Dei modellane som er føreslått i proposisjonen, er
eit tilbod kommunar og fylkeskommunar kan nytte dersom dei finn
det tenleg. Det blir ikkje føreslått endringar
som inneber noko statleg pålegg overfor kommunesektoren.
Det blir ikkje føreslått endringar i dei ulike
lovene som legg oppgåver til kommunane. På bakgrunn
av dette blir det lagt til grunn at lovframlegget ikkje i seg sjølv
har økonomiske og administrative konsekvensar.
Dei økonomiske og administrative konsekvensane for dei
kommunane som eventuelt vel å ta den føreslåtte
samarbeidsmodellen i bruk, vil vere avhengig av omfanget av samarbeidet
og innhaldet i den avtalen som skal liggje til grunn for samarbeidsforholdet.
Komiteen har ingen merknader.