Innstilling frå finanskomiteen om Kredittmeldinga 2004

Dette dokument

Til Stortinget

1. Innleiing

1.1 Samandrag

I kapittel 2 blir det gitt generell informasjon om finansinstitusjonane og om utviklinga i finansmarknaden. I kapitlet omtalar ein vidare den finansielle stabiliteten. Kapittel 3 handlar om hovudtrekka i regelverksutviklinga og dei viktigaste enkeltsakene som departementet og Kredittilsynet behandla på finansmarknadsområdet i 2004. Kapittel 4 omtalar verksemda til Noregs Bank i 2004, og inneheld mellom anna ei vurdering av utøvinga av pengepolitikken. Omtalen av verksemda til Noregs Bank er pålagd ved lov, jamfør sentralbanklova § 30. Kapittel 5 inneheld ein omtale av verksemda til Kredittilsynet i 2004. Omtalane i kapittel 4 og 5 byggjer i stor grad på årsmeldingane frå institusjonane. Kapittel 6 tek opp verksemda til Folketrygdfondet i 2004. Kapittel 7 omtalar verksemda til Det internasjonale valutafondet (IMF). Årsmeldingane frå Noregs Bank, Kredittilsynet og Folketrygdfondet for 2004 følgjer som utrykte vedlegg til meldinga.

1.2 Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Ranveig Frøiland, Svein Roald Hansen, Tore Nordtun, Torstein Rudihagen og Hill-Marta Solberg, frå Høgre, Svein Flåtten, Torbjørn Hansen, Heidi Larssen og Jan Tore Sanner, frå Framstegspartiet, Gjermund Hagesæter, leiaren Siv Jensen og Per Erik Monsen, frå Sosialistisk Venstreparti, Øystein Djupedal, Audun Bjørlo Lysbakken og Heidi Grande Røys, frå Kristeleg Folkeparti, Ingebrigt S. Sørfonn og Bjørg Tørresdal, frå Senterpartiet, Morten Lund, frå Venstre, May Britt Vihovde, og frå Kystpartiet, Steinar Bastesen, tek dette til orientering.

2. Finansiell stabilitet

2.1 Samandrag

Styresmaktene sitt arbeid med finansiell stabilitet er delt mellom Finansdepartementet, Kredittilsynet og Noregs Bank. Finansdepartementet arbeider særleg med rammevilkåra, Kredittilsynet fører tilsyn med aktørane i den finansielle sektoren, mens Noregs Bank skal medverke til robuste og effektive betalingssystem. Både nasjonale styresmakter og internasjonale organ er involverte i arbeidet med å sikre finansiell stabilitet, og internasjonalt samarbeid på området er blitt utvida. Det internasjonale valutafondet er ein sentral aktør i det internasjonale arbeidet, og verksemda blir omtala i kapittel 7.

Eit stabilt og velfungerande finansielt system legg grunnlaget for ulike spare- og investeringsalternativ, mellom anna realinvesteringar som er finansierte med eigenkapital og gjeld, og omfordeling av finansiell risiko mellom aktørar gjennom ulike former for forsikring og handel med finansielle derivat. Betalingsformidling og prising av finansielle aktiva - til dømes på børs - er andre viktige oppgåver som det finansielle systemet skal ta seg av. Det er viktig at finansielle avtalar blir haldne, og at aktørane har tillit til at systemet fungerer. I periodar med ustabilitet i det finansielle systemet kan økonomien meir generelt bli skadelidande.

Ei vurdering av utsikta til vidare finansiell stabilitet handlar ikkje berre om å vurdere kva den framtidige situasjonen mest truleg vil bli. Det handlar òg langt på veg om å synleggjere andre moglege utfall, sjølv om desse ikkje fortonar seg som like trulege. Det er naturleg å leggje vekt på negative hendingar - fordi det særleg er slike hendingar ein bør prøve å demme opp for.

Utviklinga i gjelds- og rentebelastninga til hushalda og i prisane på bustader blir omtala særskilt i meldinga.

Bankane hadde eit vesentleg betre resultat i 2004 enn i 2003. Resultata har ikkje vore betre sidan 2000. Konjunkturbetringa frå sommaren 2003, og det låge rentenivået, har medverka til låge tap på utlån. Resultata i livsforsikring var gode i 2004, men noko svakare enn i 2003. For skadeforsikringsselskapa har auka premieinntekter saman med nedgang i erstatningskostnader og stabil kostnadsutvikling ført til betring i lønnsemda i den forsikringsmessige verksemda. Skadeforsikringsselskapa har ein høg del av rentepapir i balansen. Det låge rentenivået har gitt låg avkastninga på porteføljen slik at finansinntektene blei reduserte samanlikna med 2003.

