Vedtak til lov om endringar i offentleglova

Dette dokument

I Stortingets møte 1. desember 2011 ble det gjort slikt

vedtak til lov om endringar i offentleglova

I

I lov 19. mai 2006 nr. 16 om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd blir det gjort følgjande endringar:

§ 25 overskrifta skal lyde:

Unntak for tilsetjingssaker, lønnsoppgåver m.m.

§ 25 nytt fjerde ledd skal lyde:

Det kan gjerast unntak frå innsyn for skriftleg oppgåve over utrekna lønn eller liknande godtgjering, utrekningsgrunnlag for feriepengar og trekk som blir gjorde ved utbetalinga. Unntaket i første punktum omfattar ikkje opplysningar om bruttoutbetalingar. Innsyn i opplysningar om bruttoutbetalingar kan givast ved oppstilling av opplysningane i eit anna dokument.

§ 26 overskrifta skal lyde:

Unntak for eksamensdokument, forskingsopplysningar og fødselsnummer m.m.

§ 26 nytt femte ledd skal lyde:

Det kan gjerast unntak frå innsyn for fødselsnummer og nummer med tilsvarande funksjon.

II

Lova tek til å gjelde straks.

Dag Terje Andersen
president