Til Stortinget
I Noreg har vi to skriftspråk; nynorsk og bokmål. Dei to skriftspråka
har lange tradisjonar og er formelt sett jamstelte etter det såkalla
"Jamstillingsvedtaket" som vart gjort i 1885. At dei to skriftspråka
er jamstelte, inneber at alle skal sikrast eit fritt val mellom dei
to offisielle skriftspråka. Noreg er eineståande i verda i å ha
to skriftspråk, og både bokmål og nynorsk er difor ein viktig del
av norsk kulturarv.
24. mai 2007 feira sidemålsundervisninga sitt 100-årsjubileum.
Forslagsstillarane er av den meining at ein på nytt bør vurdere
verdien av obligatorisk skriftleg undervisning i sidemål, og obligatorisk skriftleg
avgangseksamen i faget. Nedanfor vil forslagsstillarane kome inn
på trekk ved norsk språkhistorie som gjer at ein har kome fram til
denne konklusjonen.
Norsk språk har utvikla seg frå det felles skandinaviske språket
urnordisk og om norrønt og gamalnorsk. Den gamalnorske perioden
varde fram til siste halvdel av 1300-talet då han vart avløyst av
det som vert kalla mellomnorsk. Rundt desse tider får Sverige, og
seinare Danmark, ei meir dominerande stilling i Norden, og dette
fører til at norsk vert skrive i ein meir utblanda stil enn tidlegare,
og denne mellomforma vert kalla "mellomnorsk". Med unionen med Danmark
vart dansk det dominerande skriftspråket i Noreg. Frå om lag år
1500 til om lag 1850 var dansk det einaste skriftspråket i Noreg,
medan berre eit par prosent av innbyggjarane i Noreg snakka danskwww.sprakrad.no/fakta. Med
utbygginga av den obligatoriske skulegongen på 1800-talet kan ein
seie at dansk styrka si stilling som skriftspråk i Noreg fordi skule
for alle innebar at lese- og skriveopplæringa også vart betre, og
dansk var det einaste skriftspråket Noreg hadde å bruke.
Med oppløysinga av unionen med Danmark vart det som kjend ei
fornya merksemd omkring bygging av nasjonen, og ein leita etter
det som var grunnleggjande norsk og som kunne binde nasjonen og
folket saman. I samanheng med dette byrja ein i Noreg å diskutere
om vi ikkje også burde ha vårt eige skriftspråk. I denne debatten
stod to retningar mot kvarandre; dei som ville lage eit heilt nytt
norsk språk forma på norske dialektar, og dei som ville byggje vidare
på og utvikle dansk skriftspråk.
For den retninga som ville byggje opp eit heilt sjølvstendig
norsk skriftspråk, stod Ivar Aasen (1813–1896) i spissen. Han reiste
rundt i landet og samla inn grammatikk og ord i dialektane, og på
bakgrunn av dette laga han ein større grammatikk i 1864 og ei omfattande
ordbok i 1873. Norma, som han kalla landsmål, vart tatt i bruk av
folk allereie på 1850-talet, og i 1885 vart landsmål jamstelt med
dansk og godkjend som undervisningsspråk i 1892. I 1929 fekk språket
offisielt namnet nynorsk etter eit stortingsvedtak.
Den andre retninga, som gjekk ut på å fornorske det danske språket,
vart leia av Knud Knudsen (1812–1895). Han arbeidde mellom anna
for at norsk uttale skulle verte godkjend, og han ville ha harde konsonantar
i ord som var vanlege i daglegtala. I 1887 vedtok regjeringa at
leseuttalen i norske skular skulle vere fonetisk norsk, og i 1907
vart dansken i Noreg reformert slik at sentrale norske trekk vart gjort
obligatorisk, og han fekk no namnet riksmål. Språket vart, av Stortinget,
omdøypt til bokmål i 1929.
Tidleg på 1900-talet og fram til om lag 1970 har norsk språkdebatt
vore prega av forsøk på å tilnærme dei to skriftspråka slik at dei
kunne smelte saman til eit felles skriftspråk. Sjølv om det har
vore mange språkreformer som har ført til at dei to skriftspråka har
teke trekk frå kvarandre, kan ein i dag seie at dei to språkformene
har vorte konsoliderte. I dag er det difor ikkje mange som pratar
om samnorsk, men ein har innsett at dei to skriftspråka er ein viktig
del av norsk historie og kulturarv. Offisiell språkpolitikk i dag
er difor å ha to ulike skriftformer av norsk.
