År 2007 den 31. mai holdtes Odelsting, hvor da ble gjort slikt
I lov 3. februar 1961 om ansvar for skade som motorvogner
gjer (bilansvarslova) blir det gjort følgende endringer:
§ 9 skal lyde:
§ 9 (ansvarsgrense ved skade på gods)
Når gods vert skadd, kan skadebota vera opptil 10 000
000 kroner for det som vert skadd i same hending. Var
det meir enn ei vogn som gjorde skaden, hefter dei som har ansvaret
for kvar vogn, for heile summen.
Er skaden på gods større enn 10
000 000 kroner og meir enn ein har lide skade, vert summen
bytt mellom dei etter storleiken på kvart skadebotkrav.
Krav om skadebot må setjast fram til trygdeverket eller,
om så er, staten eller den kommunen eller kommunale institusjonen
som det gjeld, jf § 16, seinast ein månad
etter skaden vart gjord. Skadelidar som set fram kravet sitt etter
den tid og etter at skadebota til andre skadelidarar er utreidd,
kan krevja sitt berre av det som står att av ansvarssummen
(trygdesummen).
Attåt skadebot som er nemnd i paragrafen her, skal
det svarast rente etter § 6 og sakskostnad.
Departementet kan gje føresegner om indeksregulering
av summane som er nemnde i fyrste og andre leden.
§ 10 annet ledd skal lyde:
Har ei motorvogn gjort skade på folk eller gods
, men ingen veit å seia kva for vogn det var, skal dei trygdelaga
som er godkjende eller registrerte etter § 17
bokstav a, bera skaden i lag som om vogna hadde vore lovleg trygda
hjå dei. For gods gjeld dette likevel berre når
det ved hendinga også er gjort meir enn uvesentleg skade
på person. I vurderinga av om det er gjort meir enn uvesentleg
skade på person, skal det leggjast vekt på kor
stor og varig skaden er. Regelen i første punktum
i leden her gjeld tilsvarande for skade på fast eigedom
og dyr med unntak for lause hundar.
§ 17 første ledd bokstav f og ny
bokstav g og h skal lyde:
f) utreiing av skadebot etter § 10,
og om korleis slik skadebot skal bytast på trygdelaga,
g) at motorvogn som ikkje skal trygdast, skal reknast
som utrygda etter reglane i bilansvarslova § 10,
og om attsøkjingsrett for dei trygdelaga som har reidd
ut skadebot for slik skade,
h) trygding for motorvogner som blir ført
inn til riket utan å vere registrert her.
Loven gjelder fra 11. juni 2007.
Det beløpet som er fastsatt i bilansvarslova § 9
første og annet ledd, skal likevel først gjelde
fra 1. januar 2008. Fra 11. juni 2007 til og med 31. desember
2007 skal beløpet være 2 000 000 kroner.
Berit Brørby |
Henning Skumsvoll |
president |
sekretær |