År 2003 den 22. mai holdtes Odelsting, hvor da ble gjort slikt
§ 1-1 Verkeområde
(1) Lova gjeld for bustadbyggjelag. Med bustadbyggjelag
er meint eit samvirkeføretak som har til hovudføremål å skaffe
bustader til andelseigarane gjennom burettslag eller på anna
vis og å forvalte bustader for andelseigarane.
(2) Aksjeloven og allmennaksjeloven gjeld ikkje for bustadbyggjelag.
(3) Kongen gir forskrift om bruken av lova på Svalbard
og kan fastsetje særlege reglar ut frå tilhøva på staden.
§ 1-2 Ansvarsavgrensing
(1) Andelseigarane heftar ikkje overfor kreditorane for
lagsskyldnadene.
(2) Andelseigarane har ikkje plikt til å gjere
innskot i laget eller i eit konkursbu ut over det som følgjer av § 3-1
om andel og § 3-2 om årspengar.
§ 1-3 Tilknytte lag
Tilknytte burettslag er burettslag der det følgjer
av vedtektene at andelseigarane skal vere andelseigarar i eit bestemt
bustadbyggjelag.
§ 1-4 Forbod mot diskriminering
(1) I vedtektene kan det ikkje setjast vilkår
for å vere andelseigar som tek omsyn til truvedkjenning, hudfarge,
språkkunnskapar, nasjonalt eller etnisk opphav eller homofil
legning, leveform eller orientering, og slike omstende kan ikkje
reknast som sakleg grunn til å nekte godkjenning av ein
andelseigar eller ha vekt ved tildeling av bustad.
(2) Dersom det ligg føre omstende som gir grunn til å tru
at det har funne stad diskriminering i strid med første
ledd, skal slik diskriminering leggjast til grunn som bevist, om
ikkje den som har utført handlinga gjer det sannsynleg
at det likevel ikkje har funne stad diskriminering i strid med lova
her.
(3) Om skadebotansvar for ulovleg diskriminering gjeld
vanlege skadebotreglar.
§ 1-5 Bruk av elektronisk kommunikasjon
(1) Om ikkje noko anna følgjer av lova her, kan bustadbyggjelaget
bruke elektronisk kommunikasjon når det skal gi meldingar,
varsel, informasjon, dokument og liknande etter denne lova til ein
andelseigar, dersom andelseigaren uttrykkeleg har godteke dette.
(2) Når ein andelseigar skal gi meldingar o.a.
etter denne lova til laget, kan han eller ho gjere dette ved bruk
av elektronisk kommunikasjon til den e-postadressa eller på den
måten laget har fastsett for dette føremålet.
§ 2-1 Stiftingsdokument
(1) For å stifte eit bustadbyggjelag skal stiftarar som
skal teikne minst tjue andelar og skyte inn kapital på til
saman minst 100 000 norske kroner, setje opp eit stiftingsdokument.
Stiftingsdokumentet skal innehalde vedtektene for laget (§ 2-2)
og dei føresegnene som er nemnde i § 2-3.
(2) Dersom nokon skal ha særskilde rettar i samband
med stiftinga, eller laget skal dekkje utgiftene ved stiftinga,
må dette vere fastsett i stiftingsdokumentet, jf. § 2-4.
§ 2-2 Minstekrav til vedtektene
(1) Vedtektene skal minst innehalde føresegner om
1. firma for laget,
2. kommune i riket der laget skal ha forretningskontor,
3. kva verksemd laget skal drive i tillegg til hovudføremålet,
4. pålydande verdi på andelane,
5. lågaste og høgaste tal på medlemmer
av styre og valkomité,
6. kva saker som skal opp på den ordinære
generalforsamlinga.
(2) Namnet på bustadbyggjelaget (firmaet) skal innehalde
ordet bustadbyggjelag eller avkortinga BBL.
§ 2-3 Minstekrav til stiftingsdokumentet
elles
Stiftingsdokumentet skal elles opplyse om namn eller firma,
adresse og fødsels- eller organisasjonsnummer for stiftarane,
tida for innbetaling av andelane og eventuell innskotskapital etter § 3-1
fjerde ledd og om kven som skal vere første styre og første
revisor for laget.
§ 2-4 Føresegner om særskilde
rettar
(1) Stiftingsdokumentet skal innehalde opplysning om eventuelle
avtalar eller andre føresegner om at laget skal bli part
i avtale. I så fall skal det nemnast kva vilkår
som skal gjelde, og namn og adresse til den som er tilgodesedd.
Fråsegn frå revisor om verdien av eventuell yting
som laget skal ta over, skal leggjast ved stiftingsdokumentet. Eventuell
særleg avtale om tilbakebetaling av innskotskapital, jf. § 3-1
fjerde ledd, skal gå fram av stiftingsdokumentet.
(2) Ein avtale eller ei føresegn som ikkje er
teken inn i stiftingsdokumentet etter første ledd, kan
ikkje gjerast gjeldande mot laget.
(3) Det kan ikkje takast inn vilkår om at oppgjer av
andelar kan skje med anna enn pengar, eller at nokon skal ha særskilde
rettar overfor eller fordelar i laget.
§ 2-5 Opningsbalanse
(1) Stiftarane skal setje opp og datere ein opningsbalanse
som skal leggjast ved stiftingsdokumentet.
(2) Opningsbalansen skal setjast opp i samsvar med regnskapsloven,
og ein registrert eller statsautorisert revisor skal stadfeste at
balansen er sett opp i samsvar med desse reglane. Opningsbalansen
med revisors stadfesting skal tidlegast vere datert fire veker før
stiftinga, jf. § 2-6.
§ 2-6 Stifting av laget
Stiftarane skal datere og skrive under stiftingsdokumentet.
Når alle stiftarane har skrive under stiftingsdokumentet,
er andelane teikna og laget stifta.
§ 2-7 Betaling av andelane
(1) Andelane skal betalast inn til pålydande innan den
tida som er fastsett i stiftingsdokumentet. Er betalinga for sein,
skal andelseigaren betale rente frå forfallstidspunktet
etter forsinkelsesrenteloven.
(2) Skiftar andelen eigar før andelen er innbetalt, er
den nye og den tidlegare eigaren solidarisk ansvarlege når
eigarskiftet er meldt til laget.
(3) Blir andelen ikkje betalt innan fem dagar etter at
andelseigaren har fått ei skriftleg påminning,
kan laget gi andre rett til å teikne andelen eller stryke
andelsteikninga om det ikkje er i strid med § 3-1 første
ledd.
(4) Føresegnene i paragrafen her gjeld tilsvarande for
innskotskapital etter § 3-1 fjerde ledd.
§ 2-8 Melding av laget til Føretaksregisteret
(1) Laget skal meldast til Føretaksregistret innan tre
månader etter at stiftingsdokumentet er underskrive.
(2) Før laget blir meldt til Føretaksregisteret,
skal andelskapital og eventuell innskotskapital som går fram
av opningsbalansen, vere fullt innbetalt. Innbetalinga skal stadfestast
av revisor. Er det betalt inn mindre enn det som er oppgitt og stadfesta
i meldinga, er styremedlemmene og revisor solidarisk ansvarlege
for det som manglar. Det gjeld sjølv om det ikkje er valda skade.
(3) Dersom laget ikkje er meldt til Føretaksregisteret
innan fristen, kan laget ikkje registrerast. Det same gjeld dersom
registrering blir nekta på grunn av feil som ikkje kan
rettast.
(4) Laget kan ikkje erverve rettar eller pådrage
seg plikter før det er registrert.
§ 2-9 Kravet på innskot
Lagets krav på andelsinnskot eller innskotskapital kan
ikkje overdragast. Det kan heller ikkje stillast som trygd eller
takast utlegg i for gjeld.
§ 3-1 Minstekapital
(1) Laget skal ha ein andelskapital på til saman minst
100 000 norske kroner.
(2) Laget skal ha minst tjue andelseigarar når
det blir stifta. Lov 23. mai 1980 nr. 11 om stiftelser kapittel
VI gjeld tilsvarande dersom laget ikkje lenger har andelseigarar.
(3) Andelane skal lyde på minst 300 norske kroner,
men ikkje meir enn 5 000 norske kroner. Det kan fastsetjast i vedtektene
at andelane skal ha ulikt pålydande.
(4) Om ikkje andelskapitalen åleine oppfyller
kravet i første ledd, må ein eller fleire andelseigarar
i tillegg til andelen skyte inn kapital i laget som skal reknast
likt med andelskapital. Er ikkje anna avtala, kan slik innskotskapital
krevjast tilbakebetalt dersom laget etter betalinga har ein eigenkapital
på minst 100 000 norske kroner, og eigenkapitalen
ikkje er openbert uforsvarleg ut frå risikoen og verksemda
i laget, jf. § 3-3.
(5) Med unntak for tilbakebetaling som nemnt i fjerde ledd
kan andelskapitalen berre setjast ned dersom det trengst for å dekkje
tap som ikkje kan dekkjast på anna vis.
§ 3-2 Årspengar
(1) I vedtektene kan det fastsetjast at andelseigarane
skal betale årspengar. Årspengane treng ikkje
vere like for alle andelseigarar. Endring av årspengane
kan avgjerast av den ordinære generalforsamlinga med verknad
frå neste kalenderår.
(2) Tilknytte burettslag skal betale årspengane
for kvar andel i laget.
§ 3-3 Krav til forsvarleg eigenkapital
Laget skal alltid ha ein eigenkapital som er forsvarleg
ut frå risikoen ved og omfanget av verksemda i laget.
§ 3-4 Handleplikt ved tap av eigenkapital
(1) Dersom det må leggjast til grunn at eigenkapitalen
er lågare enn det som er forsvarleg ut frå risikoen ved
og omfanget av verksemda i laget, skal styret straks behandle saka.
