd Kjell Opseth: Løyvet til Haukeliekspressen er først og fremst gjeve for å gje reisande til og frå Nord-Rogaland og områda sør for Bergensbanen i Hordaland ein rask, trygg og tenleg transport. Ei opning for lokaltransport på heile strekninga vil gje lengre reisetid for dei reisande og vil difor ikkje vere eit like godt alternativ.

Ruteløyve etter samferdselslova er behovsprøvde. Vilkåra i konsesjonen for Haukeliekspressen er sette m.a. ut frå omsynet til NSB og dei rutebilselskapa som har konsesjon m.a. på ekspressbussruta frå Notodden til Oslo. Eg syner òg til merknader frå fleirtalet i samferdselskomiteen i Innst.S.nr.212 (1992-1993) om Norsk jernbaneplan 1994-97 og i Innst.S.nr.232 (1992-1993) om Norsk veg- og vegtrafikkplan, der det går fram at det som hovudregel ikkje skal gjevast konsesjon på nye ekspressbussruter i direkte konkurranse med jernbanen.

Ei styringsgruppe oppnemnd av departementet har nyleg lagt fram ein rapport om eit prøveprosjekt som har vore gjennomført for å kartleggje konkurranseflatene mellom jernbane og ekspressbuss. Denne rapporten har no vore ute på høyring. Dersom den endelege vurderinga skulle tilseie det, tek eg sikte på å leggje spørsmålet om eventuelle endringar i konsesjonspolitikken fram for Stortinget.

Ingvald Godal (H): Dette er jo eit generelt spørsmål som er knytt opp til ei konkret sak. For å bruke den konkrete saka til å klargjera problemstillinga, kunne eg ha lyst til å peike på at alternativet til å bruke denne bussen som likevel stoppar på Notodden torg, er privatbilen. Og det er den folk brukar. Alternativet er ikkje toget, det tar nesten ein time lenger. Eg ser fram til gjennomgangen av dette materialet som statsråden refererer til, og håpar at det kan føre til at ein kan få ein situasjon der folk sjølve kan velja kva tilbod dei vil bruke. Eg trur eigentleg det berre er slik me kan få redusert privatbilismen og få folk meir over på kollektivtransport.

: