Liv Signe Navarsete
(Sp) [10:40:21 ] : I det norske kulturlandskapet veks det fram
nye internasjonalt inspirerte parkmodellar for samarbeid, ivaretaking
og brei verdiskaping. Dette skjer i dei norske regionalparkane og
i andre dynamiske parkkonsept, som geoparkar og biosfæreområde.
Desse er ofte konsentrerte i næringssvake område med høge natur-
og kulturverdiar av nasjonal tyding. Denne typen parkar representerer
ein ny utviklingsmodell for brei verdiskaping – sosialt, økonomisk
og miljøretta – som kan utgjere modellområde for gjennomføring av
det grøne skiftet.
I Noreg finst det etablerte regionalparkar
og parkar under utvikling. Talet på parkar veks stadig, og om få
år vil det eksistere omkring 9 regionalparkar som kan omfatte om
lag 30 kommunar. Dette gjer det aktuelt med ei statleg forankring
og eit nasjonalt system av regionalparkar. Difor etablerte den raud-grøne
regjeringa i 2012 eit verdiskapingsprogram for lokale og regionale
natur- og kulturparkar og løyvde 10 mill. kr årleg. Målet med verdiskapingsprogrammet
var auka verdiskaping og næringsutvikling i landskaps- og identitetsområde
med særskilde natur- og kulturverdiar. Det handla om sosial, kulturell
og miljøretta verdiskaping så vel som økonomisk.
Det treårige prosjektet som i utgangspunktet
skulle danne veg for eit langsiktig statleg engasjement, er avvikla.
Trass i manglande entusiasme frå regjeringa si side arbeider parknettverket
og dei enkelte parkane vidare for å skape utvikling og arbeidsplassar
i sine nærområde.
Etter internasjonal modell skal
parkane fremje ei heilskapleg stad- og næringsutvikling og levande
lokalsamfunn i bygde- og bynære område med slike verdiar. Dette skal
gjerast ved berekraftig bruk av natur- og kulturverdiar som ressurs.
Dei etablerte regionalparkane er
Valdres Natur- og Kulturpark, Nærøyfjorden verdsarvpark, Finnskogen
Natur & kulturpark, Regionalpark Haldenkanalen og Telemarkskanalen
regionalpark. I vår, altså våren 2017, er følgjande regionalparkar
under etablering: Vefsna regionalpark, Sognefjorden Kystpark, Okstindan
/ Hemnes kommune og Varanger. Desse nye dynamiske parkane fokuserer
på langsiktig varetaking av landskaps- og kulturverdiar. Dei bidreg
òg til lokal verdiskaping basert på natur- og kulturverdiar gjennom
å byggje stadlege merkevarer for besøkjande og fastbuande og utvikle
lokale produkt og opplevingar.
Dei norske regionalparkane utløyser
frivilligheit og sosial verdiskaping gjennom langsiktig partnarskap
og medverknad basert på eigne visjonar og verdiar. Dei jobbar integrert
og i mellomrommet der sektorstyresmaktene ofte kjem til kort.
I 2014 la Distriktssenteret fram
ei utgreiing som vart laga på oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
Funna deira viser at regionalparkar representerer eit auka samarbeid
på tvers av kommunegrenser, mellom offentlege sektorar og på tvers
av offentleg, privat og frivillig sektor.
Engasjement og deltaking frå næringsliv
og frivillig sektor varierer likevel mellom parkane. Ein ser at
regionalparkarbeidet har bidrege til meir heilskapleg tverrsektorielt
utviklingsarbeid òg sett ut frå eit regionalt perspektiv. Det har
oppstått auka tillit mellom utviklingsaktørar og mellom ulike interesser.
Dette kjem ikkje av seg sjølv. Det tek lang tid å etablere ein slik
park. Det tek lang tid å byggje tillit, gjensidigheit og det å innsjå
at å arbeide i lag gir meir enn å arbeide kvar for seg.
