1. Samandrag

1. Samandrag av St.meld. nr. 42 (1993-1994) Om kringkasting og dagspresse 1993 m.v.

Allmenne kringkastingsspørsmål

       I kap. 2 i meldinga gjer departementet greie for den økonomiske utviklinga på kringkastings- og reklamemarknaden, kringkastingsstrukturen i Noreg, somme tekniske spørsmål, spreiing av nordisk fjernsyn og reglane om reklame i kringkasting.

       Departementet nemner at det er ein tydeleg tendens at pressa sett under eitt tapar terreng på reklamemarknaden. Dersom prognosane for dei neste åra blir som venta, vil avisene tape ytterlegare inntekter.

       Inntektene frå fjernsynsreklame og radioreklame har imidlertid auka vesentleg dei siste åra og vil etter prognosane kunne auke ytterlegare dei næraste åra.

       Departementet meiner at den sterke veksten i reklamemarknaden inneber at tilhøva no ligg særs godt til rette for at P4 og TV2 kan utvikle vidare sin allmennkringkastingsprofil i tråd med konsesjonsvilkåra og føreset at dei aukar produksjon og utsending av dei programtypane som til no har vanta for at allmennkringkastingsprinsippa blir oppfylte. For TV2 gjeld dette særskild barneprogram og norske dramatiske produksjonar.

       Når det gjeld kringkastingsstrukturen i Noreg, tek departementet opp hovudprinsippet om at konsesjonsområda for nærkringkasting maksimalt bør femne halvparten av kommunane i eit fylke. Departementet meiner det trengs ei drøfting av dei prinsipielle grensene mellom dei ulike typane kringkastingsverksemd. Dette er særleg viktig av omsyn til nærkringkastarane, slik at desse kan arbeide innanfor stabile og oversiktlege rammer og konkurransevilkår.

       Etter departementet sitt syn er det ikkje utan vidare sjølvsagt at NRK skal ha høve til å drive lokal kringkasting i konkurranse med nærkringkastingskonsesjonærar.

       Det naturlege vil vere, seier departementet, å gi nærradiokonsesjonærar ein særrett til lokal radio. Utan konkurranse frå NRK om lyttarane vil dei også få betre høve til å byggje opp ein betre økonomi.

       Departementet visar til at mange nærradioar har fått vanskar pga. skjerpa konkurransetilhøve som fylgje av opprettinga av P3 og P4, og legg til at dersom utviklinga syner at nærradioane ikkje kan gi eit akseptabelt programtilbod, bør det likevel seinare drøftast om NRK og skal få høve til å drive lokal kringkasting. I så fall må vilkåra vere at saka først blir drøfta av Stortinget og at det blir gjort ei samla vurdering av etterspurnaden ut ifrå eksisterande programtilbod og økonomiske tilhøve.

       Den snøgge utviklinga og dei nye tekniske tilhøva som Digital Audio Broadcasting (DAB) vil føre med seg, vil krevje ei fullstendig omvurdering av organiseringa av radioverksemda her i landet. Ein må då mellom anna ta stilling til korleis den samla frekvenskapasiteten skal bli fordelt, og korleis kapasiteten skal bli fordelt mellom NRK og private selskap. Departementet seier dei vil koma attende med ei vurdering av kva for tekniske og kringkastingspolitiske konsekvensar DAB vil få her i landet.

Reglane om reklame i kringkasting

       Det er no ikkje tillate å bryte av filmar med reklameinnslag. Regelen har i praksis vore tolka slik at dersom eit kringkastingsselskap vel å senda ein film i to eller fleire bolkar med eit eige program mellom bolkane, kan det sendast reklame i avbrotet. Føresetnaden er at avbrotet varar i minst 20 min.

       Norske reklamefinansierte fjernsynskanalar hevdar at eit forbod mot å bryte av filmar med reklame, gjer det mest heilt uråd for dei å sende god spelefilm i beste sendetid. Dei viser og til dei meir liberale reglane som gjeld for sendingar retta mot Noreg frå utlandet, t.d. TV3.

       Departementet har teke tilhøvet til TV3 opp med britiske styresmakter. Det er no klårt at britane ikkje vil påleggje TV3 om å følgje dei norske reglane om fjernsynsreklame. Departementet meiner difor at ein viktig føresetnad for å krevje forbod mot reklameavbrot av spelefilmar i norske kanalar er endra og ser det som ønskjeleg at den noverande praksisen og tolkinga av regelverket held fram.

