1. Samandrag

Det blir i proposisjonen fremja forslag om regulering av grunnbeløpet i folketrygda og om auka løyvingar på statsbudsjettet for 2001 som følgje av dette.

Det blir gjort greie for drøftingane mellom staten, Norsk Pensjonistforbund, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon og Landsorganisasjonen i Noreg. Drøftingsmøta om regulering av grunnbeløpet blei haldne 3. og 4. mai 2001.

Under drøftingane la organisasjonane fram eit felles krav om justering av grunnbeløpet på i alt 5,35 pst. frå 1. mai 2001. Organisasjonane kravde òg at partane skulle bli samde om ein opptrappingsplan for grunnbeløpet for å kompensere for tidlegare underregulering. For å nå målet om 2/3 pensjon i 2007 kravde organisasjonane at grunnbeløpet blir auka med 2,5 pst. på pensjonsprosenten pr. år i tillegg til den årlege reguleringa.

Gjennom drøftingane vart staten og organisasjonane samde om at grunnbeløpet blir auka med kr 2 270 med verking frå 1. mai 2001. Som en følgje av dette forslaget vil pensjonen for dei einslege minstepensjonistane auke med kr 4 068 i året. For eit minstepensjonistektepar blir auken i pensjonen kr 7 008 pr. år. Meirutgiftene for 2001 av auken i grunnbeløpet blir om lag 3 868 mill. kroner, inkludert reguleringa av statspensjonane pr. 1. mai 2001.

Tabellen nedanfor viser utviklinga i minstepensjonane og pensjonane for unge uføre frå 1. januar 1990 etter forslaget til pensjonsregulering.

Utvikling av minstepensjonane og pensjonane for unge uføre i perioden 1. januar 1990-30. april 2002. Kroner.

Minstepensjon

Unge uføre fødde før 1941

Einslege

Ektepar

Per år

Per mnd

Per år

Per mnd

Per år

Per mnd

1.01.90-30.04.90

51 839

4 320

83 972

6 998

56 748

4 729

1.05.90-30.11.90

54 220

4 518

87 960

7 330

58 980

4 915

1.12.90-30.04.91

54 378

4 532

88 217

7 351

65 2901

5 4411

1.05.91-30.04.92

56 978

4 748

92 158

7 680

75 6882

6 3072

1.05.92-30.04.93

58 583

4 882

94 752

7 896

85 7753

7 1483

1.05.93-31.12.93

59 868

4 989

96 816

8 068

87 6484

7 3044

1.01.94-30.04.94

59 868

4 989

101 0885

8 4245

87 6484

7 3044

1.05.94-31.12.94

61 116

5 093

103 200

8 600

89 4844

7 4574

1.01.95-30.04.956

61 512

5 126

103 992

8 666

89 4844

7 4574

1.05.95-30.04.96

63 372

5 281

107 136

8 928

92 184

7 682

1.05.96-30.04.97

66 240

5 520

111 984

9 332

96 360

8 030

1.05.97-30.04.987

69 360

5 780

117 456

9 788

105 672

8 8018

1.05.98-30.04.999

81 360

6 780

140 040

11 670

112 752

9 396

1.05.99-30.04.00

84 204

7 017

144 912

12 076

116 676

9 723

1.05.00-30.04.01

88 032

7 336

151 512

12 626

121 992

10 166

1.05.00-30.04.0210

92 100

7 675

15 8520

13 210

127 632

10 636

1Frå 1. januar 1991.

2Frå 1 januar 1992.

3Frå 1. januar 1993 (Pga. hevinga av aldersgrensa).

4Fødde før 1943 (1. januar 1926-31. desember 1942).

5Heving av sats for særtillegget for ektepar frå 1. januar 1994. Ny sats 2x60,5 pst. av grunnbeløpet, dvs. dobbelt av ordinær sats og ny minstesats.

6Heving av særtilleggssatsen frå 1. januar 1995. Ordinær sats utgjorde 61,55 pst. av grunnbeløpet.

7Heving av særtilleggssatsen frå 1. mai 1997. Ordinær sats utgjer 63,2 pst. av grunnbeløpet (minstesats 57,5 pst.).

8Auking av garantert poengtall frå 3 til 3,3.

9Heving av særtilleggssatsen frå 1. mai 1998. Ordinær sats utgjer 79,33 pst. av grunnbeløpet, medan minstesats utgjer 74 pst. av grunnbeløpet.

10Med atterhald om vedtak i Stortinget.

Kjelde: Rikstrygdeverket

Frå 1999 til 2000 auka grunnbeløpet og tilleggspensjonane og minstepensjonen for einslege og for ektepar med 4,2 pst. Ifølgje Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera var lønsveksten frå 1999 til 2000 på om lag 4,5 pst. for alle grupper under eitt.

I Revidert nasjonalbudsjett 2001 er det lagt til grunn ein gjennomsnittleg vekst i løningane frå 2000 til 2001 på om lag 4,5pst. for alle grupper under eitt og ein prisvekst på om lag 3 pst.

Årsgjennomsnittet for grunnbeløpet og tilleggspensjonane i folketrygda vil som følgje av reguleringane i fjor og i år auke med 4,6 pst. frå 2000 til 2001. Minstepensjonen vil auke med kr 4 068 til kr 92 100 for einslege og med kr 7 008 til kr 158 520 for ektepar pr. 1. mai 2001.

Det blir i proposisjonen gjort greie for dei særlege skattereglane for pensjonistar som i 2001 i hovudsak er ei vidareføring av skattereglane frå 1992.

Reguleringa har òg konsekvensar for krigspensjoneringa, og for 2001 blir det rekna med meirutgifter på 9 mill. kroner for krigspensjoneringa for militær­per-so­nar og på 22 mill. kroner for krigspensjoneringa for heimestyrkepersonell og sivilpersonar. Krigspensjon blir samordna med pensjonar frå folketrygda. Det blir gjort framlegg om at løyvinga under kap. 660 Krigspensjonering aukar med 31 mill. kroner.

På bakgrunn av at avtalefesta pensjon og pensjonstrygda for sjømenn skal regulerast i høve til ytingane frå folketrygda, blir det gjort framlegg om at statstilskottet til avtalefesta pensjon (kap. 666) aukar med 15 mill. kroner, og at løyvinga til pensjonstrygda for sjømenn (kap. 664) aukar med 6 mill. kroner.

Det blir rekna med at det er eit meirbehov under attføringspengar på 147 mill. kroner grunna auken i grunnbeløpet. Det blir derfor foreslått at løyvinga for 2001 under kap. 2543 Ytingar til yrkesretta attføring post 70 Attføringspengar aukar med 147 mill. kroner.

Det blir i proposisjonen gjort greie for endringar i den sjablongutrekna levekostnadsfaktoren som blir nytta ved utrekning av attføringsstønad. Endra grunnbeløp og justering av levekostnadsfaktoren reknar ein med isolert sett vil medføre eit meirbehov på om lag 11 mill. kroner under løyvinga for attføringsstønad i 2001. På bakgrunn av dette blir løyvinga for 2001 under kap. 2543 Ytingar til yrkesretta attføring post 71 Attføringsstønad foreslått auka med 11 mill. kroner.