Stortinget - Møte onsdag den 11. mars 2009 kl. 10

Dato: 11.03.2009

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 5

Presidenten: Dette spørsmålet, fra representanten Jan-Henrik Fredriksen til miljø- og utviklingsministeren, vil bli besvart av fornyings- og administrasjonsministeren på vegne av miljø- og utviklingsministeren.

Jan-Henrik Fredriksen (FrP) [11:50:36]: «Dessverre er det mange krigsetterlatenskaper som etter over 60 år fortsatt ligger igjen i Norge. I Porsanger kommune og tettstedet Lakselv har man det siste året avdekket gamle deponi av søppel, oljetønner, flybomber og en mengde granater. Det er snakk om så store krigsetterlatenskaper at det må kunne karakteriseres som et deponi. Forsvarsbygg har snart avsluttet dette arbeidet, men ingen instanser ønsker å betale regningen for oppryddingen.

Hvem mener statsråden skal betale for dette, hvis det ikke er Miljøverndepartementet?»

Statsråd Heidi Grande Røys [11:51:14]: Utgangspunktet for arbeidet med forureina grunn er at forureinaren skal betale. I saker der den opphavlege ureinaren ikkje lenger eksisterer eller er svært vanskeleg å finne fram til, opnar forureiningslova for å påleggje eigaren av eigedomen eit ansvar. Kven forureiningsmyndigheitene reknar som ansvarleg, vil vere basert på ei konkret heilskapsvurdering av omstenda i kvar einskild sak. Forureiningsmyndigheitene har så langt ikkje kome med noko krav om opprydding i Lakselv.

Når det vert avdekt eksplosiv frå krigens dagar som utgjer ein fare for liv, helse og alminneleg ferdsel, er det eit offentleg ansvar å fjerne den trusselen som eksplosiva representerer. Forsvarsministeren har gitt uttrykk for at kostnadene knytte til den akutte fasen av oppryddinga i Lakselv skal dekkjast over forsvarsbudsjettet. Dette vil òg vere utgangspunktet for akutte ryddeoppdrag i framtida.

Det finst òg etterlate skrot frå krigen som ikkje utgjer ein direkte fare no, men som kan representere ein potensiell fare i framtida ved at det over tid kan kome fram i dagen gjennom jorderosjon, gravearbeid eller liknande. Krigsleivningar kan òg omfatte meir enn eksplosiv. Det kan vere søppel som kan føre med seg fare for forureining. Det er no sett i gang eit arbeid mellom Forsvarsdepartementet og Justis- og politidepartementet som skal munne ut i ei vurdering av overordna problemstillingar knytte til nedgravne eksplosiv frå krigens dagar, m.a. plassering av det sentrale ansvaret, det personellmessige ansvaret og ikkje minst det økonomiske ansvaret.

Det er heilt opplagt at det er trong for å få kartlagt situasjonen nærmare med tanke på kva som har vore gjort, og kva som står att av opprydding i Lakselv. Det er òg nødvendig å få ei oversikt over kor mykje av oppryddinga som er knytt til eksplosiv, og kor mykje som er knytt til meir tradisjonell forureining. Dette vil gi grunnlag for nærmare å vurdere eventuelle pålegg om opprydding og ikkje minst kven som skal bere kostnadene. Miljøverndepartementet vil gå i dialog med aktuelle myndigheiter for å få avklart denne saka.

Jan-Henrik Fredriksen (FrP) [11:53:36]: Jeg takker for svaret.

Jeg kan opplyse statsråden om at det pr. dags dato allerede er avdekket 74 tunge bomber, 3 900 granater, flere hundre tonn med søppel, tusenvis av kubikk stål, betong og tanker, som må bli fjernet. Mye av dette er avdekket i et tett bebygd område. Jeg må si det er trist å høre, når man har levd i en slik situasjon siden 1944, at det fortsatt er vanskelig å kunne definere hvem som har ansvaret for den videre fjerning av dette. Jeg ber innstendig statsråden igjen å svare på: Mener hun ikke at noen må gå inn og ta konkret ansvar i en slik situasjon i stedet for å spre ansvaret, slik at vi opplever en situasjon hvor ingen står ansvarlig?

Statsråd Heidi Grande Røys [11:54:43]: Eg trudde eg var svært tydeleg i mitt svar til representanten Fredriksen då eg sa at forsvarsministeren har sagt at kostnadene knytte til den akutte oppryddingsfasen i Lakselv skal dekkjast over forsvarsbudsjettet. Det betyr at forsvarsministeren har teke eit ansvar for den fasen.

Når det gjeld vidare arbeid – ikkje berre knytt til Lakselv, det kan finnast andre tilsvarande område som må ryddast – er det behov for å klarleggje nærmare kven som har ansvar for kva, ikkje berre, som eg sa, for eksplosiv, men òg andre element som ligg igjen. Det er sett i gang eit arbeid mellom Forsvarsdepartementet og Justis- og politidepartementet der ein skal sjå på overordna problemstillingar knytte til dei nedgravne eksplosiva, men òg på plassering av det sentrale ansvaret, dei personellmessige spørsmåla og ikkje minst dei økonomiske, slik at det vert i orden ikkje berre i Lakselv, men òg i andre tilsvarande område der ein har desse utfordringane. Det arbeidet er i gang. Miljøverndepartementet skal sørgje for at ein fortset arbeidet og får avklart saka.

Jan-Henrik Fredriksen (FrP) [11:55:57]: Jeg er selvfølgelig fullstendig klar over at det er mange andre steder dette er et problem, ikke minst i Finnmark.

Men jeg synes det er trasig at man i dag langt mer enn 60 år etter annen verdenskrig, er i en uavklart situasjon og ikke har definert hvem som har det økonomiske ansvaret for å fjerne etterlatenskapene. At Forsvaret har et ansvar når det går på det akutte, er vi fullstendig klar over. Men jeg skulle likt å se en annen landsdel hvor man fant så store mengder med bomber og granater i et tettbefolket område som man gjør i Finnmark. Jeg tror ikke dette hadde vært en sak flere-og-seksti år etter at krigen var slutt, hvis det var snakk om bomber i Tønsberg eller Fredrikstad. Er det ikke på tide at noen viser handlekraft og tar et ansvar?

Statsråd Heidi Grande Røys [11:57:04]: Jo, og det er akkurat det Regjeringa har gjort, og det er det eg viser til. Ikkje berre tek ein ansvaret no, òg det økonomiske ansvaret for den akutte oppryddinga i Lakselv, som Forsvarsdepartementet gjer, men ein har òg sett i gang eit arbeid mellom Forsvarsdepartementet og Justis- og politidepartementet for nettopp å få peikt ut ein ansvarleg, ein som tek ansvaret både personellmessig og for dei økonomiske konsekvensane. Den avklaringa må skje mellom dei myndigheitene som er inne i biletet. Den avklaringa er i gang. Miljøverndepartementet skal sørgje for at ein har dialog med dei aktuelle myndigheitene og får den avklaringa som nettopp trengst.