Allmennkringkasting

       I kap. 3 drøftar departementet mellom anna omgrepet allmennkringkasting, allmennkringkastinga i Noreg og utviklingstendensar i utanlandsk kringkasting.

       Departementet drøftar og korleis styresmaktene skal kunne vurdere om allmennkringkastarane fylgjer opp pliktene dei har til å sende allmennkringkasting.

       Departementet syner til omlegginga i NRK og opprettinga av allmennkringkastarane TV2 og P4 som har ført til at denne sektoren i Noreg har vorte sterkt utvida dei siste to åra. Samstundes har konkurransen mellom dei ulike kringkastingsselskapa vorte skjerpa. Denne utviklinga kan føre til at programpolitikken til allmennkringkastingsselskapa blir fastlagd på grunnlag av sjåartal, og ikkje med utgangspunkt i dei grunnleggjande prinsippa som gjeld for allmennkringkasting.

Om oppretting av eit eige allmennkringkastingsråd

       Departementet syner til at Regjeringa og Stortinget har eit klårt ynskje om å halde oppe eit breitt og solid allmennkringkastingstilbod i Noreg. Dette er mellom anna bakgrunnen for at ein har valt å reindyrkje NRK som lisensfinansiert kringkastingsinstitusjon, og er også motivet for dei programpliktene som TV2 og P4-Radio hele Norge er pålagde.

       TV2 og P4 har fått konsesjonar som i røynda har gjeve selskapa einerett til riksdekkjande sendingar finansierte med reklame i Noreg i konsesjonsperioden. Konsesjonane er gjeve på vilkår av at selskapa fylgjer prinsippa om allmennkringkasting. Av dette fylgjer m.a. at selskapa skal ha ein variert programprofil med programtilbod til breie og smale grupper.

       Departementet meiner at det i oppbyggjingsfasen til dei to selskapa ikkje har vore rimeleg å krevje at selskapa skal ha bygd ut eit heilt tilfredsstillande programtilbod, men konstaterer no at den økonomiske utviklinga for selskapa har vore særs mykje betre enn ein har rekna med. Det er såleis eit heilt klårt grunnlag for å krevje at dei to selskapa no set svært mykje inn på å fylgje prinsippa som ligg til grunn for allmennkringkasting, slik det kjem fram i konsesjonsvilkåra.

       Departementet ynskjer å fylgje nøye med i om allmennkringkastarane fylgjer dei prinsippa som er lagde til grunn for allmennkringkasting eller ikkje. Korkje departementet, Statens Medieforvaltning eller Programrådet for allmennkringkastarane er eigna organ for å fylgje utviklinga til allmennkringkastinga i detalj, tykkjer departementet. Dei meiner difor at det bør etablerast eit breitt samansett råd som kan fylgje programverksemda i dei tre selskapa. Rådet bør setjast saman av to representantar frå Kringkastingsrådet og to representantar frå Programrådet for TV2 og P4. Leiaren for rådet vil verte oppnemnd av departementet på fritt grunnlag. Ein slik samansetnad vil innebere at dei tre selskapa vil bli vurderte av det same organet og av medlemer med innsikt i allmennkringkastingsspørsmål.

       Rådet vil få i oppgåve å fylgje programverksemda i NRK, TV2 og P4, og vurdere om programverksemda er i samsvar med prinsippa for allmennkringkasting. Rådet vil og få i oppgåve å peike på kva for tiltak dei einskilde selskapa bør setje i verk for å sikre at programprofilen er i samsvar med prinsippa. Det endelege mandatet vil bli utarbeidd etter framlegg frå rådet og i samarbeid med kringkastingsselskapa.

       Kringkastingsselskapa er no ikkje pålagde å sende inn detaljerte programstatistikkar. For å kunne fylgje utviklinga, er ein slik statistikk naudsynt. Det vil difor bli innført krav om at allmennkringkastingsselskapa skal føre statistikk over sende program innan ulike programkategoriar og på kva for tidspunkt programma er sende. I samarbeid med kringkastingsselskapa og det nye rådet vil det og bli utarbeidd andre kriterium for måling av programprofilen.

Verksemda hjå allmennkringkastarane

       I kap. 4 gjev departementet ei orientering om verksemda i Norsk rikskringkasting, TV2 og P4-Radio hele Norge. Orienteringa byggjer på meldingar om verksemda som selskap har sendt inn. Dei fylgjer som uprenta vedlegg til meldinga. Når det gjeld nærare omtale om verksemda hjå allmennkringkastarane, visast det til meldinga.

