Innstilling frå familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om lov om endringar i lov 28. juni 1957 nr. 12 om pensjonstrygd for fiskere mv.

Til Odelstinget

1. Samandrag

1.1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Sosial- og helsedepartementet legg med dette fram forslag til endringar i

  • lov 28. juni 1957 nr. 12 om pensjonstrygd for fiskere

  • lov 6. juli 1957 nr. 26 om samordning av pensjons- og trygdeytelser

  • lov 3. desember 1951 nr. 2 om pensjonstrygd for skogsarbeidere

Pensjonstrygda er ei ordning med tidlegpensjon, som i dag gir alderspensjon frå 60 til 67 år.

Fiskarpensjonen kan løpe ved sida av inntekt frå arbeid i yrket, som for denne aldersgruppa ofte vil vere redusert i høve til tidlegare. Ordninga er omfatta av samordningslova og er tilpassa folketrygda. Fiskarpensjonen fell mellom anna bort for dei som har uførepensjon frå folketrygda for full uførleik.

Departementet foreslår å oppdatere fiskarpensjonslova, slik at dei reglane der det går fram at trygdekontora er dei lokale organa for pensjonstrygda for fiskarar no blir oppheva. Ein foreslår at Rikstrygdeverket skal halde fram med å ha det overordna ansvaret for pensjonstrygda, og at det blir lovfesta å gi reg­lar om den daglege administrasjonen ved kongeleg resolusjon. Garantikassa for fiskarar i Trondheim, som mellombels tok over oppgåvene til trygdekontora frå 1. januar 1996, kan såleis halde fram med den daglege administrasjonen av pensjonstrygda.

Hovudregelen er at fiskarar og fangstmenn som er førte på blad B i fiskarmanntalet har plikt til å vere medlemer i pensjonstrygda for fiskarar, jf. fiskarpensjonslova § 1 første ledd. Det er dei som har fiske som hovudyrke som er førte på blad B i manntalet.

Departementet foreslår òg å oppheve reaksjonsregelen om å stryke yrkesfiskarar som ikkje betaler medlemspremie til trygda frå blad B i fiskarmanntalet.

Reaksjonsregelen har jamleg vore kritisert sidan regelen blei innført. Kritikken har mellom anna kome frå einskilde fiskarar og organisasjonar i fiskerinæringa. Det blir hevda at reaksjonen med å stryka fiskarar frå manntalet er for streng fordi det får følgjer på område som ikkje har noko med fiskarpensjonen å gjere. Det blir òg hevda at reaksjonsregelen gjer det vanskeleg å administrere fiskarmanntalet.

I staden blir det gitt ein regel om at krav på medlemspremie er tvangsgrunnlag for utlegg. Departementet ønskjer vidare å forbetre ordninga med å leggje saman medlemstid i pensjonstrygda for fiskarar med medlemstid i pensjonstrygda for fiskarar med medlemstid i pensjonstrygda for sjømenn for å nå minstekravet på 750 veker for å få fiskarpensjon.

Dei fleste av høyringsinstansane ønskjer å ta bort koplinga mellom betaling av medlemspremie til pensjonstrygda for fiskarar og retten til å stå på blad B i fiskarmanntalet.

Det har vore kritisert at fiskarpensjonen blir samordna med blant anna uførepensjon frå folketrygda. Departementet finn det vanskeleg å oppheve samordninga særskilt for ei ordning som er ein del av det statsgaranterte trygdesystemet. På den andre sida er det lite tenleg å halde fram med ei ordning som fiskarane sjølve er misnøgde med. Departementet vil difor ta initiativ til å setje ned eit utval til å greie ut alternative løysningar til ei meir individretta ordning. (Jf. statsråd 14. september 2001.)

Departementet foreslår å oppheve ordninga med å leggje saman medlemstid etter samodningslova for pensjonstrygda for fiskarar, samstundes som ordninga held fram når det gjeld å leggje saman med medlemstid i pensjonstrygda for sjømenn. Kravet til medlemstid i pensjonstrygda for fiskarar for å kunne yte pensjon ved å leggje saman medlemstid blir foreslått sett ned til 52 premieveker.

Utvidinga av retten til å få pensjon ved å leggje saman medlemstid vil omfatte om lag 10 medlemer i året.

Pensjonstrygda for skogsarbeidarar er under avvikling. Framlegget om endring i skogsarbeidarpensjonslova er ei teknisk justering som gjeld tidspunktet for avviklinga.

