I Stortingets møte 24. mars 2015 ble det gjort
slikt
I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen
og den vidaregåande opplæringa skal § 8-1 fjerde ledd lyde:
Ein elev kan i særlege tilfelle flyttast til ein
annan skole enn den skolen eleven har rett til å gå på etter første
ledd, dersom omsynet til dei andre elevane tilseier det. Grunnen
til at ein elev kan flyttast, kan til dømes vere at eleven mobbar
ein eller fleire medelevar. Før det blir gjort vedtak
om å flytte ein elev, skal ein ha prøvd andre tiltak. Når det er
nødvendig, kan eleven flyttast til ein skole utanfor kommunen, men ikkje
slik at eleven må flytte ut av heimen eller at skoleskyssen blir
uforsvarleg lang.
I lov 4. juli 2003 nr. 84 om private
skolar med rett til statstilskot skal § 3-3 første ledd lyde:
Ein elev som har fått plass ved ein grunnskole som er godkjend
etter denne lova, har rett til å fullføre opplæringa si ved skolen,
så langt skolen er godkjend. Ein grunnskoleelev kan i særlege
tilfelle likevel flyttast til ein offentleg skole i heimkommunen
dersom omsynet til dei andre elevane tilseier det. Grunnen til at
ein elev kan flyttast, kan til dømes vere at eleven mobbar ein eller
fleire medelevar. Før det blir gjort enkeltvedtak om å
flytte ein elev, skal ein ha prøvd andre tiltak. Heimkommunen gjer
vedtak. Departementet er klageinstans.
Lova tek til å gjelde straks.
Olemic Thommessen |
president |