5. Internasjonal drøfting og regulering i andre land

5.1 Samandrag

Med unnatak av Danmark er ikkje kloning av dyr særskilt regulert i dei europeiske landa. Heller ikkje EU har vedteke føresegner som inneber særleg regulering av kloning av dyr.

Sjølv om det ikkje er fastsett forbod, er kloning av dyr likevel underlagt offentleg kontroll og forvaltning i dei fleste europeiske landa. Føresegner om vern av dyr og kontroll med forsøk med dyr er nokre av dei verkemidla som vert brukte.

Verdshelseorganisasjonen (WHO) har påpeika at kloning av dyr til medisinske formål ikkje må rammast av protestane mot kloning av menneske.

Det blir gjort greie for reguleringa i Danmark.

Det blir vist til at etter oppmoding frå presidenten i EU-kommisjonen la den rådgjevande gruppa for etiske spørsmål i samband med bioteknologi (GAEIB) i 1997 fram ei omfattande fråsegn om bruk av kloningsteknikkar både på dyr og menneske. GAEIB var negativ til kloning av menneske til reproduktive formål, men meinte at forsking og bruk av kloning av dyr i laboratorium og til landbruksformål er etisk akseptabelt. Føresetnaden er at styresmaktene fører kontroll med kloninga, og at dyra ikkje tek skade.

5.2 Merknader frå komiteen

Komiteen har merka seg at med unnatak av Danmark har ingen europeiske land behandla kloning av dyr ut i frå behovet om særskild lovregulering og forbod. Komiteen vil peike på at i dei fleste europeiske land er kloning av dyr likevel underlagt offentleg kontroll og forvaltning. Fråsegner om vern av dyr og kontroll med forsøk med dyr er nokre av dei verkemidla som vert brukte. I Danmark vedtok Folketinget i 1997 mellom anna at kloning av dyr utelukkande skulle skje i forskingssamanheng, og at forsøk med somatisk kloning vart avgrensa og ikkje skulle resultere i ferdigutvikla individ. Vidare ønska ein å arbeide for ein internasjonal avtale om forbod mot kloning av menneske og reglar for kloning av dyr i samsvar med det danske vedtaket.