Stortinget - Møte onsdag den 6. mai 2009 kl. 10

Dato: 06.05.2009

Tilbake til spørretimen

Spørsmål 12

Gunnar Kvassheim (V) [12:27:09]: «Med virkning fra 1. januar 2009 har vi fått en ny offentlighetslov. Den nye loven skal bidra til økt innsyn i offentlig forvaltning.

Hvordan vil statsråden medvirke til at statlig sektor praktiserer den nye loven i henhold til lovens bokstav og intensjon?»

Statsråd Heidi Grande Røys [12:27:28]: Den nye offentleglova er ein god reiskap for større openheit i offentleg sektor. Både Justisdepartementet og «mitt» direktorat, Direktoratet for forvaltning og IKT, DIFI, har arrangert og skal arrangere kurs i offentleglova, og Justisdepartementet har laga ein rettleiar til den nye lova.

Eit grunnprinsipp i vårt demokrati er at innbyggjarane har rett til innsyn i saksdokumenta til offentleg verksemd. Difor er det viktig å styrkje denne retten, bl.a. for å sørgje for ei brei deltaking i dei demokratiske prosessane.

Den nye offentleglova styrkjer nettopp retten til innsyn i offentleg verksemd. Eit døme på det er at journalane til ei rekkje offentlege organ no vil verte tilgjengelege på Internett i ein eigen portal som vi kallar Offentleg elektronisk postjournal, OEP. Det vil heilt opplagt styrkje offentlegprinsippet. Dette vil vere ei nettside for søk i offentlege journalar, og kan brukast av alle innbyggjarane, mot det som i dag er rundt 30 mediehus, som har den typen tilgang til postjournalane i desse organa. Frå OEP kan ein òg tinge innsyn i dokument frå det offentlege. Dei som vert omfatta i fyrste omgang, er:

  • alle departementa og Statsministerens kontor

  • alle dei statlege direktorata som har heile landet som sitt verkeområde

  • alle dei statlege tilsyna som har heile landet som verkeområde

  • fylkesmennene

Så har eg den 31. mars i år sendt eit utkast til Statens kommunikasjonspolitikk ut på høyring, med svarfrist 1. juli. Det skal avløyse den noverande informasjonspolitikken og inneheld tre nye prinsipp. Det er prinsippa om openheit, medverknad og det å nå alle relevante innbyggjarar.

Så har eg nyleg, den 3. april, fremja stortingsmeldinga «Ei forvaltning for demokrati og fellesskap». Ho inneheld òg ei rekkje prinsipp for korleis statsforvaltninga skal arbeide og vere organisert. «Innsyn» er eit av dei orda som oftast går igjen i meldinga, og vi har brukt plass på nettopp å beskrive ny offentleglov, kva som er nytt i den, og kva krav ho stiller til offentlege verksemder. Meldinga svarer på spørsmål om openheit og innsyn, som eg oppfattar at ligg i representanten sitt spørsmål.

FAD si rolle er på ulike måtar å vere ein pådrivar i arbeidet med å utvikle forvaltninga. Vi har lagt stor vekt på å byggje opp eit sentralt forvaltningspolitisk apparat som nettopp skal samle og spreie kunnskap, kartleggje utviklingstrekk, ikkje minst identifisere forbetringsområde innanfor og på tvers av sektorar og gjennomføre fellestiltak der det er naudsynt. DIFI spelar ei sentral rolle i dette og har sett i gang ei rekkje tiltak som verksemder, leiarar og tilsette har nytte av i forhold til kompetanse og når det gjeld å ta brukarane på alvor, men ikkje minst i forhold til openheit.

Ut over det førebur vi ei nettbasert oversikt over alle høyringssakene – det har vore mykje diskusjon om lengda på høyringsfristane. Vi lagar no ei nettbasert oversikt kor alle departementa er samla, som både vil gi oversikt over talet på saker og ikkje minst ha ei grunngiving når ein eventuelt vel å bruke mindre enn tre månaders høyringsfrist på sakene som vi sender ut. Det er nokre av dei tiltaka vi no legg til grunn for å sørgje for at vi får ei oppfølging av offentleglova.

