Muntlig spørsmål fra Hadia Tajik (A) til arbeids- og sosialministeren

Om kva regjeringa vil gjera av nye tiltak for å få organisasjonsgraden opp, med bakgrunn i at ein nyleg publisert forskingsartikkel viser korleis det norske skattefrådraget for fagforeiningskontingenten påverkar medlemskap i fagorganisasjonane

Datert: 09.05.2018
Besvart: 09.05.2018 av arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie

Hadia Tajik (A)

Spørsmål

Hadia Tajik (A): Spørsmålet mitt går til arbeidsministeren.
Samanhengen mellom eit organisert og seriøst arbeidsliv på den eine sida og verdiskaping på den andre sida er ganske grundig dokumentert. Og statsråden og eg har hatt gleda av å diskutera det ved fleire anledningar.
No er Arbeidarpartiets meining at nettopp fordi samfunnsgevinsten er så stor, er det òg ei felles oppgåve å bidra til at organisasjonsgraden aukar, at det ikkje berre er ei oppgåve for organisasjonane, men òg for politikarane. Eitt av fleire verkemiddel, som me ønskjer å ta i bruk, er å dobla frådraget for fagforeiningskontingenten. Det er noko som Høgre har avvist fleire gonger. Dei har pleidd å seia at det ikkje har den nødvendige effekten som ein er ute etter.
Så er det slik at i ein nyleg publisert forskingsartikkel, som er skrive av forskarar frå Institutt for samfunnsforskning, ISF, og finansiert av Noregs forskingsråd, som nettopp viser korleis det norske skattefrådraget for fagforeiningskontingenten påverkar medlemskap i fagorganisasjonane. Dei har teke for seg perioden 2001-2012, og då viser det seg at auken i skattefrådraget for fagforeiningskontingenten i den perioden førte til at organisasjonsgraden vart signifikant høgare enn det han elles ville vore.
Dette er ei undersøking som er gjort på firmanivå i industrien. Om vi legg til grunn same effekten i heile arbeidslivet, betyr det 75 000 fleire fagorganiserte nordmenn - 75 000 fleire vanlege arbeidsfolk som står stødigare og er tryggare.
Skattefrådraget ligg hos finansministeren, og organisasjonsgraden ligg hos arbeidsministeren, så eg vil tru at desse tala er interessante for henne òg. Og spørsmålet mitt er: Kva er det regjeringa vil gjera av nye tiltak for å få organisasjonsgraden opp? Har ho nokre tiltak som vil få 75 000 fleire inn i det organiserte arbeidelivet? - Det har Arbeidarpartiet.


Les hele debatten