Styret skal innan rimeleg tid kalle inn generalforsamlinga, gi ei
utgreiing om den økonomiske stillinga og gjere framlegg
om tiltak som vil gi laget ein forsvarleg eigenkapital.
(2) Dersom styret ikkje finn grunnlag for framlegg om tiltak
som nemnde i første ledd, eller slike tiltak ikkje let
seg gjennomføre, skal styret gjere framlegg om å løyse
opp laget.
§ 3-5 Utdeling m.m.
(1) Eventuell rente på andelskapital skal vere
avgrensa.
(2) Eventuell utdeling til andelseigarane ut frå samhandel
med laget kan ikkje utgjere meir enn ein tiandedel av årsresultatet
frå året før utdelinga etter at underskot
frå tidlegare år er dekt. Det kan ikkje delast ut
meir enn styret gjer framlegg om eller godtek.
(3) Til bumiljøtiltak og andre allmennyttige
føremål kan generalforsamlinga vedta å setje
av opp til ein tiandedel av årsresultatet etter at underskot
frå tidlegare år er dekt. Det kan ikkje setjast
av meir enn styret gjer framlegg om eller godtek.
(4) I samhandelen med andelseigarar, burettslag eller andre
skal det ikkje avtalast vilkår som på urimeleg
vis går ut over andre andelseigarar eller laget.
(5) Utdeling i strid med paragrafen her skal mottakaren
føre tilbake til laget. Det gjeld likevel ikkje dersom
mottakaren korkje kjende eller burde kjenne til at utdelinga var
ulovleg. Kravet på tilbakeføring kan setjast ned
etter skadeserstatningsloven § 5-2.
I Andelseigarane
§ 4-1 Andelseigarane
(1) Eit bustadbyggjelag skal alltid vere ope for nye andelseigarar.
I vedtektene kan det setjast vilkår for å eige
andel dersom det er sakleg grunn til det. Alle andelar gir like
rettar og plikter i laget, om ikkje anna følgjer av lova
her.
(2) Juridiske personar kan vere andelseigarar, om ikkje
anna er fastsett i vedtektene. Vedtektene kan setje særlege
vilkår for slik medlemskap eller kan overlate til styret å setje
vilkår.
(3) Kvar andelseigar kan berre eige ein andel. Juridiske
personar kan eige fleire andelar dersom det går fram av
vilkår som er fastsette etter andre leddet.
(4) Ein andelseigar i eit tilknytt burettslag kan vere
andelseigar i bustadbyggjelaget utan hinder av vedtektene.
(5) Ny andelseigar kan berre utøve sine rettar
som andelseigar når ervervet er ført inn i andelseigarboka.
§ 4-2 Krav til andelseigarbok
(1) Laget skal ha ei andelseigarbok som skal førast forsvarleg
på elektronisk eller anna vis.
(2) I andelseigarboka skal andelseigarane førast inn
med opplysningar om namn eller firma, fødselsdato eller
organisasjonsnummer og adresse.
(3) For kvar andelseigar skal det opplysast om talet på andelar
og nummer på andelane.
§ 4-3 Melding om innføring i andelseigarboka
(1) Når ein andelseigar er innført i
andelseigarboka, skal laget gi andelseigaren melding om dette.
(2) Meldinga skal daterast og opplyse om det som er innført
om andelseigaren. Blir det som er innført endra, skal andelseigaren
ha melding om dette.
II Eigarskifte og vilkår for eigarskifte
§ 4-4 Eigarskifte
(1) Ein andel kan ikkje utan samtykke frå laget overførast
til andre. Krav om samtykke kan ikkje gjerast gjeldande når
andelen går over til ektemake, til andelseigarens eller
ektemakens slektning i rett opp- eller nedstigande linje, til fosterbarn
som faktisk står i same stilling som livsarving, til sysken
eller til nokon annan som i dei to siste åra har høyrt
til same husstand som den tidlegare eigaren. Samtykke kan heller
ikkje gjerast gjeldande når andelen går over på skifte
etter separasjon eller skilsmål, eller når ein
husstandsmedlem tek over andelen etter føresegnene i husstandsfellesskapsloven § 3.
(2) Har andelseigaren andel i eit tilknytt burettslag òg,
kan andelen i bustadbyggjelaget berre overførast saman
med andelen i burettslaget.
(3) Laget kan fastsetje reglar for kva rettar som skal
følgje med andelen.
(4) Ved eigarskifte skal den nye andelseigaren straks sende
melding til laget.
§ 4-5 Utmelding og utestenging
(1) Ein andelseigar kan utan førehandsvarsel melde
seg ut av laget.
(2) Ein andelseigar som har handla til skade for laget,
eller som ikkje lenger fyller vilkåra for å vere
andelseigar, kan stengjast ute etter vedtak i styret. Andelseigaren
kan krevje at styret legg vedtaket fram for generalforsamlinga.
Kravet må vere sett fram innan tretti dagar etter at andelseigaren
tok mot skriftleg melding med opplysning om utestenginga og om fristen
for å krevje vedtaket lagt fram for generalforsamlinga.
Kravet har utsetjande verknad.
(3) Ein andelseigar som har andel i eit burettslag tilknytt
bustadbyggjelaget, kan ikkje stengjast ute frå laget. Det
same gjeld for den som har avtale med bustadbyggjelaget eller annan
utbyggjar om overtaking eller teikning av andel i slikt lag, jf.
lov om burettslag § 2-13.
(4) Ein andelseigar som melder seg ut av laget eller blir
stengd ute etter andre leddet, har ikkje krav på å få tilbake
andelssummen eller årspengane. For rett til tilbakebetaling
av annan innskotskapital gjeld § 3-1 fjerde ledd. Dersom
det etter § 3-1 fjerde ledd ikkje er høve til
tilbakebetaling av annan innskotskapital når andelseigaren
melder seg ut eller blir utstengd, kan han krevje slik tilbakebetaling
dersom vilkåra seinare er oppfylte.
§ 4-6 Samarbeidsutval
Dersom bustadbyggjelaget ber om det, skal juridiske personar
som nemnde i burettslagslova § 4-2 som eig andel i eit
tilknytt burettslag, vere med i eit samarbeidsutval for behandling
av erverv av andelar og forvaltning av leigeforhold i dei tilknytte
burettslaga.
I Allmenne reglar
§ 5-1 Mynde
Generalforsamlinga har øvste myndet i laget.
§ 5-2 Møterett. Fullmektig
(1) Alle andelseigarane har rett til å møte
i generalforsamlinga. Andelseigarane som har teikna andel etter
siste årsskiftet, har likevel ikkje rett til å møte. Andelseigarane
kan velje å møte ved fullmektig som dei sjølve
peiker ut. Ingen kan vere fullmektig for meir enn ein andelseigar.
Møteretten kan ikkje avgrensast i vedtektene på anna
vis enn det som går fram av § 5-3.
(2) Fullmektigen skal leggje fram skriftleg og datert fullmakt.
Fullmakta gjeld berre for den førstkomande generalforsamlinga
om det ikkje går tydeleg fram at noko anna er meint. Andelseigaren
kan når som helst kalle tilbake fullmakta.
(3) Kvar andelseigar kan ta med ein rådgivar og kan
gi talerett til rådgivaren.
§ 5-3 Delegerte
(1) I lag med fleire enn 500 andelseigarar kan det fastsetjast
i vedtektene at andelseigarane skal vere representerte ved delegerte
på generalforsamlinga. Det skal i så fall fastsetjast
i vedtektene korleis dei delegerte skal veljast, og om det skal
veljast varamedlemmer for desse. Andelseigarar som ville hatt møterett etter § 5-2
første ledd, har rett til å vere med på valet. Det
skal veljast delegerte særskilt for andelseigarar i tilknytte
burettslag og særskilt for dei andre andelseigarane. Tilnærma
like mange andelseigarar skal ha rett til å vere med på valet
av kvar av dei delegerte. Delegerte skal veljast før ordinær
generalforsamling, og valet gjeld til neste val. Berre andelseigarar
kan vere delegerte.
(2) Delegerte kan ikkje møte ved fullmektig, men kvar
delegert kan ta med ein rådgivar og kan gi talerett til
rådgivaren.
§ 5-4 Røysterett. Habilitet
(1) Kvar andelseigar eller kvar delegert har ei røyst
på generalforsamlinga, sjølv om andelseigaren har
fleire andelar. Ein andelseigar kan dessutan røyste som
fullmektig for ein annan andelseigar.
(2) Ingen kan sjølv eller ved fullmektig, som
fullmektig eller som delegert røyste på generalforsamlinga
om søksmål mot seg sjølv eller om eige
ansvar overfor laget, og heller ikkje om søksmål
mot andre eller ansvar for andre overfor laget dersom andelseigaren,
fullmektigen eller den delegerte har ei vesentleg interesse i saka
som kan stride mot lagets interesse.
§ 5-5 Møterett og møteplikt
for leiinga
Styreleiaren og dagleg leiar skal vere til stades på generalforsamlinga.
Ved gyldig forfall skal det peikast ut nokon til å møte
i staden. Andre styremedlemmer kan vere til stades på generalforsamlinga.
Styremedlemmer og dagleg leiar har rett til å uttale seg
på generalforsamlinga.
II Møte i generalforsamlinga
§ 5-6 Ordinær generalforsamling
(1) Laget skal halde ordinær generalforsamling før
1. juli kvart år.
(2) Spørsmålet om godkjenning av årsrekneskapen
og årsmeldinga skal alltid takast opp og avgjerast på den
ordinære generalforsamlinga.