Gunnar Kvassheim (V) [12:31:03]: Jeg takker for svaret, som redegjør for gode og viktige tiltak som er satt i verk. Jeg oppfatter også at statsråden gir uttrykk for at hun ønsker å være en pådriver for å få økt åpenhet i statlig forvaltning.

Det understrekes i offentlighetsloven at en skal legge grunnlag for en evaluering. Jeg vil be statsråden redegjøre litt for om hun vil få de instrumentene, de målingene, som må til for å se at den nye loven faktisk virker og gir økt åpenhet. Da er et spørsmål knyttet til praksis i det enkelte departement om hun vil følge dette tett fra måned til måned for å se at det går i riktig retning. Tidligere statsråd Lars Sponheim brukte en vær åpen-plakat i sitt departement for å bidra til at terskelen for å gi avslag på innsynsbegjæringer var høyest mulig. Mitt spørsmål er også om en ser behovet for slike tiltak i den enkelte instans, det enkelte departement, for å holde trykket på åpenhetslinjen kontinuerlig.

Statsråd Heidi Grande Røys [12:32:07]: Det er heilt opplagt at det er viktig at ikkje berre eg, men – som representanten Kvassheim er inne på – kvar enkelt statsråd er ein pådrivar for den nye offentleglova. Den står ei samla regjering bak, og det er stor oppslutning om den i Stortinget, ikkje minst frå partiet Venstre og representanten Kvassheim. Noko av det eg trur er suksessoppskrifta når det gjeld å nå dei viktige føresetnadene lova set, er at dette ikkje blir enkelttiltak og kanskje ei nettside eller kva det skal vere, men at det må sitje i ryggmergen på kvar enkelt saksbehandlar, på kvar enkelt leiar og på kvar enkelt statsråd. Det må vere ein del av den praktiske politikken og av den praktiske utføringa av saksbehandlingsoppgåvene.

Det vi skal gjere, er å synleggjere ein del av praksisen. Den nettsida som kjem når det gjeld høyringssaker, vil synleggjere denne praksisen i kvart enkelt departement. Offentleg elektronisk postjournal er nettopp å gi kvar enkelt innbyggjar i dette landet ikkje berre innsyn i postgangen, men òg moglegheit til i mykje større grad å be om innsyn og faktisk få sakspapira.

Gunnar Kvassheim (V) [12:33:17]: Vedrørende det siste: Vi har siden 1993 hatt en prøveordning med elektronisk postjournal for et utvalgt antall mediehus. Den har fungert bra for dem. Nå skal dette utvides til å bli en offentlig elektronisk postjournaltjeneste. Når vil den bli satt i verk? Det var meningen det skulle implementeres samtidig med den nye loven, det skjedde ikke. Derfor er det interessant å høre hvor en ligger i løypa med dette.

Det andre er om det er mulig for statsråden å love den samme funksjonalitet på denne nye offentlige elektroniske postjournalen som en har hatt på denne ordningen, som har vært en prøveordning.

Statsråd Heidi Grande Røys [12:34:00]: Forhåpentlegvis vert den nye ordninga endå betre enn den gamle. Ein tek med seg erfaringane frå den gamle elektroniske postjournalen, men forhåpentlegvis vert det endå fleire funksjonar og det vert lettare tilgjengeleg – ikkje minst fordi det skal vere retta mot kvar enkelt innbyggjar og ikkje berre mot profesjonelle mediehus. Det håpar eg, utan at eg skal gå inn i dei tekniske detaljane.

Representanten Kvassheim har rett i at ordninga ikkje var klår då offentleglova låg på bordet. Det har rett og slett å gjere med at offentleglova vart forseinka, vi måtte ha forskriftene på plass, og så må ein lage dei tekniske løysingane for å svare på det som ligg i lov og forskrift.

Vi har ei stor utfordring som eg veit representanten Kvassheim er minst like oppteken av som eg, det er personvern. Vi har lagt inn eit forslag om søkjesperre, slik at du ikkje skal kunne sitje og søkje på enkeltpersonar i meir enn tolv månader og så lage ei slags oversikt over kva enkeltpersonar har med offentlege organ å gjere. Men det er òg for å sørgje for at sensitiv informasjon ikkje vert lagd ut. Vi jobbar no iherdig for å få det til, og i løpet av 2009 skal den nye postjournalen vere på plass.