5. Bør menneskerettskonvensjonar innarbeidast i lovgjevinga?

Ei innarbeiding av ein eller fleire menneskerettskonvensjonar i lovgjevinga, vil skape eit formelt grunnlag for å bruke desse konvensjonane, og styrke konvensjonane si stilling. Menneskerettighetslovutvalget uttalar mellom anna at innarbeiding av konvensjonane i lovgjevinga kan oppfattast som ei ny understreking av at norske styresmakter tek menneskerettane alvorleg. Dette kan kanskje styrke gjennomslaget for norske styresmakter og ikkje-statlege organisasjonar sitt arbeid for respekt for menneskerettane i andre land.

Blant høyringsinstansane vert det gjeve uttrykk for at innarbeiding av menneskerettskonvensjonar vil gje eit viktig signal om norske styresmakter si vektlegging av menneskerettane i den nasjonale rettsorden.

Departementet er einig i desse vurderingane. Innarbeiding av menneskerettskonvensjonar i norsk lovgjeving vil òg kunne føre til auka kunnskap om konvensjonane.

Før Noreg ratifiserer menneskerettskonvensjonar, vert det gjort ein gjennomgang av konvensjonsreglane i høve til norsk rett, og dei nødvendige tilpassingar eller atterhald vert teke. Denne prosedyren fører til at norsk rett som regel innfrir krava i menneskerettskonvensjonane som Noreg er bunde av. Det kan likevel finnast område i lovgjevinga som er blitt oversett. Det kan heller ikkje utelukkast at konvensjonsorgana si tolking av konvensjonen vert endra over tid og at dette kan føre til motstrid med ein norsk lov eller praksis.

Slik departementet ser det, kan det ikkje på generelt grunnlag konkluderast med at menneskerettskonvensjonar bør eller ikkje bør innarbeidast i lovgjevinga. Dette må vurderast konkret i høve til kvar einskilde konvensjon. Gjeldande praksis, som går ut på at ein utan vidare nøyer seg med å konstatere eller skape rettsharmoni gjennom atterhald eller spredte lovendringar, bør ein likevel gå bort frå.

Komiteen sine merknader

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Vidar Bjørnstad, Astrid Marie Nistad, Jan Petter Rasmussen og Ane Sofie Tømmerås, frå Framstegspartiet Jan Simonsen, og Jørn L. Stang, frå Kristeleg Folkeparti, Finn Kristian Marthinsen og Åse Wisløff Nilssen, frå Høgre, leiaren Kristin Krohn Devold og Bjørn Hernæs, og frå Senterpartiet, Tor Nymo, vil understreke at det er eit svært viktig signal til enkeltpersonar, institusjonar, styresmakter og omverda at Noreg no inkorporerar som eiga lov den europeiske menneskerettskonvensjon og dei to FN-konvensjonane om høvesvis økonomiske, sosiale og kulturelle rettar, og sivile og politiske rettar.

Komiteen vil understreke at den europeiske menneskerettskonvensjonen og dei to FN-konvensjonane er ei demokratisk, moralsk og etisk rettesnor for eit rettferdig samfunn, for utvikling av verda og for eit globalt ansvar for utsette menneske. Målsettinga med lov om styrking av menneskerettar er å styrkje enkeltmenneska si stilling i norsk rett. Inkorporeringa i norsk lov vil styrke rettsvernet til enkeltindividet og slik legge grunnlaget for at alle får ei mest mogleg rettferdig handsaming i vårt eige land. Det er innafor den enkelte stat at individa eller minoritetar får sine menneskerettar anten respektert eller krenka.

Komiteen vil understreke at det er viktig å vektlegge at Noreg no i lovs form underlegg seg dei nemnde menneskerettskonvensjonane. Det er ei understreking av at norske styresmakter tek menneskerettane på alvor. Det vil styrke rettstryggleiken til eigne borgarar og samstundes gje oss truverde i vårt internasjonale arbeid, der norske styresmakter og ikkje-statlege organisasjonar arbeider for respekten for menneskerettane i andre land.

Ved inkorporeringa vil ein styrke det enkelte menneske sine rettar som grunnleggjande, som må takast omsyn til i norsk rettsvesen og som det etter Grunnlova § 110 c påligg staten å sikre:

«Det paaligger Statens Myndigheder at respektere og sikre Menneskerettighederne.

Nærmere Bestemmelser om Gjennomførelsen av Traktater herom fastsættes ved Lov.»

Komiteen er samd med departementet i at dei grunnleggjande menneskerettskonvensjonar bør innarbeidast i lovgjevinga. Gjeldande praksis, som går ut på at ein utan vidare nøyer seg med å konstatere eller skape rettsharmoni gjennom atterhald eller spredte lovendringar, bør ein gå bort frå. Sjølv om konvensjonane er ratifisert frå norsk side og Noreg er bunden av dei, gjer vi dei uttrykkjeleg operative for norske domstolar gjennom lov. Med denne lovfestinga sikrar vi at menneskerettar fullt ut vert lagde til grunn ved norske domstolar.

Komiteen vil likevel understreke at det ikkje er nokon automatikk i at ei innarbeiding av menneskerettskonvensjonane i norsk lovgjeving fører til auka kunnskap om konvensjonane. Her trengst spesiell kompetanse for å bygge opp den nasjonale kompetansen. Komiteen kjem attende til dette punktet i merknadene under pkt. 9.