1. Samandrag

     Regjeringa legg i proposisjonen fram reindriftsavtalen for 1995 og 1996 og gjer framlegg om dekning av kostnader når det gjeld radioaktivitet i reinkjøt.

       Norske Reindriftsamers Landsforbund (NRL) la fram sitt krav til ramme og fordeling den 29. november 1995. Kravet hadde ei økonomisk ramme på 77,0 mill. kroner. Utover dette fremja NRL krav om at kostnadene vedrørande radioaktivitet skal dekkast fullt ut utanom denne ramma. Vidare gjekk NRL i kravet sitt inn for å leggja tilhøva til rette for kortsiktige og langsiktige tiltak som tek sikte på å hindra lågare inntening, og om mogleg betra næringa si inntening. Tiltaka i denne samanhengen burde etter NRL si meining rettast inn på å oppnå betre pris og kvalitet på reinkjøt, å betra innteninga på biprodukt og å betra moglegheitene for næringskombinasjonar.

       Staten la fram eit notat med synspunkt på somme postar på reindriftsavtalen i møte den 18. januar 1996. Staten sitt tilbod til ramme og fordeling vart oversendt NRL den 2. februar 1996. Partane heldt deretter tingingsmøte den 8.-9. februar, og kom så fram til semje om ein reindriftsavtale for 1996-97 i eit avsluttande tingingsmøte den 21. februar 1996.

       Den inngåtte avtalen har ei ordinær ramme på 75,0 mill. kroner. Det er 2 mill. kroner lågare enn avtalen for 1995-96.

       Som tidlegare vart det i tingingane om reindriftsavtalen for 1996/97 lagt vekt på oppfølging av St.meld. nr. 28 (1991-1992) Ei bærekraftig reindrift.

       Hovudtyngda av tingingane dreidde seg om tilpassing av budsjett og regelverk for dei ulike ordningane under reindriftsavtalen i høve til utviklinga i næringa.

       I tillegg til sjølve avtalen er det i sluttprotokollen frå tingingane avtalt oppfølging på fire punkt. Punkt 1 omhandlar vidareføring av prøveprosjektet for reduksjon av reintalet i Indre Finnmark gjennom utslakting basert på vektstrukturering. Vidare omhandlar punkt 2 oppfølging av Omstillingsprogrammet for Indre Finnmark, medan punkt 3 omhandlar vidareføring av prosjektet for kartlegging av mogleg inntektsauke i reindrifta. Punkt 4 omhandlar finansiering og tiltak mot radioaktivitet i reinkjøt, og prinsippa for ei vidareføring av slike tiltak i neste slaktesesong.

       Talet på rein har dei seinare åra gått ned, noko som har vore eit sentralt mål for dei verkemidla som er sette inn gjennom reindriftsavtalen. Det er likevel framleis nødvendig å redusere talet på rein i Finnmark for å sikra ei langsiktig berekraftig utvikling i desse områda.

       Totalrekneskapen for reindrifta for 1994, førebels rekneskap for 1995 og budsjett for 1996 syner hovudtrekka i utviklinga i næringa. I 1994 vart det slakta 79.800 dyr. Dette er ein reduksjon på 7.100 dyr (om lag 8 %) frå 1993. Det totale slaktekvantumet var i 1994 på 2.142 tonn, som er ein reduksjon på 270 tonn (11,2 %) i høve til året før. Reduksjonen i kvantumet skuldast både ein reduksjon i talet på slaktedyr og ein nedgang i gjennomsnittsvekta.

       Som fylgje av at det totale slaktekvantumet og talet på slaktedyr er redusert frå 1993 til 1994, er dei totale inntektene frå kjøt- og biprodukt også reduserte. Den samla gjennomsnittsprisen for heile landet vart redusert med 0,75 kr/kg (1,8 %) frå 1993 til 1994.

       I førebels rekneskap for 1995 er det rekna med ein auke i inntektene frå kjøt og biprodukt. Denne auken kjem hovudsakleg på bakgrunn av auka slakteuttak som fylgje av Omstillingsprogrammet for Indre Finnmark og som fylgje av ein prisauke. I budsjettet for 1996 er det rekna med at inntektene frå kjøt og biprodukt vil koma ned på det nivået ein hadde i 1994.

