Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Haakon Blankenborg, leiaren Thorbjørn Jagland, Jens Stoltenberg og Gunhild Øyangen, frå Høgre, Julie Christiansen, Inge Lønning, Oddvard Nilsen og Finn Martin Vallersnes, frå Framstegspartiet, Morten Høglund og Christopher Stensaker, frå Sosialistisk Venstreparti, Kristin Halvorsen og Bjørn Jacobsen, frå Kristelig Folkeparti, Jon Lilletun og Lars Rise og frå Senterpartiet, Åslaug Haga, viser til at åpne høyringer om saka vart gjennomført 11. og 14. oktober 2002. Stenografisk referat frå ei av høyringane ligg ved innstillinga. Det ligg òg ved spørsmål frå komiteen til utanriksministeren og svara hans på desse spørsmåla.

Fleirtalet, alle unnateke medlemene frå Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser til at St.meld. nr. 27 (2001-2002) er meint å gje "… et samlet overblikk over EØS-avtalens levetid fra og med 1994 til og med 2001" (s. 9).

Fleirtalet tek det historiske oversynet i denne meldinga til orientering. Fleirtalet viser også til Innst. S. nr. 239 (2000-2001) og merknader frå komiteen og dei ulike partia der.

Fleirtalet meiner det vil vere tenleg om Regjeringa med jamne mellomrom legg fram for Stortinget ei vurdering av utviklinga av det politiske og økonomiske samarbeidet i Europa. Regjeringa bør finne fram til ei tenleg form på denne presentasjonen i samråd med Stortinget.

Fleirtalet vil ikkje drøfte enkeltsaker som fell inn under avtala om EØS i denne innstillinga. Enkeltsaker bør Storting og regjering handtere på normal måte.

Fleirtalet slår fast at det ikkje let seg gjere å rekne ut heilt presist føremoner og ulemper for Noreg å vere med EØS.

Fleirtalet viser til at eit av dei viktigaste siktemåla med EØS var å gje verksemder i EFTA-landa innpass på den nye indre marknaden i Europa på mest mogleg like vilkår med landa i EU (EF). Dette var viktig fordi den nye indre marknaden var den viktigaste handelsmarknaden for EFTA-landa. Fleirtalet meiner at dette vart enda viktigare når den "indre EFTA-marknaden" vart mindre og den "indre EU-marknaden" vart større.

Fleirtalet viser til at EØS-avtala alt i alt har vist seg robust og funksjonsdyktig, og den har vist sin styrke ved å sikre norsk næringsliv likeverdig tilgang til den indre marknaden til EU og ved å skape grunnlag for eit breitt samarbeid til gjensidig nytte mellom EU-landa og EFTA-landa som deltar i EØS-samarbeidet.

Fleirtalet meiner det har vore tenleg å halde oppe dei særskilde EØS-institusjonane som EØS-komiteen, ESA og domstolen sjølv om dei var meint for eit større EFTA. Dette har vore tenleg og nødvendig:

  • – Av konstitusjonelle grunnar

  • – For å sikre tillit til avtalen

Fleirtalet legg vekt på at:

  • – Avtala er dynamisk i den meininga at regelverket i EØS blir utvikla parallelt med det i EU.

  • – Regelverket blir gjennomført og handheva på ein einsarta måte i heile EØS.

  • – Avtala omfattar relevante "grunnbestemmelser" og "avledet" regelverk i EU for verkeområdet for avtala.

  • – Avtala byggjer på to pilarar, EU og EFTA, der vedtak i EØS-komiteen må vere samrøystes.

  • – Avtala ikkje tillet at partane bruker sanksjonssystemet frå GATT/WTO mot kvarandre innanfor verkeområdet til avtala.

  • – Avtala ikkje har tatt over prinsippet om direkte virkning, det må gjerast særskilde vedtak til for å gjennomføra vedtak i norsk rett.

Fleirtalet legg også vekt på at når ein EØS-regel er gjennomført i norsk lov eller føresegn, så vil denne ha "forrang" for andre norske føresegner der det måtte vere motstrid.

Fleirtalet er kjend med at det er oppstått relativt få problemer på grunn av forseinka eller feilaktig gjennomføring av EØS-regelverket i norsk rett, trass det breie feltet EØS-avtala omfattar.