Det blir foreslått at endringane trer i kraft 1. januar 2002.

2. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Eirin Faldet, Trond Giske og Torny Pedersen, frå Høgre, Afshan Rafiq, leiaren Sonja Irene Sjøli og Olemic Thommessen, frå Fremskrittspartiet, Ulf Erik Knudsen og Karin S. Woldseth, frå Sosialistisk Venstreparti, Magnar Lund Bergo og May Hansen, frå Kristeleg Folkeparti, Dagrun Eriksen og Ola T. Lånke og frå Senterpartiet, Eli Sollied Øveraas, viser til at departementet foreslår å oppdatere fiskarpensjonslova, slik at dei reglane der det går fram at trygdekontora er dei lokale organa for pensjonstrygda for fiskarar no blir oppheva. Ein foreslår at Rikstrygdeverket skal halde fram med å ha det overordna ansvaret for pensjonstrygda, og at det blir lovfesta å gi reglar om den daglege administrasjon ved kongeleg resolusjon.

Komiteen støttar at reaksjonsregelen om å stryke yrkesfiskarar som ikkje betalar medlemspremie til trygda frå blad B i fiskarmanntalet vert oppheva (dvs. sosiale rettar og rettar innanfor fisket).

Komiteen støttar vidare å forbetre ordninga med å leggje saman medlemstid i pensjonstrygda for fiskarar med medlemstid i pensjonstrygda for sjømenn for å nå minstekravet på 750 veker for å få fiskarpensjon. Kravet til premieveker i pensjonstrygda for fiskarar for å kunne gjere dette bør vera 52 veker.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet, støttar at det bør komme ein regel om at krav på medlemspremie er tvangsgrunnlag for utlegg.

Fleirtalet viser elles til Ot.prp. nr. 99 (2000-2001) og støttar dei forslag til lov om endringar i lov 28. juni 1957 nr. 12 om pensjonstrygd for fiskere mv. og har elles ingen merknader.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet mener ordningen med en tvungen fiskerpensjonsordning er lite hensiktsmessig og prinsipielt uheldig.

Disse medlemmer viser til Sosial- og helsedepartementets tilråding i forhold til Ot.prp. nr. 99 (2000-2001) der det går frem under pkt. 2.3.3 at kostnadene for inndriving av mindre premier langt overstiger beløpet på premieinnbetalingen.

Dessuten vil en slik frivillig løsning som ble praktisert i tiden 1971-1994 være en administrativt enklere løsning og derfor være ytterligere kostnadsbesparende, slik det går frem av departementets tilråding under pkt. 2.3.4. i forhold til Ot.prp. nr. 99 (2000-2001).

Disse medlemmer mener at individuelt tilpassede pensjonsordninger er å foretrekke. Det vises til at Sosial- og helsedepartementet i den sammenheng har tatt initiativ til å sette ned et utvalg som skal utrede mer individuelt orienterte pensjonsordninger.

Disse medlemmer mener videre at gjeldende ordning for fiskere som blir uføre før fylte 60, og som gjør at retten til fiskerpensjon bortfaller er urettferdig, og går derfor inn for at innbetalt premie til pensjonstrygden for fiskere i slike tilfeller refunderes i sin helhet til de berørte. Disse medlemmer viser til Dokument nr. 8:101 (2000- 2001) fra Harald Tom Nesvik og John Alvheim.

Disse medlemmer tar opp forslag i henhold til Dokument nr. 8:101 (2000-2001).

«Stortinget ber Regjeringen fremme forslag om endringer i pensjonstrygden for fiskere slik at fiskere som blir uføretrygdet før fylte 60 år får tilbakebetalt innbetalt premie til pensjonstrygden for fiskere.»

Disse medlemmer viser her til Stortingets behandling av Innst. S. nr. 202 (2000-2001).

Disse medlemmer vil gå imot § 16.

Disse medlemmer støtter opphevelsen av § 1 andre ledd i den form paragrafen har pr. i dag. Disse medlemmer vil imidlertid fremme forslag om en ny § 1 andre ledd.

Ǥ 1 andre ledd skal lyde:

Ordningen med pensjonstrygd for fiskere er frivillig.»

Når det gjelder de øvrige bestemmelsene har disse medlemmer intet å bemerke.

