Stortinget - Møte onsdag den 15. mars 2006 kl. 10

Dato: 15.03.2006

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 8

Presidenten: Dette spørsmålet, frå representanten Øyvind Korsberg til nærings- og handelsministeren, vil bli svart på av samferdselsministeren på vegner av nærings- og handelsministeren.

Øyvind Korsberg (FrP) [12:13:51]: «Konkurransesituasjonen for Hurtigruten er nå meget vanskelig på hjemmemarkedet. Grunnen er at utenlandske cruiseskip har langt lavere kostnader i form av mannskap fra lavkostland og lavere avgifter. Ledelsen i Hurtigruten Group vurderer nå å flagge ut flere skip.

Hva vil statsråden konkret gjøre for at Hurtigruten skal få konkurrere på lik linje med utenlandske cruiseskip langs norskekysten, slik at norske arbeidsplasser ivaretas?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:14:24]: Hurtigruta er ein av berebjelkane i transportsystemet langs kysten i Noreg og er dessutan rekna som ei av Noregs mest attraktive og unike reiselivsopplevingar.

Hurtigrutereiarlaga er tildelte eit løyve til å sigla ruta Bergen–Kirkenes med mellomstader for perioden 2005–2012. Dette inneber ein rett og ei plikt til å sigla i den nemnde perioden. Ingen andre selskap har ein slik rett.

Stortinget har på budsjettet til Samferdselsdepartementet for 2006 gitt ei løyving på 249,5 mill. kr til Hurtigruta for kjøp av transporttenester frå hurtigrutereiarlaga. Summen er løyvd for å halde oppe daglege siglingar på strekninga Bergen–Kirkenes med eit stoppmønster i samsvar med ein avtale mellom Samferdselsdepartementet og hurtigrutereiarlaga.

Med omsyn til kapasitet har staten stilt krav om at skipa skal vere store nok til å kunne ta med seg distansepassasjerar på strekninga Bergen–Kirkenes samt ha nødvendig godskapasitet nord for Tromsø. Storleiken på skipa i dag er større enn krava i avtalen og er ei løysing selskapa sjølve har valt på eit kommersielt grunnlag for å auke inntektene frå turisme. Inntektene frå turisme utgjer òg hovudinntekta for selskapa. I avtalen med staten for perioden 1991–2001 låg det betydelege midlar til omstilling av Hurtigruta mot turisme. Selskapet har som eit ledd i dette investert store summar i nye skip.

Avtalen som gjeld no, er til liks med den førre treårsavtalen ein rein kjøpsavtale for transportkapasitet på strekninga Bergen–Kirkenes. Staten kjøper persontransporttenester for distansepassasjerar med Hurtigruta på same måten som staten t.d. kjøper persontransporttenester med tog. Rein statsstøtte til turisme vil vere næringsstøtte og må vurderast etter dei internasjonale avtalane om statsstøtte.

Utanlandske cruiseskip har høve til å sigle i Noreg i samsvar med EØS-avtalen og dei pliktene Noreg har teke på seg i WTO og OECD. Dei same reglane gir norske skip tilgang til utanlandske hamner og marknader. Konkurransesituasjonen i høve til utanlandske cruiseskip var ein del av anbodsgrunnlaget for avtalen mellom hurtigrutereiarlaga og staten.

Det var òg ein del av anbodsgrunnlaget og avtalen med hurtigrutereiarlaga at dei tilsette om bord skal ha norske løns- og arbeidsvilkår. Dette gjeld uavhengig av flagg på skipa. I samsvar med forskrift om forvalting av tilskot til sysselsetjing av norske sjøfolk kan ikkje skip som får anna offentleg tilskot, omfattast av ordninga. Dette inneber at Hurtigruta etter gjeldande regelverk ikkje er inkludert i nettolønsordninga.

Etter det eg kan forstå, er det difor inga endring i konkurransetilhøva i forhold til utanlandske cruiseskip etter at avtalen mellom hurtigrutereiarlaga vart inngått i november 2004. Samstundes har eg forståing for at reiarlaga opplever at konkurransen er krevjande.

