År 2005 den 15. mars holdtes Odelsting, hvor da ble gjort slikt
§ 1 Formålet
med lova
Formålet med lova er å garantere ei minste
samla inntekt for personar med liten eller ingen pensjon frå folketrygda
på grunn av kort butid i Noreg.
§ 2 Definisjonar
Med grunnbeløpet meiner ein i lova her grunnbeløpet
etter folketrygdlova § 1-4.
Med ektemake meiner ein i lova her personar som er gifte
etter ekteskapslova og som bur saman i eitt hushald, personar som
bur saman som ektefolk utan å vere gifte med kvarandre,
og registrerte partnarar som bur saman i eitt hushald.
§ 3 Kven som kan få stønad
Supplerande stønad vert gitt til personar som
har fylt 67 år og som er busette i Noreg. Ein person vert rekna
som busett dersom han eller ho er registrert i folkeregisteret og
har opphaldsløyve som gir grunnlag for busetjing i riket.
Familiemedlemer i oppstigande linje som har fått opphaldsløyve
av di dei er forsørgde av personar som oppheld seg her,
kan berre få supplerande stønad for tidsrom etter
at dei har fått løyve til fast busetjing i Noreg.
§ 4 Opphald i utlandet
Retten til supplerande stønad fell bort når
ein person oppheld seg eller har tenkt å opphalde seg i
utlandet i meir enn tre månader i samanheng eller i meir enn
tre månader i alt i eit kalenderår.
Dersom opphaldet i utlandet er meint å vare i
meir enn tre månader i samanheng, fell ytingane bort frå og med
månaden etter den månaden då opphaldet
i utlandet tok til. I andre tilfelle fell ytingane bort frå og
med månaden etter den månaden då vedkomande
hadde vore i utlandet i tre månader eller summen av utanlandsopphalda
i eit kalenderår utgjer tre månader.
I tilfelle som går inn under andre leddet andre punktumet
kan ytingar bli gitt for lengre tid enn nemnd dersom stønadstakaren
legg fram dokumentasjon på at han eller ho ikkje kunne
vende attende til Noreg på grunn av eigen sjukdom.
§ 5 Full supplerande
stønad
Full supplerande stønad skal vere
a) 1,7933 gonger grunnbeløpet for einslege
stønadstakarar
b) 2,2933 gonger grunnbeløpet for personar med ektemake
under 67 år
c) 1,6433 gonger grunnbeløpet for kvar av ektemakane
når begge har fylt 67 år.
Ytingane etter første leddet bokstavane a til
c skal aukast med 40 prosent av grunnbeløpet per barn under 18 år
som personen forsørgjer og bur saman med i eitt hushald.
Dersom begge ektemakane har fylt 67 år, skal auken gå til
den av dei som har lågast inntekt (sjå § 6
første leddet).
Eit barn vert rekna å forsørgje seg sjølv
dersom det har inntekt som nemnd i § 6 første
leddet, og inntekta er høgare enn grunnbeløpet.
Dersom ein ektemake under 67 år oppheld seg i utlandet
i lengre tid enn fastsett i § 4, skal ytinga til stønadstakaren
fastsetjast etter første leddet bokstav a. Tilsvarande
fell retten til tillegg for forsørgt barn bort når
barnet har utanlandsopphald som nemnd. Reglane i § 4 gjeld
tilsvarande med omsyn til tidspunktet for omrekning av ytingane
etter første og andre punktumet.
§ 6 Inntekt som går
til frådrag i supplerande stønad
Full supplerande stønad skal setjast ned med
a) arbeidsinntekt
b) pensjon frå folketrygda
c) andre norske offentlege eller private pensjonar
d) utanlandske offentlege eller private pensjonar
e) kapitalinntekter.
Det skal reknast med slik inntekt hos stønadstakaren
sjølv så vel som hos ektemaken. Dersom begge ektemakane
har fylt 67 år, skal inntekt hos den eine ektemaken berre
inngå ved prøvinga av ytingane til den andre ektemaken
med den delen som overstig full supplerande stønad etter § 5
første leddet bokstav c.
§ 7 Utmåling
av supplerande stønad
Supplerande stønad vert gitt dersom full supplerande
stønad etter § 5 er høgare enn inntektsgrunnlaget
etter § 6. Stønaden skal utgjere differansen mellom desse
beløpa.
