2. Utviklingstrekk og utfordringer

2.1 Sammendrag

Teknologiutvikling

       Som følgje av raske endringar i teknologi, marknad og regelverk er Telenor sine rammevilkår i stadig forandring. Utfordringane som ligg i å møte denne utviklinga er store og krevjande, og stiller krav til kontinuerleg omstilling og fornying både med omsyn til teknologi, produkt og tenester, og i høve til arbeidsformer og -organisering.

       Utviklinga innafor telekommunikasjon har fram til no i stor grad vore teknologidriven. Den raske utviklinga på telekommunikasjonssektoren vi no er inne i er meir prega av at fleire faktorar verkar samtidig, og i eit forsterkande samspel: Teknologiutvikling, nye bruksmåtar, sterk auke i etterspurnad etter overføringskapasitet, høgare kompetansekrav og sterkare konkurranse både på regionalt og globalt nivå.

       Dei store teknologiske spranga vi er vitne til skriv seg for ein stor del frå framsteg innan mikroelektronikk og datateknologi, som har gjort det mogleg at informasjon i einkvar form (lyd, tekst, data og bilete) kan digitaliserast og formidlast med større kapasitet enn tidlegare. Dette gjer at ulike tenester kan utførast på alle typar nett, trådlaust eller i kabelnett. På denne måten kan den samla nettkapasiteten nyttast meir effektivt og fleksibelt.

       Utviklinga er prega av at moderne nett har fått mykje høgare kapasitet, blitt meir fleksible og pålitelege. Som ein følgje av dette kan ledig kapasitet utnyttast betre, nye tenester kan bli tilbode og kvaliteten på tenester og service kan lettare tilpassast aukande krav og forventingar i marknaden.

       Ein markert effekt er at auka nettkapasitet gir lågare og stadig fallande kostnader og prisar på overføring av signal, og at prisane blir mindre avstandsavhengige.

       Samansmeltinga mellom telekommunikasjon, databehandling og innhaldsformidling kjem til syne gjennom ei rivande utvikling både på nett- og tenestesida. På nettsida er det ei samansmelting mellom telekommunikasjon og IT-bransjane t.d. med omsyn til signaloverføring, netteknologi og terminalutstyr. På tenestesida fører samansmeltinga til nye og raskt veksande marknader for avanserte og verdiaukande tenester, bygd på samarbeid og tilbod av produkt og tenester som kombinerer lyd, tekst, data og bilete på tvers av tidlegare skilde bransjar.

Regulatorisk utvikling

       Samansmeltinga av tidlegare ulike teknologiar skaper behov for å sjå på reguleringa av tradisjonelle tenester på nytt.

       Med digitaliseringa av nett og tenester og tilrettelegging av regelverk, vil samansmeltinga i første rekkje vere eit marknadsfenomen.

       Departementet behandlar ikkje allmenne reguleringsspørsmål i meldinga, men viser til St.prp. nr. 70 (1995-1996) Om avvikling av resterende eneretter i telesektoren, jf. Innst.S.nr.284 (1995-1996). Fordi reguleringsordningane utgjer ein sentral del av Telenor sine rammevilkår, gir departementet likevel ei kort skisse av utviklinga i regelverket, jf. pkt. 2.2 i meldinga.

       Restererande einerettar blei avvikla frå 1. januar 1998. Dette fører til at Telenor frå årsskiftet møter konkurranse på alle sine forretningsområde. Auka konkurranse og fleire tilbydarar vil innebere eit sterkare press på Telenor sin kostnadsstruktur og lønsemd, og etter kvart føre til at Telenor får redusert sin del av telemarknaden.

Marknads- og konkurranseutvikling

       Endringane i rammevilkår har medverka til at strukturen i telemarknaden generelt er i endring over heile den industrialiserte verda. Telemarknaden har endra seg frå å vere ei avgrensa verksemd, til å vere blant dei mest dynamiske og raskast veksande bransjane i økonomien.

       Internasjonalt pågår det omfattande posisjonering og restrukturering i tele-/IT-industrien, for at selskapa skal sikre seg fotfeste i dei nye marknadsstrukturane.

       I dette nye konkurransebiletet er Regjeringa oppteken av at Telenor framleis skal vere ein leiande tele-/IT-aktør i Noreg, som kan bidra til verdiskaping og sikre moderne og konkurransedyktige tilbod over heile landet. Dette gir Telenor store utfordringar når det gjeld å utnytte sine konkurransemessige fordelar i ein situasjon der nye aktørar skal kunne tilby teletenester på like vilkår.

2.2 Komiteens merknader

       Komiteen viser til at den teknologiske utvikling har medført sammensmelting mellom telekommunikasjonsteknologi og informasjonsteknologi, hvor tidligere skiller oppheves. Dette, samt politiske vedtak, har medført at telemarkedet endres raskt, og at dette markedet er blitt internasjonalisert. De regulatoriske endringer vil komiteen ikke gå inn på her da de har vært behandlet tidligere.

       Komiteen viser til sine merknader i Innst.S.nr.284 (1995-1996) og i Innst.O.nr.33 (1997-1998) hvor bl.a. partigruppenes synspunkter på bruk av konsesjon, fordeling av kostnader for ulønnsomme tjenester etc. er behandla.