1. Innleiing

1.1 Samandrag

Arbeids- og sosialdepartementet gjer i proposisjonen framlegg til endringar i folketrygdlova, endringslov til folketrygdlova av 17. desember 2004 nr. 85 og alkohollova. Framlegga om materielle endringar i folketrygdlova er foreslått i Revidert nasjonalbudsjett for 2005, og endringane i alkohollova gjeld i hovudsak materielle endringar knytte til budsjettframlegget for 2005.

Endringane i folketrygdlova gjeld utvida rett til omsorgspengar for foreldre med fleire kronisk sjuke eller funksjonshemma barn. Endringa av endringslova til folketrygdlova gjeld bestemminga om iverksetjing av eit delansvar for arbeidsgivar for sjukepengar i trygdeperioden. Endringane i alkohollova gjeld avgiftsfritt sal av alkoholhaldig drikk ved innkomst til norske flyplassar, presisering av heimel til å gi føresegner om omsetning av alkoholhaldig drikk o.a. på Svalbard, Jan Mayen og kontinentalsokkelen og ei retting av ein feil i § 1-7b.