(3) Årsrekneskapen, årsmeldinga og revisjonsmeldinga
skal seinast ei veke før generalforsamlinga sendast til
alle andelseigarar med kjend adresse. Skal andelseigarane vere representerte
ved delegerte på generalforsamlinga, jf. § 5-3,
er det nok å sende dokumenta til dei delegerte.
§ 5-7 Ekstraordinær generalforsamling
(1) Styret kan kalle inn til ekstraordinær generalforsamling.
(2) Styret skal kalle inn til ekstraordinær generalforsamling
når revisor eller minst ein tjuandedel av andelseigarane
krev det skriftleg for å få teke opp eit klart
oppgitt emne. Har laget representantskap, skal styret kalle inn
til ekstraordinær generalforsamling dersom leiaren av representantskapet
krev det. Styret skal syte for at generalforsamlinga blir halden
innan ein månad etter at kravet er sett fram.
III Innkalling til generalforsamlinga
§ 5-8 Kven som skal kalle inn
(1) Generalforsamlinga skal kallast inn av styret.
(2) Dersom styret ikkje kallar inn til generalforsamling
som skal haldast etter lova, vedtektene eller tidlegare vedtak i
generalforsamlinga, skal tingretten kalle inn snarast råd
om det blir kravt av ein styremedlem, dagleg leiar, revisor eller
ein andelseigar. Har laget representantskap, kan leiaren av representantskapet
setje fram slikt krav. Laget skal dekkje utgiftene.
§ 5-9 Kvar generalforsamlinga skal haldast
Generalforsamlinga skal haldast i den kommunen der laget
har forretningskontoret, om det ikkje er fastsett i vedtektene at
ho kan haldast på ein eller fleire andre oppgitte stader.
Generalforsamlinga kan haldast ein annan stad dersom det trengst
av særlege grunnar.
§ 5-10 Krav til innkallinga
(1) Alle andelseigarar med kjend adresse skal ha skriftleg
innkalling som opplyser om tid og stad for møtet. Skal
andelseigarane vere representerte ved delegerte på generalforsamlinga,
jf. § 5-3, er det nok å sende innkallinga til
dei delegerte.
(2) Innkallinga skal sendast slik at ho til vanleg er komen
fram seinast ei veke før møtet skal haldast, om det
ikkje er fastsett lengre frist i vedtektene. Slik vedtektsføresegn
gjeld ikkje for innkalling etter § 5-7 andre ledd.
(3) I innkallinga skal dei sakene som skal behandlast,
vere klart oppgitt. Framlegg til vedtektsendringar skal takast inn
i innkallinga. Styret skal lage framlegg til sakliste i samsvar
med lov og vedtekter.
§ 5-11 Rett til å få saker
opp på generalforsamlinga
(1) Ein andelseigar har rett til å få teke
opp på generalforsamlinga spørsmål som
blir melde skriftleg til styret innan 1. april.
(2) Delegerte har rett til å få teke
opp på generalforsamlinga spørsmål som
blir melde skriftleg til styret i så god tid at det kan
takast med i innkallinga. Er innkallinga send, skal det sendast
ny innkalling dersom ho kan kome fram seinast ei veke før
møtet skal haldast.
IV Møtereglar
§ 5-12 Opning av møtet. Møteleiar
(1) Styreleiaren eller den styret har peikt ut, skal opne
generalforsamlinga. Er det fastsett i vedtektene kven som skal vere
møteleiar, jf. andre ledd andre punktum, opnar møteleiaren
generalforsamlinga. Har tingretten innkalla generalforsamlinga,
skal retten peike ut den som skal opne møtet, og den avgjerda
kan ikkje påkjærast.
(2) Generalforsamlinga skal velje ein møteleiar, som
ikkje treng vere andelseigar eller delegert. Vedtektene kan fastsetje
kven som skal vere møteleiar.
§ 5-13 Liste over andelseigarar eller delegerte
på møtet
Den som opnar møtet, skal før første
røysting setje opp ei liste over dei andelseigarane som
har møtt, anten sjølve eller ved fullmektig, eller
delegerte som har møtt. Lista skal nyttast til ho måtte
bli endra av generalforsamlinga.
§ 5-14 Saker utanom saklista
(1) Saker som ikkje er melde til andelseigarane etter reglane
om innkalling av generalforsamlinga, kan ikkje avgjerast utan at
alle andelseigarane i laget samtykkjer.
(2) At saka ikkje er oppgitt i innkallinga, hindrar ikkje
at
1. den ordinære generalforsamlinga avgjer
saker som etter lova eller vedtektene skal takast opp på kvar
ordinær generalforsamling,
2. den ordinære generalforsamlinga avgjer framlegg om
gransking etter § 5-24,
3. det blir vedteke å kalle inn til ny generalforsamling
for å avgjere framlegg som er gjorde i møtet.
§ 5-15 Opplysningsplikt for leiinga
(1) Ein andelseigar kan krevje at styremedlemmer og dagleg
leiar gir tilgjengelege opplysningar på generalforsamlinga
om tilhøve som kan verke inn på vurderinga av
1. godkjenning av årsrekneskapen og årsmeldinga,
2. saker som er lagde fram for andelseigarane eller dei
delegerte til avgjerd,
3. den økonomiske stillinga for laget, medrekna verksemda
i samanslutningar som laget tek del i, og andre saker som generalforsamlinga
skal ta opp, om dei opplysningane som blir kravde, kan givast utan
for stor skade for laget.
(2) Er andelseigarane representerte ved delegerte, kan
berre dei delegerte krevje slike opplysningar.
(3) Kan svaret ikkje gjevast på generalforsamlinga fordi
det må hentast inn opplysningar, skal det lagast skriftleg
svar innan to veker etter møtet. Svaret skal sendast ut
til alle andelseigarar med kjend adresse. Var andelseigarane representerte
ved delegerte, er det nok å sende svaret til alle delegerte.
§ 5-16 Valkomité
(1) Den ordinære generalforsamlinga skal velje ein
valkomité til å førebu val året
etter, medrekna val av valkomité.
(2) Det skal fastsetjast i vedtektene kor mange medlemmer
generalforsamlinga skal velje til valkomiteen. Medlemmer og varamedlemmer
skal veljast mellom andelseigarar med bustad i tilknytte lag og
andre andelseigarar. I tillegg skal ein medlem peikast ut av styret.
(3) Skal andelseigarane vere representerte ved delegerte
på generalforsamlinga, jf. § 5-3, skal valkomiteen
førebu val av delegerte i samsvar med § 5-3.
§ 5-17 Protokoll
(1) Møteleiaren skal syte for at det blir ført
protokoll for generalforsamlinga.
(2) Vedtak i generalforsamlinga skal takast inn i protokollen
saman med opplysning om røystetal. Lista over dei som har
møtt, jf. § 5-13, skal leggjast ved protokollen.
(3) Møteleiaren og minst ein annan person som generalforsamlinga
skal velje mellom dei som er til stades, skal skrive under protokollen.
Protokollen skal haldast tilgjengeleg for andelseigarane hos laget
og skal takast forsvarleg vare på.
V Fleirtalskrav o.a.
§ 5-18 Vanleg fleirtalskrav
(1) Vedtak i generalforsamlinga krev fleirtal av dei røystene
som er gitt, om ikkje anna er fastsett i lova. Står røystetalet
likt, gjeld det som møteleiaren sluttar seg til, også om
møteleiaren ikkje har røysterett.
(2) Ved val eller tilsetjing kan generalforsamlinga fastsetje
på førehand at den som får flest røyster,
skal reknast som vald. Står røystene likt, blir
avgjerda teken ved lutkast.
(3) Det kan vedtektsfestast andre fleirtalskrav enn dei
som følgjer av paragrafen her, og fastsetjast andre reglar
om følgja av at røystene står likt.
§ 5-19 Vedtektsendring
Generalforsamlinga kan vedta å endre vedtektene med
to tredjedelar av dei røystene som er gitt. I vedtektene
kan det fastsetjast strengare fleirtalskrav enn det som følgjer
av paragrafen her.
§ 5-20 Misbruk av mynde
Generalforsamlinga kan ikkje gjere noko vedtak som er skikka
til å gi visse andelseigarar eller andre ein urimeleg fordel
til skade for andre andelseigarar eller laget.
VI Søksmål om ugyldige vedtak
§ 5-21 Kven som kan reise søksmål
om ugyldige vedtak
Ein andelseigar, ein styremedlem eller dagleg leiar kan
reise søksmål med påstand om at eit vedtak
av generalforsamlinga er ugyldig fordi det er blitt til på ulovleg
vis eller elles er i strid med lova eller vedtektene for laget.
Slikt søksmål kan òg reisast av eit fleirtal
av dei tilsette eller alternativt av fagforeiningar som organiserer
to tredjedelar av dei tilsette.
§ 5-22 Frist for å reise søksmål
(1) Søksmål etter § 5-21 om
at eit vedtak er ugyldig, må reisast innan tre månader
etter at vedtaket er gjort, elles er vedtaket gyldig.
(2) Reglane i første ledd gjeld ikkje når
1. vedtaket er av slikt slag at det ikkje kan takast sjølv
med samtykke frå alle andelseigarane,
2. lov eller vedtekter krev at visse andelseigarar eller alle
andelseigarar må gi samtykke til vedtaket, og slikt samtykke
ikkje er gitt,
3. det ikkje er kalla inn til generalforsamlinga, eller reglane
om innkalling har vore sette vesentleg til side,
4. søksmål blir reist innan to år
etter utgangen av fristen i første ledd, og tingretten
kjem til at saksøkjaren har hatt rimeleg grunn til fristforsøminga, og
at det ville føre til openbert urimeleg resultat om vedtaket
skulle reknast som gyldig.