Som ein relativt ny formalisert
samarbeidsarena i regionen har dei nye parkane opparbeidd høg legitimitet
etter ganske kort tid, og det bidreg til nye måtar å samhandle på, òg
inn mot statlege styresmakter. Frå eit styringsperspektiv gir regionalparkane
både moglegheiter og utfordringar, men det er viktig fyrst og fremst
å fokusere på moglegheitene – moglegheitene til å skape lokalt,
moglegheitene til å utvikle område som elles vil slite. Det byggjer
eigentleg på klyngjeteorien, som elles er vel akta og gir gode resultat i
næringslivet. Å byggje klyngjer, der ein samhandlar på tvers av
ulike partnarar, har me jo sett i alt frå den maritime næringa til
teknologinæringa og til reiseliv. Får ein ein kritisk masse som
samarbeider, gir det tydelege resultat. Og regionalparkarbeidet,
i form av den samordna arbeidsinnsatsen frå alt frå reiselivslag
og lokale bygdelag av ulike slag til det offentlege og næringslivet,
har gitt meirverdi, altså synergieffektar. Det utløyser finansiering,
sjølv om den største utfordringa per i dag kanskje er å greie å
få ei finansiering både til den enkelte parken og til å drifte eit nettverk
som kan bidra med synergiar mellom parkane.
Det er ikkje slik at alle må finne
opp hjulet på nytt. Dei som har etablert seg, kan overføre stor
kunnskap og kompetanse til dei som vil etablere seg, og då krevst
det at ein har eit nav som kan vere med og gjere den jobben. Det
var litt av tankegangen bak den løyvinga på 10 mill. kr som den
raud-grøne regjeringa la inn, nemleg at dei midlane òg kunne vere
med og drifte eit slikt nettverk av parkar, der ein kan hente kunnskap
i å forandre og slik løfte kvarandre framover.
Langsiktigheit i arbeidet er viktig.
Som det vart slått fast i rapporten frå Distriktssenteret, er det
for det fyrste eit langt forarbeid før parkane vert etablerte, og
ein ser resultata tydeleg fyrst etter lengre tid, sjølv om kortare
prosjekt og aktivitetar kan ha ein viktig funksjon for å gi legitimitet og
motivere samarbeidspartnarane til å arbeide vidare i noko som for
mange er ein ganske komplisert prosess.
Så er det ulike parkar. I Nærøyfjorden,
som eg kanskje kjenner best, har ein verdsarvparken, som vert det
naturlege utgangspunktet for parksatsinga. Det er òg andre organiseringsmodellar
ein har valt, men ofte rundt eit lokalt konsept, som ved Telemarkskanalen,
Halden, Finnskogen og Valdres. Sameleis vil det verte i Vefsna,
når dei får etablert sin park.
Me har lært mykje av andre land
i Europa. Eg var sjølv, som kommunal- og regionalminister, i Sveits
for å sjå på korleis dei arbeider med dette. Det er 900 parkar rundt
om i Europa, og dei fleste får støtte frå sine statlege styresmakter.
Dei fleste har òg oppnådd å få statlege styresmakter med på å utarbeide
ein slags køyrereglar eller regelverk.
I motsetning til nasjonalparkane
manglar regionalparkane ei nasjonal lovforankring. Dei manglar òg
ei nasjonal regelstyring, og det har mangla statleg medfinansiering, noko
stort sett alle land i Europa har innført med stor suksess. Det
er difor behov for å opprette ei politisk leia interdepartemental
arbeidsgruppe som med bakgrunn i norsk praksis og europeiske erfaringar
får mandat og ressursar til å utgreie europeisk politikk og forvaltning
av regionalparkar og nasjonale parksystem. Då bør ein spesielt sjå
på land som Sveits, Frankrike, Storbritannia og Skottland. Vidare
bør ein utgreie grunnlaget for ei lovreform og eit nasjonalt system
av regionalparkar og korleis ein skal finansiere dei, avklare rollene
til nasjonalparkar og regionalparkar for å avdekkje dei dynamiske
relasjonane og synergiane som eksisterer. Sist, men ikkje minst
må eit slikt utval skildre ein nasjonal etableringsprosess og strategi
for ein heilskapleg parkpolitikk.
