Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Stortinget - Møte torsdag den 24. april 2014 kl. 10

Dato:
President: Sylvi Graham

Sak nr. 4 [12:41:08]

Interpellasjon fra representanten Kjersti Toppe til helse- og omsorgsministeren:
«Fleire samfunnsmedisinarar åtvarar mot ei utvikling av norsk helsevesen i retning meir overbehandling av friske folk. Overdiagnostisering og overbehandling vert omtalt som ein større trussel mot folkehelsa enn at enkelte får for lite behandling. Som eksempel vert det i Noreg no utført dobbelt så mange CT-undersøkingar per innbyggjar, samanlikna med Sverige. Sjølv om vi ikkje er meir sjuke, har det dei siste 7 åra vore ein auke på 12 pst. i antibiotikabruken. 1 pst. av befolkninga har medikamentindusert hovudpine av for hyppig bruk av smertestillande. Det er stadig nye krav til bruk av helsetestar, laboratorieprøver, screeningundersøkingar og behandling av risikofaktorar, utan at helsegevinsten er klar. Finansieringsordningar med innsatsstyrt finansiering (ISF) favoriserer aktiv og gjerne kirurgisk behandling.
Kva vil regjeringa konkret gjera for å førebyggja overdiagnostisering og overbehandling i norsk helsevesen?»

Talere