§ 5-23 Dom om ugyldig vedtak
(1) Ein dom som slår fast at eit vedtak av generalforsamlinga
er ugyldig, eller som endrar vedtaket, har verknad for alle som
har rett til å reise søksmål etter § 5-21.
(2) Dommen kan berre gå ut på endring
av vedtaket dersom det er lagt ned påstand om det, og tingretten
kan slå fast kva innhald vedtaket skulle ha hatt.
(3) Er vedtaket meld til Føretaksregisteret, skal dommen
meldast og registrerast der. Laget ber utgiftene.
VII Gransking
§ 5-24 Framlegg om gransking
(1) Ein andelseigar eller delegert kan gjere framlegg om
gransking av stiftinga eller forvaltninga av laget eller nærare
oppgitte omstende kring forvaltninga eller rekneskapane. Framlegget
kan gjerast i ordinær generalforsamling eller på ei
generalforsamling der det går fram av innkallinga at sak
om slik gransking skal takast opp.
(2) Får framlegget tilslutning frå minst
ein tiandedel av dei andelseigarane eller dei delegerte som møter
på generalforsamlinga, kan kvar andelseigar innan ein månad
etter generalforsamlinga krevje at tingretten ved orskurd tek avgjerd
om gransking.
§ 5-25 Avgjerd i tingretten
(1) Tingretten skal ta til følgje eit krav etter
§ 5-24 andre ledd om gransking dersom retten meiner at det
har rimeleg grunn.
(2) Før det blir teke avgjerd i saka, skal retten
gi laget, og i tilfelle den granskinga elles vil omfatte, høve
til å uttale seg.
(3) Retten skal oppnemne ein eller fleire granskarar. Det
som er fastsett om revisor i revisorloven §§ 4-1
til 4-7 og § 5-2 tredje ledd, gjeld tilsvarande for granskarane.
Dei har teieplikt etter same reglar som revisor.
(4) Retten skal fastsetje godtgjersle for granskarane.
Kostnadene ved granskinga skal berast av laget. Retten kan fastsetje
at laget skal deponere ein høveleg sum på førehand.
§ 5-26 Granskingsrapporten
(1) Granskarane skal gi ein skriftleg rapport om granskinga
til tingretten.
(2) Retten skal kalle inn generalforsamlinga til behandling
av granskingsrapporten. Rapporten skal sendast til kvar andelseigar
med kjend adresse slik at han normalt er framme seinast ei veke
før møtet. Skal andelseigarane vere representerte
ved delegerte på generalforsamlinga, jf. § 5-3,
er det nok å sende rapporten til dei delegerte.
VIII Representantskap
§ 5-27 Representantskap
(1) Dersom det er fastsett i vedtektene at laget skal ha
representantskap, skal representantskapet veljast av generalforsamlinga.
Styremedlem, dagleg leiar og revisor kan ikkje vere medlem av representantskapet.
(2) Representantskapet skal føre tilsyn med at
lagets føremål blir fremja i samsvar med lov,
vedtekter og vedtak i generalforsamlinga, og elles utføre
oppgåver som er fastsette i vedtektene.
(3) Nærare reglar om saksbehandlinga kan fastsetjast
i vedtektene.
I Krav om styre og dagleg leiar. Val av styre,
tenestetid o.a.
§ 6-1 Styret
(1) Laget skal ha eit styre med minst tre medlemmer. Berre
myndige personar kan vere styremedlemmer.
(2) Styret skal velje styreleiaren om ikkje generalforsamlinga
har gjort det. Dagleg leiar kan ikkje vere styreleiar.
§ 6-2 Dagleg leiar
Styret skal tilsetje ein dagleg leiar for laget.
§ 6-3 Val av styremedlemmer
(1) Generalforsamlinga skal velje styremedlemmene. Det
skal veljast minst ein varamedlem.
(2) Første ledd gjeld ikkje styremedlemmer som dei
tilsette i laget skal velje etter § 6-4.
(3) Det kan fastsetjast i vedtektene at valretten for generalforsamlinga
etter første ledd skal overførast til andre. Meir
enn halvparten av styremedlemmene skal likevel veljast av generalforsamlinga,
om ikkje valretten blir overført til eit vedtektsfesta
lagsorgan. Valrett kan ikkje overførast til styret eller
til ein styremedlem.
§ 6-4 Rett for tilsette til å velje
styremedlemmer
(1) I lag med fleire enn tretti tilsette kan eit fleirtal av
dei tilsette krevje at ein styremedlem og ein observatør
med varamedlemmer skal veljast av og mellom dei tilsette.
(2) I lag med fleire enn femti tilsette kan eit fleirtal av
dei tilsette krevje at opp til ein tredjedel og minst to av styremedlemmene
med varamedlemmer skal veljast av og mellom dei tilsette.
(3) Forskrifter etter aksjeloven § 6-4 fjerde
ledd gjeld tilsvarande for val etter paragrafen her så langt dei
passar.
§ 6-5 Tenestetid for styremedlemmene
(1) Styremedlemmene gjer teneste i to år. I vedtektene
kan tenestetida setjast kortare eller lengre, men ikkje til meir
enn fire år. Kortare tenestetid kan fastsetjast ved suppleringsval.
(2) Tenestetida skal reknast frå valet om ikkje anna
er fastsett, og varer ut den ordinære generalforsamlinga
det året da tenestetida er slutt.
(3) Sjølv om tenestetida er slutt, har styremedlemmen
rett til å bli ståande i vervet til ny styremedlem
er vald.
(4) Første og andre leddet gjeld ikkje styremedlem som
er vald etter § 6-4.
§ 6-6 Avgang og avsetjing før tenestetida
er slutt
(1) Ein styremedlem har rett til å gå av
før tenestetida er slutt dersom det er særleg
grunn til det. Styret og det organ som har valt styremedlemmen,
skal ha rimeleg førehandsvarsel.
(2) Ein styremedlem kan avsetjast av det organ som har
valt styremedlemmen. Det gjeld ikkje ein styremedlem som er vald
etter § 6-4.
§ 6-7 Suppleringsval
(1) Fell vervet for ein styremedlem bort før tenestetida
er slutt, og det ikkje finst varamedlem, skal resten av styret syte
for val av ny styremedlem for resten av tenestetida. Det same gjeld
dersom ein styremedlem blir umyndig eller blir sett i konkurskarantene
etter konkursloven §§ 142 og 143.
(2) Høyrer valet under generalforsamlinga, kan det
vente til neste ordinære generalforsamling dersom styret
framleis er vedtaksført.
§ 6-8 Varemedlemmer og observatørar
Føresegnene i lova om styremedlemmer gjeld tilsvarande
for varamedlemmer og observatørar så langt dei
passar.
§ 6-9 Godtgjersle
Eventuell godtgjersle til styremedlemmer og observatørar
skal fastsetjast av generalforsamlinga. Ved konkurs fell retten
til godtgjersle bort frå konkursopninga.
II Oppgåver for leiinga. Saksbehandling o.a.
§ 6-10 Forvaltninga av laget
(1) Forvaltninga av laget høyrer under styret.
Styret skal syte for forsvarleg organisering av verksemda.
(2) Styret skal så langt det trengst, fastsetje
planar og budsjett for verksemda i laget. Styret kan òg
fastsetje retningslinjer for verksemda.
(3) Styret skal halde seg orientert om den økonomiske
stoda for laget og skal sjå til at det blir ført
fullgod kontroll med verksemda, rekneskapen og formueforvaltninga.
(4) Styret kan setje i verk dei undersøkingar
som det meiner det treng for å kunne utføre oppgåvene
sine. Styret skal setje i verk slike undersøkingar dersom ein
eller fleire av styremedlemmene krev det.
§ 6-11 Tilsynsansvar for styret
Styret skal føre tilsyn med den daglege leiinga
og verksemda i laget elles. Styret kan fastsetje instruks for den
daglege leiinga.
§ 6-12 Dagleg leiing
(1) Dagleg leiar skal stå for den daglege leiinga
av verksemda i laget og skal følgje dei retningslinjene
og pålegga som styret har gitt.
(2) Den daglege leiinga omfattar ikkje saker som etter
tilhøva i laget er av uvanleg slag eller har mykje å seie
for laget.
(3) Dagleg leiar kan elles avgjere ei sak etter fullmakt
frå styret i det enkelte tilfellet eller når det
er til vesentleg ulempe for laget å vente på styrevedtak.
Styret skal ha melding om avgjerda snarast råd.
(4) Dagleg leiar skal syte for at rekneskapen for laget
er i samsvar med lov og forskrifter, og at formueforvaltninga er
ordna på fullgod måte.
§ 6-13 Plikter for dagleg leiar overfor
styret
(1) Dagleg leiar skal minst kvar tredje månad,
i møte eller skriftleg, gi styret melding om verksemda
i laget, stillinga for laget og resultatutviklinga.
(2) Styret kan til kvar tid krevje at dagleg leiar gir styret
ei nærare utgreiing om bestemte saker. Kvar styremedlem
kan òg krevje slik utgreiing.
§ 6-14 Tilhøvet til dotterselskap
Laget skal melde frå til styret i eit dotterselskap om
tilhøve som kan ha noko å seie for heile konsernet, jf.
regnskapsloven § 1-3. Laget skal òg melde frå til styret
i dotterselskapet om vedtak som kan ha noko å seie for
dotterselskapet, før endeleg vedtak blir gjort.
§ 6-15 Godtgjersle frå andre enn
laget
(1) Ein styremedlem, dagleg leiar eller ein tilsett i laget
må ikkje i samband med arbeidet sitt for laget ta imot
godtgjersle frå andre enn laget. Det same gjeld for godtgjersle
frå laget som ein medkontrahent eller representant for
medkontrahenten har stilt krav om.
