4. Endring i selskapsskatteloven

Sammendrag

Ved lov av 28. juni 1996 nr. 41, i samband med innføringa av dei nye reglane om skattlegging av kraftselskap, blei det teke inn ein regel om bruttolikning av «selskap og sameier som driver kraftproduksjon, når deltakerene selger det vesentlige av kraftproduksjonen på selvstendig basis» i selskapsskattelova § 6-1 nr. 3 andre punktum. Regelen blei gitt verknad frå 1. januar 1997.

Grunngjevinga for regelen er at nettolikning av produksjonsfelleskap i kraftforsyninga kan reise særskilde likningstekniske problem. For ei nærare framstilling av bakgrunnen for regelen viser departementet til Ot.prp. nr. 23 (1995-1996) kapittel 14, Innst. O. nr. 62 (1995-1996) kapittel 11 og Ot.prp. nr. 22 (1996-1997).

Dei nye reglane om skattlegging av kraftforetak, innførte ved lov av 28. juni 1996 nr. 41, var ei reform som ikkje omfatta andre energiformer enn vasskraft.

Departementet viser til at over 99 pst. av kraftproduksjonen i fastlands-Noreg nettopp skjer i vasskraftverk, jf. Ot.prp. nr. 23 (1995-1996) s. 23. Ordninga gitt i selskapsskattelova § 6-1 nr. 3 andre punktum med bruttolikning av poduksjonsfelleskap i kraftforsyninga er dessutan særleg tilpassa «medeiendomsrett», som er ei vanleg samarbeidsform i vasskraftsektoren, jf. Ot.prp. nr. 23 (1995-1996) avsnitt 14.3. Det er etter departementet si vurdering ikkje grunnlag for å tru at «medeiendomsrett» blir ei vanleg samarbeidsform ved produksjon av andre energiformer enn vasskraft.

Departementet gjer på denne bakgrunn framlegg om at selskapsskattelova § 6-1 nr. 3 andre punktum blir endra slik at regelen berre gjeld for selskap og sameige som driv produksjon av vasskraft.

Departementet gjer framlegg om at endringa trer i kraft straks, med verknad frå og med inntektsåret 1999. Det inneber at ein må endre både selskapsskattelova og den nye skattelova av 26. mars 1999, da regelen som ein gjer framlegg om å endre er teken inn i den nye skattelova med verknad frå og med inntektsåret 2000. Ein viser til utkast til endring i selskapsskattelova § 6-1 nr. 3 andre punktum og den nye skattelova § 10-40 tredje ledd andre punktum.

Komiteens merknader

Komiteen viser til at departementet i brev av 22. juni 1999 har gjort oppmerksom på at det er to skrivefeil i forslaget til lov om endring i lov av 26. mars 1999 nr. 14 om skatt av formue og inntekt, jf. side 10 i proposisjonen. Departementet skriver:

«Forslag til endring i den nye skatteloven gjelder bestemmelsen i § 10-40 tredje ledd annet punktum og ikke § 10-40 nr 3 annet punktum, slik det står i Odelstingsproposisjonen.

Videre skal det innledende ordet Reglene i forslag til lovtekst i § 10-40 tredje ledd annet punktum erstattes med ordet Bestemmelsene. Dette er i samsvar med begrepsbruken i skatteloven av 26. mars 1999 nr 14, jf Ot prp nr 86 (1997-98) side 120 og Innst O nr 40 (1998-99) side 61.»

Vedtak om endring i skatteloven av 26. mars 1999 nr. 14 samsvarer med dette.

Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag om endring i selskapsskatteloven § 6-1 nr. 3 annet punktum og den nye skatteloven § 10-40 tredje ledd annet punktum.