Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:1963 (2023-2024)
Innlevert: 03.05.2024
Sendt: 03.05.2024
Besvart: 13.05.2024 av utenriksminister Espen Barth Eide

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Kva vil utanriksministeren gjera for å få Iran til å oppheva dommen om dødsstraff for Toomaj Salehi?

Begrunnelse

Den 33 år gamle iranske artisten Toomaj Salehi vart arrestert etter «kvinne, liv, fridom»- demonstrasjonane i Iran i 2022. Han vart deretter lauslaten og snakka opent om torturen han vart utsett for i fengselet. 12 dagar seinare vart han arrestert på nytt. Rapparen har nå blitt dømt til dødsstraff for å ha deltatt i demonstrasjonane.
Berre i januar vart 99 menneske avretta i Iran. Sidan demonstrasjonene starta har om lag 20.000 menneske blitt arrestert og i 2023 gikk talet på avrettingar opp med heile 30 % då 600 menneske vart fråtatt livet. Det iranske regimet brukar tortur, vald og dødsstraff som eit verktøy for å skremma innbyggarane til tausheit.
At Toomaj Salehi nå har blitt dømt til dødsstraff er eit grovt menneskerettsbrot som krev at fleire land legg press på at Iran opphevar dommen og set Salehi fri.

Espen Barth Eide (A)

Svar

Espen Barth Eide: Eg er djupt bekymra for menneskerettssituasjonen i Iran og det høge talet på avrettingar vi nå ser. Noreg tek avstand frå bruk av dødsstraff i alle samanhengar og har gitt svært tydeleg uttrykk for dette overfor iranske styresmakter.
Samstundes med auken i dødsstraff den siste tida er det registrert ei tydeleg opptrapping i handhevinga av hijab-påbodet. Eg er bekymra for denne utviklinga og konsekvensane det vil få for dei iranske kvinnene og mennene som kjempar for å avgjera si eiga framtid.
Noreg har regelmessig kontakt med MR-organisasjonar og sivilsamfunn om menneskerettssituasjonen i Iran. Me følgjer utviklinga tett og tek opp relevante saker med Iran.
Det høge talet på avrettingar er urovekkjande. Talet har variert over tid, men har auka jamt frå minst 249 i 2018 til minst 834 i 2023.
Me følgjer òg saka mot Toomaj Salehi og har teke opp vår bekymring for det høge talet avrettingar og dommen mot Salehi med iranske styresmakter. Saka til Salehi berører prinsipielt viktige spørsmål knytt til ytringsfridom, kvinners rettar og iranske styresmakter si bruk av tortur og dødsstraff mot meiningsmotstandarar. Desse tema vart også tekne opp av statssekretær Kravik under dei bilaterale konsultasjonane med Iran da han vitja Teheran i januar 2024.
Dommen mot Salehi er ikkje endeleg, og kan framleis ankast. Det endelege utfallet i saka er dermed ikkje avgjort. Me vil i dialogen med iranske styresmakter fasthalde vår klare forventning om at dei lever opp til dei internasjonale menneskerettsforpliktingane sine.