(2) Godtgjersle som styremedlem eller dagleg leiar ikkje
kan ta imot, kan heller ikkje deira nærståande ta
imot.
(3) Godtgjersle som er avtala eller motteken i strid med
forbodet i første eller andre leddet, skal laget ha. Det
same gjeld avkasting av og eignedelar som er komne i staden for
godtgjersla.
(4) Ein styremedlem som ikkje er med på den daglege
leiinga i laget, kan likevel som ledd i si næring vere
mellomperson i forhold til laget mot vanleg godtgjersle når
styremedlemmen ikkje samtidig representerer laget.
§ 6-16 Kravsmål om gjeldsforhandling
eller konkurs
(1) Kravsmål om gjeldsforhandling eller konkursbehandling
for laget kan berre setjast fram av styret.
(2) Det er styret som representerer laget som konkursskyldnar.
§ 6-17 Saksbehandlinga i styret
(1) Styret skal behandle sakene i møte om ikkje styreleiaren
meiner at saka kan leggjast fram skriftleg eller takast opp på annan
fullgod måte. Årsrekneskap og årsmelding
skal styret behandle i møte.
(2) Styreleiaren skal syte for at styremedlemmene lengst
råd kan vere med på ei samla behandling av saker
som skal behandlast utan møte. Styremedlemmene og dagleg
leiar kan krevje saksbehandling i møte.
(3) Styreleiaren leier saksbehandlinga. Er korkje styreleiaren
eller varaleiaren med, vel styret ein leiar for styrebehandlinga.
(4) Dagleg leiar har rett og plikt til å vere
med på saksbehandlinga i styret og til å uttale
seg, om ikkje anna er fastsett av styret i den enkelte saka.
§ 6-18 Krav om styrebehandling o.a.
Styreleiaren skal syte for behandling av aktuelle saker
som høyrer under styret. Styremedlemmene og dagleg leiar
kan krevje at styret tek opp bestemte saker.
§ 6-19 Førebuinga av saker og varsling
(1) Dagleg leiar skal førebu styresakene i samråd med
styreleiaren. Alle saker skal førebuast og leggjast fram
slik at styret har eit tilfredsstillande grunnlag for behandlinga.
(2) Styresakene skal varslast på tenleg måte
og med nødvendig frist.
§ 6-20 Styreinstruks
(1) I lag der dei tilsette har representasjon i styret, skal
styret fastsetje ein styreinstruks som gir nærare reglar
om styrearbeidet og saksbehandlinga.
(2) Instruksen skal mellom anna innehalde reglar om kva
saker som skal behandlast i styret, og om kva arbeidsoppgåver
og plikter dagleg leiar har i forhold til styret. Instruksen skal òg
innehalde reglar for innkalling og behandling i møte.
(3) Forskrifter etter aksjeloven § 6-23 tredje
ledd om styreinstruks gjeld tilsvarande så langt dei passar.
§ 6-21 Når kan styret gjere vedtak
(1) Styret kan gjere vedtak når meir enn halvparten
av medlemmene er til stades eller er med på saksbehandlinga,
om ikkje strengare krav er fastsette i vedtektene.
(2) Styret kan likevel ikkje gjere vedtak utan at alle
styremedlemmene så langt det er mogeleg har fått høve
til å vere med på behandlinga av saka.
(3) Har nokon forfall, og det finst varamedlem, skal varamedlemmen
kallast inn.
§ 6-22 Vanleg fleirtalskrav
(1) Eit styrevedtak krev at fleirtalet av dei styremedlemmene
som er med på behandling av ei sak, har røysta
for. Står røystene likt, gjeld det som møteleiaren
har røysta for. Dei som har røysta for eit framlegg som
inneber ei endring, må likevel alltid utgjere meir enn
ein tredjedel av alle styremedlemmene.
(2) Strengare røystereglar kan fastsetjast i vedtektene.
§ 6-23 Fleirtalskrav ved val og tilsetjingar
(1) Ved val eller tilsetjing kan styret på førehand fastsetje
at den som får flest røyster, skal reknast som vald.
(2) Står røystetalet likt ved val av
styreleiar eller møteleiar, blir valet avgjort ved lutkast.
I andre tilfelle der røystene står likt, gjeld
det møteleiaren har røysta for.
(3) Strengare røystereglar kan fastsetjast i vedtektene.
§ 6-24 Inhabilitet
(1) Ein styremedlem må ikkje vere med i behandlinga
eller avgjerda av spørsmål som har så mykje å seie
særleg for styremedlemmen eller nærståande
at medlemmen må reknast å ha ei klar personleg
eller økonomisk særinteresse i saka. Det same
gjeld for dagleg leiar.
(2) Ein styremedlem eller dagleg leiar må heller ikkje
vere med i behandlinga av ei sak om lån eller annan kreditt
til personen sjølv eller trygdgiving for personens gjeld.
§ 6-25 Misbruk av posisjon i selskapet o.a.
(1) Styret og andre som etter §§ 6-27
til 6-29 representerer laget, må ikkje gjere noko som er
skikka til å gi visse andelseigarar eller andre ein urimeleg
fordel til skade for andre andelseigarar eller laget.
(2) Styret eller dagleg leiar skal ikkje etterkome noko
vedtak av generalforsamlinga dersom vedtaket strir mot lov eller
vedtekter.
§ 6-26 Styreprotokoll
(1) Det skal førast protokoll for styresakene
som minst gir opplysning om tid og stad, behandlingsmåte og
styrevedtaka. Det skal gå fram at saksbehandlinga oppfyller
krava i § 6-21.
(2) Er ikkje styrevedtaket samrøystes, skal det opplysast
om kven som har røysta for og mot. Styremedlem eller dagleg
leiar som ikkje er samd i eit vedtak, kan krevje oppfatninga si
ført inn i protokollen.
(3) Protokollen skal skrivast under av styremedlemmene
som har vore med på behandlinga i styret. Har styret minst
fem medlemmer, og er vedtak gjort i møte, kan styret velje
to til å skrive under. I så fall skal utskrift
sendast til alle styremedlemmene med frist for merknader, som i
tilfelle kan krevjast tekne inn i protokollen.
III Tilhøvet utetter
§ 6-27 Representasjon
Styret representerer laget utetter og teiknar firmaet.
§ 6-28 Fullmakt til å teikne lagets
firma
(1) Styret kan gi styremedlemmer, dagleg leiar eller namngitte
tilsette rett til å teikne firmaet. Slik fullmakt kan fastsetjast
i vedtektene, som òg kan avgrense det myndet styret har
til å gi rett til å teikne firmaet.
(2) Retten til å teikne firmaet kan når
som helst kallast tilbake. Vedtektsfesta fullmakt kan kallast tilbake
av styret når ein ikkje utan skade for laget kan vente
på vedtak i generalforsamlinga.
(3) Føresegnene om dagleg leiar i § 6-24
gjeld tilsvarande for firmateiknar som ikkje er dagleg leiar eller
medlem av styret.
§ 6-29 Representasjon ved dagleg leiar
Dagleg leiar representerer laget utetter i saker som inngår
i den daglege leiinga.
§ 6-30 Overskriding av mynde
Har nokon som representerer laget utetter etter reglane
i §§ 6-27 til 6-29, ved disposisjon på vegner
av laget gått ut over sitt mynde, er disposisjonen ikkje bindande
for laget når laget godtgjer at medkontrahenten forstod
eller burde ha forstått at myndet blei overskride, og det
ville stride mot heider og god tru å gjere disposisjonen
gjeldande.
§ 6-31 Manglar ved val av styremedlem eller
tilsetjing av dagleg leiar
Etter at val av styremedlem eller tilsetjing av dagleg
leiar er registrert i Føretaksregisteret, kan manglar ved
valet eller tilsetjinga ikkje gjerast gjeldande overfor ein tredjeperson,
om ikkje laget godtgjer at tredjepersonen kjende til mangelen.
§ 7-1 Skaffe andelseigarane bustader
(1) Bustadbyggjelaget kan skaffe bustader til andelseigarane
gjennom
1. avtalar med andelseigarane om oppføring
eller avhending av bustader som er knytte til eller skal knytast
til andel i burettslag,
2. avtalar med andelseigarane om oppføring eller
avhending av andre bustader,
3. avtalar med andelseigarane om utleige av bustad,
4. andre avtalar med andelseigarane om rett til bustad,
5. vedtekter eller avtalar om forkjøpsrett eller
annan løysingsrett til bustad for andelseigarane i bustadbyggjelaget.
(2) Ei fullmakt for laget til å ta avgjerder på vegner
av ein andelseigar i ein avtale mellom andelseigaren og ein entreprenør
eller seljar om oppføring av eller rett til bustad, kan
kallast tilbake utan varsel.
§ 7-2 Bustadforvaltning
Bustadbyggjelaget kan forvalte bustader for andelseigarane
gjennom
1. avtalar med burettslag, seksjonssameige eller
andelseigarar om forretningsførsel eller andre forvaltningsoppgåver,
2. avtalar med andre om forvaltningsoppgåver,
3. forvaltning av utleigebustader.
§ 7-3 Dotterselskap o.a.
Det som er sagt om bustadbyggjelaget i kapittelet her,
gjeld tilsvarande for samanslutning som bustadbyggjelaget har eigarpart
i.
§ 7-4 Anna verksemd
Føresegnene i kapittelet her er ikkje til hinder
for at bustadbyggjelaget driv anna verksemd til beste for andelseigarane.
§ 8-1 Revisor
Eit bustadbyggjelag skal ha ein eller fleire statsautoriserte
eller registrerte revisorar.
