Vedlegg 1: Brev fra Arbeids- og administrasjonsdepartementet v/statsråden til familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, datert 1. desember 1999

Sal Av Pilestredet Park

Eg viser til brev frå familie-, kultur- og administrasjonskomiteen av 29.11.99 om kor langt departementet har kome i prosessen med sal av Pilestredet Park.

Prosessen med sal av delar av Pilestredet Park er i gang, og skal etter planen vere avslutta medio desember -99. Budfrist er 19.11.99. Jf omtale av saka i samband med revidert nasjonalbudsjett, St.prp. nr. 67 (1998-99). Eg legg ved prospektet for sal av eigdedom i Pilestredet Park til orientering.

I St.prp. nr. 1 (1999-2000) Arbeids- og administrasjonsdepartementet, har Regjeringa gjort framlegg om inntekter på 134 mill. kroner i kap. 4583 frå sal av eigedom i Pilestredet Park. Denne summen omfattar 101 mill. kroner frå sal av Kirurgiblokka til Thon.