År 2005 den 17. mars holdtes Odelsting, hvor da ble gjort slikt
§ 1 Formålet med lova
Denne lova har til formål å fremme ei
berekraftig forvaltning av skogressursane i landet med sikte på aktiv
lokal og nasjonal verdiskaping, og å sikre det biologiske
mangfaldet, omsyn til landskapet, friluftslivet og kulturverdiane
i skogen.
§ 2 Virkefeltet for lova
Denne lova gjeld for all skog og skogmark. Med skogmark
forstår ein i denne lova grunn som er skogproduserande,
eller som etter ei samla vurdering er best eigna for skogproduksjon,
og som ikkje er nytta til andre formål.
Lova gjeld sjølv om eit område er verna
etter naturvernlova eller i plan etter plan- og bygningslova er lagt
ut til andre formål enn landbruk, så sant ikkje anna
følgjer av verne- eller planvedtaket eller av forskrifter
knytt til vedtaket.
Lova kan ikkje nyttast i strid med dei rettane reindriftssamane
har til trevirke og brensel.
§ 3 Skogbruksstyresmakt
Departementet er øvste skogbruksstyresmakt. Departementet
kan overføre mynde til andre forvaltningsorgan. Fylkeslandbruksstyret,
fylkesmannen og kommunen har slikt mynde som følgjer av
føresegnene i lova, forskrift fastsett av departementet
og andre avgjerder om overføring av mynde.
Dersom saka krev samordning over kommunegrenser, eller
viktige nasjonale omsyn tilseier det, kan oppgåver som
i eller i medhald av lova er lagt til kommunen behandlast av departementet
eller anna skogbruksstyresmakt.
Fylkesmannen er skogbruksstyresmakt for skog som kommunen
eller fylkeskommunen eig.
§ 4 Skogeigaren sitt forvaltaransvar
Skogeigaren skal sjå til at alle tiltak i skogen
blir gjennomførte i samsvar med lov og forskrift. Skogeigaren
skal ha oversikt over miljøverdiane i eigen skog og ta
omsyn til dei ved gjennomføring av alle tiltak i skogen.
Slike omsyn kan føre til at nokre tiltak i skogen ikkje
kan gjennomførast. Innafor desse rammene står
skogeigaren fritt til å forvalte skogen ut frå eigne mål.
Skogeigaren skal sjå til at dei som gjer arbeid
i skogen rettar seg etter lova og forskriftene.
Departementet kan gi nærare forskrifter om omsyn
skogeigaren skal ta i høve til miljøet.
§ 5 Skogregistrering og skogbruksplan
Skogbruksplanlegginga omfattar skogregistreringar som gir
oversikt over skog- og miljøressursane på eigedommen
og ein plan for forvaltninga av desse.
Skogregistreringar kan gjennomførast i eit område
jamvel om ikkje alle skogeigarane har tinga skogbruksplan. Alle
skogeigarar skal ha melding om at registreringa blir gjort. Oversikter
over miljøverdiane som kjem fram gjennom skogbruksplanlegginga
skal vere offentleg tilgjengelege, jf. lov 9. mai 2003 nr. 31 om
rett til miljøinformasjon og deltakelse i offentlige beslutningsprosesser
av betydning for miljøet.
Kommunen kan gi skogeigaren pålegg om gjennomføring
av skogregistreringar og utarbeiding av ressursoversikt eller skogbruksplan.
Departementet kan gi forskrift om skogregistrering og skogbruksplanlegging
med mellom anna krav til innhaldet i planen og reglar om korleis
data som blir samla inn skal forvaltast.
§ 6 Forynging og stell av skog
Skogeigaren skal sørgje for tilfredsstillande
forynging etter hogst, og sjå til at det er samanheng mellom
hogstform og metode for forynging. Nødvendige tiltak for å leggje
til rette for forynging skal setjast i gang innan 3 år
etter at hogsten er skjedd.
Fristen for forynging kan utsettes til 5 år der
det ut frå klimatiske og lokale forhold er forsvarleg.