§ 8-2 Val av revisor
(1) Generalforsamlinga skal velje ein eller fleire revisorar,
og kan velje ein eller fleire vararevisorar.
(2) Generalforsamlinga skal godkjenne godtgjersla til revisor.
§ 8-3 Bortfall av oppdraget
(1) Revisor gjer teneste fram til annan revisor er vald.
(2) Fell oppdraget for revisor bort før tenestetida er
ute, skal styret utan opphald syte for val av ny revisor. Det same
gjeld dersom revisor ikkje lenger fyller vilkåra for å kunne
veljast til revisor i laget.
§ 8-4 Nyval av revisor
(1) Generalforsamlinga kan berre velje ny revisor når
det er sagt i innkallinga at det vil bli gjort framlegg om nyval.
Revisor har rett til å gjere greie for sitt syn på framlegget
for generalforsamlinga.
(2) Har generalforsamlinga forkasta framlegg om nyval av
revisor, kan ein tiandedel av alle andelseigarar eller ein tiandedel
av delegerte som var valde til generalforsamlinga, innan ein månad
etter generalforsamlinga krevje at tingretten ved orskurd oppnemner ein
revisor i tillegg til andre revisorar i laget. Kravet skal takast
til følgje dersom det har rimeleg grunn.
(3) Retten fastset tenestetid og godtgjersle for revisor
som retten har oppnemnt. Vil revisor slutte før tenestetida
er ute, skal det bli gitt rimeleg førehandsvarsel til retten.
§ 8-5 Revisjonsmelding
Revisor skal gi revisjonsmelding til generalforsamlinga
for kvart rekneskapsår. Revisjonsmeldinga skal vere styret
i hende seinast to veker før den ordinære generalforsamlinga.
§ 8-6 Revisor er med i generalforsamlinga
Revisor skal møte i generalforsamlinga når
det skal behandlast saker som gjer dette nødvendig. Ut over
dette har revisor rett til å møte i generalforsamlinga.
§ 9-1 Samanslåing av bustadbyggjelag
(1) Eit bustadbyggjelag kan overdra eignedelar og skyldnader
under eitt til eit anna bustadbyggjelag mot at andelseigarane blir
andelseigarar i det overtakande laget.
(2) Vedtektsføresegn i burettslag om at andelseigarane
skal vere andelseigarar i eit overdragande bustadbyggjelag, skal
etter samanslåinga gjelde det overtakande laget.
§ 9-2 Godkjenning av planen om samanslåing
(1) Styra i laga skal utarbeide ein felles plan for samanslåinga.
Planen skal utarbeidast etter reglane i § 9-4 og underteiknast
av styra.
(2) Planen om samanslåing skal godkjennast av generalforsamlingane
med slikt fleirtal som trengst for vedtektsendring.
§ 9-3 Andelar i det overtakande laget
Andelseigarane i det overdragande laget skal førast
inn i andelseigarboka i det overtakande laget når samanslåinga
er vedteken i dei laga som skal slåast saman. Andelseigarar
frå det overdragande laget har ikkje rettar eller plikter
i det overtakande laget før samanslåinga er registrert
som etter § 9-11 første ledd.
§ 9-4 Innhaldet i planen for samanslåinga
(1) Planen for samanslåing skal minst innehalde
1. firma for laga, forretningskommunar, adresser
og organisasjonsnummer,
2. frå kva tid transaksjonar i det overdragande
laget i forhold til rekneskapen skal sjåast som gjorde
for rekning av det overtakande laget,
3. kva rettar andelseigarane skal ha i det overtakande laget,
4. utkast til opningsbalanse for det overtakande laget.
Opningsbalansen skal setjast opp i samsvar med gjeldande rekneskapsreglar.
Registrert eller statsautorisert revisor skal gi ei fråsegn
om at balansen er sett opp i samsvar med desse reglane.
(2) Planen skal òg innehalde framlegg til vedtektsendring
i det overtakande laget. Nye reglar om rettar og plikter i laget
skal vere oppgitt særskilt.
(3) I planen skal det fastsetjast at det overtakande laget
skal overta forvaltninga av det overdragande laget så snart
planen er godkjend av alle laga som er med i samanslåinga.
(4) Dersom to eller fleire lag blir samanslegne ved at
det blir stifta eit nytt lag, skal planen innehalde framlegg til
stiftingsdokument for det overtakande laget. Reglane i kapittel
2 gjeld tilsvarande så langt dei passar.
§ 9-5 Vedlegg til planen
Som vedlegg til planen skal følgje
1. vedtektene i det overtakande laget,
2. siste årsrekneskap, årsmelding og
revisjonsmelding for kvart av laga.
§ 9-6 Rapport om samanslåinga
Når planen om samanslåing er ferdig,
skal styret i kvart lag utarbeide ein skriftleg rapport om samanslåinga,
og kva den vil ha å seie for laget. Rapporten skal gjere
greie for grunngivinga for framlegget om samanslåing, og
for kva samanslåinga vil få å seie for dei
tilsette i laget.
§ 9-7 Melding til andelseigarane
Planen for samanslåinga og andre saksdokument skal
takast med i innkallinga til generalforsamlinga.
§ 9-8 Melding av vedtak om samanslåing
til
Føretaksregisteret
Seinast ein månad etter at samanslåinga
er godkjend i laga, skal vedtaket saman med planen og vedlegga etter §§ 9-4
og 9-5 meldast til Føretaksregisteret av styret i kvart
lag. Blir fristen overseten, fell vedtaket bort.
§ 9-9 Kreditorvarsel
(1) Føretaksregisteret skal kunngjere vedtaka
om samanslåing og varsle kreditorane i laga om at eventuelle
motsegner mot samanslåinga må meldast til laget
innan to månader frå siste kunngjering.
(2) Kunngjeringa skal setjast inn to gonger med minst ei
vekes mellomrom i Norsk lysingsblad og i ei avis som er vanleg lesen
på forretningsstaden for laget. Kunngjeringa i avisa kan
takast inn i kortform med tilvising til kunngjeringa i Norsk lysingsblad.
§ 9-10 Motsegn frå kreditor
(1) Dersom ein kreditor med uomtvista og forfalle krav
kjem med motsegn før fristen etter § 9-9, kan samanslåinga
ikkje gjennomførast før kravet er betalt.
(2) Ein kreditor med omtvista krav eller krav som ikkje
er forfalle, kan krevje fullgod trygd for kravet dersom det ikkje
er sikra slik frå før. Tingretten avgjer tvist
om kravet er til, og om trygda er fullgod.
(3) Tingretten kan forkaste krav om trygd etter andre leddet
når det er klart at kravet ikkje er til, eller at utsiktene
til dekning ikkje blir dårlegare på grunn av samanslåinga.
(4) Kravsmål om avgjerd i tingretten må vere
sett fram innan to veker etter at kreditor kravde betaling eller
trygdgiving.
§ 9-11 Gjennomføring av samanslåinga
(1) Når fristen for motsegn etter § 9-10
er ute, og tilhøvet til kreditorar som har kome med motsegn,
er avklart, skal det overtakande laget gi melding til Føretaksregisteret
om at samanslåinga skal gjennomførast. Når
samanslåinga er registrert, er samanslåinga gjennomført
og det overdragande laget er oppløyst.
(2) Sjølv om tilhøvet til kreditorar
som har reist motsegn, ikkje er avklart, kan tingretten etter kravsmål
frå det laget krava gjeld, vedta at samanslåinga kan
gjennomførast og meldast til Føretaksregisteret.
§ 9-12 Forvaltninga av det overdragande
laget
(1) Når samanslåinga er registrert i
Føretaksregisteret, kan det overtakande laget etter allmenne
reglar overføre formelle posisjonar som eigar eller rettshavar til
eignedelar som har høyrt til det overdragande laget.
(2) Dersom det går fram av planen for samanslåing
at det overtakande laget skal overta forvaltninga av eit overdragande
lag så snart planen er godkjend av laga, skal det overtakande
laget syte for at eignedelane og sakene i det overdragande laget
blir haldne for seg til samanslåinga er gjennomført.
(3) Det overtakande laget skal ta vare på rekneskapsmateriale
frå det overdragande laget i samsvar med regnskapsloven § 2-7
i minst 10 år etter den endelege oppløysinga.
Det same gjeld bøkene til laget. Registrerte rekneskapsopplysningar
skal kunne bli gjengitt i samsvar med regnskapsloven § 2-2
i minst ti år etter den endelege oppløysinga.
§ 9-13 Ugyldig samanslåing
(1) Søksmål med påstand om at
vedtak i laget om samanslåing skal kjennast ugyldig, må reisast
før samanslåinga er registrert i Føretaksregisteret
etter § 9-11. Søksmål som blir
reist etter at fristen er gått ut, skal avvisast.
(2) Blir det reist søksmål om at samanslåinga
er ugyldig, skal tingretten gi laget ein frist på tre månader for å rette
det tilhøvet søksmålet byggjer på.
(3) Dom som kjenner vedtak om samanslåing ugyldig,
har verknad for alle i laget.
(4) Er vedtaket om samanslåinga meldt til Føretaksregisteret
etter § 9-11, skal retten utan opphald melde dommen til
Føretaksregisteret, som skal kunngjere dommen på lagets
kostnad i Norsk lysingsblad og i ei avis som er vanleg lesen på forretningsstaden for
laget. Kunngjeringa i avisa kan takast inn i kortform med tilvising
til kunngjeringa i Norsk lysingsblad.
(5) Når vedtaket til generalforsamlinga blir kjent ugyldig,
heftar laget solidarisk med dei andre laga som er med i samanslåinga,
for skyldnader frå tida etter at samanslåinga
skulle ha hatt verknad, og fram til kunngjeringa av dommen etter
fjerde ledd.
