Samandrag

Miljøverndepartementet legg i proposisjonen fram forslag til endringar i lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering. Lova blei sanksjonert av Kongen i statsråd 17. juni 2005, og er berre sett delvis i verk. Lova skal avløyse lov 23. juni 1978 nr. 70 om kartlegging, deling og registrering av grunneiendom (delingslova).

Etter delingslova har kommunane ansvaret for alle sider ved eigedomsregistreringa, både oppmålinga i marka og registerføringa. Lov om eigedomsregistrering slik den blei vedteken, opnar for at oppmålingsforretningane skal kunne utøvast som privat tenesteyting. Det inneber at grunneigaren sjølv må bestille landmålarføretak som kan utføre oppmålingsforretninga. Landmålarføretaket set så fram krav om registerføring av forretninga overfor kommunen.

Miljøverndepartementet foreslår i denne proposisjonen å vidareføre det offentlege ansvaret for eigedomsoppmålinga, slik det er i dag etter delingslova, og foreslår å endre lov om eigedomsregistrering i samsvar med dette.

Departementet foreslår å vidareføre oppmålingsforretninga som ei offentleg styresmaktoppgåve, og ikkje skilje forretninga frå registerføringa. Forslaget inneber ei lovteknisk og prosessuell forenkling.

Man ønsker å vidareføre den desentraliserte norske modellen med kommunane som lokal matrikkelstyresmakt, som krev at kommunane held oppe nødvendig kompetanse innanfor kart og oppmåling. I mange kommunar let dette seg vanskeleg gjere dersom eigedomsregistreringa blir delt i to separate delar. Eigedomsregistreringa må sjåast på som eit heile, og skal matrikkelen få nødvendig kvalitet, må den som fører registeret òg ha landmålingsfagleg kompetanse og helst også praktisk erfaring med eigedomsoppmåling.

Departementet har vurdert om eigedomsregistreringa fell inn under reglane i EØS-avtala om fri tenesteutøving, når oppmålingsforretninga etter forslaget blir slått saman med matrikkelføringa. Departementet vurderer det slik at eigedomsregistreringa samla sett ikkje vil vere ei teneste, men utøving av offentleg mynde, og som ikkje er omfatta av reglane om fri tenesteutøving.

Eigedomsinformasjon er viktig for samfunnet og offentleg forvaltning. Både oppmåling og matrikkelføring er viktig for rettstryggleiken til den enkelte borgaren. Departementet har derfor konkludert med at forretning og matrikkelføring ikkje bør skiljast, og at oppmålingsforretninga, på same måten som sjølve registreringa, framleis bør vere ei offentleg plikt. Den som utfører oppmålingsforretninga, bør framleis ha mynde til å treffe vedtak i samband med oppmålinga i tilfelle der dette er føremålstenleg. Proposisjonen vidarefører såleis gjeldande ordning etter delingslova om at kommunen kan samtykkje i mindre avvik frå delingsløyvet under sjølve forretninga. Partane bør kunne fremje forvaltningsklage til alle delar av prosessen som har rettsleg relevans.

Departementet strekar under at landmåling og rådgjeving om eigedom framleis vil vere eit ope tenesteområde for private utøvarar. Utbyggjarar og kommunar som ønskjer å støtte seg på slike konsulenttenester, vil framleis kunne gjere dette sjølv om ansvaret for oppmålingsforretninga blir integrert med matrikkelføringa og lagt til kommunen. Endringa i lova legg såleis til rette også for ei vidare utvikling av landmålarbransjen. Lova etablerer ingen ordningar som særbehandlar norske eller framande borgarar.

Departementet foreslår å føye til kortforma (matrikkellova) i den fulle tittelen til lova. Kortforma blei introdusert i Ot.prp. nr. 70 (2004-2005), og er mykje brukt i profesjonelle relasjonar. Det vil vere opplysande for alle brukarar av lova om kortforma òg går direkte fram av tittelen til lova.

Departementet meiner det kan vere behov for å presisere nærare når ein eigedom offisielt blir danna, at ei ny matrikkeleining blir danna idet eininga blir ført inn i matrikkelen. Matrikuleringa blir likevel først fullført når kommunen har fått melding om at tinglysinga er utført som føresett, og kommunen har stadfesta dette ved å utferde matrikkelbrev. For å sik­re best samsvar mellom matrikkelen og grunnboka, foreslår departementet å setje det endelege danningstidspunktet i saker som krev tinglysing, lik tinglysingstidspunktet, dvs. tidspunktet for oppretting av grunnboksbladet. Det same skiljet mellom føring i matrikkelen og endeleg gjennomføring må òg gjelde ved andre tilsvarande saker, f.eks. arealoverføring og samanslåing. I saker som ikkje krev tinglysing, foreslår departementet å setje det endelege danningstidspunktet lik tidspunktet for opprettinga av eininga i matrikkelen.

Departementet foreslår i tillegg nokre mindre presiseringar bl.a. om høvet til å gi forskrifter, og i tilpassingane til plan- og bygningslova og eigarseksjonslova.

Dei foreslåtte endringane i proposisjonen medfører ingen vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar for kommunane, staten, brukarane eller andre i forhold til gjeldande delingslov.