3. Særmerknad fra Høyre

Komiteen sine medlemer frå Høgre legg vekt på at kunst og kultur er av avgjerande verdi for utviklinga av det einskilde menneskets personlegdom og livskvalitet. Samstundes utgjer kunst og kultur eit avgjerande grunnlag for vår nasjonale identitet, noko som i seg sjølv representerer ei viktig grunngjeving for eit offentleg engasjement i kulturpolitikken.

       Desse medlemene vil streke under at det offentlege har ei viktig rolle å spele i utviklinga av norsk kunst og kultur, framfor alt ved å medverke til å utforme rammevilkår som sikrar at norsk kunst- og kulturliv kan utfalda seg i fridom og mangfald. Desse medlemene meiner at dette m.a. inneber at staten, ved sida av å ta eit hovudansvar for « kulturlivet sin infrastruktur », må leggje vekt på ein kunstnarpolitikk som gjev kunstnarane materielle vilkår og som gjer det mogleg for dei å frigjere sine skapande krefter. Utgangspunktet for kunstnarpolitikken må difor framleis vere at vidareutviklinga av norsk kunst føreset at kunstnarane har gode arbeids- og levekår, utan at dette kan tolkast slik at staten har eit ansvar for å syte for at alle som ønskjer å ha kunst og kultur som leveveg, får høve til det.

       Desse medlemene meiner det er viktig med medverknad frå staten si side i arbeidet for å gi kunstnarane gode arbeids- og levekår. Desse medlemene meiner at dette kan skje gjennom ansvar for dei nasjonale basisinstitusjonane og utvikling av kunstfagleg kompetanse og kvalitet i kulturlivet. Samstundes er desse medlemene positive til dei funksjonane og det nybrottsarbeidet som går føre seg i dei frie sceniske gruppene. Ein må satse på tiltak for auka bruk og utbreiing av arbeida til kunstnarane, t.d. gjennom oppdrag, innkjøp, aktive kunstforeiningar, gode vilkår for omsetnad, tilfredsstillande ordningar for godtgjersle, utenlandspresentasjonar m.m. Desse medlemene meiner at ein også når det gjeld dei ordningane for godtgjersle som er politisk underbygde, må leggje større vekt på at godtgjersla er ein del av kunstnarane sine normale arbeidsinntekter, og at ein difor bør utarbeide løysningar som inneber at det vert lagt større vekt på individuell utbetaling av godtgjersle. Desse medlemene vil difor fremje følgjande framlegg:

       « Stortinget ber Regjeringa utarbeide nye ordningar for godtgjersle med kollektiv utbetaling gjennom kunstnarane sine organisasjonar til ordningar med heil eller delvis individuell utbetaling av godtgjersle. »

       Desse medlememe er, når det gjeld dei direkte stønadsordningane, samde i at ein no skal gjennomgå retningslinene for tildeling av garantiinntekter og stipend med sikte på ei samordning av regelverket. Desse medlemene har merka seg at det i denne samanhengen vil bli vurdert om innstillingskomiteane i kunstnarorganisasjonane skal supplerast med eksterne medlemer, og har medkjensle for ein slik tanke. Desse medlemene meiner at garantiinntektsordninga, som ikkje har verka slik som ein rekna med, gradvis bør byggjast ned, og i staden bør ein bruke midlane slik at fleire får arbeidsstipend og til å auke storleiken på dei. Desse medlemene er samde med departementet i at arbeidsstipenda vanlegvis bør delast ut for ein periode på 5 år, og at det i spesielle høve bør vere ei opning for prosjekt som strekkjer seg over ein lengre periode enn dette. Desse medlemene er positive til framlegget om eit spesielt stipend for unge, nyetablerte kunstnarar. Desse medlemene går imot framlegget om å avvikle ordninga med stipend til eldre kunstnarar som har gjort seg fortente til det, og meiner at det framleis bør finnast ei opning for å gi stipend til denne kunstnargruppa.

       Desse medlemene vil og vise til dei gode resultata som er oppnådd gjennom folkekunststipenda, og ser positivt på ei vidareutvikling av desse.

       Desse medlemene meiner at ein bør ta opp att ordninga med kunstnarløn eller heidersløn som ein fast stønad med eit klårt preg av heider til spesielt framifrå kunstnarar. Kunstnarløn (heidersløn) bør kunna gjevast av Regjeringa som ei særleg påskjønning frå samfunnet si side til kunstnarar som etter ålmen oppfatning har gjort seg fortente til det.

       Desse medlemene er i utgangspunktet sterkt tvilande til framlegget om å samle administrasjonen av statlege fondsordningar i eit nytt Statens kunstfond, og ser ingen fordelar med dette. Desse medlemene meiner at ei slik samordning kan få negative resultat, bl.a. ved å svekkje dei faglege vurderingane ved tildeling av middel frå dei ymse fondsordningane, og kan heller ikkje sjå at det ligg rasjonaliseringsvinst i framlegget.

       Desse medlemene har merka seg at det i meldinga vert lagt til grunn å auke løyvingsramma på 50 mill. kroner for å dekkje opp dei nye tiltaka som det vert gjort framlegg om. Desse medlemene konstaterer at det til ei kvar tid står Regjeringa fritt å fremje dei løyvingsframlegga ho måtte ønskje, og at det høvet Regjeringa har til å gjere framlegg om ein auke på 50  mill. kroner i budsjettframlegget for 1998, kan gjerast uavhengig av Stortinget si handsaming av den framlagde meldinga i vår. Desse medlemene finn ingen grunn til å ta stilling til budsjettspørsmål av denne typen no, og vil nøye seg med å syne til følgjande sitat frå Høgre sine særmerknader i innstillinga om kulturmeldinga våren 1993 ( Innst.S.nr.115(1992-1993)):

       « Disse medlemmer henviser til sine prioriteringer og forslag i denne innstilling, enten alene eller sammen med andre partier, og konstaterer at disse forslag/prioriteringer i sum representerer en klar markering av Høyres vilje til og ønske om en sterkere satsing på kulturoppgavene. Disse medlemmer konstaterer også at de samlede overføringer til kulturformål må underkastes vanlig budsjettmessig vurdering fra år til år. »