NRK og sponsing

       Departementet syner i meldinga til at Stortinget har bede om at det vert foretatt ein grenseoppgang for kor langt NRK kan gå når det gjeld sponsing av program. Departementet gjev i meldinga ei orientering om ulike formar for sponsing, om tilhøva i andre land og gjer allment greie for sponsinga i NRK. Det visast til nærare omtale i meldinga.

       Departementet ser det ikkje som nokon aktuell politikk å setje forbod mot sponsing i Norsk rikskringkasting. Av di at NRK fyrst og framst skal vere ein lisensfinansiert allmennkringkastar, og avdi det er dei kommersielle kringkastarane som primært skal ha tilgang til dei inntektene reklame- og sponsormarknaden kan gje, meiner departementet at det bør innførast avgrensingsmekanismar slik at det blir klåre grenser for omfanget av sponsinga i Norsk rikskringkasting. Sponsinga i NRK skal difor ikkje utgjere meir enn 1 % av dei samla inntektene til NRK. Maksimalt halvparten av sponsormidlane bør kome frå næringslivet. Sponsorinntektene vil såleis samla kunne utgjera omlag 22 mill. kroner.

       Departementet føreset at alle formar for sponsormidlar blir rekna inn i det samla beløpet, m.a. må kontraktar mellom NRK og uavhengige produksjonsselskap gjere greie for alle finansieringskjelder.

       I dei årlege meldingane om verksemda må NRK leggje fram oversyn over kor mykje den indirekte og direkte sponsinga utgjer.

Regionsendingar i regi av TV2

       I september 1993 gav Kulturdepartementet TV2 mellombels løyve til å drive regionsendingar i Rogaland, i samarbeid med TV-Vest A.S. Departementet har gjeve TV2 førebels løyve til prøvesendingar til ut juli 1994, med sikte på ei prinsipiell drøfting i Stortinget før det eventuelt blir opna for slik verksemd på permanent basis.

       Både Norske Fjernsynselskapers Landsforbund og Norsk Nærradioforbund har kome med fråsegner som klårt går imot at TV2 får løyve til regionsendingar. Dei meiner at denne verksemda kan føre til lågare reklameinntekter for nærkringkastingsselskapa. Det blir og hevda at konsesjonen til TV2 ikkje heimlar regionsendingar.

       TV2 har i årsmeldinga si for 1993 gjort greie for røynslene med prøvesendingane i Rogaland. Selskapet er nøgd med ordninga, og melder at sendingane blir godt likte av sjåarane. I løpet av ein toårs periode ynskjer TV2 no å utvide verksemda med regionsendingar innanfor 10 ulike område rundt om i landet, mellom anna i Tromsø, Trondheim, Drammen, Mjøs-regionen, Grenland og Helgeland.

       Departementet kan ikkje sjå at det ligg føre tilstrekkeleg grunnlagsmateriale og dokumentasjon som gjer det forsvarleg no å treffe prinsippvedtak om ei permanent ordning med regionsendingar i TV2 sin regi. Departementet meiner og at det er ynskjeleg å få utgreidd nærare kva for verknadar det vil ha for andre medium og for den lokale og regionale reklamemarknaden dersom TV2 får drive regionsendingar i samarbeid med lokalfjernsynsselskap. Departementet meiner dette er særleg viktig av omsyn til nærradioane som pga. opprettinga av P3 og P4 no opplev ein pressa konkurransesituasjon både når det gjeld lyttarar og reklameinntekter.

       På bakgrunn av dette meiner departementet at TV2 sine prøver med regionsendingar i Rogaland i samarbeid med TV-Vest, bør kunne halde fram til 1. juni 1995. Dette vil gjere det mogleg å greie ut dei økonomiske konsekvensane av slik verksemd og å få vurdert spørsmålet om permanente regionsendingar ut frå tilstanden slik han vil vere etter at konsesjonshandsaminga er avslutta. Departementet meiner at i prøveperioden bør TV2 ikkje få starte liknande verksemder på andre stader i landet.

       Departementet nemnar at P4 har uttala at dei meiner at det vil vere gale å avskjere P4 frå regionsendingar dersom TV2 får løyve for slike sendingar. Departementet seier derimot at dei finn det ikkje aktuelt å late P4 ta til med regionsendingar, idet det alt finst eit godt utbygd radiotilbod både regionalt og lokalt. Departementet meiner at løyve til slike sendingar vil kunne medverke til auka sentralisering, og dermed og til å svekkje nærradioen som eit lokalt medium.