       Erstatningar for rovdyrskadar i driftsåret 1994/95 auka monaleg i høve til dei tidlegare åra, som fylgje av reduserte dokumentasjonskrav.

       Dei samla kostnadene i reindrifta auka med 5,6 mill. kroner frå 1993 til 1994. Dette tilsvarar ein auke på 8,7 %. Nettoproduktet, som er eit uttrykk for næringa si eiga inntening, er kraftig svekka frå 1993 til 1994. Nettoproduktet vart i denne perioden redusert med 31,2 % frå 40,9 til 28,1 mill. kroner.

       Resultatmåla « vederlag til arbeid og kapital » og « vederlag til arbeid og eigenkapital » er igjen reduserte etter ei markert betring frå 1992 til 1993. Dette skjer ved ein nedgang i produksjonsinntektene kombinert med auka kostnader. At nedgangen vert mindre enn oppgangen det førre året skuldast i hovudsak auka statstilskot, lågare rentekostnader og at den negative endringa på reinhjordverdien er monaleg redusert.

       Resultatmålet vederlag til arbeid og eigenkapital pr. årsverk syner ein nedgang frå 1993 til 1994. Ein ventar imidlertid ei betring i dette resultatmålet både i 1995 og 1996, som fylgje av auka statstilskot og ein reduksjon i talet på årsverk. Reduksjonen i talet på årsverk skuldast i hovudsak ein reduksjon i talet på driftseiningar som fylgje av Omstillingsprogrammet for Indre Finnmark.

       Når det gjeld arbeidsforbruket held trenden fram frå dei tre førre åra med ein svak tilbakegang. Det er store skilnader mellom ulike område når det gjeld arbeidsforbruk. Delar av Finnmark, Troms og Nordland brukar relativt sett meir arbeidstid pr. rein enn andre område.

       Det totale økonomiske resultatet for næringa samla sett må framleis karakteriserast som svakt.

       Det er store skilnader i økonomisk resultat mellom ulike område. Dette avspeglar skilnader i produksjonstilpassing og effektivitet i næringa. Dei økonomiske resultata i somme område må karakteriserast som uforsvarleg låge, både økonomisk og sosialt sett.

       Den økonomiske og sosiale situasjonen for reineigarane i Finnmark er framleis særs vanskeleg. Totalrekneskapen syner at dei økonomiske resultata er særs dårlege. Det at det er få alternative inntekts- og sysselsettingsmoglegheiter gjer at situasjonen i regionen vert verre, og skapar risiko for ny overetablering i næringa før beitebelastninga er kome i balanse. Avtalepartane er på denne bakgrunnen samde om å vidareføra prosjektet for kartlegging av mogleg inntektsauke i reindrifta.

       På marknadssida held den postive trenden fram, og marknaden for reinkjøt har også det siste året vore særs lett. Etterspurnaden etter reinkjøt har vore særs god.

       I alt 101 driftseiningar, av dei 64 driftseiningar i Vest-Finnmark og 37 driftseiningar i Aust-Finnmark, har gått inn på Omstillingsprogrammet for Indre Finnmark. Av desse er heile 91 driftseiningar lagt til sides, medan berre 10 er endeleg avvikla. Driftseiningane som har gått inn på Omstillingsprogrammet representerer til saman om lag 240 personar.

       Samstundes med reduksjonen i reintalet i Finnmark har det skjedd ei forskyving av slaktinga frå vinterslakting til haustslakting. Dette har redusert belastninga på vinterbeitene ytterlegare.

       Reintalet i Finnmark er redusert frå 200.600 rein i 1989 til 145.000 rein i 1995. Dei økonomiske verkemidla har vore ein av årsakene til denne reduksjonen. Omlegginga i 1994 til progressive slaktekrav er ei forsterking av dei økonomiske verkemidla, og det var venta ein ytterlegare reduksjon i reintalet. Ein kan i dag likevel ikkje sjå at det har vore nokon positiv effekt av dei skjerpa (progressive) slaktekrava som vart innførde frå og med slaktesesongen 1994/95.

