1. Samandrag

Departementet legg i proposisjonen fram utkast til ei ny lov om folkehøgskolar. Framlegget byggjer på NOU 2001:16, høyringsfråsegnene til Folkehøgskoleutvalet si innstilling og departementet sitt lovutkast. Den nye lova kjem i staden for gjeldande folkehøgskolelov frå 1984. Bakgrunnen for revisjonen er dei store endringane i offentleg forvaltning og skolelovverk dei siste 20 åra.

Departementet ønskjer med det nye lovframlegget ei forenkling og samordning som gir folkehøgskolen ein høg grad av fridom og legg ansvaret til skolane og skoleeigarane. Gjeldande lov er etter departementet si meining for detaljert og føresegnene for omfattande. Departementet meiner at lova skal leggje til rette for at det offentlege kan yte tilskott, og samstundes gjere folkehøgskolane ansvarlege for det pedagogiske innhaldet. I gjeldande lov er tilhøva uklare på dette området.

Namnet folkehøgskole skal framleis vere rettsleg verna. Departementet har teke inn Folkehøgskoleutvalet si formulering i føremålsparagrafen, men strekar under at dette ikkje er forvaltningskriterium for departementet. Føremålet med folkehøgskolen er å fremje allmenndanning og folkeopplysning. Den einskilde skolen har ansvaret for å fastsetje verdigrunnlag innafor denne ramma.

I staden for ei skolelov ønskjer departementet ei tilskottslov som legg vekt på vilkår for godkjenning og tilskott, og som inneheld klare og operative forvaltningskriterium. Lova skal òg gi departementet heimel for naudsynt kontroll. Departementet sin kompetanse til å gi føresegner er i framlegget avgrensa til økonomi og formelle krav til kursverksemda og internatet.

Lovframlegget definerer vilkåra for å få tilskott i ni punkt. Folkehøgskolen skal vere eit eksamensfritt supplement til det offentlege utdanningssystemet og ha internat som ein integrert del av læringsprogrammet. Føresetnaden om minst 35 elevar årleg i gjennomsnitt over fire år skal framleis gjelde. Det same gjeld at minst halvdelen av opplæringa skal vere langkurs. Dei unntaka som no gjeld for Malangssenteret, Nordnorsk pensjonistskole og Norsk pensjonistskole er førte vidare.

Etter framlegget vil skolen få større ansvar sjølv for utvikling og kvalitetssikring. Ordninga med tilsynsmann for folkehøgskolen fell bort. Skolen skal utarbeide prosedyre for sjølvevaluering og kvalitetsutvikling som sikrar dei tilsette og elevane sin medverknad. Kvart år skal skolen leggje fram ei sjølvevaluering. Evalueringa skal vere offentleg tilgjengeleg.

Det er òg eit vilkår at elevane får med seg ein dokumentasjon av læringsprogram og deltaking. Dette må vere laga slik at det gir grunnlag for å vurdere realkompetansen i høve til både utdanningssystem og arbeidsliv.

Den nye lova gir ikkje nokon rett til å få tilskott. For å verte godkjend av departementet må skolen ikkje berre fylle vilkåra. Det må òg vere rom i statsbudsjettet for å gi tilskott. Tilskottsmodellen har tre element: basistilskott, tilskott pr. elev og tilskott til husleige. Departementet fastset modellen i føresegn. Tilskottet vert gjeve som rammeløyving og justert årleg i takt med kostnadsutviklinga. Dersom eitt av dei lovfesta vilkåra ikkje lenger vert oppfylt, fell tilskottet bort.

Lovframlegget gir den einskilde skolen større fridom til å organisere administrasjon og leiing. Interne råd vert ikkje lenger heimla i lov med unnatak av eit organ som skal handsame disiplinærsaker.

Departementet meiner at dei endringane i rammevilkåra som er lagde fram, kan verte gjennomførde innafor den noverande budsjettramma. Fylkeskommunen står i dag for 1/6 av tilskottet til ein folkehøgskole. Etter framlegget skal staten ha hand om heile tilskottet. Korkje dette eller andre framlegg i lovproposisjonen vil ha økonomiske konsekvensar.