§ 8 Formue
Dersom ein søkjar eller ektemaken har så stor
formue at det ville vere urimeleg å gi supplerande stønad, kan
ein gi avslag på søknaden. Som formue vert ikkje rekna
vanleg bustad eller vanlege ting til dagleg bruk.
Departementet kan gi forskrift til utfylling av reglane
i paragrafen her.
§ 9 Låge stønadsbeløp
Supplerande stønad vert ikkje gitt dersom ytinga ville
utgjere eit mindre beløp enn to prosent av full supplerande
stønad etter § 5 første leddet bokstav
a utan tillegg for forsørgde barn.
§ 10 Endringar
Fastsett stønad skal setjast opp eller ned dersom det
skjer endringar i inntektene eller dei andre tilhøva som
er lagt til grunn ved fastsetjinga av stønaden, og dette
fører med seg ei endring av stønaden med minst 10
prosent.
§ 11 Stønadsperiode
og utbetaling
Supplerande stønad vert gitt for ein periode på 12 månader.
Stønadstakaren kan søkje om forlenging av ytingane
med 12 månader om gongen.
Stønad vert gitt frå og med månaden
etter den månaden då vilkåra for ytinga
var oppfylte, men ved forlenging av stønadsperioden som
nemnd i første leddet tidlegast frå og med månaden
etter utløpet av den siste stønadsperioden. Dersom
retten til ytingar fell bort av andre grunnar enn at stønadsperioden
løper ut, vert ytingar gitt til og med den månaden
då retten fall bort.
Dersom ei endring som nemnd i § 10 fører
til at stønaden vert sett opp, gjeld dette frå og
med den månaden då endringa skjedde. Dersom ytinga
vert sett ned, får dette verknad frå og med månaden
etter den månaden då endringa skjedde.
Supplerande stønad vert ikkje gitt for lengre
tid attende enn tre månader før den månaden
då søknaden om ytingar vart sett fram. Renter
vert ikkje gitt. Rentetap eller ytingar for tidlegare månader
enn tre månader før søknadsmånaden
kan heller ikkje krevjast erstatta med heimel i skadeserstatningslova
eller i alminnelege erstatningsrettslege reglar.
Dersom det er utbetalt økonomisk stønad
etter sosialtenestelova kapittel 5 i periodar som det vert etterbetalt
supplerande stønad for, skal det gjerast frådrag i
etterbetalinga tilsvarande den økonomiske stønaden.
Stønaden vert utbetalt i månadsbeløp
før utgangen av den einskilde månaden. Månadsbeløpa
vert avrunda til den næraste heile krona.
§ 12 Opphald i institusjon
mv.
Personar som er innlagde i institusjon der opphaldet vert
dekt av det offentlege, har ikkje rett til supplerande stønad
for tidsrom etter at opphaldet har vara i ein kalendermånad
utover den månaden då han eller ho vart innlagt.
Reglane i første leddet gjeld tilsvarande ved
opphald i fengsel mv.
§ 13 Tilbakekrevjing
Supplerande stønad som er utbetalt utan at vilkåra for
det var oppfylte, skal krevjast attende dersom den som fekk utbetalinga
forsto eller burde ha forstått at utbetalinga grunna seg
på ein feil. Vedtak om å krevje tilbake slike
beløp er tvangsgrunnlag for utlegg.
Beløp som skal krevjast tilbake etter første
leddet, kan avreknast i framtidige terminar av supplerande stønad
eller andre ytingar til livsopphald som vert administrerte av trygdeetaten.
Avrekninga kan ikkje utgjere meir enn 10 prosent av dei aktuelle
terminbeløpa.
Beløp som ikkje vert innkravde etter andre leddet, kan
innkrevjast etter reglane i bidragsinnkrevjingslova.
§ 14 Finansiering
Utgiftene som trygdeetaten har til supplerande stønad
og til administrasjon av ordninga vert dekte av statskassa. Pengane
som trengst til dekning av utgiftene skal overførast til
Rikstrygdeverket på forskot, og seinast på det
tidspunktet utbetaling skal skje. Trygdeetaten skal føre
særskilt rekneskap over pengane som vert overførte
til dekning av supplerande stønad.