Fleirtalet viser vidare til at EØS-avtala ikkje berre er blitt løpande oppdatert, den har også blitt utvida til nye samarbeidsområde som den opprinneleg ikkje omfatta. Fleirtalet har merka seg at Regjeringa meiner dei løysingane ein har kome fram til, alt i alt tener dei norske interesser på en god måte.

I meldinga heiter det:

  • – om systemet for parallell kontroll og handheving at ein har "… sett en tendens til at EU ikke vil godta at godkjenning fra EFTAs overvåkningsorgan skal ha virkning også for EU". (s. 20)

  • – Den løpende samrådsprosessen har ikkje fått det omfang som var forutsett, mellom anna på grunn av EUs stadig tettare agenda. (s. 13)

  • – "Det må konstateres at EU, representert ved Kommisjonen, i de senere årene har vist noe mindre evne og vilje til å bruke tid og ressurser på å holde EØS/EFTA-landene løpende informert, og på å finne løsninger for å ivareta spesielle behov som iblant gjør seg gjeldende." (s. 13)

  • – "Dessuten vises det mindre forståelse overfor forsinkelser fra EØS/EFTA-landene mår det gjelder å overta nytt EØS-relevant regelverk. Dette har sammenheng med at Kommisjonen generelt - både overfor egne medlemsland og i den utvidede EØS-kretsen - i stigende grad er opptatt av å sikre lik gjennomføring av felles regelverk og å motvirke den sterkt forsinkede gjennomføringen en har eksempler på i enkelte land." (s. 13)

  • – "Dessuten synes utvidelsen å medføre en mer restriktiv holdning til ønsker om nasjonale tilpasninger." (s. 13)

  • – "Videre er EU meget forsiktig med å skape presedenser. Det innebærer for eksempel at EU er meget nølende med å åpne for EFTA-deltakelse i fora som de ikke også allerede nå vil åpne for søkerlandene." (s. 13)

  • – "Utviklingen av de nye samarbeidsområdene i EU fanges i liten grad opp av EØS-avtalen, men berører norske interesser og påvirker rammevilkårene for norsk politikk og samfunnsutvikling." (s. 87)

Fleirtalet minner om at Nice-traktaten nå er godteken av alle medlemene og forsterkar ytterlegare utviklinga som er skissert over.

Fleirtalet reknar med at den utviklinga som er skissert ovanfor heng saman med mellom anna kapasitetsproblem i EU i samband med m.a. utvidinga av EU.

Fleirtalet har ikkje grunnlag for å seie at denne utviklinga har gått ut over norske interesser i konkrete saker. Meldinga gjev heller ikkje grunnlag for ein slik konklusjon. Fleirtalet konkluderer såleis med at avtala stort sett har fungert etter føresetnadene. Fleirtalet tek ikkje stilling til utfallet i dei enkelte sakene eller vedtaka i denne innstillinga.

Fleirtalet vil streka under at utvidinga av EU vil ytterlegare forsterke ubalansen mellom dei to pilarane i EØS. Samstundes er det viktig at utvidinga blir vellykka. Dette har vore haldninga til alle dei siste regjeringane i Noreg. I denne meldinga heiter det: "EUs utvidelse forventes generelt å ha postitive virkninger for Europa under ett, herunder også for Norge. … Utvidelsen ventes også å bidra til et mer fredelig og stabilt Europa." (s. 97)

Fleirtalet er samd i at det er viktig å få til ei utviding av EU, sjølv om dette vil kunne endra vilkåra for EØS-avtalen.

Fleirtalet viser til at det berre er identifisert eitt større problem for Noreg i samband med utvidinga av EU. I meldinga blir det opplyst at

"Etter den forestående EU-utvidelsen vil nye medlemsland som Noreg i dag har frihandel med for fiskeprodukter bli omfattet av EØS-avtalen og de reglene som gjelder for fiskeeksport til EU-markedet. Regjeringa vil derfor forhandle med EU om kompensatoriske ordningar for å finne en best mulig løsning på dette problemet når det blir aktuelt."