Dette kan synast som ei mindre sak
blant mange for statsråden, men for dei som arbeider med det, og
for dei mange tusen som er engasjerte i dette, er det ei ganske
stor sak, og eg håper at statsråden i dag kan bidra med ei positiv haldning
til korleis ein skal utvikle dette arbeidet vidare i eit godt samspel
mellom statlege styresmakter, regionale styresmakter og den einskilde
parken.
Statsråd Jan Tore
Sanner [10:50:41 ] : Jeg takker for spørsmål fra stortingsrepresentant
Liv Signe Navarsete.
Regjeringen er opptatt av at kommuner
og områder som er rike på natur- og kulturverdier, skal kunne ta
i bruk disse ressursene i sitt lokale utviklingsarbeid. Dette er
viktig bl.a. for å sikre arbeidsplasser, verdiskaping og næringsutvikling
over hele landet. Vi trenger en bærekraftig og fremtidsrettet forvaltning
av fjell og utmark og skape verdier som i større grad kommer lokalsamfunnene
til gode. Vi har nettopp lagt frem en stortingsmelding om bærekraftige
byer og sterke distrikter, som fremhever dette temaet.
Mange kommuner jobber godt med utmarksbasert
næringsutvikling. Erfaringer viser likevel at det er krevende å jobbe
med denne typen verdiskaping, fordi utmarksforvaltningen er komplisert
og uoversiktlig for næringsaktører og brukere. Regjeringen tok tak
i dette i 2014 og etablerte et interdepartementalt samarbeid for
å forenkle utmarksforvaltningen. Målene for arbeidet er å styrke
lokaldemokratiet, forenkle og redusere byråkrati og å legge til rette
for mer verdiskaping basert på naturressursene og kulturverdier.
Vi har fått mange innspill underveis i arbeidet og har iverksatt
en rekke tiltak. Regjeringen gjør det enklere å utnytte næringspotensialet
i utmark gjennom å gjøre byråkratiet enklere og styrke kommunenes
handlingsrom.
Vi har forenklet og effektivisert
regelverket for behandling av plan- og byggesaker. Stortinget har
etter forslag fra regjeringen vedtatt regelendringer for behandling
av private reguleringsforslag, som vil tre i kraft 1. juli 2017.
Potensialet for å redusere saksbehandlingstiden for private reguleringsplaner
anslås til å være 30–50 pst.
Og dette er viktig. For de mange
aktørene som Liv Signe Navarsete tar opp, er det forenklingsarbeidet
som regjeringen holder på med noe av det aller viktigste, for en
komplisert forvaltning er vanskelig å finne frem i. Derfor har vi
også styrket lokaldemokratiet, bl.a. gjennom å heve terskelen for
innsigelser. Der den forrige regjeringen ga staten rett, har denne
regjeringen sørget for å støtte lokaldemokratiet der hvor det ikke
er viktige regionale eller nasjonale hensyn som tilsier det motsatte.
Lokal forvaltning av verneområder er styrket,
og vi har forenklet friluftsregelverket. Brukerne skal i større
grad møte én dør inn i systemet: Vi styrker bl.a. kommunenes rolle
og kompetanse gjennom mer veiledning. Det er viktig, fordi kommunene
er førstelinjen. Vi jobber med å etablere utmark som tema i Miljøkommune.no,
der informasjon og ressurser for saksbehandling av utmarkssaker
for alle sektorer vil bli gjort tilgjengelig. Nettstedet inneholder lenker
til informasjon, kart, data og verktøy for saksbehandling i miljøsaker
i kommunene. Dette vil gjøre det enklere for de mange aktørene rundt
om i landet. Tiltakene regjeringen har iverksatt, er tatt vel imot
av både lokalpolitikere og næringsutøvere i utmarkskommunene.