Finansinstitusjonane har jamt over hatt gode resultat dei siste to åra, og soliditeten synest tilfredsstillande. Finansdepartementet vurderer utsiktene til finansiell stabilitet på kort sikt som god.

Resultata i skadeforsikringsselskapa var i 2004 noko lågare enn i 2003, men likevel svært gode. Den ansvarlege kapitalen i skadeforsikringsselskapa har auka dei siste åra, og alle selskapa oppfylte kapitaldekningskravet ved utgangen av 2004. Resultata i livsforsikringsselskapa var noko svakare i 2004 enn i 2003, men likevel gode. Selskapa har i 2004 auka aksjedelen noko, men auken har skjedd etter kvart som selskapa har fått auka bufferkapital. Som følgje av det låge rentenivået har selskapa no ein lågare margin mellom renta på dei obligasjonane dei sjølve eig og den grunnlagsrenta dei har på forsikringskrava, enn det som er ønskjeleg å ha over tid. Bufferkapitalen blei styrkt noko i 2004.

Bankane har hatt gode resultat dei siste to åra. Saman med tilføring av kapital og utskriving av fondsobligasjonar har dei gode resultata bidrege til å stabilisere bankane si kjernekapitaldekning i ein periode med sterk utlånsvekst. Soliditeten er tilfredsstillande for bankane samla sett. Resultata i 2004 var dei beste sidan 2000, men også i 2003 var resultata bra. Særleg for 2004 har dei gode resultata i bankane samanheng med låge tap på utlån. Dei låge tapa på utlån kan delvis forklarast med konjunkturutviklinga med auka aktivitet og sysselsetjing. Den låge renta bidreg også til lågare rentebelastning for kundane slik at færre får betalingsproblem.

Den høge innteninga i føretaka har medverka til eit fall i gjeldsbelastninga frå 2003 til 2004, og rentebelastninga er sterkt redusert. Det har generelt vore letteke for føretakssektoren å betale gjelda i 2004, og bankane sine tap på utlån til føretaka har vore svært låge. Kredittrisikoen til bankane mot dei ikkje-finansielle føretaka synest på mellomlang sikt først og fremst å vere knytt til einskilde næringar som eigedomsdrift, oppdrett og klekkeri. Utviklinga framover i bankane sin kredittrisiko knytt til utlån til føretakssektoren kjem an på føretaka si inntektsutvikling og av utviklinga i renta - forhold som i sin tur heng saman med konjunkturutviklinga både i Noreg og internasjonalt.

Gjeldbelastninga i hushalda har auka kraftig frå 1999, og er venta å gå forbi nivået frå slutten av 1980-talet i løpet av 2005. I 2004 auka bankane sine lån med pant i bustad med 14,5 pst. Det er viktig at både hushalda og bankane tek tilstrekkeleg høgde for ei mogeleg renteauke når nye låneavtalar blir inngått. Rentebelastninga er låg no som følgje av det låge rentenivået. Men framhald av høg gjeldsvekst gjer hushalda meir sårbare for økonomiske forstyrringar. Hushalda kan tilpassa seg med å kutte i etterspørselen etter varer og tenester - noko som vil ramme føretaka. Eit eventuelt fall i prisane på bustader kan forsterke ein svikt i etterspørselen frå hushalda.

Verknadene av ein renteauke er avhengig av når han kjem, kor sterk han blir, og dei rådande makroøkonomiske forholda elles. Fordi utlånsveksten til hushalda no er høg, blir ein stor del av utlåna raskt knytt til hushald som har teke opp lån i ein periode med låg rente. Etter kvart som renta vender tilbake til eit høgare nivå, kan desse hushalda vere dårlegare førebudde enn hushald som tok opp lån før renta gjekk ned, og som i mange høve også har hatt ein stor vinst i bustadmarknaden.

