Innleiing

I proposisjonen blir det gjort framlegg om utbygging og finansiering av Fastlandssamband til Finnøy i Rogaland (Finnfast).

Prosjektet vil gi innbyggjarane på øyane Finnøy og Talgje ferjefritt vegsamband med Rennesøy og vidare med fastlandet. Tiltaket er eit ferjeavløysingsprosjekt som vil frigjere ei ferje som i dag trafikkerer i Søndre Finnøysamband mellom Rennesøy (Hanasand) og Finnøy (Talgje og Ladstein).

Finansieringa av Finnfast er basert på bompengar, alternativ bruk av ferjetilskot (statleg og fylkeskommunal del) og statlege midlar. Bompengar og alternativ bruk av ferjetilskot utgjer det alt vesentlege av finansieringa.

Bompengeselskapet og lokale styresmakter i samarbeid med Statens vegvesen har arbeidd fram ei finansieringsløysing med svært små ordinære statlege løyvingar. Dette gjer det mogleg å få til ei raskare realisering av prosjektet enn det som elles ville vere tilfelle.

Omtale av utbygginga

Finnfast inngår som eit element i "Ryfylkepakken" som er ein samla strategi for å løyse transportutfordringane i Ryfylkeregionen. Konsekvensutgreiinga for prosjektet blei godkjent i 2001, og reguleringsplanen blei godkjent i 2003 (Finnøy kommune) og 2004 (Rennesøy kommune). Bomstasjonen inngår i reguleringsplanen for prosjektet.

Prosjektet omfattar bygging av ein 5,7 km lang undersjøisk tunnel mellom Hanasand i Rennesøy kommune og Ladstein i Finnøy kommune med ein 1,5 km lang tilknytingsveg i tunnel til øya Talgje. I tillegg kjem om lag 1,2 km tilførselsvegar for påkopling til eksisterande vegnett. Tilknytingsvegen blir klassifisert som fylkesveg.

På lengre sikt vil det vere behov for opprusting av vegsystemet på Finnøy. Dette vil eventuelt bli gjennomført som eit eige prosjekt med eiga finansiering.

Finnøy kommune har om lag 2 800 innbyggjarar, busette på 16 øyar. Prosjektet vil gi innbyggjarane på dei to øyane Finnøy og Talgje ferjefritt vegsamband med fastlandet via Rennesøy-sambandet.

Prosjektet vil kunne medverke til effektivisering av ferje- og hurtigbåtdrifta i Ryfylke. Pendlarane vil få kortare reisetid og ein utvida arbeidsmarknad. For næringslivet i området vil prosjektet medverke til auka konkurranseevne. Spesielt havbruksnæringa framhevar at prosjektet er viktig.

Ved behandlinga av St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 2 (2002-2003), jf. Budsjett-innst. S. nr. 13 Tillegg nr. 2 (2002-2003), gav Stortinget løyve til å krevje inn forskotsbompengar på kjøretøy i Søndre Finnøysamband for å finansiere den vidare planlegginga av Finnfast.

Kostnadsoverslag, trafikkgrunnlag og nytte av utbygginga

Kostnadsoverslaget er kvalitetssikra av ein ekstern konsulent i samsvar med prinsippa for styring av statlege investeringar. Kvalitetssikringa har i tillegg omfatta trafikkgrunnlaget og finansieringsopplegget.

Samferdselsdepartementet legg til grunn ei styringsramme på 530 mill. 2006-kroner og ei kostnadsramme på 560 mill. 2006-kroner.

Konsulenten meiner at Statens vegvesen si vurdering av trafikkgrunnlaget i opningsåret er for optimistisk, og tilrår at det blir lagt til grunn ein årsdøgntrafikk i opningsåret 2009 på 464 kjøretøy. Vegdirektoratet har samanlikna konsulenten sitt forslag med det opphavelege forslaget frå regionvegkontoret om å leggje til grunn 550 kjøretøy. Samferdselsdepartementet sluttar seg imidlertid til konsulenten si tilråding som er mest nøktern.

Basert på at prosjektet blir delvis bompengefinansiert, er samfunnsøkonomisk netto nytte for prosjektet (NN) rekna til - 10 mill. kroner. Netto nytte over totale kostnader (NN/K) er rekna til - 0,0. Internrenta er rekna til 7 pst.

Lokalpolitisk behandling

Lokalpolitisk behandling er nærare omtala i kapittel 4 i proposisjonen, jf. behandling i Finnøy kommune, Rennesøy kommune og Rogaland fylkeskommune.

Finansieringsopplegg

Finansieringsopplegget med dei enkelte element, er omtala i kapittel 5 i proposisjonen.

Anleggsarbeida på prosjektet er planlagt å starte sommaren/hausten 2006, med fullføring i 2009. Finansieringsplanen byggjer på følgjande element:

  • – Innspara ferjetilskot

  • – Bompengar

  • – Ordinære statlege midlar

Styringsramma for prosjektet er 530 mill. 2006-kroner. Med dei føresetnader som er lagt til grunn, er finansieringskostnadene, inkl. kostnadene ved forskottering, rekna til om lag 220 mill. kroner. Samla gir dette eit finansieringsbehov på 747 mill. 2006-kroner:

Finansieringsplan

Mill. 2006-kroner

Forskottering - innspara statlege tilskot til drift av ferjesambandet1

43

Forskottering - innspara fylkeskommunale tilskot til drift av ferjesambandet1

15

Forskottering - innspara statlege tilskot til kapitalkostnader for ei ferje

71

Bompengar - forskotsbompengar

19

Bompengar - etterskotsbompengar på prosjektet2

512

Bompengar - forlenging av innkrevjinga ved Sokn bomstasjon i 7-8 mnd.

