2.1 Innleiing

Komiteen, medlemene frå Høgre, Ine Marie Eriksen, Jan Olav Olsen, Raymond Robertsen og Søren Fredrik Voie, frå Arbeidarpartiet, Vidar Bjørnstad, Eva M. Nielsen og Karita Bekkemellem Orheim, frå Framstegspartiet, Ursula Evje og Arne Sortevik, frå Sosialistisk Venstreparti, Lena Jensen og leiaren Rolf Reikvam, frå Kristeleg Folkeparti, Arne Lyngstad og Elsa Skarbøvik, frå Senterpartiet, Rune J. Skjælaaen, frå Venstre, Trine Skei Grande, og representanten Jan Simonsen, vil peike på at folkehøgskolen som skoleslag har lange tradisjonar i Noreg. I snart 140 år har folkehøgskolen vore ein aktiv del av utdanningssystemet. Samla har dei 77 folkehøgskolane om lag 7 000 årselevar kvart år. Av desse utgjer elevar på langkurs meir enn 10 pst. av eit årskull 19-åringar. Skoleslaget er ein viktig del av mangfaldet i norsk skole.

Komiteen meiner at folkehøgskolen framleis skal gje tilbod til unge og vaksne som har behov for eit frirom, eit modningsår og eit år for fagleg utvikling og til å finna ut kva dei vil utdanne seg til. Folkehøgskolen gir også motivasjon for seinare studium.

Komiteen meiner folkehøgskolane representerer eit verdefullt tilbod, som gir ungdom og vaksne høve til eit år med eigenutvikling.

Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet og representanten Simonsen, viser til at folkehøgskolen òg står i ein folkeopplysningstradisjon der solidaritet, demokrati og internasjonal brubygging er viktige berebjelkar.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og representanten Simonsen viser til den kvalitetsreformen som er vedtatt innført innenfor høyere utdanning. Disse medlemmer viser til at staten gir tilskudd til driften og at det gis lån- og stipendordninger fra staten for elever som velger utdanning ved folkehøyskoler. Disse medlemmer finner det derfor naturlig at også folkehøyskolene i sin virksomhet legger vekt på måling, evaluering og utvikling av kvalitet i tråd med intensjonene i kvalitetsreformen.

2.2 Formål

Komiteen vil streke under at folkehøgskolen skal vere eit frirom i utdanningssystemet. Skolane skal halda fram med å fremje allmenndanning og folkeopplysning, og på det grunnlaget vidareutvikle alternative pedagogiske arbeidsmåtar der det einskilde menneske sine livserfaringar, kunnskapar og behov er utgangspunkt for læringsprosessen. Den einskilde skolen fastset sjølv verdigrunnlaget for skoledrifta.

Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet og representanten Simonsen, meiner vidare at skolane skal ta i vare og utvikle vidare folkehøgskolen sitt særpreg. Sentrale kjenneteikn for ein slik læringsarena er at han m.a. legg vekt på:

  • at einskildmennesket får tid og moglegheit for å søkje nye utfordringar av personleg og fagleg karakter,

  • å skape utviklande menneskelege relasjonar i eit større fellesskap,

  • å fremje kunnskap om og forståing for demokrati, det fleirkulturelle samfunnet og menneskerettane,

  • å stimulere til aktiv deltaking i samfunns- og kulturliv, m.a. ved å skape lokale, kulturelle kraftsentra som formidlar møte med levande, folkeleg kultur.

2.3 Vilkår for tilskott

Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet og representanten Simonsen, vil streke under at folkehøgskolane har og skal ha pedagogisk fridom utan eksterne krav til eksamen, innhald og verdigrunnlag.

Fleirtalet vil streke under at folkehøgskolane bør vere aktive i høve til andre skoleslag og samfunnet elles, og utveksle erfaringane sine knytte til læringsprogram, pedagogisk utviklingsarbeid og sosialpedagogisk arbeid gjennom samarbeidsprosjekt med andre delar av utdanningssamfunnet.

