Formål

I proposisjonen legg Regjeringa fram forslag om visse endringar i løyvingar i forsvarsbudsjettet for 2002 for å skape samsvar mellom løyvingane under dei einskilde kapittel og postar og dei endringane i budsjettføresetnader som har skjedd sidan forsvarsbudsjettet for 2002 vart utarbeidd.

Omgruppering: forhold som endrar ramma for 2002-budsjettet

Avslutninga av rekneskapen for 2001 synte eit meirforbruk under kap. 1791 Redningshelikoptertjenesten post 1 på 18,022 mill. kroner.

Totalt meirforbruk var på 18,022 mill. kroner og vert dekka ved at ramme for 2002 vert foreslått redusert tilsvarande.

I forhold til vedtatt budsjett for 2002 er det ei netto meirinntekt (brutto meirinntekter minus mindreinntekter) på 112,543 mill. kroner som er foreslått tillagt utgiftssida.

Det økonomiske grunnlaget for omgrupperinga

Grunnlaget for omgrupperingane er vedteke budsjett for 2002 tillagt seinare endringar gjort av Stortinget, fullmakter gitt av Stortinget til Finansdepartementet som ikkje kjem fram som løyvingsendring under dei einskilde departementa og midlar ført over frå 2001. Det er òg teke omsyn til Forsvarets del av lønnskompensasjon for 2002 som var på 332,670 mill. kroner.

I 2002 er det for forsvarsbudsjettet sett i verk faktiske endringar i løyvingar ved følgjande:

  • – St.prp. nr. 1 (2001-2002) Statsbudsjettet medregnet folketrygden, Budsjett-innst. S. nr. 1 (2001-2002), medførte en reduksjon på 20,071 mill. kroner.

  • – St.prp. nr. 39 (2001-2002), Finansiering av norsk militær deltakelse i Afghanistan, nasjonale sikringstiltak mot terrorisme og etablering av diplomatisk nærvær i Kabul, jf. Innst. S. nr. 119 (2001-2002), medførte å auka utgiftsramma med 545,932 mill. kroner.

  • – St.prp. nr. 55 (2001-2002), Gjennomføringsproposisjonen - utfyllende rammer for omleggingen av Forsvaret i perioden 2002-2005, jf. Innst. S. nr. 232 (2001-2002), medførte å auka utgiftsramma med 1 043,082 mill. kroner.

  • – St.prp. nr. 69 (2001-2002), Om endringer i "Regulativ for tillegg mv. til utskrivne vernepliktige mannskap", jf. Innst. S. nr. 249 (2001-2002), medførte å auka utgiftsramma med 20,120 mill. kroner.

  • – St.prp. nr. 63 (2001-2002), Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet medregnet folketrygden 2002, jf. Innst. S. nr. 255 (2001-2002), medførte å redusere utgiftsramma med 40,701 mill. kroner.

  • – St.prp. nr. 80 (2001-2002), Om finansiering av norsk militær deltakelse i Afghanistan, jf. Innst. S. nr. 6 (2002-2003), medførte å auka utgiftsramma med 300 mill. kroner.

Faktisk løyving på utgiftssida før omgruppering 2002 kjem fram slik (i 1 000 kroner):

Vedtatt budsjett 2002

27 656 918

Budsjett-innst. S. nr. 1 (2001-2002)

- 20 071

Innst. S. nr. 119 (2001-2002)

545 932

Innst. S. nr. 232 (2001-2002)

1 043 082

Innst. S. nr. 249 (2001-2002)

20 120

Innst. S. nr. 6 (2002-2003)

300 000

= Faktisk løyving før omgruppering

29 505 280

Midlar ført over frå 2001

1 789 609

Lønnskompensasjon for 2002

332 670

Disponible midlar i 2001 før omgruppering

31 627 559

Disponibel løyving på inntektssida før omgruppering 2002 (i 1 000 kroner):

Vedtatt budsjett 2002

724 797

= Løyving før omgruppering

724 797

Løyvingsbehov på utgiftssida i samband med omgrupperingsproposisjonen (i 1 000 kroner):

Nedtrekk grunna meirforbruk i 2001

- 18 022

Auking på utgiftssida grunna meirinntekter overført utgiftssida

112 543

= Sum behov ved omgrupperinga

94 521

+ Løyving før omgruppering

29 505 280

= Total løyving etter omgrupperinga

29 599 801

= Totalt disponibelt etter omgrupperinga

31 722 080

Løyvingsbehov på inntektssida i samband med omgrupperingsproposisjonen (i 1 000 kroner):

Løyving før omgruppering

724 797

Netto meirinntekter

112 543

= Sum behov ved omgrupperinga

837 340

Departementet foreslår at løyvingane vert endra med 94,521 mill. kroner på utgiftsramma og med 112,543 mill. kroner på inntektsramma.

Tala i tabellane nedanfor syner netto endringar på dei ulike postane.

Utgifter (i 1 000 kroner)

Post

Formål

Mindreutgift -

Meirutgift +

Utgifter:

1

Driftsutgifter

522 794

21

Spesielle driftsutgifter

14 340

43

Til disposisjon for Forsvarsdepartementet

- 10 000

44

Fellesfinansierte bygg- og anleggsarbeid

- 50 000

45

Større utstyrsanskaffelser

- 226 806

47

Nye bygg og nyanlegg

- 19 251

48

Fellesfinansierte bygg og anleggsarbeid

- 125 000

50

Overføringar til statsinstitusjonar

54 000

51

Tilskot til Forsvarets forskningsinstitutt

444

75

Fellesfinansierte bygg- og anleggsarbeid, Norges tilskot til infrastrukturprogrammet i NATO

- 65 000

90

Lån til private

- 1 000

Sum

94 521

Inntekter (i 1 000 kroner)

Post

Formål

Mindreutgift -

Meirutgift +

Inntekter:

1

Driftsinntekter

175 637

45

Store nyskaffingar

31 194

47

Sal av eigedom

- 20 000

48

Fellesfinansierte bygg- og anleggsinntekter

- 125 000

49

Sal av bustader

49 364

70

Renter låneordninga

475

90

Lån til boligformål

873

Sum

112 543

Under hovudavsnitt 2 i proposisjonen gjer departementet rede for hovudtrekka i omdisponeringane og forklaringar på dei største utgifts- og inntektsendringane på postnivå.

Under hovudavsnitt 3 i proposisjonen gjer departementet rede for bestillingsfullmakter for kap. 1731 Hæren, kap. 1733 Luftforsvaret, kap. 1790 Kystvakta og kap. 1791 Redningshelikoptertjenesten.