Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:1968 (2023-2024)
Innlevert: 03.05.2024
Sendt: 06.05.2024
Besvart: 14.05.2024 av utenriksminister Espen Barth Eide

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Kva blir gjort frå Noreg si side for å stilla dei som er skuldige i krigsbrotsverk på Sri Lanka til ansvar for handlingane sine, og kva blir gjort for å avdekka kor dei forsvunne personane har blitt av?

Begrunnelse

18. mai 2024 er det 15 år sidan krigen på Sri Lanka tok slutt. For tamilar i Noreg er det framleis mange spørsmål som manglar svar. På Sri Lanka er tamilane ei minoritetsgruppe som i liten grad blir høyrt. Tamilar i Noreg opplever også at Noreg og det internasjonale samfunnet ikkje har gjort nok for å ettergå krigsbrotsverka som blei gjennomført på Sri Lanka.
Det er framleis uklart kva som skjedde med dei sivile som mystisk forsvann under krigen. Amnesty International har estimert at mellom 60 000 og 100 000 sivile er sporlaust forsvunne sidan starten av krigen.
Folk stiller spørsmål om dei lever i høgsikkerheitsfengsel eller ligg i massegraver som ikkje har blitt oppdaga.
FNs høgkommissær sin rapport frå 2020 indikerer også manglande ansvarleggjering for vald og brot på menneskerettane på Sri Lanka. I februar 2022 kom høgkommissæren med sterk kritikk for manglande framgang frå Sri Lanka si side.
Noreg har hatt ei viktig rolle i denne prosessen, særleg som fredsmeklarar under krigen mellom 2002 og 2008. Dei mange drapa på sivile på Sri Lanka under krigen påverka tallause liv og har hatt langvarige konsekvensar for tamilane. Spørsmål har vore reist om drapa kvalifiserer til å bli karakterisert som folkemord.
Noreg bør bruka si diplomatiske tyngd og internasjonale posisjon til å ta opp spørsmåla om menneskerettane og rettferda for tamilane på Sri Lanka. Noreg kan tilby støtte til mekanismar for sanningssøking som ein del av eit arbeid for rettferd, forsoning og vern av tamilane sine rettar. Dei nordaustlege delane av landet, heimstaden til tamilane, er hardast ramma av krigen. Denne delen av landet er også tyngst militarisert. Noreg bør også tilby meir humanitær bistand og støtte til gjenoppbygging av krigsramma område for å bidra til stabilisering og betring av levekåra for tamilane.
Mange av demonstrasjonane som framleis føregår er leia av mødrer og familiemedlemmer som søker rettferd og svar på forsvinninga av deira kjære. Etter 15 år er framleis ingen blitt stilt til ansvar, og det har heller ikkje kome nokon svar om dei som har forsvunne.

Espen Barth Eide (A)

Svar

Espen Barth Eide: Enno er ei rekkje spørsmål om overgangsjustis, ansvarleggjering og forsvunne personar uløyste etter borgarkrigen på Sri Lanka. Temaet opptek det internasjonale samfunnet, som særleg fylgjer opp saka gjennom prosessar i FNs menneskerettsråd. Noreg tek aktiv del og støttar opp om rådets resolusjon 51/1 om fremje av overgangsjustis og menneskerettar på Sri Lanka.

Under den 54. sesjonen til rådet i september 2023 la FNs høgkommissær for menneskerettar fram ein rapport om Sri Lanka. Rapporten peika mellom anna på trongen for ein inkluderande prosess for overgangsjustis, samt stans i all form for trakassering og overvaking av menneskerettsforkjemparar og grupper som representer offera frå krigen. På vegner av dei nordisk-baltiske landa heldt Noreg eit innlegg som støtta tilrådingane og oppmoda Sri Lanka til samarbeid med FN.

Førre landgjennomgang av Sri Lanka i FNs menneskerettsråd fann stad i februar 2023. Noreg heldt då eit eige innlegg, der den eine av våre fem tilrådingar var fullstendig gjennomføring av resolusjon 51/1 og at styresmaktene tek steg for å iverksetje ein inkluderande overgangsjustisprosess.

Ogso bilateralt gjer vi innsats for å fylgje opp menneskerettsstoda på Sri Lanka. Noreg tek jamleg opp menneskerettsspørsmål med styresmaktene, inkludert på politisk nivå.

Ambassaden i New Delhi forvaltar støtte til ulike prosjekt for å auke respekten for rettstatsprinsipp, menneskerettar og demokrati, samt for å styrkje den økonomiske utviklinga i nordlege og austlege delar av landet. Ambassaden har ogso jamleg dialog med srilankesiske styresmakter, opposisjon, menneskerettsorganisasjonar og andre aktørar om forsoning i landet.

Eg syner elles til svar frå dåverande utanriksmininster Anniken Huitfeldt på spørsmål frå representanten Bjørnar Moxnes 23.06.2023 om korleis regjeringa følgjer opp situasjonen på Sri Lanka.