Fleirtalet ser det som viktig at folkehøgskolen blir framheva som eit alternativ i utdanningstilbodet. Folkehøgskolen skal vere noko anna og eit frirom samanlikna med dei opplæringstilboda som gir formell kompetanse. Derfor vil det vere viktig å streke under at skolen skal vere både eksamens- og karakterfri. Ved å ta bort formuleringa om supplement og å ta inn eit krav om at skolen skal vere eksamensfri kan § 2 a endrast til:

"Skolen skal være eksamensfri."

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og representanten Simonsen viser til lovutkastets formulering om folkehøyskolene som et "supplement til det offentlige utdanningssystemet".

Disse medlemmer viser til at Fremskrittspartiets utdanningspolitikk er basert på fri etableringsrett innenfor utdanning basert på nasjonale godkjenningskriterier og et felles finansieringsopplegg for alle godkjente undervisningstilbud. Et slikt finansieringsopplegg skal likebehandle privat og offentlig virksomhet og derved gi likebehandling av utdanningssøkende.

Basert på dette syn ønsker disse medlemmer å fjerne henvisningen til "det offentlige utdanningssystemet". Disse medlemmer understreker at folkehøgskolene skal ha pedagogisk frihet uten krav til innhold og verdigrunnlag.

Disse medlemmer understreker at kvaliteten på folkehøyskolenes virksomhet må synliggjøres og måles innenfor en ramme av pedagogisk frihet. Det må derfor stilles krav til dokumentasjon av læringsprogram og deltagelse. Disse medlemmer finner det naturlig at det knyttet til dokumentasjon av deltagelse også stilles krav om en vurdering av eleven ved avslutning av alle kurs. Slik vurdering er en dokumentert bedømmelse av elevens læringsutbytte. Når det offentlige i stor grad finansierer opplæringstilbudet bør det etter disse medlemmers syn også sikres at elevene får et tilfredsstillende læringsutbytte.

Disse medlemmer fremmer derfor følgende forslag.

"§ 2 a skal lyde:

Skolen skal være et supplement til det kompetansegivende utdanningssystemet. Fag og pensum bestemmes av skolen selv.

§ 2 i nytt tredje punktum skal lyde:

Dokumentasjonen skal omfatte en vurdering av eleven ved avslutning av alle kurs."

Komiteen meiner at internatet (§ 2 b) er ein viktig del av folkehøgskolen sitt læringsprogram og at minimum 80 pst. av elevane på langkurset må bu på internatet.

Folkehøgskolane varierer i storleik, frå 35 til 155 elevplassar. Snittet er om lag 90 elevar.

Komiteen er samd i at minimumsgrensa for å oppretthalde tilskottet skal vere 35 elevar i gjennomsnitt over fire år (§ 2 c).

Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet og representanten Simonsen, meiner at folkehøgskolelandskapet ikkje skal vere statisk, men utvikle seg i tråd med behov som melder seg når det gjeld godkjenning av nye skolar. Fleirtalet viser til svar frå departementet 17. september 2002 til komiteen, der det heiter at "departementet vil ta initiativ til en eventuell omfordeling av ledig kapasitet mellom skolene for bedre å kunne utnytte den samlede ramme for folkehøyskolen".

Komiteen sluttar seg til at den einskilde folkehøgskolen skal ha minst eitt langkurs på 16,5 veker og at minst 50 pst. av den samla kursverksemda skal vere langkurs (§ 2 d).

Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet og representanten Simonsen, vil streke under at rektor er ansvarleg pedagogisk og administrativ leiar (§ 2 e).

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og representanten Simonsen mener det må være opp til styret å fastlegge styrings-/ledelsesform ved skolen og derved om rektor skal være både pedagogisk og administrativ leder.

Disse medlemmer stemmer derfor imot § 2 e og fremmer følgende forslag:

"§ 2 f nytt sjette punktum skal lyde:

Styret velger selv pedagogisk og administrativ ledelsesform."

Komiteen er einig i at kvar skole skal ha eit styre der elevar og personale skal vere sikra representasjon. Styret fører tilsyn med skoledrifta, tilset og seier opp personalet. Vidare fastset styret dei råd og organ ved skolen som er nødvendige for å sikre demokratiske rettar og forsvarleg drift. Komiteen vil spesielt peike på det ansvaret personale har i høve til elevar som lever i ein totalinstitusjon slik folkehøgskolen er, og at dette vert teke omsyn til ved fastsetjing av rådsstruktur.