Nærkringkasting

       I kap. 5 gjer departementet greie for utviklinga i nærkringkastingssektoren. Det visast til omtalen i meldinga. Her tek ein opp nokre emne særskilt.

       Nærkringkastingsnemnda (frå 1. januar 1994 Statens Medieforvaltning) har i 1993 gitt sanksjonar hovudsakleg i form av åtvaringar for brot på regelverket, 36 til nærradioar, 23 til lokalfjernsynsselskap, 1 til TV-Norge, 3 til TV2 og 1 til TV-1000. Det meldast at sanksjonane i hovudsak gjaldt brot på reglane om opptaksplikt, innsending av reknskap, avgiftsplikta og regelverket om reklame og sponsing. (I 1992 vart det gjeve 29 sanksjonar til nærradioar, 25 til lokalfjernsynsselskap og 3 til TV-Norge.)

Nærradioane - tekniske problem

       I 1993 har 15 nærradioar klaga til Nærkringkastingsnemnda på grunn av forstyrringar frå stasjonar som blir nytta til å sende P3 og P4. Statens Teleforvaltning (STF) har laga ei utgreiing om dei tekniske tilhøva for nærradioane. Etter dei opplysningane som STF sitt inne med, har 20 nærradioar fått problem etter at P3 og P4 tok til med sendingane sine.

       I samsvar med STF er det teknisk sett umogleg å gje nærradioane like gode tilhøve som riksdekkjande radio i heile konsesjonsområdet. STF gjer greie for ulike metodar som kan nyttast for å betre signala frå nærradiosendarar:

- Sendaren kan flyttast til ein gunstigare posisjon.
- Antennehøgda kan aukast.
- Ein kan nytte antenner som utnyttar effekten best mogleg.
- Polarisasjonen på antenna kan endrast.
- Modulasjonen kan optimaliserast.
- Ein kan gjere bruk av omformarar.
- Effekten på sendaren kan aukast.

       Kva for løysing som skal veljast for den einskilde radioen, heng saman med topografi, frekvensar og andre radiostasjonar i området. I dialog med konsesjonærane legg STF fram kva for vilkår som gjeld i området, slik at nærradioen kan vurdere kva for løysing dei vil velje. STF opplyser at nærradioane ofte av økonomiske omsyn vel ei anna løysing enn den STF reknar for å vere den beste. Departementet meiner at oppfølgjinga av dei tekniske problema så langt har vore tilfredsstillande.

       Det blir lagt opp til at nærradioane skal betale gebyr for dei tenestene som Statens teleforvaltning yter, tilsvarande det som gjeld for andre brukargrupper. Det blir opplyst at gebyrfastsettinga for STF vil bli nærare omtala i budsjettproposisjonen for Samferdselsdepartementet for 1995.

Samsendingar

       Det er opna for forsøk med samsendingar mellom nærradioar. Statens medieforvaltning har gjeve løyve til 18 prosjekt for samsendingar på ulike stader i landet. Departementet meiner at prøveordninga vil bli evaluert og at dei i seinare meldingar vil gjere greie for røynslene med prøveverksemda.

       Departementet syner til at eit fleirtal i Stortinget i samband med handsaminga av St.meld. nr. 32, Media i tida, la vekt på at nærradioane ikkje må utvikle seg til kjeder eller sendarsamvirke som i røynda blir riksdekkjande. Nærradioane har difor ikkje høve til direkte vidaresending av sentralt produsert programmateriale som er formidla over satellitt. Nokre nærradioar har ynskja å nytta anna enn nyhendestoff frå P4 og NRK radio. Departementet meiner at dette vil vere i strid med intensjonane for nærkringskasting.

Lokalfjernsyn

       Departementet viser til at Stortinget ved handsaminga av St.meld. nr. 32 uttala, at det var i strid med intensjonane for lokalfjernsyn at fleire lokalfjernsynsstasjonar nyttar mykje av sendetida si til direkte vidaresending av kommersielle satellittkanalar. Departementet viser vidare til at TV2 har einerett til å sende riksdekkjande reklamefinansiert fjernsyn med hjelp av bakkesendarar, og at eit fleirtal i Stortinget har lagt til grunn at lokalfjernsyn ikkje samtidig og uhindra kan nytte satellittfjernsyn som ein del av programtilbodet.