Fleirtalet, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, meiner at forhandlingane med EU må avklarast i normalt samråd mellom Storting og regjering i tida frametter. Dette fleirtalet vil såleis ikkje gå inn på enkeltsaker eller enkeltsider i samband med forhandlingane med EU i denne innstillinga.

Eit anna fleirtal, alle unnateke medlemene frå Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser til at EØS-avtalen ikkje omfattar EU si felles fiskeripolitikk, og at forvaltninga av norske fiskeressursar derfor er eit nasjonalt anliggende. Vidare gjelder eit unntak frå regelen om fri bevegelse av kapital som hindrar utanlandske investeringar i fiskebåtar og tilgang til norske fiskekvotar.

Dette fleirtalet vil understreke et EØS og EU må bli utvida frå same dag for å sikre den felles marknaden.

For konkrete og praktiske tiltak i samband med EØS-arbeidet viser dette fleirtalet til den "europapolitiske plattforma" for Regjeringa som følgjer meldinga som vedlegg.

Dette fleirtalet er samd med Regjeringa at det er viktig å arbeide over eit breitt register for å gjere norske syn kjent i EU. Dette fleirtalet meiner det er viktig å søkje kontakt og samråd med organisasjonar og institusjonar som er representerte i EU-landa og som arbeider i høve til EU-institusjonar eller europeiske paraplyorganisasjonar. Dette fleirtalet legg vekt på at desse organisasjonane arbeider internasjonalt på eige grunnlag og såleis ikkje alltid vil ha interesser som fell saman med dei som regjering og styresmakter har. Dette fleirtalet meiner det er viktig at dei held fram med arbeidet på dette grunnlaget.

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet mener at stortingsmeldingen gir en god oversikt over hva EØS-avtalen omfatter, hvordan avtalen er bygd opp, hvordan den endres og hvordan norsk forvaltning arbeider med EØS-saker. Disse medlemmer mener at meldingen derimot ikke gir noen systematisk vurdering av åtte års erfaringer med EØS-avtalen bygd på en gjennomgang av fordeler og ulemper på ulike områder. Meldingen sier lite om hvilke virkninger EØS-avtalen har på det norske samfunnet, på økonomien vår, på arbeidslivet vårt, på distriktene våre, på miljøet vårt og på maten vår. Det er en alvorlig svakhet ved meldingen at den ikke utreder fordeler og ulemper med EØS-avtalen, samt alternativer for samarbeid med EU.

EØS-avtalen medfører at ESA overvåker og griper inn i Norges oppfølging av EUs regelverk og av utviklingen av norsk regelverk uavhengig av EU. EØS-avtalen betyr at vi mister handlefriheten over et bredt register av virkemidler:

  • – Utenfor EØS ville vi sluppet olje- og gassdirektivene.

  • – Utenfor EØS ville vi sluppet å følge EØS-reglene for oppdrag ute i Nordsjøen og for leveranser til Nordsjøen.

  • – Utenfor EØS ville vi sluppet EØS-reglene for offentlige innkjøp og byggeoppdrag.

  • – Kommuner, fylkeskommuner og statlige etater kunne på fritt grunnlag vurdert når anbud var fordelaktig - og hva slags anbud (EØS-anbud, nordisk anbud, norsk anbud) som var ønskelig i det enkelte tilfelle.

  • – Utenfor EØS kunne vi videreført ordningen med gradert arbeidsgiveravgift. Vi kunne gradert mer enn i dag, hvis det var det vi ville.

  • – Utenfor EØS kunne vi opprettholdt alle konsesjonslovene våre, også hjemfallsretten for kraftverk.

  • – Utenfor EØS behøvde ikke norske banker og forsikringsselskap tapt markedsandeler på det norske markedet.

  • – Utenfor EØS kunne vi på fritt grunnlag utformet regler for kjønnskvotering og likestilling som ingen EU-regler kunne sette til side.

  • – Utenfor EØS kunne vi på fritt grunnlag opprettholdt vår egen alkoholpolitikk.

Disse medlemmer mener at EØS-avtalen preges av et demokratisk underskudd. EØS-avtalen svekker norsk handlefrihet både sentralt og lokalt. Makt er overført fra folkevalgte organer til markedet, domstoler og internasjonale byråkrater og muligheten til å drive en selvstendig norsk politikk er innskrenket.