Det er ikke riktig som stortingsrepresentant
Navarsete hevder, at denne regjeringen har kuttet den økonomiske støtten
den forrige regjeringen etablerte. Den rød-grønne regjeringen etablerte
et treårig verdiskapingsprogram for parker, som ga støtte til forprosjekter
og utvikling av lokale og regionale parker over hele landet. Vår
regjering valgte å videreføre verdiskapingsprogrammet ut programperioden,
som varte fra 2012 til 2014. Vi avsluttet med andre ord programmet
i tråd med den planen som den forrige regjeringen hadde lagt.
Det å etablere en langsiktig og
forpliktende samarbeidsavtale i form av en regionalpark kan være
en viktig og riktig beslutning i mange områder. Norske Parker har utviklet
et sett med kriterier for hvem som kan kalle seg en regional eller
lokal park. Vi ser at utviklingen av de regionale parkene fortsetter
videre, uten en spesifikk nasjonal satsing. Regjeringen ser derfor
ikke behov for å utrede kriterier for regionalparker. Gjennom verdiskapingsprogrammet
erfarte vi at noen områder valgte å gå videre i arbeidet med å etablere
seg som regionalpark. Samtidig vet vi at regionalpark som organisasjonsform
likevel ikke passer for alle. Regjeringen er opptatt av at alle
kommuner som ønsker å satse på natur- og kulturverdier i sitt utviklingsarbeid,
får muligheten til det, uavhengig av organisasjonsform. Dette legger
vi til rette for.
Jeg vil også understreke at regjeringen
har bidratt til en god vekst i kommunenes inntektsrammer. Ja, det
har vært en vesentlig sterkere vekst under denne regjeringen enn det
var under den rød-grønne regjeringen. I perioden 2013–2016 har det
i gjennomsnitt vært 1,3 pst. vekst målt per innbygger, mens det
var under halvparten under den rød-grønne regjeringen. Vi ser at
driftsresultatene i kommunene er gode, og at det er færre på ROBEK-listen
enn noensinne. Dette er også viktig, fordi representanten Navarsete
tar til orde for et program til noen millioner kroner. Vi har lagt
til rette for god vekst i kommuneøkonomien, som gjør at kommunene
kan gjøre sine egne prioriteringer.
Fylkeskommunene får også regionale
utviklingsmidler. Parkene kan søke om økonomisk støtte gjennom disse midlene.
Vi vet bl.a. at Østfold fylkeskommune vil prioritere å støtte utviklingen
av Regionalpark Haldenkanalen med regionale utviklingsmidler i 2017.
Vi har i tillegg to målrettede ordninger for kommuner og næringsliv
og andre som ønsker å satse på natur- og kulturbasert verdiskaping.
Kommunal- og moderniseringsdepartementet
har utlyst 10 mill. kr til en femårig forsøksordning for forenkling
av utmarksforvaltningen. Vi er også inne i det siste året av et femårig
program for verdiskaping og næringsutvikling i fjellområdene. Gjennom
dette programmet har bl.a. Valdres Natur- og Kulturpark fått støtte.
Regjeringen vil på denne måten støtte
opp om utviklingsarbeid som gjøres regionalt og lokalt, bl.a. innenfor
parkene, men vi ser ikke behov for nye utredninger på området.
Liv Signe Navarsete
(Sp) [10:58:18 ] : Det var eit skuffande svar frå statsråden.
Eg trur det er mange rundt om i
landet som følgjer med i dag, og som vert skuffa over at statsråden
ikkje ser verdien av det arbeidet som vert lagt ned, men berre set
det i ein parentes og gir ei oppramsing av generelle tiltak som
regjeringa har gjort.