       Departementet opplyser at i samsvar med dette er det i forskrift fastsett at det i lokalfjernsyn ikkje kan nyttast programmateriale som inneber at det skjer ei samtidig vidaresending av reklamefinansierte fjernsynskanalar som blir motteke via satellitt. Departementet opplyser vidare at stasjonar som driv lokalt betalingsfjernsyn likevel kan, med samtykke frå Statens Medieforvaltning, vidaresende samtidig og uendra programstoff frå reklamefrie filmkanalar.

Medieetiske spørsmål

       I kap. 6 tek departementet opp ein del spørsmål som vert omtala i St.meld. nr. 32, Media i tida. Når det gjeld spørsmålet om eit fellesorgan for sjølvjustis, melder departementet at Norsk Presseforbund gjev uttrykk for at forslaget om eit kontorfellesskap mellom Pressas faglege utval og Klagenemnda for kringkastingsprogram ikkje er noko god løysing. Forbundet talar for å gå eit steg lengre og etablere eit felles klageorgan for alle medium med sjølvjustis som basis.

       Departementet seier at dei ser at eit felles presseetisk organ for alle media, tufta på sjølvjustis, har visse føremoner framfor eit system som byggjer på ei delt løysing. Departementet seier dei er prinsipielt positivt stemt for ei slik løysing, og er difor innstilt på ein vidare dialog med presseorganisasjonane, kringkastingsselskapa og nærkringkastingsorganisasjonane om ei samordning av etikkarbeidet i dei ulike media. Føresetnaden må vere at eit eventuelt nytt organ stør krava til ei tilsvarsordning på kringkastingsområdet, noko Noreg har plikt til etter Europarådskonvensjonen om fjernsyn over landegrensane og EØS-avtala. Vidare er det er ein føresetnad at kringkastingsselskapa vil vere bundne av avgerdene i eit utvida etikkutval på det same viset som dei no er i høve til klagenemnda for kringkastingsprogram.

       Inntil dei prinsipielle og praktiske samordningsspørsmåla er avklåra, vil Klagenemnda for kringkastingsprogram bli oppretthalde.

Medieombod

       Departementet viser til at fleirtalet i kyrkje- og undervisningskomiteen i samband med Innst.S.nr.223 (1992-1993) ba departementet om å greie ut spørsmålet om eit medieombod. Departementet seier at dei har drøfta saka med presseorganisasjonane og er kome til at spørsmålet mest tenleg bør greiast ut av ei eiga arbeidsgruppe. Ei slik arbeidsgruppe er oppnemnd og departementet vil kome attende til spørsmålet seinare.

Andre spørsmål

       Departementet gjer i kap. 7 greie for arbeidet med vald i biletmedia, og syner til ei arbeidsgruppe med representantar frå Kulturdepartementet og Justisdepartementet som har vurdert desse spørsmåla. Arbeidsgruppa si tilråding vert gjengjeve.

       Departementet fortel vidare at dei har oppnemnd eit utval som skal vurdera eigartilhøva i media. Utvalet skal leggje fram ei utgreiing innan 1. januar 1995 og utvalet sitt mandat er attgjeve i meldinga (side 33).

       Departementet omtalar og at eit fleirtal i finanskomiteen i samband med B.innst.S.nr.II (1993-1994) peikte på at store mediekonsern har gjort store oppkjøp, mellom anna i dei største regionavisene. Departementet seier at utviklinga til no ikkje har gjeve grunn til å gripe inn med strakstiltak for å hindre oppkjøp av eigardelar i medieverksemder, men departementet seier at dei likevel ikkje vil sjå bort frå at lovgivning uavhengig av utvalsarbeidet kan bli aktuelt dersom utviklinga i eigartilhøva utviklar seg i ei retning som trugar mangfaldet i media.

       På side 34 i meldinga gjev departementet ei orientering om den økonomiske utviklinga i dagspressa.

2. Samandrag av St.meld. nr. 24 (1994-1995) - nærkringkasting

       Kulturdepartementet opplyser at ein har funne det riktig å forlengje dei eksisterande konsesjonane for nærradio og lokalfjernsyn fram til St.meld. nr. 42 (1993-1994) og denne tilleggsmeldinga er handsama av Stortinget. På denne måten kan endringane i rammevilkåra for nærkringkasting ta til å gjelde i samband med den nye konsesjonsrunden. I denne samanhengen blir det vist til at departementet òg har fremja forslag til naudsynte endringar i kringkastingslova, jf. Ot.prp. nr. 31 (1994-1995) .