Regjeringa vil peike på at hushald kan oppleve økonomiske problem utan at den finansielle stabiliteten blir alvorleg truga. Mellom anna av denne årsaka sette Finansdepartementet i 2004 søkjelyset på bankane sine utlån til hushalda, og på den plikta dei har til å informere, og eventuelt rå hushalda frå å ta opp lån. Dei to bankforeiningane har no oppfordra medlemene om å sjå til at kundane får den informasjonen som er nødvendig for at dei skal oppfatte viktige forhold rundt låneopptaket.

2.2 Merknader frå komiteen

Komiteen viser til at gjeldsbelastninga i hushalda har auka kraftig frå 1999, og er venta å gå forbi nivået frå slutten av 1980-talet i løpet av 2005. Sjølv om hushalda dei siste åra har hatt ein relativt stor reallønnsauke, kan dette i ein gitt situasjon få fylgjer både for einskilde hushald og for finansinstitusjonane. Komiteen merkar seg såleis at dei to bankforeiningane har oppfordra medlemmene sine til å sjå til at kundane får nødvendig informasjon for å forstå realiteten i sine låneopptak. Vidare vil komiteen understreke at det er viktig at det ved vurdering av nye lån blir teke høgde for realistiske vurderingar av framtidig rentenivå.

3. Regelverksutvikling og forvaltningssaker på finans­marknadsområdet

3.1 Samandrag

I kapittel 3 i meldinga gis ei oversikt over dei viktigaste endringane i regelverket på finansmarknadsområdet for 2004, samt ei oversikt over sentrale forvaltningssaker for same år. Omtalen er i hovudsak avgrensa til 2004, men enkelte stader går framstillinga utover årsskiftet. Kredittmeldinga 2003 inneheld også ei framstilling som på enkelte punkt omfatter endringar i 2004. Enkelte av desse sakene er kort omtala på nytt i meldinga. Sjå elles Kredittmeldinga 2003 kapittel 4.

3.2 Merknader frå komiteen

Komiteen tek orienteringa av regelverksutvikling og forvaltningssaker på finansmarknadsområdet til etterretning.

4. Verksemda til Noregs Bank i 2004

4.1 Årsmeldinga for 2004

4.1.1 Samandrag

Årsmeldinga 2004 for Noregs Bank blei handsama og godkjend i hovudstyremøte 2. februar 2005. Etter § 30 i "lov av 24. mai 1985 nr. 28 om Norges Bank og pengevesenet" (sentralbanklova) skal årsmelding og årsrekneskap sendast til departementet, som så skal leggje dei fram for Kongen og gjere dei kjende for Stortinget. Etter § 15b i instruks skal Riksrevisjonen "rapportere til Stortinget mulige bemerkninger til statsrådens myndighetsutøvelse overfor Noregs Bank". Årsmeldinga følgjer denne meldinga som utrykt vedlegg.

Det følgjer av sentralbanklova § 2 fjerde ledd anna punktum at

"Riksrevisjonen fører kontroll med statsrådens myndighetsutøvelse etter lov 7. mai 2004 nr. 21 om Riksrevisjonen instruks fastsatt av Stortinget. Etter § 12 i denne instruksen skal statsråden "snarest mulig etter at Norges Banks årsregnskap og årsberetning er mottatt i departementet, oversende til Riksrevisjonen:

  • a) bankens årsregnskap, fastsatt av representantskapet, med revisjonens beretning

  • b) hovedstyrets årsberetning

  • c) representantskapets uttalelse om hovedstyrets protokoller og eventuelt om andre forhold vedrørende banken

  • d) statsrådens beretning vedrørende departementets og regjeringens myndighetsutøvelse i saker som gjelder Norges Bank"."

Departementet sender dokumenta som er nemnde i instruksen § 12a-c til Riksrevisjonen når departementet har motteke dei frå Noregs Bank. Riksrevisjonen får også gjenpart av den korrespondansen som skjer mellom departementet og Noregs Bank i saker om instruksjon og saker der ein let vere å instruere.

Finansdepartementet sende dokumenta som er nemnde i instruksen, § 12 a-c til Riksrevisjonen ved brev 6. april 2005.

Det er i pkt. 4.1.1 og 4.1.2 i meldinga gjort greie for leiing og administrasjon samt verksemda til Noregs Bank i 2004.

4.1.2 Merknader frå komiteen

Komiteen tek omtalen av verksemda til Noregs Bank til orientering.