EU-medlemskap ville imidlertid gitt enda større demokratisk underskudd ettersom EØS-avtalen ikke omfatter viktige områder som skatte- og avgiftspolitikken, penge- og valutapolitikken, fiskeri- og landbrukspolitikk og utenrikspolitikken.

Disse medlemmer viser til at det ble lagt stor vekt på at vetoretten var til for å kunne brukes da Stortinget sluttet seg til EØS-avtalen. Åtte års virke har vist at det er manglende politisk vilje til å bruke reservasjonsretten som EØS-avtalen hjemler, noe som innebærer at Norge ikke utnytter det handlingsrom som EØS-avtalen gir. Siden reservasjonsretten ikke brukes, bør det demokratiske underskuddet løses ved å finne en annen avtaleform med EU. Disse medlemmer viser til at både Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet i sine arbeidsprogram for perioden 2001-2005 slår fast at partiene vil arbeide for at EØS-avtalen kan erstattes av et alternativt avtaleverk med EU, et avtaleverk som gir Norge en annen institusjonell løsning enn dagens EØS-avtale. Disse medlemmer viser i den forbindelse til at Sveits har inngått bilaterale avtaler med EU-landene. Disse medlemmer vil videre minne om at frihandelsavtalen med EU fremdeles gjelder.

Disse medlemmer viser til at stortingsmeldingen fastslår at handelen med EU har vokst kraftig siden 1994. Men handelen med land utenfor EØS-området har vokst enda sterkere. Dette betyr at det etter 1994 har skjedd en relativ vridning av norsk handel i retning av land utenfor EØS-området. Disse medlemmer mener at denne vridningen vekk fra EU viser at Norge har en ganske robust handelspolitisk situasjon. Bakgrunnen er naturligvis at varehandelen med EU var liberalisert før EØS-avtalen ble inngått. Handelsavtalen fra 1973 ga eksportindustrien i all hovedsak samme markedsadgang til EU-markedet som EØS-avtalen. Det var derfor ingen grunn til at EØS-avtalen skulle dreie utenrikshandelen vår ytterligere i retning av EU. Disse medlemmer har merket seg stortingsmeldingens henvisning til at da Stortinget godkjente EØS-avtalen i oktober 1992 ble det lagt til grunn at

"EØS-reglene ikke var til hinder for å opprettholde ikke-diskriminerende restriksjoner på kapitalbevegelser, som for eksempel konsesjonsordninger som ikke gjør forskjell på nordmenn og utlendinger. Bakgrunnen for denne oppfatningen var blant annet korrespondanse mellom EFTA-landene og Kommisjonen, hvor Kommisjonen uttalte at ikke-diskriminerende ordninger etter deres syn ikke kunne anses å stride mot reglene om fri bevegelighet av kapital." (s.38-39)

Disse medlemmer viser til, som det slås fast i stortingsmeldingen, at det ikke har skjedd formelle endringer i EØS-reglene om frie kapitalbevegelser siden EØS-avtalen trådte i kraft. Til tross for det har ESA i en rekke saker arbeidet ut fra at en serie norske lovregler om eierforhold og konsesjonsordninger er i strid med EØS-avtalen også om de ikke diskriminerer mellom nordmenn og utlendinger. Det gjelder ervervs­loven, reglene om erverv av vannfallsrettigheter og reglene om eierskap i finansinstitusjoner, boplikten ved kjøp av helårsbolig i en del kystkommuner, bo- og driveplikten ved kjøp av landbrukseiendommer over en viss størrelse.

Disse medlemmer mener at det er ei prinsipiell grense som nå passeres når søkelyset rettes mot rent innenlandske ordninger, og at den EØS-avtalen som vi nå ser konturene av, aldri har vært diskutert - og dermed heller ikke er godkjent av Stortinget. Disse medlemmer konstaterer at EØS-avtalens virkeområde i dag langt overskrider den avtale som Stortinget ga sin tilslutning til i 1992, og som således er blitt å betrakte som en "grenseløs avtale". I lys av dette mener disse medlemmer at Norge i større grad bør prøve ESAs avgjørelser for domstolen når en fra norsk side mener ESA foretar en nytolkning av EØS-avtalen.