Sidemålet er heimla i lov om grunnskolen og den vidaregåande
opplæringa (opplæringslova) § 2. I § 2-5 heiter det at elevane i
grunnskulen skal ha opplæring i båe målformer dei to siste åra i
grunnskulen. Også i vidaregåande skule er sidemål obligatorisk. Departementet
kan gje føresegner om fritak frå opplæring i sidemål for elevar
som får særleg språkopplæring. Dette gjeld mellom anna elevar med
opplæring i samisk, elevar med opplæring i finsk som framandspråk,
elevar med teiknspråk som fyrstespråk og elevar med anna morsmål
enn norsk.
Ordninga med hovudmål og sidemål vart innført i 1892, og frå
då av skulle skulestyret avgjere kva for skriftspråk som skulle
vere hovudmål for elevane ved kvar einskild skule. Leseundervisning
skulle verte utført på båe målformer, medan dei berre skulle ha skriftleg
undervisning i hovudmålet.Grepstad, Ottar (2004): Den språklege
lekkasjen. Årstale nr. 4 om tilstanden for nynorsk skriftkultur.
Ørsta. Den obligatoriske stilen i sidemål vart innført
i 1907.
Frå og med 1985 vart det innført ein rett for elevar til å sjølve
velje målform frå og med fyrste året på ungdomsskulen. På barneskulen
er målforma til den einskilde elev bestemt av kva kommunen har fastsett skal
vere hovudmål ved den einskilde skulen.
I dag opplever mange elevar sidemålsundervisninga som unyttig.
Grunngjevinga frå forslagsstillarane for å fjerne obligatorisk undervisning
og eksamen i sidemål er at ein meiner at dei to skriftspråka er
så like at ein ikkje treng ein skriftleg eksamen for å forstå kvarandre.
Norsk språkråd peika i ei høyringsfråsegn i 2004 på at "Statsinstitusjonane
har vanskeleg for å etterleve mållova, og mange av dei grunngjev
dette med at nynorskkompetansen hjå dei tilsette er for dårleg". Dei
meiner difor at sidemålsopplæringa, og då spesielt på nynorsk, bør
styrkjast. For forslagsstillarane er høyringsfråsegna frå Språkrådet
eit argument for å gjere sidemål valfritt. Ved å gjere sidemål valfritt
kan ein oppmuntre studentane som ynskjer seg ei karriere i til dømes
statsadministrasjonen til å velje nynorsk som valfag fordi dei veit
dei er nøydde til å kunne nynorsk for å gjere karriere. Så om det
er slik, som Språkrådet hevdar, at nynorsken vil tape på å gjere
sidemålet valfritt, så vil då dei som vel nynorsk frivillig kunne
ha eit konkurransefortrinn når dei skal søkje jobb. Dette vil, trur
forslagsstillarane, føre til at fleire ser nytten av nynorsk og
ikkje opplever sidemål som eit unyttig fag.
Det er allereie ein del grupper som i dag har fritak frå vurdering
i sidemålet. Dette gjeld mellom anna elevar med opplæring i samisk,
elevar med opplæring i finsk som framandspråk, elevar med teiknspråk som
fyrstespråk og elevar med anna morsmål enn norsk. Dette syner, etter
forslagsstillarane si meining, at det er erkjent at sidemål ikkje
er eit naudsynt fag for å klare seg i det norske samfunnet. Slike
fritak er til dømes ikkje gjeldande for undervisning i andre obligatoriske
fag som matematikk, naturfag eller engelsk.
I haust kravde Elevorganisasjonen også valfritt sidemål. Til
VG 22. oktober 2008 seier leiaren av Elevorganisasjonen, Håvard
Vederhus: "Elevene må få velge selv om de ønsker å ha sidemål eller
ikkehttp://www.vg.no/nyheter/innenriks/elevavisen/artikkel.php?artid=530826."
Språkprofessor Finn Erik Vinje gjev full støtte til eit slikt
syn, og seier mellom anna til NRK at han meiner den skriftlege undervisninga
i sidemål er overmogen for utskifting: "Den har snart eksistert
i 100 år og har utspilt sin rolle. Det ligger noe nesten naturstridig
i at man skal uttrykke sine tanker, stemninger og meninger på to
variantar av norsk skriftspråk, som i tillegg er til forveksling
like."http://www.nrk.no/nyheter/kultur/3398696.html Dette
syner at det ikkje finst store faglege argument til å oppretthalde
obligatorisk undervisning i sidemål, men at ein tvert om kan ha
mykje å hente på å gjere det valfritt slik at dei som verkeleg ynskjer
å lære sidemål, får gjere det på ein skikkeleg måte.
På denne bakgrunn vert det fremja følgjande
forslag:
Stortinget bed Regjeringa leggje fram naudsynte lovendringar
for å gjere skriftleg undervisning og eksamen i sidemål valfri for
heile grunnopplæringa.
4. mai 2009