2. Merknader frå komiteen

       Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigrun Eng, William Engseth, Ulf Guttormsen, Gunnar Halvorsen, Inger Lise Husøy, Astrid Marie Nistad og Einar Olav Skogholt, frå Senterpartiet, Peter Angelsen, Syver Berge og Unn Aarrestad, frå Høgre, leiaren Svein Ludvigsen, Kristin Krohn Devold og Dag C. Weberg, frå Sosialistisk Venstreparti, Kari Meløy, og frå Kristeleg Folkeparti, Lars Gunnar Lie, ser samisk reindrift som ein berande faktor i samisk kultur, og har også i handsaminga i år lagt vekt på Sametinget sin uttalerett om reindriftsavtalen. Likevel finn fleirtalet det nødvendig å peike på at tida mellom proposisjonen blir lagt fram og Sametinget sitt plenumsmøte gjer det vanskeleg med ei handsaming i komiteen, der deira synspunkt kan takast med i den årlege avtala. Fleirtalet vil oppmoda Sametinget og partane om å samordne sine møter på ein betre måte, som sikrar ei handsaming i tråd med Stortingets føresetnader.

       Fleirtalet er positiv til at oppbygginga av proposisjonen om reindriftsavtalen er noko endra. Arbeidet for å gjere denne årlege proposisjonen til ein betre politisk reiskap må vidareførast. Målsetjingane om ei berekraftig reindrift fremma i St.meld. nr. 28 (1991-1992) bør fyljast betre opp gjennom årleg rapportering av måldata og ressursbruk i samband med reindriftsavtalen.

       Fleirtalet legg i omgrepet berekraftig reindrift både økonomisk, økologisk og kulturell berekraft. Derfor er det viktig at reindriftsavtalen både for denne perioden og i åra som kjem bidreg til å sikre næringsgrunnlaget. Fleirtalet viser til totalrekneskapen for næringa.

       Fleirtalet viser til pkt. 1 i sluttprotokollen frå forhandlingane, der det går fram at partane er samde om ei vidareføring av prøveprosjektet for reduksjon og tilpassing av reinbestanden i Finnmark gjennom utslakting av produksjonsdyr som ikkje held kvalitetsmål. Fleirtalet er kjend med at det er NRL som har teke initiativet til dette og at det er NRL som skal ha det overordna ansvaret for gjennomføringa.

       Fleirtalet ser positivt på næringa sin vilje til å ta ansvar og koma med konkrete og konstruktive innspel når det gjeld tiltak som kan bidra til å gjera reindrifta i Finnmark økologisk berekraftig. Fleirtalet vil peike på at prosjektet inneber at ein går direkte på årsakstilhøva ved utslakting av dei dyr som belastar eit avgrensa beitegrunnlag utan samstundes å ha ein produksjon som er fagleg og økonomisk tilfredsstillande.

       Fleirtalet vil fylgje prosjektet med interesse med omsyn til dei resultat ein oppnår i dei områda der det er særs dårleg samsvar mellom reintal og beitegrunnlag. Dersom prosjektet vert vellykka, vil det etter fleirtalet si meining kunne vera aktuelt med ei gjennomføring i breiare skala.

       Fleirtalet har merka seg at partane er samde om at det i åra framover må gjerast meir med den låge inntekta i næringa. NRL sette i avtala for 95-96 ned ei arbeidsgruppe som har lagt fram ein rapport. Det blir foreslått å engasjere ein prosjektleiar som skal fylje opp saka vidare, og melde tilbake i god tid før neste års avtale. Innstillinga skal innehalde konkretisering av tiltak som kan auke inntektene i næringar spesielt for kvinner.

       Fleirtalet ynskjer å framheve at det er svært viktig å trekkje kvinner sterkare med i reindrifta. Ikkje berre formelt som eigar og det å stå som leiar i driftseininga, men også ved at arbeidstilhøve og arbeidsoppgåver med direkte tilknyting til utøving av drifta vert søkt lagt til rette og utvikla for kvinner.

       Fleirtalet viser til at det er semje mellom avtalepartane om å vidareføre den løyvingspraksisen som er etablert når det gjeld tiltak mot radioaktivitet i reinkjøt. Fleirtalet har merka seg at kostnadene ved tiltak er påverka dels av at tiltaksgrensa vart senka i 1994, og dels av at ein har kome til eit nivå der kostnadene i større grad enn tidlegare er avhengig av beitetilhøve, slaktetidspunkt osv.

       Fleirtalet er kjent med at det pågår eit arbeid i Miljøverndepartementet om nye erstatningsordningar for rein som går tapt pga. rovdyrskade. Ein reknar med ei avklaring i løpet av året.

       Komiteen sine medlemer frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti meiner at spørsmålet omkring stort reintap i einskilde distrikt må få ei rask avklaring. Tapet har gjort at ein del reineigarar har kome opp i økonomiske vanskar.