§ 10-1 Vedtak om oppløysing
(1) Oppløysing av laget krev vedtak på to
generalforsamlingar etter kvarandre, med minst fire vekers mellomrom.
På kvar generalforsamling må minst to tredjedelar
av røystene som er gitt, vere for vedtaket. Den eine generalforsamlinga
skal vere den ordinære generalforsamlinga.
(2) Generalforsamlinga kan ikkje vedta oppløysing
etter at laget er vedteke oppløyst ved orskurd etter kapittelet
her.
§ 10-2 Avviklingsstyre og andre organ i
laget
(1) Når vedtak om oppløysing er endeleg,
skal generalforsamlinga velje eit avviklingsstyre som kjem i staden
for styret og dagleg leiar. Valet gjeld på ubestemt tid
med ein oppseiingsfrist for medlemmene på tre månader.
(2) Reglane om styret i kapittel 6, medrekna reglane om
rett for tilsette til å velje styremedlemmer, gjeld tilsvarande
for avviklingsstyret.
(3) Reglane om generalforsamlinga og eventuelt representantskap
gjeld så langt dei passar under avviklinga.
§ 10-3 Melding til Føretaksregisteret
Vedtak om å oppløyse laget skal meldast
til Føretaksregisteret straks vedtaket er endeleg og avviklingsstyre
er valt. Meldinga skal innehalde opplysningar om medlemmene av avviklingsstyret.
§ 10-4 Kreditorvarsel
(1) Ved registrering av meldinga om oppløysing skal
Føretaksregisteret kunngjere vedtaket om å oppløyse
laget. I kunngjeringa skal kreditorane til laget varslast om at
dei må melde sine krav til avviklingsstyret innan to månader
frå siste kunngjering, og om at krav som blir melde etter
at overskot er utdelt, ikkje vil bli dekte, om dei ikkje alt er
kjende for avviklingsstyret. Namn og adresse til leiaren av avviklingsstyret skal
gå fram av kunngjeringa.
(2) Kunngjeringa skal setjast inn to gonger med minst ei
vekes mellomrom i Norsk lysingsblad og i ei avis som er vanleg lesen
på forretningsstaden for laget. Kunngjeringa i avisa kan
takast inn i kortform med tilvising til kunngjeringa i Norsk lysingsblad.
(3) Alle kreditorar med kjend adresse skal så vidt mogleg
varslast særleg av laget.
§ 10-5 Stillinga for laget under avviklinga
(1) Når vedtak om oppløysing er endeleg,
skal laget på brev, kunngjeringar og andre dokument leggje orda «under
avvikling» til firmaet.
(2) Verksemda til laget kan halde fram så langt
det er ønskjeleg for ei tenleg gjennomføring av
avviklinga.
(3) Under avviklinga skal årsrekneskap avleggjast,
reviderast og sendast til Rekneskapsregisteret etter same reglar
som elles.
§ 10-6 Avviklingsbalanse o.a.
(1) Avviklingsstyret skal lage ei oppteikning over dei
eignedelar, rettar og skyldnader laget har, og gjere opp ein balanse
med sikte på avviklinga.
(2) Oppteikninga og balansen skal i revidert stand leggjast
ut på lagskontoret til ettersyn for andelseigarane. Kopi
av balansen med fråsegna frå revisor skal sendast
til alle andelseigarar med kjend adresse.
§ 10-7 Dekning av skyldnadene
(1) Avviklingsstyret skal syte for at dei skyldnadene laget
har, blir dekte i den grad kreditor ikkje har fråfalle
kravet sitt eller samtykkjer i å ta ein annan som debitor
i staden.
(2) Kan ein kreditor ikkje finnast, eller nektar ein kreditor å ta
imot sitt tilgodehavande, skal summen deponerast i Noregs Bank etter
reglane i lov 17. februar 1939 nr. 2 om deponering i gjeldshøve.
§ 10-8 Omgjering av eignedelar til pengar
Eignedelane til laget skal gjerast om i pengar.
§ 10-9 Utdeling av overskot
(1) Utdeling av overskot kan ikkje skje før lagsskyldnadene
er dekte, og det er gått minst to månader sidan
siste kunngjering av kreditorvarselet etter § 10-4.
(2) Utdeling kan likevel skje når det berre står igjen
uvisse eller omtvista skyldnader, og det blir sett av ein tilstrekkeleg
sum til å dekkje dei og eventuelle sakskostnader med desse.
Om ikkje anna er avtala, skal summen setjast inn på felleskonto
for laget og den kreditoren det gjeld, slik at uttak ikkje kan skje
utan skriftleg samtykke frå begge partar eller endeleg
dom.
(3) Andelseigarar som har betalt inn innskotskapital etter § 3-1
fjerde ledd, har rett til å få tilbake slik kapital
dersom det er overskot i laget etter at skyldnadene er dekte. Overskot
ut over dette skal nyttast til allmennyttige føremål
til beste for bustadbygginga der laget har hatt si hovudsaklege
verksemd.
§ 10-10 Endeleg oppløysing
(1) Etter avslutta utdeling skal avviklingsstyret leggje
fram revidert oppgjer for generalforsamlinga. Når oppgjeret
er godkjent, skal det meldast til Føretaksregisteret at
laget er endeleg oppløyst.
(2) Føresegnene i §§ 11-3 til
11-5 om skadebotansvar gjeld etter endeleg oppløysing òg.
(3) Avviklingsstyret skal syte for at rekneskapsmateriale
blir teke vare på i samsvar med regnskapsloven § 2-7
i minst ti år etter den endelege oppløysinga.
Det same gjeld bøkene til laget. Registrerte rekneskapsopplysningar
skal kunne bli gjengitt i samsvar med regnskapsloven § 2-2
i minst ti år etter den endelege oppløysinga.
§ 10-11 Etterutlodding
Det som måtte tilfalle laget av summar som er
sette av etter § 10-9 andre ledd, skal behandlast som fastsett
i § 10-9 tredje ledd.
§ 10-12 Omgjering av vedtak om oppløysing
(1) Vedtak om å oppløyse laget kan gjerast
om av generalforsamlinga dersom minst halvparten av andelseigarane
i laget røystar for det.
(2) Omgjering kan ikkje vedtakast dersom laget har delt
ut overskot etter § 10-9.
(3) Omgjeringa av vedtak om oppløysing og medlemmene
av det nye styret skal straks meldast til Føretaksregisteret.
§ 10-13 Tingretten overtek ansvaret for
avviklinga
(1) Tingretten kan ved orskurd vedta å overta
ansvaret for avviklinga av laget når særlege grunner
talar for det, dersom
1. laget ikkje er meldt endeleg oppløyst
til Føretaksregisteret seinast eitt år etter registreringa
av melding etter § 10-3, eller
2. minst ein femtedel av andelseigarane krev det.
(2) Styret eller i tilfelle avviklingsstyret skal få høve
til å uttale seg før avgjerda blir teken. Føretaksregisteret
skal gi retten melding om at fristen etter første ledd
nr. 1 er ute.
(3) Har retten overteke avviklinga, skal avviklinga vidare
skje etter reglane i § 10-17. Orskurden har verknad som
ein orskurd om konkursopning etter konkursloven kapittel VIII.
§ 10-14 Oppløysing etter orskurd
frå tingretten
Dersom ikkje generalforsamlinga vedtek oppløysing,
skal tingretten ved orskurd vedta laget oppløyst i desse
tilfella
1. når laget ikkje har meldt til Føretaksregisteret
eit styre som fyller dei vilkåra som følgjer av
føresegner gitt i eller i medhald av lov,
2. når laget ikkje har meldt til Føretaksregisteret
ein dagleg leiar som fyller dei vilkåra som er fastsette i
lov,
3. når laget ikkje har meldt til Føretaksregisteret
ein revisor som fyller dei vilkåra som er fastsette i lov,
4. når årsrekneskap, årsmelding
og revisjonsmelding som laget skal sende til Rekneskapsregisteret
etter regnskapsloven § 8-2, ikkje er innsende innan seks
månader etter fristen for slik innsending, eller når
Rekneskapsregisteret når fristen er ute, ikkje kan godkjenne
det innsende materialet som årsrekneskap, årsmelding
og revisjonsmelding.
§ 10-15 Behandling av saker om oppløysing
etter § 10-14
(1) Når vilkåra i § 10-14 første
ledd nr. 1 til 3 er oppfylte, skal Føretaksregisteret gi
laget varsel om det. I tilfelle som nemnde i § 10-14 første
ledd nr. 4 skal varselet bli gitt av Rekneskapsregisteret. Laget skal
få ein frist på ein månad til å rette
tilhøvet og melding om følgjene av at fristen
ikkje blir halden.
(2) Har laget ikkje retta tilhøvet når
fristen går ut, skal Føretaksregisteret eller
Rekneskapsregisteret ta opp igjen varselet ved kunngjering i Norsk
lysingsblad og i kortform i ei avis som er vanleg lesen på forretningsstaden
for laget. I kunngjeringa skal det opplysast at vilkåra
for oppløysing av laget er oppfylte, og at laget har ein
frist på to veker frå kunngjeringa i Norsk lysingsblad
til å rette tilhøvet. Følgjene av at fristen
ikkje blir halden, skal også opplysast.
(3) Dersom det er tenleg, kan tingretten gi varsel etter
føresegna her.
§ 10-16 Orskurden frå tingretten
(1) Har laget ikkje halde fristen etter § 10-15
andre ledd, skal Føretaksregisteret eller Rekneskapsregisteret
varsle tingretten om dette.