Det er bra å forenkle forvaltinga
av utmark og plan- og byggjesaker og å styrkje dei som har innvendingar,
og det er bra med lokal forvalting av verneområde. Men det er veldig
rart at statsråden, som kjem frå partiet Høgre, som vanlegvis ser
veldig til Europa og kva som skjer elles i EU-land, ikkje i denne
samanhengen ser verdien av ein modell for utvikling som er brukt
over store deler av Europa. Frankrike, Sveits, Storbritannia og
Skottland er kanskje dei aller viktigaste eksempla, men ein finn
det i dei fleste europeiske land, og ein finn at statlege styresmakter
er involverte både i å utvikle eit regelverk, ein modell som er nasjonal
for dei enkelte landa, og også for å vere inne med økonomisk støtte
for å byggje opp om desse regionalparkane. Statsråden har sjølv
sett i gang Distriktssenteret til å evaluere dette arbeidet, og
ut ifrå deira evaluering er det tydeleg at det gir meirverdi på
veldig mange område.
Senterpartiet er oppteke av å vidareutvikle
dette. Me vil leggje inn 5 mill. kr i revidert nasjonalbudsjett,
som ei moglegheit for parknettverket til å ta tak i dei parkane
som no skal utviklast vidare, og òg for å løfte konseptet. Skulle me
kome i regjering, vil dette verte eit område me vil jobbe meir for
å utvikle, for me ser at det gir resultat. Og det er statsråden
si eiga utgreiing som viser at det gir gode resultat på svært mange
område.
Når det er snakk om den økonomiske
utviklinga til kommunane, hadde det vore interessant å vite kor
mange millionar og kor mange årsverk som er brukte no i denne perioden
på å diskutere ulike samanslåingar av kommunar og regionar. Ein
kan nok sikkert trekkje ifrå ganske store summar, det er iallfall
det dei seier lokalt når det gjeld det dei har fått moglegheit til
å drive på med i denne perioden. Men det har vel kanskje ikkje med
denne saka å gjere.
Statsråd Jan Tore
Sanner [11:01:32 ] : Jeg må innrømme at jeg er forundret over
responsen fra representanten Liv Signe Navarsete, som representerer
et parti som satt i regjering i åtte år, og som ikke bidro til å
forenkle utmarksforvaltningen. Liv Signe Navarsete kommer fra et parti
som snakker høyt om lokaldemokrati og gründere i Distrikts-Norge,
men som i realiteten ga SV makten og innflytelsen i disse sakene.
Der vår regjering har bidratt til forenkling, avbyråkratisering
og veiledning, og der vi nå ønsker å etablere én dør inn for alle
de kreative menn og kvinner over hele landet som jobber med å utnytte
natur- og kulturverdier, ser vi at Senterpartiets svar er at man skal
ha en utredning, og at man vil bevilge 5 mill. kr i revidert nasjonalbudsjett.
Det er sikkert fint med 5 mill. kr i revidert nasjonalbudsjett,
men jeg tror det betyr langt mer det forenklingsarbeidet regjeringen
har iverksatt, de resultatene vi har oppnådd, og ikke minst at det
er en regjering som har bidratt til god vekst i kommuneøkonomien
– betydelig sterkere vekst enn det som var under den forrige, rød-grønne,
regjeringen.
Ola Elvestuen
(V) [11:03:19 ] : Jeg vil begynne med å berømme interpellanten
for å ha tatt opp spørsmålet om natur- og kulturparker i Norge.
Regionalparksystemet er vel etablert i Europa. Det er mange av dem
i Sveits, i Tyskland og i Frankrike, og vi har også hatt initiativ
i Norge, som er bygd opp nedenfra, for etablering av regionalparker,
natur- og kulturparker, i Norge.