Dersom skogeigaren ikkje rettar seg etter dette, avgjer
kommunen om skogeigaren skal påleggjast å setje
i verk tiltak for å sikre at arealet blir forynga. Tiltaket
må setjast i verk innan ein frist som maksimalt kan vere
på 2 år. Blir ikkje tiltaka utførte innan
fristen, skal kommunen sørgje for at tiltaka blir utførte
for skogeigaren si rekning. Kommunen sine kostnader i denne samanhengen
kan krevjast dekt frå middel som er avsett i skogfondet.
Kostnadene er tvangsgrunnlag for utlegg.
Dersom kommunen finn det nødvendig for å hindre
store negative effektar på miljøverdiane, under dette
ureining av viktige vassførekomstar, kan kommunen nekte
skogeigarar å plante i skoglause område, å skifte
treslag, å grøfte, gjødsle eller bruke
plantevernmiddel. Kommunen kan også setje vilkår
i slike høve.
Departementet kan fastsetje nærare forskrifter
om forynging og stell av skog, under dette krav til tilfredsstillande
forynging, skifte av treslag, bruk av utanlandske treslag, grøfting
i skog, gjødsling av skog, bruk av plantevernmiddel i skog
og frø- og planteforsyninga i skogbruket.
§ 7 Vegbygging i skog
Bygging og ombygging av vegar til skogbruksformål
kan berre gjennomførast etter løyve frå kommunen.
Planlegging, bygging og ombygging skal skje på ein
måte som tek omsyn til viktige miljøverdiar og som
sikrar landbruksfaglege heilskapsløysingar. Det skal leggjast
vekt på å oppnå eit rasjonelt vegnett,
der det også blir teke omsyn til den nytten vegen kan få for anna
næringsverksemd knytt til landbrukseigedommane.
Departementet kan gi nærare forskrifter om planlegging,
godkjenning og bygging av skogsvegar og av andre anlegg og tekniske
inngrep knytte til skogbruk.
§ 8 Hogst og måling
Ved hogst skal det takast omsyn til skogen sin framtidige
produksjon og forynging samstundes som det blir teke omsyn til miljøverdiane.
Det skal sørgjast for at bruk av stigar, løyper
og andre ferdselsårer ikkje blir unødig
vanskeleggjort for allmenta etter at hogsten er avslutta. Kommunen
kan påleggje skogeigar å rette opp køyreskadar
eller andre skadar etter tiltak i skogen.
Om ein hogst blir planlagt eller skjer i strid med denne
lova, reduserer eigedommen sitt produksjonsgrunnlag vesentleg, eller
kan få uheldige verknader for miljøverdiane, kan
kommunen nekte hogsten eller setje vilkår for korleis den
skal gjennomførast.
Når ikkje anna er fastsett av departementet skal kjøpar
og seljar sørgje for at alt skogsvirke som blir hogd til
foredling, sal eller eksport blir målt. Departementet kan
gi nærare forskrifter om registrering og oppgåveplikt
i samband med slik måling.
§ 9 Førebyggjande tiltak
Når det er fare for at større skogområde
kan bli skadd av insekt- eller soppangrep skal kommunen setje i
verk dei førebyggjande tiltak som er nødvendige.
Dette kan mellom anna vere pålegg til skogeigarar. Dette
gjeld også for skog og tre i område som er utanfor
virkefeltet i § 2. Departementet kan fastsetje nærare
forskrifter om slike tiltak, og korleis utgiftene skal dekkjast.
Kommunen sine kostnader i denne samanhengen er tvangsgrunnlag for
utlegg.
Der beiting av hjortevilt fører til vesentlege
skadar på skog som er under forynging, eller der beitinga
er ei vesentleg hindring for å overhalde plikta til å forynge
skog etter § 6 i denne lova, skal kommunen som viltorgan
vurdere om det er behov for å regulere bestanden av hjortevilt
slik at beitetrykket blir redusert.
§ 10 Tiltak etter skade på skog
Når skogen er skadd som følgje av uheldig
skogbehandling, råte, brann, vindfelling, skred, sjukdom, sopp-,
smågnagar-, hjortevilt- eller insektangrep, eller andre
forhold som reduserer skogproduksjonen vesentleg, kan kommunen påleggje
skogeigaren å setje i verk dei tiltak som er nødvendige
for å rette opp skadane. Kommunen skal setje ein frist
for slike tiltak. Fristen skal ikkje vere lengre enn 2 år.