4.2 Utøvinga av pengepolitikken i 2004

4.2.1 Samandrag

Etter sentralbanklova § 1 skal Noregs Bank vere eit utøvande og rådgivande organ i penge-, kreditt- og valutapolitikken. Banken skal gi ut setlar og mynt og fremje eit effektivt betalingssystem. Vidare skal banken overvake penge-, kreditt- og valutamarknadene.

I St.meld. nr. 29 (2000-2001) Retningslinjer for den økonomiske politikken , som blei lagd fram 29. mars 2001, trekte ein opp dei noverande retningslinjene for pengepolitikken. Retningslinjene blei fastsette i forskrift ved kronprinsregentens resolusjon av 29. mars 2001 med heimel i sentralbanklova § 2 tredje ledd og § 4 andre ledd.

I tråd med forskrifta skal pengepolitikken sikte mot stabilitet i den norske kronas nasjonale og internasjonale verdi. Noregs Banks operative gjennomføring av pengepolitikken skal i samsvar med dette rettast inn mot låg og stabil inflasjon, definert som ein årsvekst i konsumprisane som over tid er nær 2,5 pst. Av forskrifta følgjer det at pengepolitikken skal medverke til å stabilisere utviklinga i produksjon og sysselsetjing og samtidig også medverke til stabile forventningar om valutakursutviklinga. I St.meld. nr. 29 (2000-2001) står det vidare at det ventast at konsumprisveksten som ein hovudregel vil liggje innanfor eit intervall på +/- 1 prosentpoeng rundt målet for prisstigninga. Noregs Banks rentesetjing skal vere framoverretta i tid og ta tilbørleg omsyn til uvisse knytt til makroøkonomiske prognosar og vurderingar. Rentesetjinga skal ta omsyn til at det kan ta tid før endringar i politikken får effekt, og den bør sjå bort frå forstyrringar av mellombels karakter som ikkje blir vurderte å påverke den underliggjande pris- og kostnadsveksten.

Den langsiktige oppgåva til pengepolitikken er å medverke til å gje økonomien eit nominelt ankerfeste. Låg og stabil inflasjon er ein viktig føresetnad for at økonomien over tid skal fungera på ein måte som medverkar til vekst og velstand. Forskrifta gir eit fleksibelt inflasjonsmål for pengepolitikken. På kort og mellomlang sikt må pengepolitikken avvege omsynet til låg og stabil inflasjon mot omsynet til stabilitet i produksjon og sysselsetjing. I dei fleste situasjonane vil det vere samsvar mellom omsynet til å stabilisere pris­stiginga og omsynet til ei stabil utvikling i produksjon og sysselsetjing. Dersom det oppstår konflikt, vil skjønnsutøvinga i pengepolitikken måtte avvege desse to omsyna mot kvarandre.

Forskrifta for pengepolitikken av 29. mars 2001 har gjort det naturleg at departementet si årlege vurdering av utøvinga av pengepolitikk i kredittmeldingane er blitt utvida og vidareutvikla. Ei slik utvida evaluering blei varsla i samband med Ot.prp. nr. 81 (2002-2003) om endringar i sentralbanklova, og Stortinget slutta seg til dette. Ei utvida evaluering blei første gong gjennomført i Kredittmeldinga 2002, som blei lagd fram i oktober 2003.

Forskrifta for pengepolitikken gir et godt grunnlag for å evaluere Noregs Banks skjønnsutøving. Med utgangspunkt i forskrifta er det naturleg å vurdere pengepolitikken i høve til prisutviklinga, til omsynet til å stabilisere utviklinga i produksjon og sysselsetjing, og til omsynet til stabile forventningar om valutakursutviklinga.

Pkt. 4.2.3 i meldinga gir Noregs Bank sine vurderingar av utøvinga av pengepolitikken i 2004. Pkt. 4.2.4 gir ei oversikt over vurderingar frå andre instansar, mellom anna Norges Bank Watch og IMF. I pkt. 4.2.4 gir departementet sine vurderingar.

4.2.2 Merknader frå komiteen

Komiteen viser til at komiteen 23. mai 2005 hadde høyring med sentralbanksjef Svein Gjedrem om utøvinga av pengepolitikken. Referat frå høyringa følgjer som vedlegg til denne innstillinga.

Komiteen tek det som står i pkt. 4.2. i meldinga til orientering.