Selv har jeg hatt gleden av å besøke
norske parker flere ganger. Jeg har vært på besøk i Varanger, på
Finnskogen, Valdres, Telemarkskanalen, Vefsna. Det er ikke noen
tvil om at dette er en organisering mellom kommuner som kan være
med på å bidra til næringsutvikling. Hensikten med natur- og kulturparkene
er jo ikke at man skal drive utmarksforvaltning. Det har man et
annet regelverk til. Det som er hensikten, er at man skal ha et
samarbeid der man ser kvaliteten i ens eget distrikt, og samordne
hvordan man skal forvalte de kvalitetene, enten det er matkultur,
vernede områder, eller det er kulturminnevern, og at man skal markedsføre
dette, både for sin egen befolkning, for næringsutvikling og også
nasjonalt og internasjonalt.
For å få det til mener jeg dette
er helt betimelig. Kristelig Folkeparti og Venstre hadde en merknad
i budsjettinnstillingen fra kommunalkomiteen om at vi trenger å
få en avklaring av det juridiske grunnlaget for regionalparkene, for
det er det neste steget. De gjør en god jobb, men det er klart at
det man trenger, er en nasjonal anerkjennelse og en nasjonal forankring,
slik at man får likt regelverk som man kan bygge framtidige natur-
og kulturparker etter. Fra Venstres side kommer vi definitivt til
å ta opp igjen at vi trenger å utrede et juridisk grunnlag for et
nasjonalt system for regionalparker i Norge. Det er egentlig det
viktigste vi gjør.
Så er det klart at det vil bidra
til å utvikle disse parkene hvis man får statlig støtte, men det
er en mindre sak. Egentlig handler dette først og fremst om å få
et juridisk grunnlag og så om staten gir anerkjennelse og også er
med på å gi noe økonomisk støtte. Det vil uansett være en mindre
del. Det er klart at disse regionalparkene får mye statlig støtte
til enkelttiltak fra før av, enten det er innenfor næringsutvikling,
verdiskapingsprogrammer eller innenfor Riksantikvarens område, som
det man har på Varangerhalvøya. Det er mange ting man kan se på.
Jeg synes regjeringen bør se på
dette på nytt og ikke så direkte avvise at det er noe man ønsker
å gå videre med. Regionalparkene har stor støtte der de er etablert,
og det er en bevegelse som flere er interessert i å komme inn under. Jeg
synes både regjering og storting bør støtte opp under en utvikling
der man lokalt utreder og ser verdiene i fellesskap i sine regioner,
ser hvordan man kan utnytte og videreutvikle de verdiene som er
der, samtidig som man ser på hvordan man kan utvide og bruke dette
til næringsutvikling. Jeg synes det minste vi kan gjøre, er å gi
dem et juridisk rammeverk, slik at de får den samme statusen i Norge som
de har i land ellers i Europa. Her er det mye å lære av andre land.
Så vil Venstre mene at det i tillegg burde være en økonomisk støtte.
Men det viktigste er å komme i gang med det juridiske grunnlaget.
Liv Signe Navarsete
(Sp) [11:07:52 ] : Det er veldig kjekt å høyre at samarbeidspartiet
til regjeringa, Venstre, er samd med oss i ei viktig sak. Eg kjenner
vel ein Venstre-ordførar i Valdres som har vore ein dyktig pådrivar bl.a.
for Valdres natur- og kulturpark. Det er riktig at det er eldsjeler
rundt om i det ganske land som har vore viktige pådrivarar for å
lyfte dette konseptet òg i Noreg.
Statsråden er meir oppteken av å
kritisere Senterpartiet enn å fortelje kva han og regjeringa vil
gjere med dette. Han snakka om ei dør inn. Ja, eg hugsar at Høgre
snakka om ei dør inn til Nav i si tid. No er det vel ingen som finn den
døra lenger, i alle fall er det eit problem for mange. Han snakka
om forenklingsarbeidet som regjeringa står for. I mitt fylke har
dei forenkla bort politimeisteren, dei har forenkla bort ei rekkje
lensmenn, og dei har forenkla bort leiinga i NHO og Innovasjon Noreg
som følgje av regionreforma som regjeringa køyrer. Dei har forenkla
vekk leiinga ved høgskulen i Sogn og Fjordane. No får ikkje Sogn
og Fjordane ein einaste i leiinga ved høgskulen på Vestlandet, sånn
som det ser ut per i dag. Dei har forenkla vekk mange kommunar i
Sogn og Fjordane. Ja, dei skal til og med forenkle vekk heile fylket.
