Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:36 (2013-2014)
Innlevert: 30.10.2013
Sendt: 30.10.2013
Besvart: 06.11.2013 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

Fredric Holen Bjørdal (A)

Spørsmål

Fredric Holen Bjørdal (A): NRK opplyste den 29.oktober at statsråden ikkje hadde høve til å kommentere påstanden om sosial dumping i Norwegian.
Er dette eit uttrykk for at statsråden ikkje synest arbeidet mot sosial dumping er viktig, eller kjem han til å følgje regjeringserklæringa der det svart på kvitt står at arbeidet mot sosial dumping skal halde fram?

Begrunnelse

I media 29.oktober kom det fram alvorlege opplysningar om løns- og arbeidsvilkåra for thailandske kabintilsette i flyselskapet Norwegian. Mellom anna kjem det fram at grunnløna til vanlege tilsette er på under 3 000kr. Fleire, mellom anna arbeidstakarorganisasjonen Parat, meiner dette er sosial dumping. Den raud-grøne regjeringa har forfatta tre handlingsplanar mot sosial dumping, og gjort ein aktiv innsats på dette området. Når arbeidsminister Robert Eriksson (Frp) ikkje ønskjer å kommentere denne aktuelle saka, er det grunn til å setje eit stort spørjeteikn bak formuleringane i den nye regjeringserklæringa frå Høgre og Framstegspartiet, og få klarlagt om ein eigentleg er opptekne av å halde fram kampen mot sosial dumping.

Robert Eriksson (FrP)

Svar

Robert Eriksson: Eg kan forsikre om at eg kjem til å arbeide for å sikre eit godt arbeidsliv for alle slik det står i regjeringserklæringa, og det er regjeringa og ikkje media som set dagsorden for dette arbeidet. Det at eg ikkje hadde høve til å kommentere ein påstand om sosial dumping i Norwegian i media, betyr på ingen måte at eg ikkje meiner at arbeidet mot sosial dumping er viktig.
Norsk arbeidsliv er prega av ryddige og gode arbeidsforhold. Likevel er sosial dumping og useriøsitet eit problem i nokre bransjar. Dette er uakseptabelt, og rammar både arbeidstakarar og konkurrerande verksemder som følgjer reglane. Regjeringa vil derfor halde fram arbeidet mot sosial dumping, som framheva i vår politiske plattform. Det skal vi gjere gjennom målretta tiltak som gjer det mogeleg å luke ut dei useriøse aktørane og leggje til rette for rettferdig konkurranse. Tiltaka må ikkje føre til at dei som driv seriøst vert pålagd urimelege byrder.
Derfor vil eg først evaluere dei tiltaka mot sosial dumping som er sett i verk så langt, og vurdere eventuelle nye tiltak. I arbeidet mot sosial dumping er det også særs viktig at styresmaktene si handheving av reglane fungerer godt, og i denne samanheng er eit effektivt og velutrusta Arbeidstilsyn eit sentralt verkemiddel.