Disse medlemmer understreker at utvidelsen av EU med nye medlemsland vil stille både nye og gamle medlemsland overfor store utfordringer. Disse medlemmer viser til at land som går inn i EU knytter sin egen samfunnsutvikling til et system

  • – som fremmer en vekstøkonomi der fri konkurranse på tvers av grenser skal gi raskest mulig vekst,

  • – der vekstøkonomien øker de grunnleggende miljøproblemene,

  • – der det store indre markedet fremmer stordrift og samler makt i store selskap og i Brussel,

  • – som flytter makt til en overnasjonal politisk elite skjerma av et stadig større og fjernere byråkrati,

  • – der fagforeninger og andre grasrotinteresser møter sterkere motkrefter og får lengre vei fram til dem som tar avgjørelsene,

  • – som begrenser det mangfold av utviklingsforsøk som har vært Europas særpreg.

  • – som etter Nice-traktaten gir store land økt makt på bekostning av mindre land.

Disse medlemmer viser til at det i søkerlandene er skapt store forventninger til hva medlemskapet vil bringe. Hvis forventningene brister, kan det utløse reaksjoner som kan true den politiske stabiliteten i de land det gjelder. Disse medlemmer mener at Norge bør ta et særskilt ansvar for å utvikle samarbeidsordninger med land som enten ikke tilbys medlemskap - eller som velger å avslå medlemskapet.

Disse medlemmer understreker at vi i dag har frihandelsavtaler som innebærer at vi selger fisk tollfritt til alle land i Øst- og Sentraleuropa. Fordelene ved tollfriheten skal i henhold til WTO-reglene kompenseres når slike land blir medlem av EU. Kompensasjon gis i form av tollfrie importkvoter som gjelder for hele EU - som det sies i stortingsmeldingen(s. 55). Slik kompensasjon fikk Norge da Sverige og Finland ble medlem av EU i 1995.

Disse medlemmer vil likevel understreke at hvis vi fra norsk side skal påvirke framtidig lovgivning av betydning for EØS, må det settes inn mye sterkere innsats på et tidlig tidspunkt i EUs beslutningsprosesser. Det er mens lovforslag forberedes i Kommisjonen at EUs mange lobbygrupper setter inn det vesentligste av sin innsats. Disse medlemmer viser til at EØS-avtalen gir Norge rett til å være representert i de arbeidsgruppene som EU-kommisjonen bruker til å forberede ny lovgivning for det indre markedet, og dermed for EØS. Det er viktig at også instanser utenfor departementene blir klar over hva som foregår. Detaljer kan naturligvis ikke lekkes fra arbeidet internt i EU, men at det forberedes en rettsakt på et område – og hvilken hovedinnretning rettsakten vil ha, det må bli kjent utad også i Norge. Disse medlemmer mener at regjeringen derfor allerede i denne fasen bør gå ut offentlig med de vurderinger den har av forslag til nye EU-/EØS-lover. Videre mener disse medlemmer at de enkelte fagkomiteer på Stortinget må orienteres og konsulteres løpende om EU-saker som berører disse politikkområdene. Stortinget må også årlig få seg forelagt en stortingsmelding om EØS-samarbeidet.

Disse medlemmer viser til at det framgår av stortingsmeldingen at det rutinemessig utarbeides "rammenotater" om aktuelle EU-rettsakter på et tidlig tidspunkt, før de er vedtatt av EU - og at de "oppdateres kontinuerlig på alle stadier i EØS-prosessen". Etterdisse medlemmersoppfatning børinnholdet i disse rammenotatene bli kjent både for Stortinget og for norske interesseorganisasjoner så tidlig at det blir mulig å finne fram til alliansepartnere innad i EU og i de enkelte EU-land.

Disse medlemmer mener at tre vilkår må være oppfylt for at det skal bli mulig å utnytte disse mulighetene:

  • – Berørte norske interesser må bli klar over at en framtidig EØS-rettsakt er under debatt i EU.

  • – Berørte norske interesser må få vite tidligst mulig hvordan forslaget til rettsakt vurderes av norske faginstanser og myndigheter.