§ 15 Tilhøvet til forvaltningslova
Reglane i forvaltningslova gjeld for handsaminga av saker
om supplerande stønad, med dei unntaka som går
fram av lova her.
§ 16 Avgjerd etter
lova
Saker om ytingar etter lova vert avgjorte av Rikstrygdeverket,
som kan delegere avgjerda til anna organ i trygdeetaten.
§ 17 Søknad
Søknad om supplerande stønad skal setjast
fram for trygdekontoret på bustaden til søkjaren
på skjema fastsett av Rikstrygdeverket. Søkjaren
skal møte personleg på trygdekontoret. Trygdekontoret
skal hjelpe søkjar med utfyllinga så langt dette
er naudsynt.
§ 18 Plikt til å gi
opplysningar
Ein person som søkjer om supplerande stønad,
har plikt til å gi dei opplysningane og levere dei dokumenta
som trygdeetaten treng for å vurdere om han eller ho har
rett til ytinga. Den som får supplerande stønad, skal
gi melding til trygdeetaten om endringar i alle tilhøva
som verkar inn på retten til eller storleiken på ytinga.
Trygdeetaten kan krevje at ein person som får
supplerande stønad gir dei opplysningane og leverer dei dokumenta
som trygdeetaten treng for å kontrollere storleiken på stønaden
eller om han eller ho framleis har rett til ytinga.
Dersom ein søkjar eller stønadstakar
ikkje legg fram dokumentasjon som trygdeetaten har bedt om, kan
ein søknad om ytingar bli avslått, og ytingar
som er gitt kan haldast attende. Det same gjeld dersom søkjaren
gir uriktige opplysningar som er viktige for retten til eller storleiken
på ytinga eller let vere å gi slike opplysningar.
§ 19 Henting av opplysningar
mv.
Trygdeetaten kan krevje at likningsetaten eller skattefogdane
gir opplysningar om inntekts- og formuestilhøva for ein
person som søkjer om eller har fått supplerande
stønad. Dette gjeld òg i høve til tidlegare likningar.
Ved behandlinga av krav om ytingar etter lova, og ved kontroll
av ytingar som er gitt, har trygdeetaten rett til å få nødvendige
opplysningar frå sosialtenesta, politiet, andre offentlege
organ, arbeidsgivar, bankar, forsikringsselskap og private pensjonsordningar.
Trygdeetaten kan påleggje helseinstitusjonar, fengsel
og andre institusjonar å gi rutinemessige meldingar når
klientar vert innlagde eller utskrivne.
Dei som vert pålagt å gi opplysningar,
har plikt til å gjere dette utan ugrunna opphald og utan
hinder av teieplikt. Dei kan ikkje krevje vederlag for å gi
opplysningane.
§ 20 Opplysningar om
ektemaken
Ektemaken til ein person som søkjer om eller får supplerande
stønad etter lova, har plikt til å gi opplysningar
om inntekts- eller formuestilhøva sine etter reglane
i § 18. Reglane i § 19 gjeld tilsvarande i høve til
henting av slike opplysningar.
§ 21 Kontroll
Rikstrygdeverket kan bestemme at saker om supplerande stønad
skal få ei ny vurdering med fastsette mellomrom, og kan
gi reglar om korleis slik etterprøving skal gjennomførast.
Departementet kan gi forskrift om tiltak med sikte på å kontrollere
at vilkåra i § 4 er oppfylte eller om ein stønadstakar
har hatt opphald i utlandet i strid med reglane. Forskrifta kan
bestemme at ein stønadstakar skal møte personleg
på trygdekontoret inntil to gonger i året og vise
pass eller anna reisedokument.
§ 22 Anke til Trygderetten
Vedtak om supplerande stønad etter lova her kan ankast
inn for Trygderetten. Reglane i folketrygdlova § 21-12
gjeld tilsvarande så langt dei høver.
§ 23 Andre reglar om
saksbehandling
Reglane i folketrygdlova §§ 20-8, 21-9,
21-10, 21-11, 22-1, 22-6 og 22-18 gjeld tilsvarande så langt
dei høver.
§ 24 Når lova
tek til å gjelde
Lova tek til å gjelde frå det tidspunktet
Kongen bestemmer.
Berit Brørby |
Finn Martin Vallersnes |
president |
sekretær |