Departementet tar sikte på å senda på høyring forslag
om revisjon av føresegn 11. desember 1998 nr.
1300 om alkoholordninga for Svalbard. Tilsvarande gjeld føresegn
11. desember 2000 nr. 1543 om alkoholordninga for Jan Mayen.
I samband med førebuingane til revisjonen av føresegnene
ser departementet at heimelen i alkohollova § 1-2
til å gi føresegner om omsetning av alkoholhaldig
drikk o.a. på Svalbard, Jan Mayen og kontinentalsokkelen
er uheldig utforma. Etter andre ledd kan det gis føresegner
om "lovens anvendelse" på Svalbard, Jan Mayen og kontinentalsokkelen.
For å sikra ein klar heimel foreslår departementet
at heimelen blir presisert.
Forslaget vil ikkje ha økonomiske eller administrative
konsekvensar. Departementet foreslår at endringa skal gjelda
frå den tid Kongen fastset. Departementet reknar med at
endringa vil kunna setjast i kraft 1. juli 2005.