Dagfinn Sundsbø (Sp) [12:29:36]: Vi har en snørik vinter. Kaos
på vegene som følge av dette har gitt daglige oppslag
i mediene. Altfor ofte opplever vi at utenlandske vogntog
er årsaken til kaoset etter å ha sklidd
av vegen eller blitt stående fast. Så snart
det kommer snøfall eller tåke med frost
i lufta, skjer det igjen. Slitte dekk, sommerdekk, ingen kjettinger,
kombinert med mangelfull opplæring –
Presidenten: Presidenten må be om at det i første
omgang berre er spørsmålet som blir sitert og
lese opp.
Dagfinn Sundsbø (Sp) [12:29:55]: Jeg mener jeg gjør det,
men –
Skal jeg fortsette?
Presidenten: Ja.
Dagfinn Sundsbø
(Sp) [12:30:05]: «Slitte dekk, sommerdekk, ingen kjettinger
og mangelfull opplæring om vinterføre hos sjåførene
skaper problemer. Tungt lastede kjøretøy
som ikke er i stand til å kjøre trygt
på norske vinterveger, er en alvorlig fare
for trafikksikkerheten, liv og helse.
Hva vil statsråden gjøre
for å rette på dette?»
Statsråd Liv Signe
Navarsete [12:30:30]: Norske reglar krev at køyretøy
ikkje må brukast utan at dei er sikra
tilstrekkeleg veggrep i forhold til føret. Når
det gjeld tunge køyretøy, dvs. køyretøy
over 3 500 kg, er det eit absolutt krav at dei har med kjetting
i heile «piggdekkperioden». Desse reglane gjeld
for norske så vel som for utanlandske køyretøy
ved køyring i Noreg.
Både Statens vegvesen og politiet
kontrollerer at reglane vert følgde. Kontroll skjer ved
grenseovergangar, ferjeleie og andre stader langs vegnettet.
For å redusere dei problema som tunge
køyretøy med dårleg
dekkutrusting fører til i vintersesongen, har Vegdirektoratet
oppmoda regionane i Vegvesenet om å gjennomføre
fleire og meir målretta kontrollar av dekk og bruk av kjetting.
Regionane skal prioritere slik kontroll når vêr-
og føretilhøve tilseier det.
Statens vegvesen opplyser at det i ein del høve
har vist seg at kjettingar som er tekne med på køyretøya,
ikkje er dimensjonerte for hjula, eller at sjåførane
ikkje har kunnskapen til å leggje på kjettingane
på ein rett måte. I framtida vil difor
Statens vegvesen intensivere kontrollane for å sikre
at rette kjettingar følgjer med køyretøyet,
og at sjåførane klarar å leggje dei på.
Det er tydeleg viktig at kunnskapen om korleis ein skal bruke
kjettingar på ein rett måte, vert betre. Her vil
eg be Vegdirektoratet sjå til at dette vert betre kjent.
Statens vegvesen sine kontrollar
skal vere målretta, og det er viktig at dei òg
er effektive. Eg vil at desse kontrollane skal leie til at førarane
av tunge køyretøy, når dei kjem i område
med vanskelege vêr- og vegforhold, straks vil ta dei naudsynte
førehandsreglar for å vere rett skodd.
Eg kan opplyse at Statens
vegvesen og politiet i dag har heimel til bruksforbod
når køyretøyet ikkje er sikra tilstrekkeleg
veggrep ved bruk av piggdekk, kjetting e.l. Vegvesenet og politiet
kan òg skrive ut gebyr for mangelfull dekkutrusting. Politiet
kan dessutan skrive ut førelegg. Dersom eit køyretøy
vert ståande til hinder for annan trafikk, er det politiet åleine
som har avgjerdsmakt til å fjerne og forvare køyretøyet.
Eg vil at Vegvesenet, i samarbeid med politiet,
skal gjere meir aktiv bruk av moglegheita til å ta
pant i køyretøy som vert ståande.
Mange av dei utanlandske tunge køyretøya
representerer ei spesiell utfordring i Noreg.
Vegvesenet har sidan 2001 hatt i gang ein informasjonskampanje, «Donna Diesel»,
som rettar seg mot utanlandske tungtransportutøvarar og
i særleg grad mot austeuropeiske transportørar. Kampanjen
gir informasjon om korleis det er å køyre
på norske vintervegar, kva reglar som gjeld,
og tilrådingar om val av køyreveg om vinteren.
Det vert òg gitt informasjon på møte,
i samband med transportmesser, videospots på ferjer, spreiing
av informasjonsmateriell og ved ein guide som finst på Internett
på seks språk.
