Kringkasting og dagspresse m.v

   Til Stortinget.

       Regjeringa la i 1994 fram ei stortingsmelding om kringkasting og dagspresse i 1993. Meldinga er grunna på årsmeldingane frå Norsk rikskringkasting, TV2, P4-Radio hele Norge og Nærkringkastingsnemnda. Meldinga gir og omtale av andre mediepolitiske spørsmål.

       I samband med handsaminga av meldinga fann familie-, kultur- og administrasjonskomiteen at det var naudsynt med ei tilleggsmelding om nærkringkasting og ba i brev 10. juni 1994 departementet leggje fram dette, jf. St.meld. nr. 24 (1994-1995). Denne innstillinga handsamar båe desse meldingane, ei tilleggsmelding om eigarskap i nærkringkasting, St.meld. nr. 31 (1994-1995) og eit dokumentframlegg om å gje lokal-TV-selskap løyve til vidareformidling av norske og utanlandske satellittsendte tv-program.