       Departementet varslar òg at det kjem attende med ei vurdering av forslaga i Eigarskapsutvalet si utgreiing, NOU 1995:3 Mangfald i media.

Hovudpunkta i meldinga

       I kap. 2, nærkringkasting i Noreg, gjer departementet greie for utviklinga av nærkringkastinga i Noreg.

       Frå den ideelle målsetjinga om nærkringkasting som ei friviljug, ikkje-kommersiell verksemd då forsøka med nærkringkasting tok til i 1981/82, meiner departementet at nærkringkastinga har utvikla seg til ei næringsverksemd med eit generelt kommersielt preg.

       I kap. 3, nærkringkasting i andre land, gjer departementet greie for tilhøva i dei nordiske landa, samt i Storbritannia og Tyskland. Det er eit generelt trekk ved organiseringa av nærkringkastinga i alle desse landa at det er svært få reguleringar med omsyn til programinnhaldet i nærkringkastinga. Eit anna fellestrekk er at konsesjonsområda for kommersiell nærkringkasting blir fastsette ut frå befolkningsmessige kriterium. For kommersiell nærradio er konsesjonsområde med frå 50.000 innbyggjarar og oppover svært vanleg. Det lokale fjernsynet vert i svært liten grad drive ved hjelp av bakkesendarar i dei nemnde landa.

       Kap. 4 omhandlar nærradio. Det vert no drive nærradio i 197 ulike konsesjonsområde. Til saman er det 389 selskap m.v. som har konsesjon til å drive nærradio. Talet på nærradiokonsesjonærar er redusert dei siste åra. Reduksjonen har først og fremst vore synleg blant dei kommersielle nærradioane, der det er skjedd ein reduksjon på 9,4 % etter at P3 og P4 starta sendingar. Reduksjonen skuldast til dels konkurransen frå dei nemnde stasjonane, til dels manglande økonomistyring m.v, noko som vert stadfesta av ein rapport som er utarbeidd av BI. Kapitlet omtalar vidare den økonomiske sitasjonen for nærradioane.

       Departementet strekar under at nærkringkasting er ei privat verksemd som må drivast på marknaden sine premissar og innanfor dei generelle mediepolitiske rammevilkåra som vert fastsette av Stortinget.

       Under den noverande ordninga er konsesjonsområde for nærradio avgrensa til ein kommune. I særskilte høve kan ein gje konsesjon for fleire kommunar som dannar ein naturleg geografisk heilskap. Departementet gjer framlegg om at det vert lagt til grunn at eit konsesjonsområde for komersiell nærradio som hovudregel bør ha minimum 50.000 innbyggjarar. Som kommersielle reknast dei nærradioane som har hovudinntektene sine frå reklame, bingo eller programsal. Konsesjonsområda bør fastsetjast av Statens medieforvaltning etter konsultasjonar med Statens teleforvaltning og Norsk Nærradioforbund.

       Etter den noverande ordninga har i realiteten alle som tilfredsstiller vilkåra for å ha konsesjon, krav på konsesjon. Departementet sitt forslag inneber at det berre blir tildelt frekvensar til eitt sendarnett for kommersiell allmennradio pr. konsesjonsområde, med unnatak for somme tett befolka område. I tillegg vil det som i noverande ordning bli gjeve konsesjonar til ideelle nærradioar. Også dei ideelle nærradioane vil kunne senda reklame, men av røynsle spelar alternative finansieringsformer som friviljug lydarlisens, foreiningstilskot, bingo o.l. større rolle enn reklame for denne radiogruppa.

       Etter den noverande ordninga er det konsesjonæren som fordeler sendetida. Departementet sitt forslag inneber at den som har konsesjon til kommersiell allmennradio i eit konsesjonsområde med ein frekvens, disponerer all sendetida mellom kl. 06.00 og 18.00. Dei ideelle nærradioane disponerer resten av sendetida. I konsesjonsområde med to frekvensar vil det bli føreteke ei fordeling pr. frekvens, slik at den kommersielle nærradioen vil disponere heile sendetida på ein frekvens, medan dei ideelle nærradioane disponerer heile sendetida på den andre. I område med meir enn to frekvensar vil det bli gjort ei tilsvarande fordeling.