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet viser til at Norges Bank våren 2002 hevet renten en gang med bakgrunn i en tolkning av mandatet som la et ensidig inflasjonsmål til grunn. Disse medlemmer har gjentatte ganger advart mot et slikt enøyd fokus. Resultatet av feilvurderingen ble en meget sterk krone gjennom 2002, med påfølgende tap av tusenvis av arbeidsplasser i eksportindustrien. Disse medlemmer viser til Regjeringens korreks og presisering av mandatet som fant sted i fjorårets nasjonalbudsjett, og understreker at det var i tråd med disse medlemmers syn.

Disse medlemmer viser til at man i årets melding har tatt med et eget underkapittel om utviklingen i produksjon og sysselsetting, og er tilfreds med det, siden det er en sentral del av Norges Banks mandat for utøvelse av pengepolitikken.

Disse medlemmer etterlyser en bredere vurdering i Kredittmeldingen av hvilken betydning internasjonale forhold har for utøvelsen av pengepolitikken. Kinas inntreden i den internasjonale økonomien har i stadig større grad betydning for norsk økonomi, ved at de er en stor mottager av norsk eksport, og at vårt handelsmønster endres ved at stadig flere ferdigvarer kjøpes fra Kina og Sørøst-Asia.

Komiteens medlem fra Senterpartiet er tilfreds med at Norges Bank bestreber seg på større åpenhet rundt rentefastsettelsen, og vurderingene som ligger bak denne. Dette medlem viser til at spørsmålet om den enkeltes stemmegivning og grunngiving for det, fortsatt ikke er en del av offentligheten. Dette medlem vil oppfordre departementet å se nærmere på dette, og om denne praksisen bør endres i tråd med det som er situasjonen i f.eks. Sverige og Storbritannia.

Komiteens medlem fra Senterpartiet vil videre vise til Senterpartiets merknad i Budsjett-innst. S. II (2004-2005) kap. 7.2 om pengeoplitikken.

4.3 Rekneskap og budsjett for 2004

4.3.1 Samandrag

Tabell 4.1 og 4.2 i meldinga viser Noregs Banks balanserekneskap ved utgangen av 2004, samanlikna med tilsvarande tal for 2003.

4.3.2 Merknader frå komiteen

Komiteen tek oversikten til orientering.

5. Verksemda til Kredittilsynet i 2004

5.1 Samandrag

Kredittilsynet er det sentrale offentlege organet som fører tilsyn med at finansinstitusjonane innrettek seg etter dei rettslege rammevilkåra som til kvar tid gjeld for finansmarknaden. Mellom anna skal Kredittilsynet sjå til at lover og forskrifter blir følgde.

Kredittilsynet skal, ifølgje kredittilsynslova § 8 andre ledd, kvart år gi Finansdepartementet ei melding om verksemda. I meldinga omtalar Kredittilsynet organisatoriske forhold, rekneskap og generelle spørsmål knytte til tilsynsarbeidet. Vidare blir det gitt ein nærmare omtale av arbeidet innanfor dei ulike tilsynsområda. Årsmeldinga til Kredittilsynet følgjer denne meldinga som utrykt vedlegg.

5.2 Merknader frå komiteen

Komiteen tek omtalen til orientering.

6. Verksemda til Folketrygd­fondet i 2004

6.1 Samandrag

Stortinget fastsette 20. juni 1997 eit nytt regelverk for administrasjon av Folketrygdfondet og for forvaltning av midlane, revisjon o.a. i medhald av § 23-11 fjerde ledd i "lov av 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd". Det nye regelverket erstatta det regelverket som var fastsett av Stortinget 15. februar 1990 med seinare endringar, siste gongen 21. juni 1996. Ein erstatta det gamle regelverket av formelle grunnar, mellom anna på grunn av at lova om folketrygd var blitt endra. Etter reglane skal styret for fondet sende årsmelding og rekneskap til Finansdepartementet, som på si side legg fram melding for Stortinget. Årsmeldinga og rekneskapen for 2004 blei sende til departementet i brev av 10. mars 2005, og følgjer som utrykt vedlegg til denne meldinga.

6.2 Merknader frå komiteen

Komiteen tek omtalen til orientering.

7. Verksemda til Det inter­nasjonale valutafondet (IMF)

7.1 Samandrag

Det internasjonale valutafondet (International Moneteky Fund, forkorta IMF) har 184 medlemsland og er ein sentral aktør i det internasjonale økonomiske samarbeidet. Organisasjonen har eit hovudansvar for å fremme stabiliteten i det internasjonale monetære systemet og er eit forum for internasjonalt samarbeid om penge- og valutapolitiske spørsmål.