3. Forslag frå mindretal

Forslag frå Fremskrittspartiet:

Forslag 1

Stortinget ber Regjeringen fremme forslag om endringer i pensjonstrygden for fiskere slik at fiskere som blir uføretrygdet før fylte 60 år får tilbakebetalt innbetalt premie til pensjonstrygden for fiskere.

Forslag 2

§ 1 andre ledd skal lyde:

Ordningen med pensjonstrygd for fiskere er frivillig.

4. Tilråding frå komiteen

Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjere slikt

vedtak til lov

om endringar i lov 28. juni 1957 nr. 12 om pensjonstrygd for fiskere mv.

I

I lov 28. juni 1957 nr. 12 om pensjonstrygd for fiskere blir det gjort desse endringane:

§ 1 andre ledd blir oppheva.

§ 6 nr. 1 andre og tredje ledd skal lyde:

For den som har minst 52 premieuker, kan opptjente pensjonsgivende fartsmåneder etter lov 3. desember 1948 nr. 7 om pensjonstrygd for sjømenn medregnes for å nå opp i minstekravet på 750 premieuker.

Med de unntak som følger av fjerde til sjette ledd gir fra og med 1971 medlemskapet rett til godskriving av 52 premieuker i kalenderåret uansett om medlemmet i hele året eller bare en del av det har vært sysselsatt i fiske- og fangstnæringen, jf. likevel § 2.

Noverande tredje og fjerde ledd blir fjerde og femte ledd.

§ 6 nr. 1 nytt sjette ledd skal lyde:

Premieuker godskrives ikke for tidsrom som det tross varsel ikke er betalt medlemspremie for.

§ 8 første ledd skal lyde:

Alderspensjon ytes fra og med kalendermåneden etter den måned pensjonisten fyller 60 år, dog ikke for lengre tid tilbake enn de siste tre år før den måned hvori krav som nevnt i § 24 er mottatt av trygdens organer.

§ 13 skal lyde:

Trygdens organer kan avslå et krav om pensjon og holde tilbake eller stanse en innvilget ytelse helt eller delvis dersom vedkommende

a)mot bedre vitende gir uriktige opplysninger, eller

b)holder tilbake opplysninger som er viktige for rettigheter eller plikter etter denne loven.

§ 16 nytt nr. 3 skal lyde:

Dersom medlemspremie ikke er betalt ved forfall, skal medlemmet svare renter etter lov 17. desember 1976 nr. 100 om renter ved forsinket betaling m.m. Krav på medlemspremie er tvangsgrunnlag for utlegg.

§ 17 blir oppheva.

§ 20 første punktum blir oppheva.

§ 22 skal lyde:

Pensjonstrygden administreres sentralt av Rikstrygdeverket. Kongen gir forskrift med nærmere bestemmelser om trygdens administrasjon.

§ 23 blir oppheva.

§ 24 nr. 1 skal lyde:

Krav om pensjon etter denne lov skal settes fram skriftlig og på skjema fastsatt av Rikstrygdeverket.

§ 24 nr. 2 blir oppheva.

Gjeldande nr. 3 blir nr. 2.

§ 28 blir oppheva.

§ 29 skal lyde:

Offentlig myndighet og pensjons- eller trygdeordninger plikter uten godtgjørelse og uten hinder av eventuell taushetsplikt å gi de opplysninger som trygdens organer trenger for å sikre riktig behandling av saker etter denne lov.

II

I lov 3. desember 1951 nr. 2 om pensjonstrygd for skogsarbeidere blir det gjort desse endringane:

§ 35 andre ledd skal lyde:

Ved avvikling av pensjonstrygden pr. 31. desember 2005, skal resterende fondsmidler anvendes etter regler som fastsettes av Kongen.

§ 52 skal lyde:

Denne lov oppheves 1. januar 2006.

III

I lov 6. juli 1957 nr. 26 om samordning av pensjons- og trygdeytelser, skal § 6 tredje ledd lyde:

Denne paragrafen gjelder ikke for pensjonstrygden for sjømenn og pensjonstrygden for fiskere, se likevel lov 3. desember 1948 nr. 7 om pensjonstrygd for sjømenn § 4 nr. 1 andre ledd bokstav a og lov 28. juni 1957 nr. 12 om pensjonstrygd for fiskere § 6 nr. 1 andre ledd.

IV

Lova tek til å gjelde 1. mars 2002.

Oslo, i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, den 12. februar 2002

Sonja Irene Sjøli Magnar Lund Bergo Trond Giske
leiar ordførar sekretær