Vedlegg 1: Brev frå næringskomiteen til Fiskeridepartementet v/statsråden, dagsett 1. april 2004

St. meld. nr. 27 (2003-2004) Norsk sjøpattedyrpolitikk

Næringskomiteen har til handsaming stortingsmelding nr.27 (2003-2004) Norsk sjøpattedyrpolitikk. Nokre av medlemene i komiteen har fylgjande spørsmål knytt til saka:

  • 1. Kva forstår Fiskeridepartementet med ei normalisering av sjøpattedyrnæringane sett i høve til nasjonal forvaltning, fangst, sysselsetting, verdiskaping, marknad, internasjonal handel og internasjonal forvaltning ?

  • Korleis vurderer Fiskeridepartementet stoda i dag i forhold til målsettinga om normalisering? Til dømes, kva for tilhøve er normalisert, og kva for tilhøve er ikkje normalisert?

  • 2. Den Internasjonale Kvalfangstkommisjonen (IWC) starta å regulere norsk vågekvalfangst i 1976.Korleis har IWC forvalta norsk vågekvalfangst frå 1982 og fram til i dag?

  • I høve til korleis IWC har fungert dei siste åra, vurderer Fiskeridepartementet IWC som ein eigna internasjonal organisasjon for forvaltning av norsk kvalfangst? Korleis vurderer Fiskeridepartementet moglegheitene for at IWC i næraste framtid, til dømes dei neste fem åra, skal vere ein eigna internasjonal organisasjon for forvaltning av norsk kvalfangst?

  • 3. Undersøkingar tyder på at norsk sjøpattedyrpolitikk ikkje har ført til vesentlege negative konsekvensar for norsk eksport, og heller ikkje for norsk turistnæring. Det kan heller sjå ut som ein eventuell samanheng mellom sjøpattedyrpolitikk og turisme er omvendt, jf. utviklinga av turisme i Nordland og Lofoten i forhold til resten av landet (St.meld. nr 27 Norsk sjøpattedyrpolitikk s. 33-34).

  • Forutan norsk eksport og turisme, har norsk sjøpattedyrpolitikk hatt vesentlege konsekvensar på andre område, til dømes politisk eller økonomisk?

  • 4. Fleire land har heilt eller delvis innført forbod på import av norske selprodukt (St.meld. nr 27 Norsk sjøpattedyrpolitikk, s. 32-33).

  • I 1996 vart Stortinget informert av dåverande regjering at til dømes USA sitt importforbod på norske selprodukt er i strid med WTO-avtalen (Stortinget 24.01.1996). Har det vore ei utvikling i WTO som endrar denne oppfatninga?

  • 5. St.meld. nr. 27 Norsk sjøpattedyrpolitikk (s.61) seier at det er eit potensiale for auka vågekvalkvoter ved å leggje likevektshaustinga i 1960-1980-åra til grunn.Kan Fiskeridepartementet gjere nærare greie for denne likevektshaustinga?

  • Korleis vil ei framtidig hausting på dette historiske nivået vere i høve til strategiane omtalt i meldingas kapittel 4.2.3 og 4.2.4, og tilrådd i kapittel 4.2.5? Vil til dømes ei hausting på dette nivået frå noverande tidspunkt og fram til det foreligg eit nytt bestandsestimat innebere ein uakseptabel risiko for at bestanden vert redusert til under eit nivå som kan sette den i fare?

  • 6. Meldinga opplyser at vågekvalkvoter sett med RMP er relativt varsame i høve til kva som er biologisk forsvarleg (St.meld. nr 27 Norsk sjøpattedyrpolitikk s. 64). Kva vågekvalkvoter er biologisk forsvarleg?

  • 7. Vidare tek meldinga til orde for å søke revisjon av RMP i IWC sin vitskaplege komité, mellom anna fordi RMP inneheld ei øvre grense for bestandstilvekst som ut frå empirisk kunnskap ser ut til å vere urealistisk låg (St.meld. nr 27 Norsk sjøpattedyrpolitikk s. 64).

  • Kva er RMP si grense for bestandstilvekst, og kva tyder empirisk kunnskap på er eit meir realistisk nivå?

  • Kvifor tek ikkje RMP opp i seg empirisk kunnskap?

  • Kven avgjer om IWC sin vitskaplege komité skal gjere ein revisjon av RMP? Kan den vitskaplege komiteen starte og fullføre eit slikt arbeid på eige initiativ, eller må ein få mandat frå den Internasjonale Kvalfangstkommisjonen?