Blir ikkje tiltaka utførte innan fristen, skal kommunen
sørgje for at tiltaka blir utførte for skogeigaren
si rekning. Kommunen sine kostnader i denne samanhengen
er tvangsgrunnlag for utlegg.
§ 11 Meldeplikt
Når det er nødvendig for å halde
kontroll med at lova blir følgt, kan kommunen eller anna
skogbruksstyresmakt gjere vedtak om at skogeigarar skal ha plikt
til å melde inn planar om hogst og tiltak knytt til forynging
og stell av skog. Denne meldeplikta kan gjelde ein eller fleire
skogeigarar i heile eller delar av kommunen.
Meldinga skal vere skriftleg og gi opplysningar om dei
planane eigaren har for hogst eller tiltak. Meldinga skal sendast
til kommunen seinast 3 veker før hogsten eller tiltaket
skal setjast i verk.
Har kommunen ikkje gitt svar på meldinga innan 3
veker frå den dagen da meldinga kom fram til kommunen,
eller gjort vedtak med heimel i §§ 6 tredje ledd,
8 andre ledd eller forskrift i medhald av §§ 4
eller 7, kan det meldte tiltaket setjast i verk i samsvar med dei
reglane som gjeld etter lova. Om kommunen treng meir tid for å ta
stilling til tiltaket, kan fristen forlengjast med inntil 14 dagar.
Tillatelsen gjeld for 10 år .
§ 12 Vernskog
Fylkeslandbruksstyret kan gi forskrift om at skog skal
vere vernskog når skogen tener som vern for annan skog
eller gir vern mot naturskadar. Det same gjeld område opp
mot fjellet eller ut mot havet der skogen er sårbar og
kan bli øydelagt ved feil skogbehandling.
Forskrifta skal leggje fast grensene for vernskogen og
gi reglar for forvaltninga av skogen. Det kan også fastsetjast
reglar om meldeplikt.
Kommunen skal sørgje for at eigarar av vernskog blir
gjort kjent med vernskogvedtaket og dei reglane som blir fastsette,
og skal kunngjere vedtaket i dei aviser kommunen elles nyttar til
kunngjeringar.
§ 13 Skogområde av særleg
miljøverdi
Departementet kan ved forskrift leggje strengare restriksjonar
på skogbehandlinga i skogområde av særleg
miljøverdi knytt til biologisk mangfald, landskap, friluftsliv
eller kulturminne enn det lova elles gir heimel for når
skogbehandlinga kan føre til vesentleg skade eller ulempe
for desse verdiane.
§ 14 Innbetaling til skogfond
Skogfond er ei tvungen fondsavsetjing som skal gi skogeigaren
eit betre grunnlag for å finansiere tiltak med sikte på ei
berekraftig forvaltning av skogressursane.
Skogeigaren skal setje av middel til skogfondet ved sal,
oreigning eller anna overdraging av hogd eller framdrive virke eller
av tre på rot, ved skogeigaren sin bruk av virke for vidare
sal eller anna overdraging. Plikta gjeld ikkje skogeigaren sin bruk
av virke til eige behov i samband med jord- og skogbruksverksemd
på eigedommen.
Fylkesmannen kan frita ein skogeigar frå plikta
til å innbetale til skogfond etter første ledd
dersom det er urimeleg å krevje slik innbetaling, og skogeigaren
kan vise til at det blir utført investeringsarbeid i skogen som
minst svarar til den innbetalinga som er pliktig.
Inneståande skogfondsmiddel følgjer eigedommen
ved overdraging til ny eigar, og inneståande middel kan
ikkje skiljast frå eigedommen ved pantsetjing, tvangsfullføring
eller på annan måte.
Departementet kan gi forskrifter om ordninga med skogfond,
og fastset kor stor fondsavsetjinga skal vere. Avsetjinga skal ikkje
vere lågare enn 2 prosent av bruttoverdien av virket.
Ved manglande innbetaling til skogfondet er krav frå kommunen
tvangsgrunnlag for utlegg.
