Saka er tidlegare framlagt for Stortinget ved
St.prp. nr. 55 (2001-2002) og Innst. S. nr. 232 (2001-2002), der
forslaget om å iverksette innføring av kammerlåsar på HV-våpen
i private heimar ikkje vart godteke. Arbeidet med å gå gjennom
rutinane for klarering av personell for å sikre betre kontroll
av dugleiken, er iverksett slik Stortinget har forutsett. Sett i
lys av den siste skyteepisoden, komiteens spørsmål
om saken, og ein ny gjennomgang av dei ulike sikringsalternativa, ser
Regjeringa det som naudsynt å fremje forslag om strakstiltak
og om betre fysisk sikring av HV-våpena.
Forsvarsdepartementet har på bakgrunn
av ein fagleg vurdering frå Forsvarets overkommando kome
fram til at det er to tiltak som peiker seg ut til å gi
nær 100 pst. sikring mot misbruk: enten sentral lagring
eller investering i ein mekanisk sikring, dvs. kammerlås
til alle våpen. Sentral lagring medfører store
investerings- og driftskostnader og vil neppe vera mogeleg å gjennomføra
på kortare tid enn fem år. Konsekvensane for reaksjonstid
og beredskap, samt ved eventuelt innbrot i eller sabotasje mot dei
sentrale lagra, kan være kritiske ved å iverksette
dette tiltaket. Dette vært derfor ikkje anbefalt.
Ei innføring av kammerlåser
vil reint operativt få små konsekvensar. HV-mannskapa
møter på sine objekt eller samlingsstader og får
der fjerna låsane i løpet av få minutt.
Dersom ein krise eller konfliktsituasjon utviklar seg over tid,
vil den enkelte soldat eller befalingsmann kunna få nøkkelen
til eige våpen utlevert og då ha optimal beredskap. Økonomisk
sett vil innføring av kammerlåsar krevje investeringar
på 50-70 mill. kroner, noko som kan dekkjast innanfor eksisterande
investeringsrammer for HV. Dette tiltaket kan gjennomførast
innanfor ei tidsramme på to-tre år.
Som strakstiltak foreslår Forsvarsdepartementet å iverksette
inndraging av tennstemplet, som er ein del av sluttstykket. Dette
er i tråd med anbefaling frå forsvarssjefen. Operativt
sett vil dette vera ein akseptabel løysning, då tennstemplet
ikkje er tilpassa det enkelte våpen, slik som sluttstykket
er. Ein klargjering av avdelingar for å løyse
gitte oppdrag, vil såleis gå langt raskare enn
om heile sluttstykket vart inndrege. På objekta eller samlingsstadene
får mannskapet utlevert tennstemplet, og om ein konflikt
eller krise oppstår over tid, kan den enkelte soldat eller
det enkelte befal få utlevert tennstemplet og då ha
optimal beredskap - ut over dette gjeld same rutiner som for nøkkel
til kammerlås.
Inndragning av tennstempel vil ikkje gje like
god sikring som innføring av kammerlåsar då det
er mogeleg å skaffe nye stempel. Dette vil difor i fyrste
rekkje ha virkning mot effektdrap. Forsvarsdepartementet anser difor
dette som ei midlertidig løysing. Ei innlevering av tennstemplet
kan gjennomførast i løpet av ein månad,
utan større kostnader. Ei eventuell inndraging av heile
sluttstykket vil krevje meir tid og ressursar då dette
må gjerast ved personleg oppmøte.
Forsvarsdepartementet har vurdert konsekvensen
av tiltaka opp mot Genève-konvensjonen om krigens folkerett
(uvæpna personell i uniform) og i tillegg om tiltaka vil
krevje ei lovendring av Heimevernlovens § 26. Konklusjonen
er at uniformert personell som opptrer uvæpna, ikkje er
eit problem i forhold til folkeretten (og i forhold til dei fire
Genève-konvensjonane av 1949 med to tilleggs-protokollar
av 1977). Tiltaka vil heller ikkje medføre behov for lovendring
av HV-lovens § 26.