Verksemda til IMF er konsentrert om tre hovudaktivitetek: overvaking av økonomien i medlemslanda, lån ved betalingsbalanseproblem og i krisesituasjonar, og teknisk assistanse. Saman med Verdsbanken spelar IMF ei viktig rolle i arbeidet for å lette gjeldsbetalingane for fattige land og setje dei i stand til betre å motekbeide fattigdom.

Det er i kapittel 7 i meldinga gjort nærare greie for organisering, oppgåver, ressursar, evaluering av verksemda til IMF og særskilde forhold som gjeld Noreg.

7.2 Merknader frå komiteen

Komiteen tek omtalen av verksemda til IMF til orientering.

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet peker på at IMF de siste årene har blitt møtt med skarp kritikk fra sosiale bevegelser i utviklingslandene og vært gjenstand for omfattende protester, bl.a. i form av en rekke store demonstrasjoner i tilknytning til ulike møter og konferanser i pengefondets regi. Sosiale bevegelser i mange u-land hevder IMF anbefaler politiske grep som ikke fremmer utvikling, men i stedet øker fattige lands avhengighet av de rike landene og av store private selskaper. Men IMF har også blitt kritisert fra helt andre hold. Den fagøkonomiske kritikken av pengefondets politiske prioriteringer har tiltatt i styrke etter Asia-krisen i 1997-1998, og den økonomiske kollapsen i Argentina. Til tross for at IMFs innflytelse har økt, mer enn sytti land har i dag økonomiske programmer ledet av pengefondet, har tendensen de siste årene vært økende ustabilitet i verdensøkonomien. Stadig flere fagøkonomer stiller derfor spørsmål ved om denne utviklingen forsterkes gjennom den deregulerings-, privatiserings- og liberaliseringspolitikk som bl.a. IMF har vært en internasjonal pådriver for. Det gjorde også Meltzer-kommisjonen, som den amerikanske kongressen satte ned i 1998. I kommisjonens rapport hevdes det at IMF ofte gir dårlige og kostbare råd, og at betingelsene som knyttes til IMFs lån og krisehåndteringsprogrammer ikke har skapt økonomisk framgang. Disse medlemmer er overrasket over at den omfattende kritikken som har rammet IMF nok en gang er lite omtalt i Kredittmeldingen. Regjeringens holdning til hvordan IMF bruker sin globale makt synes å være fullstendig ukritisk.

Disse medlemmer viser til at representanter for IMF ved flere anledninger har uttalt at tempoet i strukturtilpasningspolitikken skal skrus ned. Forenklingen av kondisjonalitetskravene skal nå gjennomgås av IMFs organer. Disse medlemmer påpeker imidlertid at IMF fortsatt stiller omfattende strukturelle krav til låntakerlandene, og vil hevde at det er nødvendig med en langt mer grunnleggende snuoperasjon. Disse medlemmer viser til at selv om strukturtilpasningsordningen er omdannet til en ny type låneordning hvor fattigdomsbekjempelse er en erklært målsetting, er de økonomiske hovedgrep som anbefales i samarbeidsprogrammene mellom IMF og Verdensbanken i hovedtrekk de samme som før. Viktige elementer ved disse har vært deregulering av finansmarkeder, privatisering, eksportretting av lokalt næringsliv, nedbygging av beskyttelse av innenlandsk produksjon og en kontraktiv finanspolitikk. Disse medlemmer stiller seg kritisk til at de såkalte PRSP (Poverty Reduction Strategy Papers) i mange tilfeller overstyres av IMFs PRGF (Poverty Reduction Growth Facility). På denne måten stilles krav om strukturelle endringer i retning mer markedsliberalisme foran PRSP-målsettingene om fattigdomsbekjempelse. Disse medlemmer mener Norge må jobbe for at fattigdomsbekjempelse får hovedprioritet ved bruk av alle verktøy innenfor Verdensbanken og IMF.