Det vert jo mykje enklare når ein får vekk så mange viktige organisasjonar.
Eg er samd med føregåande talar
i at det aller viktigaste no er å få eit juridisk grunnlag for dei
regionale kultur- og naturparkane. Difor var òg forslaget i mitt
hovudinnlegg at ein må opprette interdepartementale arbeidsgrupper
som kan gjere ein slik jobb, òg i samarbeid med dei parkane som
dette gjeld. Dei har valt seg eit styre og har ein organisasjon,
så dei har jo tillitsvalde i systemet som kan delta i eit slikt
arbeid. Eg synest òg det er viktig at det regionale nivået kan vere
involvert, og ein bør sjå til land som har lukkast veldig godt med
dette konseptet. Eg trur det er viktig at ein får ei nasjonal forankring.
Det handlar om legitimitet, det handlar om å vite at det viktige
arbeidet som skjer, vert sett. Det å få grunnlaget for vidare etableringar og
at det vert forankra juridisk, er viktig.
Så trur eg òg det er viktig med
noko midlar inn til det nettverket, slik at ein ikkje må bruke av
dei finansieringskjeldene som den enkelte park etablerer, for å
finansiere eit nettverk som kan vere med og drive arbeidet framover. For
eg trur det er veldig viktig at ein har eit nav som kan vere med
og drive arbeidet framover.
Eg vil takke for debatten. Eg vel
å tolke kommunal- og moderniseringsministeren i beste meining og
håper at han òg vil vere med og drive dette arbeidet vidare.
Statsråd Jan Tore
Sanner [11:11:08 ] : Representanten Liv Signe Navarsete dro
opp en diskusjon om kommune- og regionreform. Det er fristende å
svare på det, men la meg da bare begrense meg til å gi honnør til
de mange fremoverlente lokal- og regionalpolitikerne i Sogn og Fjordane,
inkludert mange av Senterpartiets representanter, som nå bidrar
til at vi får sterkere kommuner og en sterk region i Hordaland og
Sogn Fjordane. Det vil være bra, også for utmarksforvaltningen,
fordi man får mer kompetanse i både kommune og fylke.
Jeg er glad for at representanten
Liv Signe Navarsete til slutt velger å tolke statsråden i beste
mening. Det kan jeg også gi tilbake, for jeg tror at Senterpartiet,
regjeringspartiene og samarbeidspartiene har en felles interesse
av å legge best mulig til rette for ildsjeler, for gründere, i bygd og
i by. Ikke minst er dette viktig i de mange distriktskommunene,
for å legge til rette for verdiskaping og arbeidsplasser.
Jeg deler oppfatningen om at parkene
har en stor verdi og ikke minst det arbeidet som mange enkeltmennesker gjør.
Derfor bygger vi også videre på de erfaringene man har, fra de evalueringene
som er gjort. Vi har valgt å gå videre langs en annen vei, og det
er først og fremst ved å bidra til å forenkle utmarksforvaltningen
og ved at vi har laget et eget program som er en støtte til kommuner
som jobber med å legge til rette for arbeidsplasser i utmark og
verdiskaping i distriktene.
Det kan være litt ulike virkemidler,
men jeg velger også til slutt å avslutte med å si at jeg tror vi
er enige om målet, nemlig at vi skal legge bedre til rette for dem
som arbeider med å utvikle arbeidsplasser og verdiskaping med natur
og kultur.
Presidenten: Debatten
i sak nr. 4 er dermed avsluttet.