Trass i at me har reglar som set strenge krav
til utrusting av dekk, og at det vert drive god kontroll
og godt informasjonsarbeid knytt til dette, er det dessverre
vanskeleg å sikre at alle
køyretøya fyller krava. Eg vil difor setje i gang
eit arbeid der Statens vegvesen, politiet og
norske vegtransportorganisasjonar deltek i lag med Samferdselsdepartementet
for å sjå nærare på kva som
kan gjerast betre. Statens vegvesen er alt i gang med å samle
inn opplysningar om talet på hendingar, og dei vil evaluere
resultata og berekne samfunnsøkonomiske konsekvensar. Ut
frå erfaringane denne vintersesongen, som viser at apparat
og tiltak nok ikkje er tilstrekkelege, skal arbeidet ha
i oppdrag å styrkje kontrollen ved grenseovergangane og
internasjonale ferjeleie slik at flest moglege køyretøy
vert kontrollerte og nekta vidare ferd inn i riket dersom dei er mangelfullt
utstyrte, å styrkje handhevinga av påbodsreglane
der det er vanskelege køyreforhold, og å styrkje handhevinga
av bruksforbod og pant i køyretøy
vesentleg.
Eg vil òg halde spesiell fokus på dei
utanlandske tungtransportutøvarane. Truleg kan me her gjere
meir t.d. i samband med innpassering til Noreg. I min kontakt med styresmakter
frå dei landa som representerer særlege problem
vinterstid, vil eg nytte høvet til å peike på at
me frå norsk side ynskjer samarbeid om ein tryggare
trafikk med tunge køyretøy
i Noreg. Eg vil vidare i desse samtalane og ved andre
internasjonale høve, som t.d. ministerkonferansar, peike
på at det er uakseptabelt å vere dårleg
skodd på norske vintervegar, at slike køyretøy
vil verte stansa, og at det vil svi økonomisk.
Hans Frode Kielland Asmyhr hadde
her overtatt presidentplassen.
Dagfinn Sundsbø (Sp) [12:35:22]: Takk for et svar som bærer
bud om at trafikantene på norske vinterveger kan føle
seg tryggere når tiltakene blir iverksatt.
Vi vet at den norske transportnæringen ofte
sliter hardt med konkurranse. Konkurransen blir heller ikke
reell når transportørene kan
spekulere i å unndra seg kravene til utrusting og sikkerhet
tilpasset norske forhold. Nedover i Europa vet
vi at det er forbudt å kjøre med piggdekk, og vi
vet også at pålegg om å legge
om kommer fort hvis det kommer en norsk bil. Tilsvarende må selvsagt
gjelde her. Når det kommer kjøretøy
som ikke er skodd for norsk vinterføre, må påleggene
komme like raskt.
Statsråden konkluderer med at det
er uakseptabelt å være dårlig
skodd på norske vinterveger, og at kjøretøy som
er det, vil bli stanset, og at det skal svi økonomisk. Mener
statsråden det kan ligge til rette for at den skjerpede
kontrollen og iverksetting av tøffere sanksjoner kan være
på plass allerede neste vinter, når snø og
kulde igjen gjør det vanskelig å kjøre
på norske veger?
Statsråd Liv Signe Navarsete
[12:36:14]: Denne vinteren har me sett mange avisoppslag
og fått mange meldingar om farlege situasjonar ikkje minst
i austlandsområdet og der fjellovergangane startar, som
dessverre har si årsak i at køyretøy
ikkje har vore godt nok skodde. Det har me teke
på alvor, og det er det som gjer at me no er i gang med
eit arbeid. Målet med det arbeidet er sjølvsagt
at me skal vere klare til neste vintersesong, slik at
me kan sleppe så mange – kanskje forhåpentlegvis
nokre – av desse oppslaga.
Ein ting er oppslaga. Det som er verre, er
sjølvsagt dei konsekvensane me òg ser at dette
kan ha for trafikktryggleiken. Eg har hatt telefonar frå sjåførar, både
privatsjåførar og yrkessjåførar,
som faktisk føler seg utrygge på vegane.
Det er ein situasjon som me ikkje kan leve
med, og eg ynskjer å halde stort fokus og trykk på dette
arbeidet.
Dagfinn Sundsbø (Sp) [12:37:19]: Jeg er glad for at samferdselsministeren så tydelig sier
at hun vil gripe fatt i disse problemene, og jeg er ganske
sikker på at norske trafikanter vil være
meget glad for at man nå kan se en tøffere oppfølging
fra norsk side. For det er som statsråden sier,
det dreier seg ikke bare om at trafikken
stopper, men det dreier seg også om
at det har skjedd dramatiske uhell, og det må ikke
få lov til å skje igjen.
Statsråd Liv Signe Navarsete
[12:38:00]: Eg trur me er einige om målet.
Så er det opp til statsråden å få fart på prosessen
fram til det målet, og det skal ho gjere.