Komiteen sine medlemer frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til at gjeldande lov slår fast at departementet skal utpeike ein representant til skolane sitt styre. Desse medlemene meiner det er naturleg at når skolane for ein stor del vert drivne med offentlege midlar, bør det offentlege også oppnemne ein representant til styret.

Komiteen er oppteken av at den nye lova ikkje må svekke elevane sin medinnverknad på folkehøgskolane, og viser til at det i gjeldande lov er ei føresegn om at kvar skole må ha eit elevråd. Komiteen meiner at denne føresegna må førast vidare i den nye lova, og gjer slikt framlegg til § 2 g:

"Hver skole skal ha et elevråd. Styret fastsetter utover dette hvilke råd og organer som er nødvendige for å sikre demokratiske rettigheter og forsvarlig drift."

Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet og representanten Simonsen, har merka seg at framlegget til ny lov legg opp til at skolen skal utarbeide prosedyre for sjølvevaluering og kvalitetsutvikling, og at skolane skal lage ein årleg sjølvevalueringsrapport som skal vere offentleg tilgjengeleg (§ 2 h). Fleirtalet ser på dette som eit viktig utviklingsarbeid i folkehøgskolen og peiker på mogleg samarbeid med tilsvarande prosjekt i skoleverket elles.

Fleirtalet merkar seg også at som ein konsekvens av at eleven har rett til å få dokumentert realkompetansen sin, blir den einskilde folkehøgskolen pålagd å utarbeide ein slik dokumentasjon (§ 2 i). Fleirtalet meiner at dette skal vere ein dokumentasjon av skolen som læringsarena og eleven si deltaking.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og representanten Simonsen forutsetter at et selvstendig, nasjonalt tilsynsorgan også fører tilsyn med folkehøyskolene. På denne måten får en sikret kvaliteten på opplæringstilbudet av et uavhengig organ.

2.4 Tilskottsmodell

Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet og representanten Simonsen, er samd med departementet i at modellen for tilskott i størst mogleg grad må leggje til grunn objektive kriterium. På grunn av endringar i kostnadssamansettinga vil det ikkje vere rimeleg å ha ei fast vekting av dei tre komponentane som skal inngå i tilskottet. Fleirtalet meiner at ein ved fastsetting av tilskottet og fordeling på dei tre variablane må ta utgangspunkt i kostnadsstrukturen i folkehøgskolen. Årleg justering må finne stad på grunnlag av elevtalsutvikling og generell kostnadsutvikling.

Komiteen meiner det er viktig at finansieringssystement er forutseieleg for skolane. Eit slikt system må motivere skolane til å halde på elevane.

Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke Framstegspartiet og representanten Simonsen, meiner derfor at det elevtalet ein legg til grunn for finansieringa, vert å rekne ut frå det elevtalet skolen har på eit tidleg tidspunkt etter skolestart.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og representanten Simonsen anbefaler en todelt tilskuddsmodell basert på 20 pst. basistilskudd og 80 pst. tilskudd pr. elev, der det forutsettes at elevtilskudd også må fange opp kapitalutgifter.

Disse medlemmer forutsetter at det i samarbeid med Folkehøyskolerådet foretas en gjennomgang av folkehøyskolenes bygningsmasse for å klarlegge eventuelle spesielle forhold knyttet til museale/fredete bygninger eller andre spesielle bygningsmessige forhold. Disse medlemmer forutsetter at det fremlegges egen sak om dette med sikte på eventuell spesialfinansiering av slike forhold.

Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

"§ 4 første ledd skal lyde:

Tilskuddet består av to elementer; basistilskudd og tilskudd pr. elev."

Disse medlemmer forutsetter at offentlig tilskudd i sin helhet håndteres av staten fra departementet. Disse medlemmer forutsetter videre at regelverket med sentralt fastlagt internatkapasitet avvikles slik at skolene selv styrer sin kapasitet ut over det lovpålagte minimum og basert på muligheten som tilskuddsmodellen gir.

