1.1 Innleiing

1.1.1 Bakgrunn

Arbeids- og administrasjonsdepartementet la den 24. november 2000 fram St.meld. nr. 11 (2000-2001) Om forholdet mellom embetsverket, departementenes politiske ledelse og andre samfunnsaktører. Stortingsmeldinga blei fremja etter at Stortinget i 1995 og 1997 hadde bedt Regjeringa om å sørgje for klårare retningslinjer for forholdet mellom politikk, administrasjon og andre samfunnsaktørar.

Stortinget har behandla spørsmålet to gonger, og begge gongene har ein i hovudsak sett på forholdet mellom embets- og tenestemenn på den eine sida og den politiske leiinga i departementa, samt andre samfunnsaktørar, på den andre sida. Det har ikkje vore føreslått å regulere situasjonar som kan oppstå mellom den politiske leiinga og andre samfunnsaktørar, f.eks. dersom ein frå den politiske leiinga i departementa går over til næringslivet eller til ein interesseorganisasjon. Denne problemstillinga blei omtalt i St.meld. nr. 11 (2000-2001).

Trekk ved samfunnsutviklinga har aktualisert problemstillinga. I den grad det øvste embetssjiktet i departementa har innsikt i planar, strategiske val mv., vil dette normalt gjelde i minst like stor grad for den politiske leiinga. Politisk leiing er departementas ansikt utetter, har vanlegvis eit svært stort kontaktnett i arbeids- og næringsliv og interesseorganisasjonar og har ei omfattande innsikt i politiske mål og strategiar.

St.meld. nr. 11 (2000-2001) slo likevel uttrykkeleg fast at ordninga ikkje vil gjelde for den politiske leiinga i departementa, og Regjeringa finn det derfor rett å informere Stortinget om at Regjeringa no vurderer spørsmålet på ein annan måte.

1.1.2 Nærmare om oppfølginga av St.meld. nr. 11 (2000-2001)

Med utgangspunkt i St.meld. nr. 11 (2000-2001) sette Moderniseringsdepartementet 4. januar 2005 i verk retningslinjer for karantene ved overgang frå politisk stilling til departementsstilling. Det viktigaste punktet i retningslinjene er at statsrådar, statssekretærar og politiske rådgivarar ikkje kan ta til eller gå inn att i stilling som departementsråd, ekspedisjonssjef eller informasjonssjef i same departement eller eit anna departement før det har gått høvesvis seks eller tre månader etter at ein har gått av som politikar.

Med verknad frå 15. februar 2005 har Regjeringa vedteke retningslinjer for karantene og saksforbod for embets- og tenestemenn ved overgang til ny stilling. Med desse retningslinjene ønskjer Regjeringa å etablere eit regelverk som skal sikre staten sine interesser samtidig som ein ønskjer å oppretthalde tilliten ålmenta har til offentleg forvaltning og offentlege embets- og tenestemenn. Regjeringa vil understreke at ein bør vere tilbakehalden med å gjere bruk av eit så vidtgåande verkemiddel, og ein føreset at dette blir nytta i eit svært avgrensa omfang.

Då familie-, kultur- og administrasjonskomiteen behandla St.meld. nr. 11 (2000-2001), blei det i Innst. S. nr. 175 (2000-2001) lagt til grunn at saksforbod er eit verkemiddel som inneber eit sterkt inngrep i karrieren til kvar einskild. Komiteen bad Regjeringa komme tilbake med forslag til lovheimel for eit saksforbod.

Regjeringa ser på saksforbod, slik ein føreset at det blir praktisert, som eit mindre inngripande verkemiddel enn karantene, og meiner derfor at det må vere tilstrekkeleg å heimle eit saksforbod i arbeidsavtalen på lik linje med karantene.

1.2 Nærmare grunnar for å la føresegner om karantene mv. også gjelde for politikarar

Å innføre eit karanteneregelverk ved overgang frå ei politisk stilling i departementa til andre samfunnsaktørar vil gi eit positivt signal og vere med på å styrke ålmenta si tillit til forvaltninga og det politiske systemet.

Regjeringa har allereie vedteke at karantenereglar skal gjelde for embets- og tenestemenn i statsforvaltninga. Det skal derfor svært tungtvegande grunnar til dersom slike regler berre skal gjelde for embets- og tenestemenn og ikkje for politiske stillingar. Regjeringa meiner det ikkje finst nok tungtvegande grunnar for eit slikt standpunkt.