       I dag disponerer dei fleste konsesjonsområda eitt sendarnett. Fleire byar disponerer fleire enn eitt sendarnett. Frekvensmessige omsyn inneber at hovudregelen framleis vil vere eitt sendarnett i kvart konsesjonsområde. I tillegg vil det i om lag 20 konsesjonsområde kunne disponerast frekvensar til meir enn eitt sendarnett, under føresetnad av at sendarnetta ikkje har like store dekningsområde. Dersom ein prioriterer å tildele meir enn eitt sendarnett i eit konsesjonsområde, vil berre eitt nett gi fullgod dekning.

       Kap. 5 omhandlar lokalfjernsyn. Av dei om lag 80 konsesjonærane som driv regelmessige sendingar, er det 33 som berre sender via kabelnett. I tillegg kjem 18 konsesjonærar i Oslo. Ingen av desse vidaresender direkte reklamefinansierte satellittkanalar. Dei resterande konsesjonærane baserer mykje av si verksemd på direkte vidareformidling av satellittsendingar med reklame.

       Departementet ønskjer å etablere grunnlag for utvikling av eit lokalt kommersielt fjernsynstilbod i dei delane av landet kor det finst seriøse profesjonelle konsesjonssøkjarar. Av røynsle går det fram at følgjande føresetnader må vere til stades:

- eit marknadsgrunnlag i konsesjonsområdet som gjev ein tilfredsstillande økonomisk basis for verksemda
- rammeføresetnader som er godt planlagde på førehand
- tilgang på lokalt og eksternt programmateriale.

       Departementet foreslår i konsesjonsføresetnadene:

- større og færre konsesjonsområde
- einerett
- sentral programleveranse og lokal redigering av programtilbodet
- betalingsfjernsyn basert på satellittkanalar utan reklame
- samarbeid med ein eventuell ny fjernsynskanal i NRK

       Dei lokale konsesjonærane har til dagleg bruk for 4-6 timars eksternt produsert programmateriale. Betalingsfjernsyn vil kunne vere eit tilleggstilbod der det er marknad for det. Når det gjeld samarbeid med NRK, kan det vere interessant for somme konsesjonærar. Departementet foreslår difor at det vert opna for eit slikt samarbeid der båe partar finn dette nyttig.

       Det er departementet si oppfatning at det manglande apparatet for felles innkjøp av program som er produserte eksternt og sal av reklame skuldast det faktum at lokal-TV-stasjonane har satsa på samstundes og uendra vidaresending av satellittkanalar.

       Dette er ein praksis som departementet meiner i større grad har vore med på å auka reklameinntektene til dei kommersielle kanalane i staden for å realisere dei intensjonane som til no er lagde til grunn for lokal-TV.

       Departementet peikar på at bruk av felles innkjøpsledd er ei ordning som fungerer i andre land, m.a. i Danmark.

       Departementet foreslår ei tilsvarande ordning for storleiken på konsesjonsområda som den som gjeld for nærradio. Det vil bli lagt til grunn at kvart konsesjonsområde for lokalfjernsyn minst må ha 50.000 innbyggjarar. Dersom det skulle bli naudsynt, må konsesjonsområda kunne femna om meir enn eitt fylke. Konsesjonsområda skal fastsetjast av Statens medieforvaltning etter konsultasjonar med Statens teleforvaltning og Norske Fjernsynsselskapers Landsforbund.

       Det vil berre bli gjeve ein konsesjon til lokalfjernsyn i kvart konsesjonsområde og som hovudregel under føresetnad av at prinsippa for allmennkringkasting skal nyttast. Konsesjonæren må m.a. samarbeide med organisasjonane m.v. om programleveransar.

       Det er departementet si oppfatning at sikre rammeføresetnader for lokal-TV best kan sikrast ved etablering av ein ny forplikta kanal. Skulle eit slikt alternativ vere aktuelt, måtte det vere under den klåre føresetnaden at kanalen vart pålagt forpliktingar som allmennkringkastar i tillegg til eit nærare definert samarbeid med lokal-TV-konsesjonærane. Eit slikt alternativ kunne såleis også baserast på ein eksisterande kanal.

       Den monalege nyetableringa private aktørar har gjort når det gjeld etablering av satellittkanalar i den seinare tida, er eit klårt teikn på at reklamemarknaden no blir sett heilt annleis på enn då TV2 fekk konsesjon.

       Departementet sitt forslag i høve til gjeldande ordning for nærradio og lokalfjernsyn framgår av tabell 1 og 2 tatt inn som vedlegg 1 og 2.

