4. Konto til konto - overføring av tilgodebeløp ved skatteavrekninga

Samandrag

       Departementet går inn for at det blir lagt til rette for konto til konto-overføring av tilgodebeløp ved skatteavrekninga, ved at bankar m.v. vert pålagde å merke visse av dei innskotskonti dei i dag gir rente- og saldoopplysningar om. Dette gir både betre service, betre tryggleik og vil vere kostnadssparande. Den gjeldande ordninga med generell bruk av betalingskort i posten er ikkje lenger tidsmessig.

       Fleire av høyringsinstansane meiner at det ved ei direkteoverføring av tilgodebeløp burde vere skattytar sjølv som oppgjev til skattestyresmaktene kva konto eit slikt beløp skal overførast til.

       Dersom skattytar sjølv skulle gje opplysningar om konto for eventuell kreditering av for mykje betalt skatt, måtte registreringa skje manuelt. Ei kvar form for manuell registrering vil innebere at potensialet for reduserte kostnader vert vesentleg mindre. Manuell registrering vil generelt stille store krav til trygging, m.a. rutiner som kan redusere faren for feil og misbruk. Under ei ordning med heilt ut manuell registrering er det grunn til å tru at oppslutninga om ordninga vil bli vesentleg redusert. Ordninga vil då måtte byggjast opp over tid, slik tilfellet har vore i andre etatar som har teke manuell registrering i bruk.

       Ei ordning der bankane m.v. vert pålagde å markere visse typar konti når dei oppgir innskotskonti til likningssstyresmaktene, vil etter departementet sitt syn vere den klart beste og sikraste måten å innhente slike opplysningar på.

       Etter departementet sitt syn er det viktig at skattytaren har valrett både med omsyn til oppgjersform og med omsyn til kva kontonummer som i tilfelle skal nyttast. Skattytaren vil bli tilskriven med opplysningar m.a. om det kontonummeret som skattestyresmaktene vil bruke og om høvet til å reservere seg mot ordninga. Departementet foreslår at bankane spesifiserer konti der det regelmessig går inn lønn eller pensjon. Kriteria for utplukking vil bli utarbeidd av Skattedirektoratet i samråd med bankane. Dersom det ut frå dei kriteria som bankane skal nytte finst fleire aktuelle konti på ein og same skattytar, vil Skattedirektoratet gjere eit tilfeldig val à konto og opplyse om skattytaren sitt høve til å velje ein annan konto eller eventuelt å reservere seg mot å vere med på ordninga. Det vil ikkje vere bankane sitt ansvar dersom dei ikkje finn ein eigna konto etter dei plukkriteriane som vert utarbeidd. Personar som ein ikkje finn eigna kontonummer på, vil som før få tilgodebeløpet ved utbetalingskort.

       For ytterlegare å sikre at tilgodebeløpet vert overført til rett konto, vil Skattedirektoratet køyre ein maskinell kontroll der fødselsnummer knytte til skattytar og kontohavar blir samanlikna i Skattedirektoratet sitt rente- og saldoregister. Der det ikkje er samsvar, vil det i staden bli sendt ut utbetalingskort. Utbetalingskort vil også verte nytta ved tilbakebetaling av tilgodebeløp som følgje av endring av likning.

       Departementet syner til vedlagte framlegg til endring av likningslova § 6-4 nr. 4. Departementet gjer framlegg om at endringane skal gjelde med verknad for oppgåver som skal gjevast frå og med inntektsåret 1996.

       For inntektsåret 1995 var det om lag 2,2 millionar skattytarar som hadde tilgodebeløp ved skatteavrekninga. Ved ein overgang til konto til konto-overføring er det grunn til å tru at kostnadane ved tilbakebetaling av tilgodebeløp på noko lengre sikt vil kunne reduserast med mellom 10 og 20 mill. kroner årleg. Ordninga vil representere ein kostnad for bankane ved utvikling og køyring av dataprogram der eigna konti er merka. På den andre sida vil bankane ha fordel av at tilgodebeløp kjem rett inn på skattytar sin konto. Samla sett kan det leggjast til grunn at det ikkje vil bli meirkostnader for bankane av noko særleg omfang.

       Bankane har frå før av plikt til å gje m.v. til likningsstyresmaktene. Merkinga av eigna konto for tilbakebetaling av skatt som det vert gjort framlegg om her, vil derfor berre vere eit lite tillegg i deira oppgåveplikt.

Komiteens merknader

       Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Senterpartiet og Rød Valgallianse, slutter seg til Regjeringens opplegg for ordningen med konto til konto-overføring av tilgodebeløp ved skatteavregningen. Flertallet vil bemerke som det står i proposisjonen at skattyter har full anledning til å reservere seg mot ordningen.

       Flertallet vil understreke at dette er en frivillig ordning.

       Komiteens medlemmer fra Senterpartiet går imot Regjeringens forslag til automatisk overføring mellom konti for tilgodebeløp i forbindelse med for mye betalt skatt. Disse medlemmer legger vekt på skattyternes rett til å selv bestemme hvordan slike utbetalinger fra skattemyndighetene skal plasseres. Disse medlemmer viser bl.a. til høringsuttalelser om at skattyter selv bør oppgi hvor pengene skal gå. Disse medlemmer finner heller ikke at Regjeringen har fullt ut avklart problemene en automatisk overføringsordning kan medføre; herunder spørsmål om konti som disponeres av flere personer enn skattyter selv, innbetaling til konti som er båndlagt av kreditorer m.v. Disse medlemmer er opptatt av individets beskyttelse mot overdreven automatisk og maskinell behandling av alle formuesforhold. Selv om feilprosenten kan være liten med slike automatiske systemer er konsekvensene ved feilposteringer store for skattyter. De muligheter skattyter har til å reservere seg mot ordningen vil i praksis bare bli benyttet av ressurssterke skattytere som begriper konsekvensene av de nye reglene. Disse medlemmer vil derfor, på prinsipielt grunnlag, gå imot Regjeringens opplegg for en ordning med konto-overføring av tilgodebeløp ved skatteavregningen.