Gjeldsnedbetaling er et sentralt mål for mange IMF-programmer i u-land, men disse medlemmer vil påpeke at mange av disse landene er i en så håpløs gjeldssituasjon at noen fullstendig nedbetaling ikke er realistisk. Disse medlemmer viser til at stor gjeld er en av hovedårsakene til at det mangler ressurser til fattigdomsbekjempelse og utvikling i mange fattige land, og at gjelden skaper avhengighetsforhold til rike land og til institusjoner som IMF. Disse medlemmer viser til at det internasjonalt foregår en debatt om hvorvidt deler av u-landsgjelden er illegitim, f.eks. fordi den ble tatt opp av tidligere diktatorer eller på åpenbart urettferdige premisser. Disse medlemmer viser til at det norske gjeldstribunalet høsten 2002 bedømte deler av Norges utestående hos u-land som slik illegitim gjeld, og mente denne gjelden burde slettes uten vilkår. Disse medlemmer mener at Norge må jobbe aktivt for økt gjeldsslette, og at myndighetene må foreta en vurdering av hvorvidt norsk u-landsgjeld kan kalles illegitim. Disse medlemmer viser til at det er reist en debatt om hvorvidt salg av IMFs gullreserver kan bli et bidrag til en internasjonal plan for sletting av u-landsgjeld. Disse medlemmer ser positivt på dette forslaget.

Disse medlemmer viser til at Norge offentliggjør rapporten som blir laget i forbindelse med den årlige vurdering IMF gjør av norsk økonomi. Disse medlemmer ser positivt på at denne rapporten blir offentliggjort. Disse medlemmer vil imidlertid påpeke at rapportene inneholder råd som viser tydelig hvilken type økonomisk politikk IMF anbefaler. Det er høyst tvilsomt om det hadde vært mulig å samle noe politisk flertall i Norge om de prioriteringer som IMFs eksperter ønsker seg. Disse medlemmer mener dette er en god illustrasjon på hvor problematisk det er at kondisjonalitetskravene pålegger land som får støtte fra IMF å gjennomføre denne typen reformer, uavhengig av hva slags politikk det i utgangspunktet ville vært flertall for i disse landene.

Disse medlemmer understreker at manglende demokrati er et grunnleggende problem i styringen av IMF. Medlemslandenes innflytelse avgjøres av deres økonomiske tyngde. Slik får f.eks. USA en stemmevekt på 17,16 pst. Konsekvensen er at makten i pengefondet er samlet hos rike kreditorland, mens debitorlandene, landene hvor IMF har mest innflytelse, har minst å si i institusjonen. Et slikt system fører til at det sjelden vil bli utviklet strategier som går på tvers av de rikeste landenes interesser. Disse medlemmer mener derfor at den nordisk-baltiske valgkretsen som en begynnelse må gå inn for å gi u-landene sterkere representasjon i IMFs styre.

Disse medlemmer mener mer åpenhet, debatt og kontroll med Norges opptreden i IMF er nødvendig. Disse medlemmer ser det som problematisk at det i dag i hovedsak er Norges Bank som representerer Norge i IMF-sammenheng, og som er ansvarlig for å utforme instruks overfor den felles nordisk-baltiske styrerepresentanten. Dette bidrar til å skyve IMF-relaterte spørsmål lavere på den politiske dagsorden, og til uklare ansvarsforhold. Disse medlemmer mener Regjeringen bør ha et tydeligere ansvar for Norges opptreden og stemmegivning. Disse medlemmer mener derfor at hovedansvaret for Norges opptreden i IMF skal overføres fra Norges Bank til Finansdepartementet eller Utenriksdepartementet.

8. Tilråding frå komiteen

Komiteen har elles ingen merknader, syner til meldinga og rår Stortinget til å gjere slikt.

Vedtak:

St.meld. nr. 26 (2004-2005) - Kredittmeldinga 2004 - vert å legge ved protokollen.

Vedlegg 1: Brev fra Finansdepartementet v/statsråden til finanskomiteen, datert 9. mai 2005

Rettelse i St.meld. nr. 26 (2004-2005) Kredittmeldinga 2004

Finansdepartementet fremmet 8. april 2005 St.meld. nr. 26 (2004-2005) Kredittmeldinga 2004. I meldingen er det oppdaget feil på side 29 som departementet ønsker å gjøre Stortinget oppmerksom på. Det er i teksten i Kreditmeldinga ved en inkurie angitt uriktig dato på et hovedstyremøte i Norges Bank og på et brev fra Finansdepartementet til Riksrevisjonen. Teksten var dessuten ikke oppdatert med hensyn til at Riksrevisjonen for 2004 skal revidere regnskap og føre kontroll med selskaper basert på ny lov og ny instruks. De berørte avsnittene er gjengitt i sin helhet nedenfor.

