3. Om utviklingen i telenorkonsernet i perioden 1995-97

3.1 Sammendrag

Endringar i organisasjonen

       I førre planperiode gjennomførte Telenor vesentlege endringar i konsernet sin organisasjons- og styringsmodell. Som totalleverandør av tele-/IT-tenester har Telenor sett det føremålstenleg å gjennomføre ei restrukturering av konsernet for å tilpasse verksemda til denne utviklinga i marknaden, som elles følgjast av internasjonaliseringa av televerksemda og regulatoriske endringar som i seg sjølv har gitt impulsar til endringane i konsernstrukturen, jf. pkt. 3.1 meldinga om organisasjonsmodellen m.v.

       Samferdselsdepartementet slutta seg til omorganiseringa av konsernet gjennom handsaminga av Telenor sin § 10-plan for 1996. Overgang til ein situasjon med nettkonkurranse, saman med den teknologiske utviklinga som gradvis viskar ut skilje mellom ulike typar nett, skaper større behov for å samordne nettressursane.

       I denne samanheng kan det nemnast at somme har teke til orde for at det beste verkemiddel for å sikre likeverdige konkurransevilkår på teleområdet er å gjennomføre eit gjennomgåande skilje mellom nett og tenester, slik det er gjennomført i elektrisitetssektoren. Samferdselsdepartementet ser det i dag som lite føremålstenleg å gjennomføre eit tilsvarande strukturelt skilje på telesektoren. Det er svært vanskeleg å trekkje eit skilje mellom telenett og teletenester fordi ei rekkje tenester er tett integrerte i telenettet.

       Etter gjeldande krav skal strategisk forretningsverksemd vere heileigd av statsaksjeselskapet. Utskiljing av verksemd frå morselskapet inneber inga endringar i eigarskapstilhøva.

       Departementet meiner generelt at omsynet til effektiv ressursbruk og den nye konkurransesituasjonen på teleområdet tilseier at Telenor kontinuerleg greier ut og set i verk tiltak for å oppnå ei meir effektiv drift. Departementet vil framleis leggje stor vekt på at effektiviseringstiltaka blir gjennomførte på ein måte som gjer at ein kan unngå oppseiingar, og at ein får til ein god distriktsmessig lokaliseringsprofil trass i at det er nødvendig å konsentrere verksemda til færre stader.

Service- og prisutvikling

       Eit hovudmål for telepolitikken er å sikre husstandar og bedrifter over heile landet grunnleggjande teletenester av høg kvalitet og til lågast moglege prisar. Dei siste åra har det vore ei rask teknologiutvikling i telemarknaden som har ført til betre og billegare teletenester. I tillegg til at teknologiutviklinga gjer det mogleg å gjennomføre store prisreduksjonar generelt sett, bidrar den også til å gjere prisane mindre avhengige av avstand.

       Regjeringa legg til grunn at effektivisering og omstilling i Telenor skal bidra til å oppnå måla om god service og låge prisar. I ein marknad med konkurranse vil pris og service også vere avgjerande for kor store delar av marknaden dei ulike aktørane vil få. Det er difor svært viktig at Telenor er i stand til å vere leiande på desse områda.

       Departementet legg til grunn at vidare effektivisering av verksemda ikkje skal gå ut over nivået på service og kvalitet på tenestene i nokon region av landet.

       Departementet er nøgd med at parametrar indikerer at nivået på service og kvalitet er tilnærma likt over heile landet. Tala syner likevel at nivået på service og kvalitet enno kan forbetrast, mellom anna i høve til kundeservice, leveringskvalitet, feilfrekvens og -retting. Departementet legg difor vekt på at Telenor tek tak i og utbetrar desse områda, og at dei arbeider med å vidareutvikle måleindikatorane for å gi eit meir presist bilete av service og kvalitet. Departementet vil ved hjelp av mellom anna rapportane frå Telenor følgje nøye opp utviklinga av service og kvalitet i tida framover. Departementet vil vidare setje i gang ei eiga utgreiing om mål og resultat for kvalitet og service.