  • 8. Meldinga seier i høve til bruk av DNA-register i vågekvalforvaltninga: ”Med de erfaringene vi har fra tidligere når det gjelder å få aksept for nye metodikker til bruk i IWCs vitenskapskomités forvaltningsarbeid, er det innenfor et 5-årsperspektiv ikke rimelig å forvente at bestandsestimater basert på DNA-registeret kan erstatte de pågående vågehvaltellingene som forvaltningen av vågehval i dag er basert på (St.meld. nr 27 Norsk sjøpattedyrpolitikk, s. 25).”

  • Meldinga omtalar korleis haldningar blant fangstmotstandarar forsinka fullføringa av RMP, og at til trass for at RMP vart fullført i 1992, er prosedyren framleis ikkje iverksett av IWC, og dessutan er det heller ikkje nokon utsikter til å få avslutta arbeidet med å få RMP (og RMS) iverksett (St.meld. nr 27 Norsk sjøpattedyrpolitikk, s. 29-30).

  • I lys av dette, kor realistisk er det å tru at ein kan få ein tilfredsstillande revisjon av RMP innafor rammene av IWC? Korleis ser Fiskeridepartementet konkret føre seg at ein skal få til ein tilfredsstillande revisjon av RMP innafor rammene av IWC?

  • 9. St.meld. nr. 27 Norsk sjøpattedyrpolitikk omtalar Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen (NAMMCO) som eit ”kompetent og effektivt organ” for forvaltninga av sjøpattedyr i det nordatlantiske området (s. 30) i samsvar med Havrettskonvensjonen (s. 85).

  • Har NAMMCO sin vitskaplege komité den naudsynte kompetanse for å gjere den revisjonen av RMP som vert omtala i kapittel 5.2.1.2, og tilsvarande, utvikle DNA-metodikk for bestandsberekningar som omtala i boks 3.2?

  • Om ønskjeleg eller naudsynt, korleis kan ein styrkje kompetansen i NAMMCO sin vitskaplege komité?

  • Meldinga seier at i framtida vil NAMMCO venteleg leggje større vekt på å etablere eit grunnlag for økosystembasert forvaltning av ressursane i Nord-Atlanteren. Ei slik prioritering ser ut til å vere i samsvar med dei tilrådde strategiane. Kva vil Fiskeridepartementet gjere for at Noreg, som ein av dei fire partane i NAMMCO, styrker NAMMCO sitt arbeid med å etablere eit grunnlag for økosystembasert forvaltning av ressursane i Nord-Atlanteren, inklusive ressursane i norske område?

  • 10. I St.meld. nr. 27 Norsk sjøpattedyrpolitikk (s.51-53) vert spørsmål knytta til kvikksølv i sjøpattedyr diskutert.

  • Det kjem fram at det er det såkalla metylkvikksølvet som er mest farleg, medan andre typar kvikksølv er passivt. Meldinga seier at ein berre har kunnskap om nivået av totalkvikksølv i sjøpattedyr, altså den totale mengda av både metylkvikksølv og andre typar kvikksølv. Ein har ikkje målt nivået av metylkvikksølv, og ein har heller ikkje kunnskap om kva del metylkvikksølv utgjer av totalkvikksølv.

  • Vidare heiter det i meldinga at: ”Det betyr at man ikke er i stand til å utføre risikovurdering av metylkvikksølv i sjøpattedyr for human helse”. På påfølgjande side kjem det fram at ei slik risikovurdering er gjort. Meldinga kan, rett eller galt, gje det inntrykk at det er utført ei risikovurdering som ein ikkje er i stand til å gjere, og at det er gjeve eit kosthaldsråd mot noko som ikkje har vorte målt.

  • Kan Fiskeridepartementet klargjere kva som er gjort, og kva kunnskap ein har om forholdet mellom metylkvikksølv og totalkvikksølv?

  • 11. St.meld. nr. 27 Norsk sjøpattedyrpolitikk tar ved fleire høve til orde for auka innsats når det gjeld produktutvikling og marknadsføring.

  • Korleis og i kva grad har eksisterande institusjonar som Innovasjon Noreg (tidlegare SND), Eksportutvalet for Fisk (EFF) og Fiskeri- og Havbruksnæringens Forsknings- og utviklingsfond (FHF) vore involvert i arbeid knytt til mellom anna produktutvikling og marknadsføring?

  • Korleis vil desse institusjonane kunne bidra i framtida for å nå målsettingane for sjøpattedyrnæringane?