       Dette kan etter departementet si vurdering vera eit uttrykk for at grensa no er nådd for kva ein kan oppnå ved å redusera talet på rein med hjelp av økonomiske hjelpemiddel. Vidare framover vil det difor vera nødvendig at dei økonomiske verkemidla vert kombinerte med lovbaserte tiltak for å oppnå nødvendig reduksjon av reintalet.

       Dei nye verkemidla som ligg i den nye reindriftslova, i første rekkje høvet til å fastsetja alders- og kjønnsbestemte vektgrenser for rein, men også høvet til å krevja inn ressursavgift ved manglande tilpassing av reintalet, vil kunna koma inn som eit verdifullt supplement i denne samanhengen.

       Etterspurnaden etter reinkjøt er jamt aukande. Den auka etterspurnaden kan både ha samanheng med betre kvalitet på kjøtet og auka marknadsføringsinnsats.

       Ein gjer framlegg om ei løyving til marknadsfremjande tiltak for avtaleperioden 1996/97 på 0,9 mill. kroner. Saman med overførde midlar på 1,1 mill. kroner vil det såleis vera om lag 2,0 mill. kroner til rådvelde for marknadsfremjande tiltak for den komande avtaleprioden.

       Vidare skal det avsetjast 31,6 mill. kroner til Reindriftens Utviklingsfond (RUF). 5,5 mill. kroner av desse midla er sette av til forsking og vegleiing. Det skal avsetjast 3,5 mil. kroner over Reindriftens Utviklingsfond til ressursforvalting.

       Rindriftsforvaltinga vil no gjennomgå og vurdera om ein kan finna alternativ til Forsvaret si pramming, med sikte på billegare løysingar.

       I samsvar med signala i St.meld. nr. 28 (1991-1992) vert det gjort framlegg om at tilskotet til organisasjonsarbeidet skal reduserast frå 4,3 til 4,0 mill. kroner.

       Det vert gjort framlegg om at løyvinga til folketrygdordninga skal halda fram med 1,2 mill. kroner.

       Det vert gjort framlegg om at sjukepengeordninga skal vera som før med 0,6 mill. kroner.

       Når det gjeld ordninga med frakttilskot skal tilskotet til frakt av oppdelt/foredla vare avviklast. På denne bakgrunnen vert løyvinga til frakttilskot redusert med 0,8 mill. kroner frå 2,5 mill. kroner til 1,7 mill. kroner.

       I sluttprotokollen frå tingingane omhandlar punkt 4 kostnadene ved tiltak mot radioaktiv forureining som fylgje av Tsjernobyl-ulykka, og er bygd opp etter den same modellen som åra før. Det vert gjort framlegg om omdisponering av 2,0 mill. kroner frå kap. 1151 post 80 til kap. 1151 post 82 til dekning av kostnader ved tiltak mot radioaktivitet i slaktesesongen 1995/96. Vidare vert det gjort framlegg om at det vert avsett ei disposisjonsløyving på 4,5 mill. kroner til førebels finansiering av tiltak for slaktesesongen 1996/97 etter det same mønsteret som åra før. Disposisjonsløyvinga skal først frigjerast når partane er samde om føresegnene for slike tiltak. Konklusjonane frå arbeidsgruppa som vart nedsett i samband med reindriftstingingane i 1992 er lagde til grunn ved utforminga av verkemidla for slaktesesongen 1995/96.

       Staten si dekning av kostnadene som fylgje av radioaktivt nedfall etter Tsjernobyl-ulukka legg til grunn det vedtaket som Regjeringa fatta om økonomisk godtgjersle 31. juli 1986.

       Endringane i avtalen vil samla redusere behovet for løyving på statsbudsjettet for 1996 med 1,15 mill. kroner. I tillegg vert det gjort framlegg om ei disposisjonsløyving på 4,5 mill. kroner til dekning av førebelse tiltak mot radioaktivitet i slaktesesongen 1996/97.