Det har den siste tida vore stadig meir merksemd om regulering av overgangar frå offentleg til privat verksemd (post-employment regulations) både nasjonalt og internasjonalt. Særleg Europarådet og OECD har, i sine tilrådingar vedrørande etikkforvaltning, rådd til at desse overgangane blir regulerte. Regjeringa er av den oppfatning at det kan verke positivt for rekrutteringa at det finst reglar for ei uavhengig vurdering ved slike situasjonar, slik at ein unngår urettmessig mistenkeliggjering.

Det blei tidlegare vurdert, blant anna i St.meld. nr. 11 (2000-2001), at teieplikta og ansvaret kvar einskild har for å unngå situasjonar der det kan reisast spørsmål ved deira integritet, vil vere tilstrekkeleg for å vareta tilsvarande omsyn ved avgang frå politiske stillingar. Regjeringa meiner at dette ikkje er tilstrekkeleg, og at det derfor er nødvendig med karantenereglar også for politikarar.

Moderniseringsdepartementet vil ikkje foreslå at ein set eit forbod mot at statsrådar, statssekretærar og politiske rådgivarar får permisjon frå til dømes nærings- eller arbeidslivsorganisasjonar eller verksemder, men at ein gjer ei nøye vurdering av eventuelle habilitetsproblem i samband med stillinga, og at det vert gjort kjend at vedkomande har permisjon frå ein slik organisasjon.

1.3 Retningslinjer for politisk leiing i departementa

1.3.1 Hovudlinjene

Regjeringa ser det som viktig at dei retningslinjer for karantene mv. som blir gjorde gjeldande for embets- og tenestemenn, i størst mogleg grad blir lagde til grunn også ved overgang frå politiske stillingar i departementa til stillingar utanfor statsforvaltninga.

Hovudlinjene i retningslinjer for embets- og tenestemenn er mellom anna: Karantene skal berre nyttast i spesielle tilfelle. Ein skal kunne få karantene i inntil 6 månader etter at ein har gått av. Likeins er det høve til å gi saksforbod i inntil eitt år etter avgang. Med saksforbod meiner ein eit forbod mot at arbeidstakaren involverer seg i saker eller saksfelt der tidlegare arbeidsgivar er delaktig i saken eller saksfeltet.

Det vil gjelde ei informasjonsplikt som inneber ei plikt til ubeden å gi nødvendige opplysningar til arbeidsgivar om det nye arbeidsforholdet, om ikkje det er klårt at reglane om karantene eller saksforbod ikkje kan brukast.

Det skal ytast full lønnskompensasjon i karantenetida. Ein vil ikkje ha krav på godtgjersle ved saksforbod. I tillegg må pensjon og gruppelivsforsikring sikrast for karanteneperioden. Departementet tar sikte på å gjere ei lovendring i pensjonsloven som vil innebere at karantenetid blir gjort pensjonsgivande.

1.3.2 Behov for særlege reglar for politikarar

Ein foreslår ein annan avgjerdsrett ved vurdering av karantene og saksforbod for politikarane enn for embetsverket. Regjeringa foreslår at det blir oppretta eit uavhengig utval som kjem saman ved behov, og som skal avgjere alle saker som oppstår i samband ved overgang frå ei politisk stilling i departementa til andre samfunnsaktørar.

Sakene bør førebuast av eit sekretariat innan embetsverket og vere tilknytt Moderniseringsdepartementet.

Heimel for å påleggje karantene kan takast inn i tilsetjingsbrev for politiske rådgivarar på same måte som for embetsverket, mens den for statsrådar og statssekretærar blir teken inn i den kongelege resolusjonen ved utnemning.

Det uavhengige utvalet bør opprettes ved kgl.res. og skal fatte avgjerder i alle saker om overgang frå politiske stillingar i departementa til andre samfunnsaktørar (utanfor statsforvaltninga). Retningslinjene for politikarane vil, på same måte som for embets- og tenestemenn, gjelde overgang til både private verksemder, uavhengige organisasjonar og verksemder som heilt eller delvis er eigde av staten slik som statsføretak, særlovselskap og statlege aksjeselskap.

Regjeringa ønskjer at godtgjersle i karanteneperioden skal reknast ut på same måte for politikarar som for embets- og tenestemenn i staten.