  • – Berørte norske interesser må få hjelp til å finne ut hvor langt saken er kommet i det uoversiktlige EU-systemet og hvilke instanser den skal igjennom fram til endelig vedtak i Unionsrådet.

Disse medlemmer understreker at skal norske interesser bli hørt tidlig nok, må det offentlige sikre det økonomiske og praktiske grunnlaget for det. Det kan skje ved øremerkede bevilgninger til organisasjoner - og ved å legge forholdene til rette rent praktisk. Et kontor i Brussel med nødvendig utstyr og språkmektige hjelpere for norske organisasjoner som trenger å jobbe intenst inn mot EU-systemet noen dager eller uker, ville være en god start.

Disse medlemmer mener det også vil være hensiktsmessig å etablere et norsk parlamentarikerkontor i Brussel. Det vil kunne gi stortingsrepresentantene bedre tilgang til informasjon og mulighet til tidligere påvirkning på de sakene som er til behandling i EU. Det er også behov for å etablere tettere bånd mellom Stortingets og Europarlamentets medlemmer. Slik kontakt vil kunne styrke norsk innflytelse på vedtak som er særlig viktige for Norge. Flere land har allerede etablert parlamentarikerkontor ut fra behovet for tidlig og relevant informasjon om EU-saker, samt styrket mulighet til å påvirke EUs beslutninger.

Disse medlemmer viser til at stortingsmeldingen ikke diskuterer den reservasjonsretten som EØS-avtalen gir Norge. De fleste EU-direktiv som har vakt uro eller strid i Norge, dreier seg om miljø, helse og sikkerhet. Slike direktiv (matsminkedirektivene, barnematdirektivene, direktivet om merking av genmat, direktivet om "patent på liv") er omstridte også i EU. En del medlemsland kan ha stemt mot direktivene, og i mange land kan forbruker- og miljøorganisasjoner ha engasjert seg mot direktivene. Disse medlemmer mener at hvis Norge reserverer seg mot et EU-direktiv som svekker norske krav til miljø, helse eller sikkerhet, er sjansen stor for at vi har sterke forbundsfeller internt i EU. Dermed er det på disse områdene EU vil ha størst problem med å sette inn mottiltak, og etter disse medlemmers oppfatning er det derfor på disse områdene en gjennomtenkt bruk av den norske reservasjonsretten kan få betydning ikke bare for Norge, men også for andre land. EU-land har som kjent ingen reservasjonsrett mot indre-markedsdirektiv som stiller krav til produkter.

Disse medlemmer konstaterer at på tross av klare og omforente norske synspunkter om at disse direktivene er uheldige og skadelige, har det ikke vært politisk vilje til å legge ned veto mot direktivene.

Disse medlemmer mener at et aktivt norsk arbeid for å tre inn i helsepolitiske og miljøpolitiske allianser på tvers av EU-grensene på den ene sida vil gjøre det enklere å ta i bruk reservasjonsretten når det er viktig å gjøre det. På den andre sida vil en norsk reservasjon også være et bidrag til å kjempe fram en tilsvarende miljøpolitisk handlefrihet for EU-land.

Disse medlemmer uttrykker uro med hensyn til forestående forhandlinger med EU om fiskeri- og landbruksområdene når det hevdes at EU vil stille høye krav til en ytterligere norsk imøtekommenhet. Disse medlemmer forutsetter at Regjeringen ikke vil gi innrømmelser uten at dette motsvares i fordeler for norsk næringsliv og distriktspolitikk, og at Stortinget blir holdt løpende orientert om forhandlingene underveis.

Disse medlemmer er imot EØS-avtalen og vil i arbeidet med å erstatte denne fremme følgende forslag til vedtak:

  • "1. Stortinget ber Regjeringen utrede de fordeler og ulemper som EØS-avtalen og det indre markedet har for viktige norske næringer, for distriktene, for utviklingen i arbeidslivet, for forvaltningen av norske naturressurser, for miljøsituasjonen og mat­tryggheten.