65

Statlege midlar - ordinære midlar

22

Sum

747

1 Korrigert for auka drifts- og vedlikehaldsutgifter på vegnettet.

2 I tillegg kjem bompengar til dekking av innkrevjingskostnader og drift av bompengeselskapet.

Ved tidlegare vedtekne ferjeavløysingsprosjekt der alternativ bruk av ferjetilskot inngår i finansieringsplanen, er det lagt til grunn at eventuell reduksjon i prosjektkostnadane skal godskrivast post 72, slik at dei årlege utbetalingane kan stanse før det er gått 15 år. For dette prosjektet tilrår Vegdirektoratet at så lenge perioden med etterskotsinnkrevjing ligg an til å bli lengre enn 15 år, skal eventuelle innsparingar bidra til å redusere innkrevjingsperioden.

Bompengar

Det er lagt til grunn forskotsinnkrevjing på kjøretøy i Søndre Finnøysamband i om lag 3 år frå prosjektet er godkjent av Stortinget og fram til trafikkopning. Etter kvalitetssikringa av føresetnadene for finansieringsplanen er det lagt til grunn vel 20 års etterskotsinnkrevjing i det nye vegsambandet. I tillegg er det føresett eit bompengebidrag til prosjektet ved at innkrevjinga i Sokn bomstasjon i Rennesøy kommune skal halde fram i 7-8 månader etter at Rennfast-prosjektet på E39 er nedbetalt.

Det er lagt til grunn at etterskotsinnkrevjinga vil skje i ein automatisk, ubemanna bomstasjon på Hanasand i Rennesøy kommune, nær det noverande ferjeleiet. Det er føresett tovegs innkrevjing.

Ved endeleg fastsetting av takstnivået er det ein føresetnad at netto bompengeinntekt ikkje blir redusert i forhold til det som er lagt til grunn i proposisjonen. Det er vidare ein føresetnad at takstane blir justerte i samsvar med prisutviklinga.

Det er rekna med at bompengeinntektene vil gi eit samla finansieringsbidrag på 596 mill. kroner, fordelt med 8,5 mill. kroner frå den avslutta forskotsinn­krevjinga, 10,5 mill. kroner frå den nye forskotsinnkrevjinga, 65 mill. kroner frå den ekstra innkrevjinga i Sokn bomstasjon og 512 mill. kroner frå etterskots­innkrevjinga. I tillegg kjem bompengar til dekning av innkrevjingskostnader og drift av bompengeselskapet.

Vegdirektoratet tilrår at det blir akseptert å leggje til grunn vel 20 år med etterskotsinnkrevjing av bompengar for ferjeavløysingsprosjektet Finnfast.

Økonomien i prosjektet er følsam for endringar i føresetnadene. Det må derfor vere ein føresetnad at bompengeselskapet sikrar eit rentenivå i tråd med det som er lagt til grunn i gjeldande avtale og som også er lagt til grunn i finansieringsplanen. Samferdselsdepartementet føreset at dokumentasjon for avtale om rentenivå blir sendt Vegdirektoratet før bompengeavtalen blir underskriven.

Innkrevjing i Sokn bomstasjon

Føresetnaden om å forlenge innkrevjingsperioden i bomstasjonen på Sokn i Rennesøy kommune etter at Rennfast-prosjektet er nedbetalt, er i utgangspunktet i strid med retningslinjene for bompengeprosjekt.

Rennesøy kommune aksepterer ikkje denne forlenginga. Etter ei samla vurdering, der det m.a. er lagt vekt på at innbyggjarane i Finnøy kommune har bidratt til finansieringa av Rennfast-prosjektet sidan opninga i 1992, har Vegdirektoratet tilrådd at innkrevjinga av bompengar i Sokn bomstasjon i Rennesøy kommune skal gi eit finansieringsbidrag til Finnfast på 65 mill. 2006-kroner. Vegdirektoratet har også lagt vekt på at forlenginga ikkje vil utgjere meir enn 7-8 månader som trass alt er ein avgrensa periode. Vegdirektoratet har tilrådd ein særskilt rabatt for dagpendlarar i perioden med forlenging. Samferdselsdepartementet er samd i Vegdirektoratet sine vurderingar.

Fylkeskommunal garanti og betinga refusjon

Fylkesutvalet har i møte 16. august 2005 fatta vedtak om fylkeskommunal garanti for eit bompengelån på inntil 500 mill. kroner. Fylkeskommunen har vidare akseptert at ordninga med betinga refusjon kan nyttast for dette prosjektet.

Garantien vil først komme til utbetaling dersom gjelda ikkje blir mogleg å handtere etter at realtakstane er auka med 20 pst., bompengeperioden er forlenga med inntil 5 år og selskapet si gjeld er redusert med midlane frå den betinga refusjonen.

Avtale

Etter at Stortinget har gjort vedtak om utbygging og finansiering av rv 519 Fastlandssamband til Finnøy, med tilknyting til Talgje (fv 606), vil det bli inngått avtale mellom Vegdirektoratet og bompengeselskapet i tråd med gjeldande standardavtale og dei føresetnadene som er lagt til grunn i denne proposisjonen.