Forslaget til ny lov om skogbruk tek i første rekke
sikte på å klargjere skogeigaren sitt forvaltaransvar.
Lova skal vidare gjere skogbruksstyresmakta betre i stand til å følgje
opp om tiltak i skogen blir planlagde eller gjennomførte
på ein slik måte at skogressursane eller miljøverdiane
kan bli skadelidande. Forslaget til ny lov vil også føre
til ei vesentleg forenkling av saksbehandlinga for enkelte sakstypar,
og kommunane får større mynde som skogbruksstyresmakt
i første instans.
Den nye lova skapar ikkje behov for endringar i organiseringa
av skogbruksstyresmakta i kommunane, på fylkesnivå eller
sentralt.
I forslaget til ny lov er det ikkje lagt nye oppgåver til
skogbruksstyresmakta. Gjennom dei heimlane kommunane får
i den nye lova til sjølv å velje korleis dei vil
utøve kontroll med skogbruket i kommunen, kan dei likevel
få nokre fleire oppgåver.
Departementet meiner at forslaget til ny skogbrukslov ikkje fører
til auka kostnader for skogbruksstyresmakta. For skogeigar vil det
heller ikkje bli nye kostnader.
Om den nye lova blir vedteke slik departementet foreslår,
vil det etter noko tid bli fastsett nye forskrifter til erstatning
for dei som er heimla i gjeldande lov. Departementet tek sikte på at
dei nye forskriftene også skal føre til forenklingar
som kan gi både administrative og økonomiske innsparingar.