På side 29, første spalte heter det følgende:

"Årsmeldinga 2004 for Noregs Bank blei handsama og godkjend i hovudstyremøte 2. mars 2005. Etter § 30 i "lov av 24. mai 1985 nr. 28 om Norges Bank og pengevesenet" (sentralbanklova) skal årsmelding og årsrekneskap sendast til departementet, som så skal leggje dei fram for Kongen og gjere dei kjende for Stortinget. Etter § 5 i instruks skal Riksrevisjonen sende "et eksemplar av de i § 2 nevnte dokumenter til Stortinget sammen med sine mulige bemerkninger om resultatet av kontrollen". Årsmeldinga følgjer denne meldinga som utrykt vedlegg.

Det følgjer av sentralbanklova § 2 siste ledd at

"Riksrevisjonen fører kontroll med statsrådens myndighetsutøvelse etter instruks fastsett av Stortinget". Stortinget har fastsett ein slik instruks 10. april 1987 "for Riksrevisjonens kontroll vedrørande Norges Bank". Etter § 2 i denne instruksen "skal statsråden, snarast mulig etter at Norges Banks årsregnskap og årsberetning er mottatt i departementet, oversende til Riksrevisjonen:

  • 1. Bankens årsregnskap, fastsatt av representantskapet, med revisjonens beretning

  • 2. Hovedstyrets årsberetning

  • 3. Representantskapets uttalelse om hovedstyrets protokoller og eventuelt om andre forhold vedrørende banken

  • 4. Statsrådens beretning vedrørende departementets og regjeringens myndighetsutøvelse i saker som gjelder Norges Bank."

Departementet sender dokumenta som er nemnde i instruksen § 2 nr. 1-3, til Riksrevisjonen når departementet har motteke dei frå Noregs Bank. Riksrevisjonen får også gjenpart av den korrespondansen som skjer mellom departementet og Noregs Bank i saker om instruksjon og saker der ein let vere å instruere.

I Finansdepartementet sitt brev til Riksrevisjonen 5. april 2005 heiter det:

"Norges Bank ble ikke instruert med hjemmel i sentralbankloven § 2 tredje ledd i år 2004.""

Det korrekte, med endringer understreket, skal være:

"Årsmeldinga 2004 for Noregs Bank blei handsama og godkjend i hovudstyremøte 2. februar 2005. Etter § 30 i "lov av 24. mai 1985 nr. 28 om Norges Bank og pengevesenet" (sentralbanklova) skal årsmelding og årsrekneskap sendast til departementet, som så skal leggje dei fram for Kongen og gjere dei kjende for Stortinget. Etter § 15 b i instruks skal Riksrevisjonen "rapportere til Stortinget mulige bemerkninger til statsrådens myndighetsutøvelse overfor Norges Bank,". Årsmeldinga følgjer denne meldinga som utrykt vedlegg.

Det følgjer av sentralbanklova § 2 fjerde ledd annet punktum at

"Riksrevisjonen fører kontroll med statsrådens myndighetsutøvelse etter lov 7. mai 2004 nr. 21 om Riks­revisjonen og instruks fastsatt av Stortinget.". Etter § 12 i denne instruksen skal statsråden "snarest mulig etter at Norges Banks årsregnskap og årsberetning er mottatt i departementet, oversende til Riksrevisjonen:

  • a) bankens årsregnskap, fastsatt av representantskapet, med revisjonens beretning

  • b) hovedstyrets årsberetning

  • c) representantskapets uttalelse om hovedstyrets protokoller og eventuelt om andre forhold vedrørende banken, og

  • d) statsrådens beretning vedrørende departementets og regjeringens myndighetsutøvelse i saker som gjelder Norges Bank."

Departementet sender dokumenta som er nemnde i instruksen § 12 a-c, til Riksrevisjonen når departementet har motteke dei frå Noregs Bank. Riksrevisjonen får også gjenpart av den korrespondansen som skjer mellom departementet og Noregs Bank i saker om instruksjon og saker der ein let vere å instruere.

Finansdepartementet sende dokumenta som er nemnde i instruksen § 12 a-c til Riksrevisjonen ved brev 6. april 2005.

Jeg ber komiteen om å ta hensyn til dette i sin innstilling.

Oslo, i finanskomiteen, den 10. juni 2005

Siv Jensen

leiar

Ingebrigt S. Sørfonn

ordførar