(2) Retten skal utan vidare varsel ved orskurd vedta laget
oppløyst etter § 10-14, om ikkje vedtak om oppløysing
alt er gjort av generalforsamlinga. Orskurden har verknad som orskurd
om konkursopning etter konkursloven kapittel VIII.
§ 10-17 Avvikling av laget
(1) Når tingretten har vedteke laget oppløyst,
skal laget avviklast etter føresegnene i konkursloven og dekningsloven.
(2) Buet kan berre leverast tilbake til laget etter konkursloven § 136
dersom oppløysingsgrunnen ikkje lenger er til stades.
§ 11-1 Skadebotansvar
Den som i eigenskap av styremedlem, dagleg leiar, granskar
eller andelseigar valdar tap forsettleg eller aktlaust for laget,
andelseigarar eller andre under utføringa av oppgåva
si, har plikt til å bøte tapet. Det same gjeld
for medlem av representantskap eller andre organ som er skipa etter
vedtektene.
§ 11-2 Lemping
Skadebotansvar etter § 11-1 kan lempast etter
skadeserstatningsloven § 5-2.
§ 11-3 Vedtak om å fremje krav
(1) Generalforsamlinga avgjer om laget skal fremje skadebotkrav
etter § 11-1. Er det opna gjeldsforhandling eller konkurs,
gjeld føresegnene i konkursloven.
(2) Første ledd gjeld tilsvarande for inngåing
av førehandsavtale mellom laget og nokon som er nemnd i § 11-1,
som regulerer eller avgrensar skadebotansvaret deira.
§ 11-4 Krav på vegner av laget
(1) Har generalforsamlinga gitt ansvarsfritak eller forkasta
framlegg om å krevje skadebot etter § 11-1, kan
ein tiandedel, men minst fem, av andelseigarane som har teikna andelar
før siste årsskifte, gjere skadebotansvar gjeldande
på vegner av og i namnet til laget. Er søksmål
om skadebot reist, kan det halde fram sjølv om nokre andelseigarar
trekkjer seg frå søksmålet eller melder
seg ut av laget, eller andelen går over til andre.
(2) Søksmålet om skadebot må reisast
ved felles fullmektig innan tre månader etter at vedtaket
blei gjort av generalforsamlinga. Er det kravt gransking etter §§ 5-24
til 5-26, blir fristen rekna frå den dagen kravet er endeleg
avslege eller i tilfelle granskinga er avslutta.
(3) Kostnadene med søksmålet om skadebot
er laget uvedkomande. Kostnadene kan likevel krevjast dekte av laget
med opp til den summen som er komen laget til gode ved søksmålet.
(4) Paragrafen her gjeld ikkje når vedtaket som nemnt
i første ledd er gjort med fleirtal som for vedtektsendring.
Det same gjeld ved inngått forlik.
§ 11-5 Ansvarsfritak
Har generalforsamlinga gjort vedtak om ansvarsfritak eller
om at ansvar ikkje skal gjerast gjeldande, kan laget likevel fremje
krav grunna på omstende som generalforsamlinga på vesentlege
punkt ikkje fekk rette og fullstendige opplysningar om da vedtaket
blei gjort.
§ 11-6 Konkurrerande krav
Andelseigarar, kreditorar eller andre som har lidt tap
fordi laget er påført tap, er bundne av skadeoppgjer med
laget, og deira krav står tilbake for lagets krav.
§ 11-7 Andre krav på vegner av
laget
(1) Føresegnene i §§ 11-3, 11-4
og 11-5 gjeld tilsvarande for myndet til å krevje offentleg
påtale og reise privat straffesak.
(2) Føresegnene i §§ 11-4 og
11-5 gjeld tilsvarande for lagets krav på tilbakeføring
etter § 3-5 femte ledd og lagets krav på godtgjersle
etter § 6-15 tredje ledd.
§ 12-1 Teieplikt
(1) Tillitsvalde, dagleg leiar og tilsette i eit bustadbyggjelag
skal hindre at uvedkomande får tilgang til det dei har
fått kjennskap til i verksemda i laget om personlege tilhøve.
Teieplikta gjeld ikkje når inga rettkomen interesse tilseier
at opplysningane skal haldast hemmelege.
(2) Forsettleg brot på teieplikta kan straffast
med bøter.
§ 12-2 Saksbehandlinga i tingretten o.a.
(1) Når tingretten behandlar saker etter lova
her, gjeld reglane i skifteloven §§ 22-25 når
ikkje anna går fram av lova her.
(2) Orskurdar og andre avgjerder som tingretten tek etter
lova her, kan påkjærast etter reglane i tvistemålsloven
kapittel 26.
(3) Eit kjæremål kan ikkje grunnast på at
orskurden eller avgjerda er utenleg eller uheldig. Dette gjeld ikkje
orskurd etter §§ 5-24 til 5-26.
§ 12-3 Fristrekning
(1) For fristar som skal reknast i dagar, skal ein ikkje
telje med den dagen da fristen tek til å gå, men ein
skal rekne med møtedagen eller den dagen da handlinga fristen
gjeld, tidlegast kan utførast eller seinast må vere
utført.
(2) Fristar som skal reknast i veker, månader
eller år, endar på den dagen i den siste veka
eller den siste månaden som etter namnet eller talet svarar
til den dagen fristen tek til å gå. Har ikkje
månaden dette talet, endar fristen på den siste
dagen i månaden.
(3) Endar ein handlingsfrist på ein laurdag, helgedag
eller dag som etter lovgivinga er likestilt med helgedag, blir fristen
forlenga til den nærast følgjande yrkedagen.
§ 12-4 Rettssak mellom laget og styret
I saker mellom laget og styret eller enkelte styremedlemmer
skal generalforsamlinga velje ein eller fleire personar til å representere
laget i saka. Blir ikkje det gjort, kan tilseiing skje til kven
som helst av andelseigarane.
I Ikraftsetjing
§ 13-1 Ikraftsetjing
(1) Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.
(2) Frå same tid blir lov 4. februar 1960 nr.
1 om boligbyggelag oppheva.
II Overgangsreglar
§ 13-2 Overgangsreglar
(1) Bustadbyggjelag som er stifta før lova her
blei sett i kraft, kan registrerast i Føretaksregisteret
sjølv om stiftinga ikkje er gjennomført etter §§ 2-1
til 2-7. Registrering må i tilfelle skje seinast seks månader
etter konstituerande generalforsamling.
(2) Føresegna i § 2-2 andre ledd gjeld
ikkje for lag som lovleg hadde eit anna namn da lova blei sett i kraft.
(3) Føresegna i § 3-1 første
ledd om minste andelskapital gjeld ikkje for lag som er stifta før
lova her blei sett i kraft.
(4) Føresegna i § 3-1 tredje ledd om
pålydande på andelane gjeld ikkje for andelar
som er teikna i samsvar med gjeldande vedtekter, jf. sjuande ledd
i paragrafen her.
(5) Andelar kan overførast etter reglane i tidlegare gjeldande
lov i eitt år etter at lova her blei sett i kraft, om ikkje
anna blir fastsett i vedtektene.
(6) Reglane om representantskap i kapittel 7 i lov 4. februar
1960 nr. 1 om boligbyggelag skal gjelde i eitt år etter
at lova her blei sett i kraft, om ikkje anna blir fastsett i vedtektene.
(7) Vedtekter og avtalar som er i strid med lova her, fell
bort seinast eitt år etter at lova blei sett i kraft.
III Endringar i burettslagslova som følgje
av
endringar i anna lov
§ 13-3
Frå tidspunktet lov .... om endringer i lov om
enerett til firma og andre forretningskjennetegn mv. trer i kraft,
skal følgjande reglar i bustadbyggjelagslova lyde:
§ 2-2 første ledd nr. 1 skal lyde:
1. føretaksnamn for laget
§ 2-2 andre ledd skal lyde:
(2) Namnet på bustadbyggjelaget (føretaksnamnet)
skal innehalde ordet bustadbyggjelag eller avkortinga BBL.
§ 2-3 skal lyde:
Stiftingsdokumentet skal elles opplyse om namn eller føretaksnamn,
adresse og fødsels- eller organisasjonsnummer for stiftarane,
tida for innbetaling av andelane og eventuell innskotskapital etter § 3-1
fjerde ledd om kven som skal vere første styre og første
revisor i laget.
§ 4-2 andre ledd skal lyde:
(2) I andelseigarboka skal andelseigarane førast inn
med opplysningar om namn eller føretaksnamn, fødselsdato
eller organisasjonsnummer og adresse.
§ 6-27 skal lyde:
Styret representerer firmaet utetter og teiknar føretaksnamnet.
§ 6-28 skal lyde:
§ 6-28 Fullmakt til å teikne lagets føretaksnamn
(1) Styret kan gi styremedlemmer, dagleg leiar eller namngitte
tilsette rett til å teikne føretaksnamnet. Slik
fullmakt kan fastsetjast i vedtektene, som òg kan avgrense
det myndet styret har til å gi rett til å teikne føretaksnamnet.
(2) Retten til å teikne føretaksnamnet kan
når som helst kallast tilbake. Vedtektsfesta fullmakt kan
kallast tilbake av styret når ein ikkje utan skade for
laget kan vente på vedtak i generalforsamlinga.
(3) Føresegnen om dagleg leiar i § 6-24
gjeld tilsvarande for føretaksteiknar
som ikkje er dagleg leiar eller medlem av styret.
§ 9-4 første ledd nr. 1 skal lyde:
§ 10-5 første ledd skal lyde:
(1) Når vedtak om oppløysing er endeleg,
skal laget på brev, kunngjeringar og andre dokument leggje orda
"under avvikling" til føretaksnamnet.
Berit Brørby |
Sigvald Oppebøen Hansen |
president |
sekretær |