3. Samandrag av St.meld. nr. 31 (1994-1995) - eigarskap i nærkringkasting

       Kulturdepartementet legg i meldinga fram forslag om endringar i prinsippa for eigarskap i nærkringkasting.

       Eigarskapsutvalet har fremja følgjande forslag:

- Ingen einskild aktør kan kontrollere meir enn 30 % av den totale nærkringkastingsmarknaden på nasjonalt plan, målt i lydar- eller sjåarpotensial for høvesvis lokalfjernsyn og nærradio.
- Ingen einskild aktør skal kunne disponere meir enn ein frekvens i eit konsesjonsområde.
- Ei avis skal ikkje kunne ha avgjerande medverknad i meir enn eitt av dei lokale kringkastingsmedia der det berre er ein frekvens tilgjengeleg for høvesvis lokalfjernsyn og nærradio.

       Utvalet foreslår òg å oppheva hovudtyngda av dei noverande føresegnene som avgrensar høvet til å ha eigardelar i nærkringkastingsselskap.

       Dei delane av utvalet si innstilling som femnar om nærkringkasting har vore på høyring til dei partane det gjeld.

Nærare om forslaget

       Departementet gjer i kap. 2 greie for gjeldande reglar for eigarskap i nærkringkasting. Regelverket slår fast at aviser, mediebedrifter, næringsdrivande, landsomfattande organisasjonar, kabelselskap, kommunar og kommunale organ ikkje kan ha eigen konsesjon til drift av nærkringkasting. Slike organ kan heller ikkje ha meir enn 49 % av eigardelane i ein nærkringkastingsstasjon. Vidare blir det kravd at spreiing av eigarinteressene skal vere reell. Regelverket innehold òg føresegner om at konsesjonæren og minst 2/3 av styremedlemene må vere busette i sjølve konsesjonsområdet. Det er dessutan gjeve føresegner om at overføring av eigardelar skal rapporterast inn til Statens medieforvaltning.

       I kap. 3 gjer departementet nærare greie for Eigarskapsutvalet sitt forslag til reglar om eigarskap i nærkringkasting. Kapitlet inneheld òg ei utgreiing om høyringsrunden.

       Kap. 4 inneheld departementet sitt forslag til nye prinsipp om eigarskap i nærkringkasting. Departementet foreslår:

- Ingen einskild aktør skal kunne disponere meir enn 33,33 % av den samla nasjonale nærkringkastingsmarknaden for høvesvis nærradio og lokalfjernsyn. Grunnlaget for vurderinga er lydar- og sjåarpotensialet.
- Ingen einskild aktør skal kunne disponere meir enn ein frekvens i eit konsesjonsområde.
- Aviser skal kunne ha eigen konsesjon til drift av nærkringkasting. I eit konsesjonsområde der det berre finst ei avis, bør ho av omsyn til ytringsmangfaldet ikkje ha konsesjon eller avgjerande medverknad i eit nærkringkastingsselskap. Aviser skal ikkje kunne disponere alle frekvensane i eit konsesjonsområde.
- Kabelselskap skal ikkje kunne ha eigen konsesjon til nærkringkasting.
- Kommunar og kommunale organ skal som hovudregel ikkje kunne ha eigen konsesjon til å drive nærkringkasting.

       Samla sett vil forslaga føre til ei liberalisering i høve til det lovverket som gjeld i dag.

Økonomiske og administrative konsekvensar

       Forslaga vil korkje ha økonomiske eller administrative konsekvensar for det offentlege.

4. Samandrag av Dok.nr.8:38 (1994-1995) om vidaresending av satellittsendte TV-program

       Representanten Simonsen fremmer i dokumentet to forslag som båe handlar om vidareformidling av norske og utanlandske satellittsendte tv-program. I forslag nr. 1 foreslår Simonsen at Stortinget skal be Regjeringa fremme forslag om turvande lovendringar slik at lokal-TV-selskap kan få høve til vidareformidling av norske og utanlandske satellittsendte tv-program. I forslag nr. 2 foreslår representanten at Stortinget skal be Høgsterett om å koma med ei utgreiing om forbodet mot lokal-TV-selskapa si vidareformidling av satellittsendingar og forbodet mot riksdekkjande etersendingar for andre selskap enn NRK og TV2. Høgsterett skal vurdere dette i høve til Grunnlovas § 100 om ytringsfridom, § 101 om næringsfridom samt Grunnlovas prisnipp nemnde i § 112, i samsvar med Grunnlovas § 83.