  • 2. Stortinget ber Regjeringen redegjøre for hvordan den vil forholde seg til den "nye forståelsen" av EØS-avtalen som ESA legger til grunn overfor ordninger som ikke diskriminerer på nasjonalt grunnlag.

  • 3. Stortinget ber Regjeringen redegjøre for hvilke endringer i EØS-avtalen som kunne være ønskelig for å unngå ulempene ved EØS-avtalen.

  • 4. Stortinget ber Regjeringen utrede alternativer til EØS-avtalen, og hvilke konsekvenser en norsk oppsigelse av EØS-avtalen vil få.

  • 5. Stortinget ber Regjeringen om å opprette en økonomisk støtteordning som organisasjonene kan søke støtte fra til kompetansebygging i EU-spørsmål og til påvirkningsarbeid i forhold til EU.

  • 6. Stortinget ber Regjeringen om å utvikle rutiner for å informere relevante organisasjoner på et tidligst mulig stadium om EØS-relevante saker som kan ha direkte interesser for organisasjonene.

  • 7. Stortinget ber Regjeringen om å vurdere om det bør gis økt økonomisk støtte til partienes EU-arbeid. "

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet erkjenner EØS-avtalens viktige rolle som det rammeverk vi har å forholde oss til når det gjelder vårt samarbeid med EU. Dette gjør at disse medlemmer mener det er i Norges interesse å arbeide for at tilstrekkelig oppmerksomhet rettes mot EØS-avtalen fra både Norges/EFTAs og EUs side.

Disse medlemmer mener EØS-avtalens kvalitet og relevans blir synkende hvis vi ikke får til en oppdatering eller eventuelt en oppgradering av avtalen innen rimelig tid. Disse medlemmer viser her til det faktum at EØS-avtalen ikke er revidert etter bl.a. traktatrevisjonene i Maastricht og Amsterdam. Disse medlemmer ser at dette vil kunne bli et økende problem fremover, etter hvert som EU stadig vekk reformerer seg selv, uten at disse reformene og endringene gjenspeiles i EØS-avtalen. Disse medlemmer tar til etterretning at det ikke har latt seg gjøre å få til relevante endringer i EØS-avtalen i forbindelse med den forestående EU-utvidelsen. Disse medlemmer mener EØS-landene i EFTA snarest må avklare sine posisjoner for en revidering av EØS-avtalen og be om forhandlinger med EU.

Disse medlemmer mener mangel på fri markedsadgang på fisk til EU er en nasjonal utfordring, og den blir ikke mindre ved en forestående utvidelse av EU. Disse medlemmer mener derfor det er viktig med en helhetlig strategi for hvordan vi best kan sikre norske interesser i vårt forhold til EU, en slik helhetlig strategi bør inkludere en kobling av forhandlingene vedrørende landbruksprodukter og fisk. Å betrakte hvert enkelt område, problemstilling eller sektor isolert er etter disse medlemmers syn en gal strategi. Disse medlemmer er også bekymret for at en mangel på helhetlig tenkning vil kunne medføre at Norge etter hvert blir krevd for et større finansielt bidrag enn hva disse medlemmer mener er naturlig.

Disse medlemmer mener at når vi står overfor en situasjon med en stadig mer utdatert EØS-avtale og flere konkrete problemer i vårt bilaterale forhold til EU, så er det påkrevet å investere mer tid og oppmerksomhet fra norske myndigheters side i våre relasjoner mot EUs institusjoner og medlemsland. Disse medlemmer vil i den forbindelse særlig trekke frem den rolle våre utenriksstasjoner kan spille. I den sammenheng vil disse medlemmer oppfordre Regjeringen til å vurdere å styrke kompetansen og ressursene på EU/EØS-spørsmål ved alle våre ambassader i EU-hovedstedene.

Disse medlemmer mener det er behov for overgangsordninger for den frie personbevegelse innen EØS ved en utvidelse av EU og EØS, med nye land fra Sentral- og Øst-Europa. Disse medlemmer mener at det å åpne det norske arbeidsmarkedet over natten for de nye medlemslandene, vil ha negative konsekvenser for det norske arbeidsmarkedet. Disse medlemmer mener derfor at vi bør foreta en slik åpning gradvis, for å unngå uønskede effekter i form av høyere arbeidsledighet.