       Satsingane og omstillingane har gjort det mogleg å gjennomføre store prisreduksjonar på teletenester i Noreg på 1990-talet. Gjennomsnittsprisane på telefoni er halvert i denne perioden, og prisane på fjernsamtalar spesielt er redusert med over 70 %. Til dømes kosta ein fjernsamtale på 10 minutt på dagtid i 1989 kr  27,50, medan tilsvarande samtale i dag kostar kr  6,40.

       Regjeringa vil fremje ei utvikling som kan føre til ytterlegare utjamning av differansen mellom fjern- og lokaltakst. Tidlegare var forholdet mellom fjern- og lokaltakst ni til ein, mens forholdet i dag er under tre til ein. Den teknologiske utviklinga vil truleg bidra til å gjere kostnadene enno mindre avstandsavhengige, noko som vil bidra til ytterlegare reduksjon i fjerntaksten.

       Frå og med 1. januar 1997 blei det innført ei maksimalprisordning på fast teletelefoni og leigde samband. Ordninga for teletelefoni er utforma slik at alle i heile landet skal få ein realprisnedgang over dei nærmaste åra, og slik at alle delar av landet skal nyte godt av kostnadsreduksjonar. Maksimalprisordninga vil vidare sikre alle mot prisauke på leigde samband.

       Samferdselsdepartementet vil vurdere å innføre ei ordning for finansiering av grunnleggjande teletenester, som vil gi Telenor ein kompensasjon for meirkostnadene ved betjening av ulønsame kundar/område.

       Lågt folketal, som normalt gir låg trafikk, kan i framtida føre til at telekundar i Noreg ikkje fullt ut får hauste fordelane av den vidare teknologiutviklinga. Dette er ei ekstra utfordring for nettoperatørar i den norske marknaden og fører til at trafikkvolum i seg sjølv blir ein særleg viktig konkurranseparameter.

Bemanningsutvikling

       Ved inngangen til 1997 hadde Telenor totalt 19.362 tilsette, som sto for til saman 18.227 årsverk. Talet på tilsette i Telenor har med dette auka med rundt 900 sidan førre årsskifte.

       Telenor har framleis eit svært desentralisert lokaliseringsmønster. Avgang av personell som følgje av bortfall av arbeidsoppgåver fordeler seg relativt jamt over heile landet. Det har likevel vist seg vanskeleg å skaffe alternative arbeidsplassar i desentrale strok, slik at nedgangen i bemanninga har vore relativt større her.

       I samsvar med føresetnadene blei omstillingseininga Televerkets Nye Muligheter (TNM) avvikla 1. februar 1997. Over dei 4 åra som TNM eksisterte har om lag 4.700 tilsette vore innom eininga.

       Samferdselsdepartementet vil gjere merksam på at talet på personar som er innvilga rett til venteløn har auka stort i den tida som har gått sidan TNM blei avvikla.

Økonomi

       Konsernet hadde ei positiv utvikling i omsetnad og resultat i 1996. Resultatet før skatt blei 2.354 mill. kroner som er ein auke på 251 mill. kroner i høve til 1995. Avkastninga på sysselsett kapital (eigenkapital og renteberande gjeld) blei 14,9 %. Avkastninga på eigenkapitalen blei 17,8 %, mot 18,5 % i 1995.

       Telenorkonsernet har i dag ein god økonomi med omsyn til drift og finansiering. For 1997 blir det investert for om lag 9,4 mrd. kroner. Ein reknar med at investeringane fram til år 2000 vil vere på om lag 28 mrd. kroner, der om lag halvparten vil vere investeringar i Noreg.

3.2 Komiteens merknader

Prisutvikling

       Komiteen er tilfreds med at Norge ligger langt framme i utviklinga av nye teletjenester, og dette har positiv betydning for næringsliv, offentlig tjenesteyting og personkunder.

       Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Kristelig Folkeparti, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Venstre, vil si seg fornøyd med utviklingstendensen for prisen på teletjenester.

       Flertallet vil særskilt vektlegge den betydelige reduksjon det har vært i fjerntakst. Flertallet ser det som ønskelig med ytterligere reduksjon av fjerntakst, noe som vil redusere avstandsulempene.

       Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser i denne forbindelse til Innst.S.nr.132 (1995-1996) hvor det bl.a uttales:

       « Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til målsettingen om å redusere avstandsulempene ved ny teknologi, og ser positivt på den betydelige reduksjon av fjerntaksten som er gjennomført de siste år. Det vil være et framskritt dersom fjerntakst fjernes over tid, og at vi bare får to takstgrupper: lokaltakst og nærtakst.
       Disse medlemmer vil be eieren vurdere dette i samarbeid med Telenor. »

       Disse medlemmer viser videre til den målsetting som ble stilt i Innst.O.nr.66 (1994-1995) hvor flertallet, alle unntatt medlemmene fra Høyre uttaler:

       « Videre må en sikre fordelingspolitiske mål som likeverdige tilbud og lik pris i hele landet, og sikre evt. skape nye arbeidsplasser i distriktene. »

       Disse medlemmer viser til merknader i Innst.O.nr.66 (1994-1995) der komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristelig Folkeparti, skrev følgende:

       « Flertallet mener det er viktig at alle husstander og bedrifter over hele landet skal være sikret et grunnlegende tilbud av teletjenester av høg kvalitet og til like vilkår. »

       Disse medlemmer vil peke på at med « like vilkår » mener man at tjenestekjøpere av samme størrelse eller med samme teknologiske behov må sikres likeverdige priser, tjenester og service uavhengig av geografisk beliggenhet.

       Disse medlemmer forutsetter at departement gjennom forskrift og konsesjoner sikrer at sammenlignbare teletjenestekjøpere sikres likeverdighet i telemarkedet.

       Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre har med interesse merket seg at liberaliseringen og åpen konkurranse har gitt forbrukerne reduserte telepriser. Dette viser at det var riktig å avmonopolisere denne sektoren. Disse medlemmer mener denne gevinsten kunne vært tatt ut til fordel for forbrukerne på et langt tidligere tidspunkt, men at politisk motvilje mot konkurranse innen det nasjonale telemarkedet har hindret det.

       Disse medlemmer vil videre peke på at selv om det har skjedd en reduksjon i Telenors priser på de områder hvor bedriften er utsatt for konkurranse, har det vært en merkbar prisøkning der hvor Telenor de facto har monopol. Disse medlemmer viser her til prisøkningen på de faste abonnementer, her har forbrukerne fått et betydelig prispåslag.

       Komiteens medlemmer fra Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Venstre vil på bakgrunn av St.prp. nr. 70 (1995-1996) og Innst.S.nr.284 (1995-1996) som legger grunnlaget for den norske telepolitikken, forutsette at departementet, gjennom de virkemidler som er til disposisjon i et marked med konkurranse, påser at det ikke blir politisk uakseptable prisforskjeller.

Serviceutvikling

       Komiteen har med bekymring registrert at det de siste år har vært presentert i media en del enkelttilfeller av dårlig service og høy pris for service i distriktene.

       Komiteen understreker viktigheten av et godt og likeverdig servicetilbud over hele landet. Dette er viktig for næringsliv og bosetting i distriktene ettersom tilgang til rimelig og god tele- og IT-teknologi har en mer og mer sentral rolle.

Organisasjon

       Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Kristelig Folkeparti, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Venstre, vil peke på at Telenor har en spesiell oppgave i å sikre hele landet gode teletjenester til høy kvalitet og til lavest mulig pris.

       Flertallet vil samtidig understreke at service og tjenestekvaliteten ikke må svekkes som følge av omorganiseringer.

       Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre viser til at Telenor på de fleste områder har sterk konkurranse. Disse medlemmer har som mål at denne konkurransen også skal utvides til å gjelde alle områder innen telesektoren. Dette rokker ikke ved de telepolitiske retningslinjer nedfelt i Innst.S.nr.284 (1995-1996), som innebærer at felles basistjenester skal være tilgjengelig over hele landet til lavest mulig pris.

       Disse medlemmer mener den regulatoriske ordningen i teleloven har som mål å sikre en slik utvikling.

       Disse medlemmer vil peke på at i en situasjon med åpen konkurranse vil det være galt å påføre Telenor ineffektive kostnadstrukturer. Disse medlemmer vil i denne sammenheng også peke på at Telenor skal drive lønnsomt og at det tilsier at Telenor AS må ha frihet til å organisere sin egen drift.

Bemanningsutvikling

       Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Kristelig Folkeparti, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Venstre, viser til Innst.O.nr.66 (1994-1995) hvor flertallet, alle unntatt Høyre, presiserer:

       « Flertallet vil bemerke at effektivisering av telesektoren og utviklingen av nye teletjenester har skapt nye arbeidsplasser, men har også ført til overtallighet i stillinger. Det er etter flertallets oppfatning viktig at utvikling av nye teletjenester også kommer sysselsettingen i distriktene til gode. »

       Flertallet mener Telenor har en viktig rolle med tanke på å legge til rette for verdiskaping og skaping av arbeidsplasser i distriktene. Det er en viktig oppgave for Telenor å sikre distriktene et godt tilbud av teletjenester slik at avstandsulempene reduseres. Samtidig er det et mål at Telenor i større grad vektlegger distriktshensyn ved lokalisering av oppgaver i egen bedrift. Utviklingen de siste årene har gitt en økning i arbeidsplasser i sentrale strøk, mens antall arbeidsplasser i distriktene er redusert. De arbeidsplassene som er opprettet i sentrale strøk er i stor grad en annen type arbeidsplasser enn de som er lagt ned, og krever derfor også arbeidskraft med annen kompetanse.

       Flertallet mener likevel Telenor bør styrke innsatsen og utarbeide en klarere strategi for hvordan selskapet i større grad selv kan utnytte potensialet tele- og informasjonsteknologien gir med tanke på desentralisering av arbeidsplasser.

       Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti vil minne om merknad i Innst.S.nr.25 (1992-1993) Om organisering av Televerket, hvor det heter:

       « Komiteens fleirtal, medlemene frå Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet, er samd i at Oslo-områdets relative andel av bemanninga ikkje skal aukast, og at sentrale oppgåver kan lokaliserast andre stader enn i Oslo-området. Tenester som kan ligge utanfor regionsenteret bør flyttast ut. »

       Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti har ved gjennomgang av bemanningsutviklingen i så vel siste femårsperiode, som i de to år som er gått siden forrige melding, kunnet konstatere at utvikling av nye teletjenester i distriktene ikke er fulgt godt nok opp. Det har skjedd en klar sentralisering både mellom landsdelene og innenfor landsdelene, hvor de større byområdene har blitt tilført en rekke arbeidsplasser, mens distriktene med få unntak er bygd ned. Med bakgrunn i de tall komiteen har fått oversendt fra departementet, er i særdeleshet Finnmark og Nordland kommet dårlig ut.

       Dette medlem vektlegger at denne utvikling har fortsatt de siste to år etter at den forrige melding vedr. Telenors virksomhet ble behandlet, og målsettingene om å la den nye teknologien komme distriktene til gode ble gjentatt.

       Det har vært en betydelig øking av arbeidsplasser innenfor konsernet i Oslo, Akershus og Trondheim. Tidligere sterke telemiljø som Vadsø, Lenvik, Vestvågøy, Lødingen, Sandnessjøen, Seljord m.fl. er bygd ned. Dette medlem vil vektlegge viktigheten av at en oppgavefordeling i konsernet som medfører at slike lokale miljøer opprettholdes og utvikles.