§ 15 Bruk av skogfondet
Skogfondet skal brukast til langsiktige investeringar til
fordel for den skogen som virket kjem frå, eller til fordel
for annan skog som skogeigaren har i same kommune. Med godkjenning
frå kommunen kan middel på skogfondet også førast
over til annan skog som skogeigaren har.
Skogfondet skal i første rekkje brukast til skogkultur,
skogbruksplanlegging, skogproduksjon, skogsvegar og tiltak som tek
sikte på å sikre viktige miljøverdiar
i skogen.
Departementet kan gi nærare forskrifter om bruken
av skogfondet, mellom anna reglar om frigjeving av fondsmiddel dersom
det ikkje er behov for investeringar i skogen.
§ 16 Renter av skogfondsmiddel
Skogeigaren har ikkje krav på renter av inneståande
middel på skogfond.
Rentene av skogfondet skal nyttast til administrasjon av
skogfondsordninga, og til å dekkje eventuelle tap i samband
med innkrevjing av pliktig innbetaling til skogfondet. Renter som
ikkje blir brukt til desse formåla, skal brukast til ulike
skogbruksformål etter nærare forskrifter fastsett
av departementet.
§ 17 Avgift på skogsvirke for å fremme
forsking og utvikling i skogbruket
Departementet kan ved forskrift vedta at det skal svarast
ei avgift på skogsvirke til å fremme forsking og
utvikling i skogbruket og fastsetje nærare reglar om innbetaling,
bruk og forvaltning av denne avgifta, og for kor lang periode ho
skal krevjast inn.
§ 18 Konkurranseavgrensande verksemd
Departementet kan fastsetje i forskrift at skogeigarane
og organisasjonane deira skal ha rett til å samarbeide
om produksjon og omsetjing av landbruksprodukt.
§ 19 Tilskot
Departementet kan fastsetje forskrifter om fordeling av
og vilkår for utbetaling av tilskot til nærings- og
miljøtiltak i skog etter slike rammer som Stortinget gir.
Forskriftene kan innehalde reglar om å krevje tilskot tilbake
dersom vilkåra for tilskot ikkje er oppfylte.
§ 20 Tilsyn, kontroll og rapportering
Kommunen skal føre tilsyn med at føresegnene
i lova blir haldne, og kontrollere at vedtak med heimel i lova blir
gjennomførte. Departementet kan gi forskrift om kommunane
sin rapportering og resultatkontroll.
Ved tilsyn har skogbruksstyresmakta rett til tilkomst til
skog og utmark, også ved bruk av motorkjøretøy.
Ved utarbeiding av oversikter over skog- og virkesutviklinga,
har skogbruksstyresmakta rett til innsyn i sertifiseringsrapportar
og liknande oversikter som blir utarbeidd av skogeigarorganisasjonane
eller av organ knytt til desse.
§ 21 Klage
Vedtak kommunen gjer etter denne lova kan påklagast
til fylkeslandbruksstyret om ikkje departementet har fastsett at
fylkesmannen skal vere klageinstans.
Departementet eller den departementet har gitt mynde er
klageinstans for vedtak gjort av fylkeslandbruksstyret eller fylkesmannen
i første instans.
§ 22 Straff
Den som forsettleg eller aktlaust bryt eller medverkar
til brot på føresegnene i §§ 6,
7, 8, 11, 12, 13, 14 eller 15, forskrifter gitt med heimel i desse
paragrafane eller vedtak i medhald av desse føresegnene
eller forskriftene, blir straffa med bøter eller fengsel
i inntil eitt år.
Den som forsettleg eller aktlaust bryt eller medverkar
til brot på forskrifter gitt med heimel i §§ 4 tredje
ledd eller 17 eller vedtak i medhald av desse forskriftene, blir
straffa på same måte.
Straff etter første og andre ledd kan berre nyttast når
brotet er vesentleg.
§ 23 Tvangsmulkt
For å sikre at føresegnene i lova og
vedtak fatta med heimel i lova blir gjennomførte, kan kommunen påleggje
skogeigaren tvangsmulkt. Tvangsmulkta kan krevjast inn frå den
fristen kommunen har sett for retting av forholdet. Tvangsmulkta
kan også fastsetjast på førehand. Det
kan fastsetjast at tvangsmulkta aukar så lenge det ulovlege
forholdet varer ved.