Eg har registrert at hurtigrutereiarlaga no har teke grep for å betre konkurranseevna ved ein fusjon av hurtigrutereiarlaga Ofotens og Vesteraalens Dampskibsselskap, OVDS, og Troms Fylkes Dampskibsselskap, TFDS, til Hurtigruten Group ASA.

Eg trur at fusjonen kan føre til effektivisering av drifta gjennom synergieffektar med omsyn til både inntekter og kostnader. Vonleg vil dette styrkje konkurranseevna for det fusjonerte selskapet og på den måten sikre effektiv transport og unike reiselivsopplevingar for dei reisande.

Øyvind Korsberg (FrP) [12:18:13]: Jeg takker statsråden for svaret.

Jeg er helt enig med statsråden i at det er et enormt flott turisttilbud. Jeg merker meg også at Regjeringen nå sysler med tanken om å innføre en turistskatt. Det er sikkert en kreativ måte å bli kvitt utenlandske turister i Norge på.

Mitt spørsmål gikk egentlig ikke på hurtigruteavtalen, som statsråden brukte mesteparten av svaret sitt på, men på om Regjeringen vil gjøre noe. Statsråden viste til det gjeldende regelverket, og jeg er for så vidt kjent med at det ikke gir rom for å gjøre noen endringer i forhold til nettolønnsordningen. Men det samme regelverket kan bare med en forskriftsendring gjøre at også Hurtigruten kan inkluderes i nettolønnsordningen på lik linje med en del andre fartøyer i Norge. Vil statsråden ta initiativ til å endre de nasjonale forskriftene?

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:19:17]: Som eg sa i mitt svar, er konkurransesituasjonen i høve til utanlandske cruiseskip ein del av anbodsgrunnlaget for avtalen mellom hurtigrutereiarlaga og staten. Det er òg, som eg sa, i samsvar med gjeldande forskrift om forvalting av tilskot til sysselsetjing av norske sjøfolk at dei som får anna offentleg tilskot, ikkje er omfatta av ordninga. Det er på det noverande tidspunktet ikkje planar om å endre den ordninga.

Øyvind Korsberg (FrP) [12:19:51]: Jeg takker statsråden for svaret.

At man ikke vil endre dette på det nåværende tidspunkt, kan jeg vel tolke sånn at man skal komme tilbake, bl.a. i revidert, og gjøre det. Hvis man sier at man ikke vil endre på det nåværende tidspunkt, har man iallfall en åpning for det. Da tolker jeg det positivt, for det er stikk i strid med de signalene vi har fått fra næringsministeren tidligere. Men det gir oss et håp.

Man har en rett og en plikt til å seile, og man har en plikt til å anløpe 33 steder langs norskekysten. En av de store utfordringene for Hurtigruten, som er pliktig til å anløpe disse stedene, er at det er store forskjeller i havneavgifter – fra Mehamn, som er billigst med 1 150 kr, til Geiranger, som er dyrest med 10 476 kr for å anløpe. Det er steder Hurtigruten er pliktig å anløpe. Hva vil statsråden gjøre for å få redusert disse havneavgiftene, for det gjenspeiler faktisk ikke de tjenestene som disse anløpsstedene stiller opp med?

Statsråd Liv Signe Navarsete [12:21:00]: Eigarskapen til hamnene er i dag på kommunalt nivå. Utviklinga av hamnene er ofte sett ut til kommunale og kanskje òg av og til interkommunale selskap, men som oftast kommunale selskap. Denne regjeringa har ein politikk der me er opptekne av å ha eit godt samspel med dei lokale styresmaktene, men me er òg særdeles lydhøyre for dei vedtaka som vert gjorde lokalt, og er varsame med å gripe inn overfor dei.

Fiskeriministeren, som på departementsnivå har ansvaret for hamnene, har sjølvsagt ein kontinuerleg dialog med kommunane om dette spørsmålet. Vårt mål er sjølvsagt at me skal ha ein hamnepolitikk som gjer at norske hamner er konkurransedyktige, både for Hurtigruta og for andre som skal kome til norske hamner – ikkje minst internasjonal cruisetrafikk, som òg er oppteken av det same spørsmålet. Men det er eit spørsmål som fiskeriministeren saman med kommunane må sjå nærare på.