       Den viktigaste operative reiskap i reindriftspolitikken - ved sida av reindriftslova, er den årlege reindriftsavtalen.

       I forhandlingane mellom NRL og staten v/Landbruksdepartementet, vart dei fleste spørsmål som knyter seg til utviklinga av næringa drøfta. Her vart bl.a. bruken av økonomiske verkemiddel og korleis dei på best mogeleg måte skal utformast for å harmonere med reindriftslovas intensjonar og reglar avgjort.

       Dette skal sikra at utviklinga går i retning av dei mål som Stortinget har fastsett. Fleirtalet er samd i dette. Landbruksdepartementets rapportering til Stortinget - i høve til måla, skjer gjennom reindriftsavtaleproposisjonane.

       Fleirtalet ynskjer også å gi uttrykk for ei nærare presisering av desse problemstillingane.

       Overbeiting og mekanisering - redusert bruk av arbeidskraft, faktorar som gjennom dei to siste tiår har ført til at tradisjonelle kvalitetar ved reindrifta - særleg i deler av reindriftsområdet, er i ferd med å gå tapt. Dette har ført til konflikt med miljøforvaltninga.

       Frå miljøforvaltninga i Finnmark har det i særleg grad vore fokusert på dei negative sidene ved overbeiting, bygging av gjerdeanlegg og motorisert ferdsel i reindrifta, spesielt den aukande berrmarkskøyringa.

       Reindriftsavtalens « Kostnadssenkande og direkte tilskot » har ordningar som skal stimulere til kalveslakting, til tidleg haustslakting og til redusert reintal gjennom skjerpa (progressive) slaktekrav for dei største flokkane.

       Målet med ordningane er å redusere presset på beita samstundes med at produksjonen vert oppretthalden gjennom høgare avdrått på et lågare reintal. Fleirtalet finn likevel ikkje at ordninga med progressive slaktekrav har gjeve dei positive verknader for ein reduksjon av reintalet i Finnmark ein hadde venta. Fleirtalet set også spørsmål om kostnadene ved tidlegslaktetilskotet står i høve til den verknad ordninga har hatt for presset på vinterbeita. Dertil er denne tilskotsordninga produksjonsavhengig, og utan inntektsutjamnande effekt.

       Fleirtalet meiner at det er viktig at overføringane ikkje verkar til å forsterka problemet med overbeiting og skeiv inntektsfordeling, og ber difor om ei nærare analyse av samanhengane mellom dei økonomiske verkemiddel på den eine sida og miljøproblema og inntektsfordelinga på den andre.

       Etter fleirtalet si meining gjer no reindriftslova det mogeleg å knyta økonomiske og lovbaserte verkemiddel saman i eit meir heilskapleg verkemiddelsystem for å tilpassa beitetrykket, og samstundes redusera miljøproblema som knyter seg til overbeiting. Sanksjonsheimlane i reindriftslova og stimuleringstiltaka over reindriftsavtalen må difor i sterkare grad brukast saman, for å nå fram til større måloppnåing.

       Etter fleirtalet sitt syn har Regjeringa eit klart ansvar overfor Stortinget med å utvikla og gjennomføra ein politikk som fører til berekraftig utvikling. Regjeringa bør forut for dei komande forhandlingar førebu seg ved å:

- Føreslå forvaltningsbaserte styringsverktøy som kan resultera i ei meir effektiv måloppnåing for berekraftig bruk av beiteressursane.
- Summera tilhøva (t.d. dei som gjeld kultur, samfunn og det økososiale) som påverkar tilpassinga av reintalet for enkeltreineigar, driftseining, driftsgruppe og distrikt.
- Analysere enkelttiltak (t.d. verkemiddel av rettleiingsmessig, økonomisk og juridisk karakter) i høve til effekt på ressurstilpassinga.
- Analysere moglege kombinasjonar av verkemiddel over avtalen og reindriftslova for utvikling av ein heilskapleg verkemiddelpolitikk i høve til utfordringa med å få reintalet ned og i balanse med beiteressursane, samstundes som avkastninga pr. rein vert søkt optimalisert.

       Fleirtalet ser det som viktig at også Sametinget er oppteke av reindrifta si utvikling. Fleirtalet legg til grunn at Sametinget vil koma med verdifulle innspel til utforminga av den framtidige reindriftspolitikk. Plattforma for slikt arbeid tykkjest etablert no, og målet må vera at NRL, Sametinget og departementet stimulerer kvarandre til diskusjon og nytenking i samband med dei utfordringar som ligg i å utvikla ein heilskapleg verkemiddelpolitikk i høve til dei mål som er dregne opp.

       Komiteen vil be Landbruksdepartementet koma med ei orientering til Stortinget om situasjonen i reindriftsnæringa i samband med budsjettet for 1997 eller på anna egna måte.

       Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti viser til tidligere merknader i Innst.S.nr.199 (1995-1996) hvor det uttrykkes hvor viktig det er å se reindrift som en bærende faktor i samisk kultur, og hvor viktig det er å kunne kombinere næringer. Dette medlem ser derfor positivt på næringas egne krav til avtalen om å legge forholda til rette for kortsiktige og langsiktige tiltak som har som formål å bedre fortjenesten i næringa.

       Dette medlem ser ikke at signalene om et øvre tak for antall rein pr. driftsenhet er fulgt opp, og vil minne om at det har vært flertall for en slik politikk og at statsråd Gunhild Øyangen sluttet seg til dette i Stortinget 1. juni 1993.

       Dette medlem har merket seg at reduksjonen i antall årsverk i all hovedsak skyldes en reduksjon i antall driftsenheter som følge av Omstillingsprogrammet for Indre Finnmark. Etter dette medlems mening er ikke dette veien å gå for å redusere antall rein. At det blir færre men større enheter er ingen løsning, og heller ingen garanti for at en bærekraftig reindrift vil utvikle seg.

       Dette medlem viser til at det i Finnmark fortsatt er en vanskelig økonomisk og sosial situasjon for reineierne. Etter dette medlems mening er det derfor behov for å motvirke overetablering i de driftsenhetene som er igjen, og det med hensyn til både beitebelastning og inntektsgrunnlag.

       Dette medlem vil som i tidligere merknader understreke at bruken av snøskuter, barmarkskjøretøy og helikopter må begrenses. Hvis tendensen med færre men større driftsenheter får fortsette vil dette i for stor grad utvikle seg til et mannsdominert motorisert yrke.

       Komiteens medlem fra Fremskrittspartiet, Øystein Hedstrøm, vil peke på at reindriftsnæringen er en levevei for mennesker som selv velger å satse på denne form for virksomhet.

       Dette medlem mener reindriftsnæringens statssubsidierte natur gjør at naturlige begrensninger satt av markedet ikke fungerer. Dette medlem vil minne om de økonomiske virkemidler som skal bidra til et høyt slakteuttak, tidligere gjennomføring av slaktingen og satsingen på utviklings- og investeringstiltak m.v. Dette medlem vil hevde at denne type tilskudds- og reguleringsordninger er uheldige virkemidler som motvirker en helt nødvendig strukturrasjonalisering av reindriften. Resultatene manifesteres med et økonomisk resultat for næringen som samlet sett fortsatt må karakteriseres som meget svakt. Dette medlem viser til at antallet yrkesutøvere og dyr fortsatt er for høyt i forhold til beitegrunnlaget. Videre er arealbruken i reindriftsnæringen, relatert til produksjonen, ekstremt høy.

       Dette medlem mener en avvikling av de planøkonomiske tiltakene som er nedfelt i reindriftsavtalen og overgang til et marked med reelle priser vil gi utøverne grunnlag til å utvikle arbeidsplasser på vanlige bedriftsøkonomiske kriterier. Et slikt systemskifte vil sikre en nødvendig flokkreduksjon i forhold til tilgjengelige beiteressurser. Samtidig vil de gjenværende yrkesutøvere kunne bygge opp sikrere arbeidsplasser uten basis i offentlige støtteordninger.

       Dette medlem vil peke på at en sterk kulturfokusering i forbindelse med storsamfunnets ensidige tiltak overfor reindriften kan bidra til å svekke næringens utviklingsmuligheter i en mer konkurranseutsatt fremtid.

       Dette medlem ønsker å innlemme alle samiske grupper og næringer i den generelle velstandsutvikling, og derved muliggjøre kulturell styrke og mangfold i de samiske miljøer, også utover den beskjedne gruppe som er involvert i reindriftsnæringen.

       Dette medlem viser til Landbruksdepartementets tall om at tiltak etter Tsjernobyl-ulykken har påført Norge utgifter i størrelsesorden 500 mill. kroner. I reindriftsavtalen avsettes det betydelige beløp fordi reinsdyr som inneholder mer enn 3.000 bq/kg skal omfattes av tiltak som reduserer radioaktiviteten. Fremskrittspartiet har ved flere anledninger stilt spørsmålstegn ved om man er i ferd med å innføre en ny subsidieordning i form av et becquerel-tilskudd kamuflert som et virkemiddel mot radioaktivitet.

       Dette medlem vil vise til forskningsmiljøer som mener det ikke finnes faglig grunnlag for å bruke store beløp på tiltak etter Tsjernobyl-ulykken.

       Dette medlem er grunnleggende uenig i den politikk som føres overfor reindriftsnæringen og går imot den foreslåtte økte bevilgning og omdisponering som følge av reindriftsavtalen.