Tvangsmulkta er tvangsgrunnlag for utlegg.
§ 24 Iverksetjing
Lova tek til å gjelde frå den tid Kongen
fastset.
Frå same tid held desse lovane opp å gjelde:
a) Lov 9. juni 1939 nr. 17 om husbruksskog.
b) Lov 9. november 1956 nr. 4 om avgift på skogsvirke
til fremme av fellestiltak for skogbruket.
c) Lov 21. mai 1965 nr. 21 om skogbruk og skogvern.
§ 25 Overgangsreglar
Forskrifter og vedtak med heimel i dei lovane som er nemnde
i § 24 andre ledd skal gjelde fram til departementet gjer
nye vedtak eller fastset nye forskrifter med heimel i lova her.
Føresegnene i lov 9. juni 1939 nr. 17 om husbruksskog
skal gjelde for Nystaul og Finsbu husbruksskog i Kilen i Telemark
fram til eigarane av skogen har vedteke ein annan organisering av
drifta av eigedommen.
§ 26 Endringar i andre lover
Frå den tida Kongen fastset blir det gjort slike
endringar i anna lovgjeving:
1. I følgjande lover skal omgrepet «skogoppsyn» endrast
til «skogbruksstyresmakt»:
lov 28. juni 1974 nr. 58
om odelsretten og åsetesretten § 63,
lov 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte o.a. § 93,
lov 19. juni 1992 nr. 59 om bygdeallmenninger § 1-6
annet ledd annet punktum.
2. I følgjande lover skal omgrepet «skogavgift» endrast
til «skogfond»:
lov 19. juni 1992 nr. 59
om bygdeallmenninger § 1-6 annet ledd annet punktum,
lov 19. juni 1992 nr. 60 om skogsdrift m.v. i statsallmenningene § 2-8
annet ledd,
lov 26. mars 1999 nr. 14 om skatt av formue og inntekt § 8-2
(2) annet ledd,
lov 20. desember 2002 nr. 99 om endringer i lov 26. mars
1999 nr. 14 om skatt av formue og inntekt VI til § 8-2
annet ledd bokstav a.
3. Tilvisinga til tittelen på gjeldande
skogbrukslov endrast til tittelen på den nye lova i følgjande
lover:
lov 21. desember 1979 nr.
77 om jordskifte o.a. § 93,
lov 19. juni 1992 nr. 60 om skogsdrift m.v. i statsallmenningene § 2-8
første ledd,
lov 24. november 2000 nr. 82 om vassdrag og grunnvann § 12
fjerde ledd.
4. I lov 29. november 1968 um særlege råderettar
over framand eigedom (servituttlova) skal § 14 første
ledd tredje punktum lyde:
For skoglaus mark gjeld dette likevel berre så langt
marka er rekna for skogmark etter skogbrukslova § 2.
5. I lov 19. juni 1992 nr. 59 om bygdeallmenninger skal § 5-3
første ledd annet punktum lyde:
Avgiften skal dekke skogfond etter skogbrukslova kapittel
4, samt allmenningsstyrets utgifter i forbindelse med
utvisningen og til nødvendig skogkultur for så vidt
det ikke dekkes av skogfondmidler og offentlige
tilskudd.
6. I lov 19. juni 1992 nr. 60 om skogsdrift m.v.
i statsallmenningene skal § 2-8 første ledd lyde:
Når virkesretten utøves ved utvisning
etter § 2-7, skal skogfond etter skogbrukslova
kapittel 4 innbetales til Statens skogforvaltning eller
til allmenningsstyret innen en frist som fastsettes i forbindelse
med at den virkesberettigede underrettes om tildelingen.
7. I lov 24. november 2000 nr. 82 om vassdrag og grunnvann
skal § 20 første ledd bokstav e lyde:
8. I lov 28. juni 1974 nr. 58 om odelsretten og åsetesretten
skal omgrepet «fylkeslandbruksstyret» endrast til «landbruksmyndigheita»,
i § 16 fjerde ledd annet punktum, § 24 første
punktum, § 31 annet ledd og § 54 første
ledd.
Berit Brørby |
Finn Martin Vallersnes |
president |
sekretær |