Merknader frå komiteen

Komiteen sluttar seg til forslaget om at bilansvarslova § 10 om ansvar for skade gjort av ukjend motorvogn vert utvida til å omfatte skade på dyr, med unnatak av lause hundar. Komiteen viser til at reglane om erstatning ved skade på dyr dermed blir like, uavhengig av om skaden er forårsaka av kjend eller ukjend motorvogn.

Komiteen har merka seg at Norges Automobil-Forbund meiner ansvaret etter § 10 bør utvidast til å gjelde alle typar formuesgoder, ikkje berre dyr. Komiteen har vidare merka seg at departementet peikar på bevisvanskar som eit særleg problem ved skade gjort av ukjend motorvogn, og at departementet meiner vanskane ved bevisvurderinga gjer at ansvaret ikkje bør utvidast generelt til alle formuesgoder. Når det gjeld dyr, vil dei ytre skadene og andre tilhøve oftare seie noko om årsaka til skaden, og bevisvanskane er derfor ikkje eit så vektig omsyn at ikkje omsynet til den som har lidd tap bør vege tyngre. Departementet viser òg til at ein ikkje har greidd ut konsekvensane av eit generelt erstatningsansvar på så brei basis at det er tilrådeleg med ei meir omfattande endring av lova.

Komiteen er einig i dei vurderingane departementet gjer om dette, men finn det naturleg at departementet ved eit seinare høve vurderer meir omfattande endringar i § 10, dersom ein meiner det ligg føre eit behov for å utvide ansvaret til fleire typar formuesgoder.