Komiteen har merka seg at det ved fire folkehøgskolar er spesielt lagt til rette for funksjonshemma elevar, og at det offentlege utvalet har foreslått ein gjennomgang av ordninga.

Komiteen meiner at det er viktig å halda drifta ved desse skolane oppe på eit forsvarleg godt nivå og at ein ikkje tek bort ordningar som gjer dette mogleg. Samstundes meiner komiteen at funksjonshemma elevar også skal kunne velje fritt ein av dei andre folkehøgskolane, og at gjeldande støtteordningar elles i samfunnet også skal kunne brukast til eit folkehøgskoleopphald på eit eller to år for funksjonshemma elevar.

Komiteen meiner elles at ordninga i dag med at funksjonshemma elevar tel dobbelt ved tildeling av tilskott, skal haldast oppe.

Komiteen er òg samd i at heile tilskottet skal handterast av staten.

2.5 Kvalifikasjonskrav

Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet og representanten Simonsen, vurderer det som viktig at det blir sett grunnleggjande kvalifikasjonskrav til lærarane i folkehøgskolen på line med skoleverket elles. Dette av omsyn til kvalitetssikring og fordi undervisningspersonalet i folkehøgskolen avtalemessig er ein del av skoleverket. Fleirtalet meiner at kvalifikasjonskrava som tidlegare bør koplast til det regelverket som gjeld for grunnskole og vidaregåande skole. Samstundes meiner fleirtalet at det framleis også skal vere opning for ein friare tilsetjingspraksis for å møte spesielle behov som skolane kan ha.

Fleirtalet gjer derfor framlegg om eit tillegg til § 6, som etter dette skal lyde:

"§ 6 Forskrifter

Departementet kan gi nærmere forskrifter om kursordning, internat, kvalifikasjonskrav for undervisningspersonalet og kontroll."

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og representanten Simonsen vil understreke høyskolenes selvstendige stilling ved ikke å stille særlige krav gjennom lov eller forskrift om kvalifikasjon for undervisningspersonalet.

Disse medlemmer mener at dette spørsmålet bør ligge innenfor styrets ansvars- og myndighetsområde. Disse medlemmer fremmer derfor forslaget i proposisjonen til § 6 Forskrifter:

"§ 6 Forskrifter skal lyde:

Departementet kan gi nærmere forskrifter om kursordning, internat og kontroll."

2.6 Anna

Komiteen har merka seg og er samd i at dispensasjonar som er gjevne til folkehøgskoledrift med heimel i lov 8. juni 1984 nr. 64 om folkehøgskolar § 3 tredje ledd framleis skal gjelde.

Komiteen viser til at Ot.prp. nr. 72 (2001-2002) er under handsaming i komiteen og viser vidare til Innst. O. nr. 58 (2001-2002) der ein lovfestar krav til arbeidsmiljøet for å sikre eit godt læringsmiljø for studentar.

Komiteen merkar seg at det i lovforslaget ikkje er gjort framlegg om medavgjerdsrett for elevar eller krav til forsvarleg arbeidsmiljø. Sidan ein har valt ein modell der føresegnene er tekne inn i særlovene og ikkje i arbeidsmiljølova, meiner komiteen at det i lov om folkehøgskolar må lovfestast krav til eit forsvarleg arbeidsmiljø. Komiteen gjer derfor slikt framlegg:

"Stortinget ber Regjeringa fremje forslag om arbeidsmiljøføresegner for elevar i folkehøgskolen."

Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet og representanten Simonsen, strekar under at studentar på folkehøgskolar skal ha årleg utdanningsstønad med same beløp som andre studentar og med fullt beløp utan avkorting for eventuell skilnad i lengda på studieåret.

I samband med Revidert nasjonalbudsjett for 2002 er det gjort vedtak om at dette skal gjelde frå 2003. Fleirtalet legg til grunn at dette gjeld frå 1. januar 2003 og at vedtaket med dette får verknad for 2. halvdelen av skoleåret 2002-2003.