Skriftlig spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:1945 (2023-2024)
Innlevert: 02.05.2024
Sendt: 02.05.2024
Besvart: 15.05.2024 av utenriksminister Espen Barth Eide

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Er det reglar rundt eksportkontroll eller andre formelle hinder i vegen for at Bergen Engines kan levere LNG-motorar som kan støtte opp under den ukrainske straumforsyninga, og kva vil regjeringa i tilfelle foreta seg for å å sørgje for at desse blir rydda av vegen snarast råd?

Begrunnelse

I Bergensavisen 25. april blir det vist til eit møte mellom selskapet Bergen Engines og ukrainske styresmakter, der temaet er innkjøp av store motorar som kan bidra til å levere straum i ein kritisk periode for den ukrainske straumforsyninga. Selskapet hevdar dei er klare til å levere i løpet av kort tid, men at ein er avhengige av at "alle godkjenninger går i orden".
Behovet i Ukraina er enormt, og tilskot til infrastrukturen for å sikre straumforsyninga i landet vil vere kjærkomen. Spørsmålet er om regjeringa kan forsikre om at det ikkje vil blir lagt unødvendige byråkratiske hinder i vegen for at norske selskap kan bidra til den ukrainske fridomskampen, og at eventuelle godkjenningsprosedyrar vil bli prioritert og forsert på raskast mogleg vis.

Espen Barth Eide (A)

Svar

Espen Barth Eide: Regjeringa er oppteken av å støtte Ukraina som ledd i deira sjølvforsvar mot eit folkerettsstridig angrep. Difor har regjeringa sidan februar 2022 teke fleire ekstraordinære avgjerder innan eksportkontroll, omtala mellom anna i Meld. St. 21 (2022–2023) om eksport av forsvarsmateriell frå Noreg i 2022, eksportkontroll og internasjonalt ikkje-spreiingsarbeid, og Meld. St. 8 (2023–2024) om Nansen-programmet for Ukraina.

Av omsyn til teieplikta i eksportkontrolloven § 2 fjerde ledd, kan eg ikkje kommentere eventuelle einskildsaker. Men når det gjeld eksport av sivile varer og teknologi til Ukraina, som ikkje er oppført på Utanriksdepartementet sine varelister, er det ikkje lisensplikt for eksport til verken sivil eller militær sluttbruk. Dette gjeld til dømes sivile varer som medisinar, klede, hygieniske artiklar, verktøy og sivile droner, men også andre varer, teknologiar og tenester til sivile føremål.

Eg vitja sjølv Bergen Engines 7. mai. Min bodskap då var at om ukrainske nasjonale styresmakter sjølv gjev uttrykk for at dei treng dei aktuelle LNG-motorane – og gjer bruk av dei felleseuropeiske mekanismane for koordinering av slik støtte Ukraina og Noreg deltek i – skal vi frå regjeringas side gjere vårt for å leggje til rette og rydde av vegen eventuelle hindringar.